onsdag 6. mai 2009

Vandringa over for i år. 2.september 2007

Mandag morgon tok vi farvel med våre medvandrarar.
Somme avslutta her. Andre vandra vidare. Adelgunde avslutta og reiste attende til Tyskland. Michael og Judit heldt fram.
I november fekk vi høyre at dei var vel framme i Santiago de Campostella.


Vi La katedralen bak oss og vandra nedover dei morgonstille gatene.
Ved bygrensa stod det store krusifikset, fuktigt av nattskodda.
Insha´Allah seier muslimen. Om Gud vil er vi neste haust igjen her i Conques.
Klare for å vandre vidare på Jakobsvegen i Frankarland.


Morgonskodda låg i dalen då vi tok bussen til Rodez, så tog til Toulouse. På den strekninga var det ei ung kvinne og hennar urolege katt som tok mykje merksemd. Den jamra seg under heile turen, og Leif sine lår vart nok merka av katteklør.
I Toulouse over på nytt tog til Bayonne.
Toget tok oss med mot vest til Biskayabukta. På vegen kom vi forbi eit anna stort pilegrimsmål, Lourdes. Eg hugsa at heime i bokhylla hadde eg ståande Franz Werfel si bok;Sangen om Bernadette.
På toget sat vi på sørsida av vogna, og for første gong såg eg fjella i Pyreneane for augo.
På det toget hadde vi fylgje av eit eldre fransk par. Dei ville gjerne prate med oss og fortelje om kva vi såg. Men det var ikkje så enkelt å kome over språkbarrieren.
I Bayonne var det over på det siste toget. Eit lokaltog opp i fjella til St-Jean-Piede-de-Port.Der startar pilegrimsvegen over Pyreneane.
Før toget kom igang, var det stuvande fullt av vandrar som skulle gå til Santiago de Compostella.
Vi ville også gå over fjella frå St-Jean-Piede-de-Port og ned til Roncesvalles i Spania.


20 mil frå Le Puy-en-Valey (ved det grøne merket) til Conques (ved det raude merket) gjekk vi dette året. 10 dagar med for det meste sol og varme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar