mandag 25. desember 2023

Jula 2023

Det er 1.juledag kveld og tid for å ta att litt svevn. Ja for den siste natta vart i kortaste laget når det gjaldt å få nok svevn for meg. Men slik har det vore dei siste åra. Natta mellom juleaftan og juledag vert gjerne i kortaste laget når eg er heime.Det byrja då eg var kyrkjetenar på 90-talet, og har sidan vorte mest årvist at eg får med meg tre gudstenester på under eit døgn.
Men eg likar det og denne vanen, sjølv om eg vert nokon trøtt ut på kvelden 1.juledag.
Det byrjar juleaftan før klokkene kimar jula inn. Den ettermiddagen fyller bygdefolket kyrkja tre gonger til familiegudstenester. Og denne jula fekk eg lov å vere brannvakt på den kl.16.00 
I adventstida er dørene på det gamle alterskapet  attletne. Og vert ikkje opna att før under ottepreika tidleg neste morgon.
Kl.07 neste morgon er det klart gudsteneste nr.2. Ottepreike, og i år var det mange som tok plass i den halvskyme kyrkja til ei annleis gudsteneste. Og eit stykke ut i gudstenesta vert dørene på alterskapet opna att.  Og det vil dei vere fram til Maria bodskapsdag, sidan dei den dagen syner Maria som får vitjing av ein engel, med bod om at ho er utvald til å føde ein gut  ved Den Heilage Ande.
Denne jula var det mange som deltok i ottegudstenesta. Men i høgtidsgudstenesta kl.11.00 var det færre enn det har vore siste åra.  Været hadde kanskje sitt å sei på frammøtet. Ikkje godt å vite ?
Ei jente vart boren til dåp, og nattverd vart feira av dei som hadde teke på kyrkjeveg i snøkava. 






mandag 4. desember 2023

Tresfjord kyrkje

Sist fredag var eg i ei kyrkje eg tidlegare ofte køyrde forbi på veg til ferga på Åfarnes som skulle ta oss over Langfjorden lenger aust i Romsdalsfjorden. Eg har lenge hadde lyst til sjå inn i den, men det har ikkje lukkast før no. Desverre var det ei gravferd som førde meg inn i den.
Tresfjord kyrkje ligg inst i Tresfjorden, heilt nede ved fjorden på Sylte. Difor er den og kalla Sylte kyrkje.
Denne kyrkja vart innvigd i 1828 då vi var i union med Sverike, derfor er det Karl Johan sitt emblem som står over kordøra. Kyrkja har vore plaga av at grunnen over tida har svikta under murane mot fjorden, men no har ho fått nye murar så ho står trygt igen
Kyrkja er rikt dekorert på både veggar, tak og preikestol, og skiljet mellom skip og kor er delt med vegg av dreia spiler, og med ei frise av bilete oppe mot taket.
Innanfor veggen er det alteret som dominerar.
I kyrkja finn ein eit, av berre to antemensal, alterfrontar, frå middelalderen, som enno er å sjå i våre kyrkjer.
Ei spanande kyrkje å sjå inn i, som eg nok må vitje igjen, då  med høve til å nyte den endå ein gong, så rik den er på gamal kyrkjekunst.


mandag 20. november 2023

Kva veit vi om morgondagen ?

Ja, kva veit vi om morgondagen ? Svært lite, helst ingen ting. I den store boka står det at alle våre dagar er i Guds hand, og at ingen, ikkje eingong ein spurv fell til jorda uten at Gud veit om det.
I dei to siste åra har eg fått røynt det. Vel,  med mi kjære Bodil fekk eg førebu meg, om det er råd, på at ho sovna inn frå meg og mine. Men med dei 4 andre? Med mi kjære og hennar bror var det venta, men med dei tre andre  har det vore brått og uventa.
Om nokre dagar er eg Sogn for å fylgje ein tidlegare svigerson til hans siste kvilestad. Hans bortgang kom brått og uventa, og alt for, alt for tidleg.
Og så, i dag fekk eg igjen ei melding om at endå ei i familien hadde brått og uventa sovna inn.
På Trongarden på Nesje var dei tre syskjen som vaks opp tidleg i førre århundre. Og desse tre fekk fem born som kom til å stå kvarandre nær. Tre gjenter og to gutar. No er det berre ei att av dei. Ho som var den eldst av dei, og som var einebarn. Så i neste veke skal eg fylgje henne som vaks saman med ein yngre bror til henner siste kvilestad. Han gjekk bort for nokre år sidan.
Nei kva veit vi om morgondagen? 

