tirsdag 25. februar 2014

Summa summarum

To veker går fort, og så kjem dagen då ein forlet sol og varme, finn sin plass i flyet og byrjar ferda heim til vinterlandet. Vel, det har ikkje vore så mykje av vinter på mine kantar av landet. Lite nedbør og vårlege temperaturar. Så slik sett hadde ikkje min frosne lekam hatt trong for eit opphald på øya vest om Afrika. Men det var ikkje godt å vite då eg tinga turen for mange månader attende. Då leita eg etter eit lite og koseleg hotell. Det skulle vere utgangspunktet for vandringar i sola nede ved havet og på stiane oppe på åsane.


Ikkje alt vert slik ein vonar. Det tinga hotellet låg fint til oppe på åsen. Slik sett skulle det vere eit godt utgangspunkt for stivandringar, men; for å nå stiane måtte det nyttast drosje, så på det punktet bomma eg. Det vart ikkje ein einaste vandringstur innover åsane, men ned til havet kom eg.
Det andre eg bomma på var husværet, men det valet var det andre som tok for meg.
Husværet vi fekk tildelt låg i skuggelandet. Ikkje ein solstråle fann vegen inn i roma og varma dei opp. Knappast til verandaen utanfor. Så den vinterfrosne fekk lite varme innandørs i sitt skuggeland, og ingen frukost i stigande morgonsol, men måtte istaden vere snar til å kapre seg ein liggestol i sola ved bassengkanten. Der var det i alle fall ein god varme å få for ein frosen lekam. Og vatnet i bassenget heldt ein god lunk.

Er eg då misnøgd med dagane i sør. Nei, ikkje i det heile. Om eg fraus i skuggen, og ikkje kom meg avgarde på stivandringar, så fekk eg rolege og avslappande dagar ved bassengkanten og i vandringar nede ved havstranda. Men om det vert ein ny tur øya eit anna år, så vil eg nok vere meir obs på kvar hotellet ligg. Både i høve til sol inn i roma, og i høve til å få støv på føtene på stiane innover åsane.Og om nokre få dagar set mi kjære og eg oss igjen på flyet, Denne gongen går turen til landet austanfor øya vi var på. Då vert det nok lite avslapping ved bassengkanten. I staden vert det heller nokre opplevingsdagar i eit muslimsk land og kultur.


torsdag 20. februar 2014

Regnbogen


Det er sagt at tek ein seg ein tur rundt øya så vil ein oppleve fire klimasoner på Gran Canaria. Og kanskje den femte om ein turen opp i høgdene og dalane inne på øya? Der har eg ikkje vore enno. Fleire av dagane vi var der denne gongen såg vi mørke og truande skyer rundt oss, både i aust, nord og vest, noko eg tolka som at der regna det. Men på kysten der vi var, varma sola for det meste. Men det kan nok regne der og. I år var i alle fall høgdene vi såg, grøne. Det var dei ikkje då vi var der for to år sidan, Då var alt brunsvidd av sol, og mangel på regn. Ein av dagane vi var der denne gongen, teikna det seg ein regnboge over fjella vest om Tauro, vestover mot Mogandalen.  Og for å få den fram på himmelen, må det både sol og regn til.


tirsdag 18. februar 2014

Tauro

Vi var to par her heimanfrå som ved eit tilfelle hadde hamna på same hotell, oppe på fjellryggen mellom Puerto Rico på eine sida, og Amadores på andre sida. Og når det vart slik, vart det og naturleg at vi heldt mykje saman, Også når vi tok turar utanfor hotellet og bassengkanten. Sidan hotellet låg oppe på ein ås, gjekk vi ein dag vidare bortover åsen, rundt Amadoresdalen og ut på åsryggen mellom Amadores og Taurodalen i vest. Her, ute på pynten, med stranda og havet rett under oss, hadde vi godt utsyn mot Playa del Cura under hotella i fjellsida, og Playa del Tauro der brenningane bryt mot stranda. Innanfor stranda låg ei lita husklynge av enklare hus på ei elles tom flate mellom bilvegen og stranda.
Bak Playa del Taro går der ein liten dal inn mellom fjella. Og der har dei som likar golf sitt paradis. Det vart sagt at det var ikkje lett å kome ned frå fjella der då alt var innegjerda, og inn på dei grøne golfslettene var det ikkje lov å kome for uvedkomande.
Eg stod ein dag på neset vest for Amadores og såg utover mot Tauro-området. Punta del Tablero heiter staden.Ein flat, sandet, stad, Kanskje det derfor den er kalla tablero som tyder flate eller bord. Men ein dag seinare tok vi mennene turen frå Punto del Tablero til Taurostranda og vidare til Curastranda og heilt til vegen enda i klippene vest for hotella. Taurostranda viste seg å vere steinet, og i dei enkle husa innanfor var det dei lokale som heldt til med sine små grønsakhagar. Men bortanfor bergrabben som delta Cura frå Tauro var det køyrt til fin sand på stranda. Og rundt den var det turistane som rådde grunnen. Bak Curostranda og hotella skyt den lange Taurodalen seg inn mellom fjella.

søndag 16. februar 2014

Atter er det søndag.

Dagane, vekene går fort. Ein har ikkje før byrja på veka så er ho over. Og i dag er det atter søndag. Dagen som tidlegare var den første i veka, men som no har hamna på siste plass, og mandagen har overteke førsteplassen. På kalendaren, vel å merke. Hjå meg har framleis søndagen førsteplassen. Ikkje minst fordi den har den plassen teologisk. Men nok om det. To søndagar fekk vi med oss på øya i havet vest om Marokko. Og då høyrer gudsteneste i sjømannskyrkja med. Og med det, det skjeldsynte at ein må stå i kø for å sikre seg ein bra plass inne kyrkja. Opptil ein time før gudstenesta, byrjar folk å samle seg på plassen utanfor kyrkja. Og når gudstenesta byrjar er det heilt fullt i benkane. Ja, kanskje er der berre ståplassar til dei siste. Det har nok si forklaring i att det i turistsesongen er svært mange frå heimlandet der då, folk som ville gått til gudsteneste heime også, men då står deira plassar der tome. Utanom sesongen er der plassar nok i sjømannskyrkja, men når sesongen kjem må dei leige den katolske kyrkja sitt bygg. Men om forklaringa er slik, så tykkjer eg likevel at det er litt artigt å måtte stå i kø for å kome inn til ei vanleg søndagsgudsteneste. Det skulle det gjerne ha vore litt meir av her heime og. Det hadde ikkje skada, og det hadde nok vore eit bra vitnemål, om vi truande fekk for vane å prioritere litt høgre søndagen si gudsteneste.

fredag 14. februar 2014

"Å, unnskyld!"

Dei hadde vandra strandvegen frå Amadores. Ein triveleg veg å gå på kanten av klippene ned mot stranda og bylgjene som braut inn over steinane i vasskanten. Men no var dei framme ved ved moloen inne i Puerto Rico. I aust bak hotella og fjellet såg han dei raude hotella i Balito. Lenger borte reiste bygningane på Anfi-åsen seg. Og lengst borte låg Arguineguin-odden med dei store fabrikkpipene bak.
Han skrådde over plassen mot stranda og hamna, bort frå butikkrada og dei overivrige selgarane der. Tru om han fekk med seg si kjære opp alle 850 trappetrinna til hotellet deira når dagen var over, eller om ho ville gå gatene opp? Trappene byrja bortom butikkrada. Men først vart det ein tur lenger bortover langs hamna, og middag på ein eller annan restaurant. Vel, han fekk sjå når tida var der.
Ho hadde på seg ein raudrosa bluse idag, hans kjære. Ho kom noko bak han i lag med ei anna kvinne.
Det var igrunnen fint å berre rusle roleg her idag, sjølv om sola gøymde seg bak skyene. Dei var ikkje åleine, her var mange undervegs i begge retningane. Somme skunda seg avgarde, andre tok det meir med ro som han. Kanskje det ikkje var så attraktivt å ligge på stranda i dag. Når sola gøymde seg vart det straks eit meir kjøleg drag i lufta.
I augnekroken ser han si kjære sin raudrosa bluse kome fram på sida, og ei hand grip fatt i hans. Det var triveleg av henne. Rart, ho brukar ikkje å halde han slik. Vel, ho ville det vel slik denne gongen,. Han trykkjer handa hennar lett som ei lita helsing.  Då høyrer han brått. " Å, unnskyld! Jeg tok feil. Jeg trodde det var min mann", og handa slepper taket i hans. Då han vender seg mot henne ser han ei framand kvinne som skundar seg frå han. "Inga årsak", seier han, " berre hyggeleg", i det ho skundar seg vidare på leit etter sin rette mann.

onsdag 12. februar 2014

Pico de Teide

Eg har vore på Gran Canaria to gonger, og kvar gong har fjellet i bakgrunnen synt seg over skyene og ynskt meg velkomen når flyet nærma seg landing på Gran Canaria. Det er Kanariøyane sitt høgste fjell og ligg på øya Tenerife. Det heiter Pico de Teide, og er 3718 meter høgt. Også denne gongen, som den første gongen, hadde det snø på toppen. Desse dagane vi var der var anten foten eller toppen gøymt bak skyene, men denne dagen då vi var nede på Amadores-stranda teikna konturane av øya og fjellet mot ei grå-blå og skyfri himmelrand. 

mandag 10. februar 2014

Gran Canaria

 Så er to veker på Gran Canaria over for mi kjære og meg. To veker med internettpause, og to veker der eg hadde sett for meg vandringar i fjellet over turiststadane nede ved havet. Men slik vart det ikkje. For å nå fjellet måtte eg først ned ei li, for så å gå opp lia på andre sida av dalen. Først då kunne eg byrje å gå innover på fjellstiane. Og det vart det ikkje noko av. I staden vart det dagar med avslapping ved bassenget, og avkjøling i vatnet når huda vart for varm. Men og turar til Arguineguin og Puerto de Mogan. Og vandringar til Puerto Rico, Amadores og Tauro.
Men om kveldane når vi gjekk gatene og trappene opp til åstoppen vi budde på, etter middagen og travelheita nede i Puerto Rico, og samvær med vener, teikna turiststadane seg noko annleis enn i sollyset og varmen før på dagane. Då var det eit kjølegare drag i lufta. Nattehimmelen var mørk med blinkande stjerner, og ein veksande måneskalk. Men frå dei opplyste gatene, og dei mange store hotella glitra lyshavet opp mot oss. Her er det Amadores-stranda med sine hotell over, som er nærast. Bak ser vi noko av Tauro sine hotell, og lengst bak ser vi eit glimt av Puerto de Mogan.