fredag 17. november 2023

Det kveldar

Det kveldar utanfor mine vindauge. På andre sida av fjorden  teiknar mørke skyer seg på ein bleiknande himmel bak dei mørke konturane av fjella, over lysa i heimane under.
Og snart fell nattemørkret over bygda.
Då er det tid for blinkande stjerner på ein nattsvart himmel.
I eldre tider, før det ektriske lyset vart vanleg i heimane, hadde denne stunda på døgnet namnet skumringstimen.  For mange var det timen for å gi rom for ettertanken. Om dagar som var - og dagar som vart, med endringane som brått kom, og som endra dagane og livet etterpå.  Livet var ikkje lenger det same som før.

Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far?
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som eingong var?

Dei første strofene av Hartvik Kiran si omsetjing av Robert Burn sin song; Auld lang  syne., minner meg om det som eingong var, det eg eingong hadde, men som no er tapt, borte. Berre minna av det som ein gong var er att. 
Og no i skumringstimen stig dei fram for meg, desse minna, medan  lyset på  himmelen der ut bleiknar bort og går over i nattsvart mørker.
Det livet byr på av det gode er lett å ta imot, verre er det med det såre og vonde, men også det må ein ta imot, sjølv om ein til tider tenkjer at det er nok no. Om ei veke skal eg i den tredje gravferda innan familien på under to år. Då er det to av mine barnebarn som står farlause att. Det livet byr kan vere i hardaste laget til tider.

søndag 12. november 2023

Morgon ved fjorden

Dagranda i aust har byrja å auke i styrke denne  søndagsmorgonen ved Romsdalsfjorden.  På den klåre himmelen bleiknar natta sine blinkande stjerner etter kvart som morgonlyset aukar i styrke. Men enno er det lenge til sola sender sine strålar over fjellryggane sør om fjorden. Denne tidlege og stille søndagsmorgonen sit eg ved vindauget og let dagen der ute vakne framfor augo mine.
Framfor meg, på andre sida av Langfjorden ser eg Veøya, enno i skuggelandet. Og der inne i mørkret ligg den gamle og kvite, Veøykyrkja med si lange soge attover i tida.
Når dagslyset har nådd øya der inne i skuggen, vil kyrkja stige fram med sin kvite vestfront. Lenger bak, bortanfor Rødvenfjorden sine fjell, reiser  Trolltindane sine bratte flog seg over Romsdalen.
Og om nokre få morgontimar vil sola denne morgonen lyfte seg over fjellranda der borte, og dagen er her.

mandag 6. november 2023

Å sjå og å minnast

Eg kjende det alt medan eg enno låg i senga  at det hadde vorte kaldare ute. Og vel oppkomen såg eg at himmelen var skyfri, og sola så smått hadde byrja farge toppen av Helgehornet med sine strålar. Men det ville enno ta ei tid før ho skein inn glaset til meg. Ho måtte først klive forbi toppen på Melshornet. 
Eg var komen på plass med morgonkaffien i mi kjære sin stol, før ho skein inn i stova til meg.
Men andre sida fjorden låg enno i skuggelandet, om himmelen over var vakkert blå å sjå, mellom lyse og kvite skyer. 
Og i dalsøkket mellom dei to åsane kan eg ofte sjå skodda legge si grå pute over heimane der.
Det var mi kjære sin stol dette. Her var det ho sat med si hekling, og fylgde med på sine blomar ute når deira tid var, og at småfuglane  hadde nok mat i den tida dei trong det.
No er ho ikkje lenger  her hjå meg. Laurdag var eg og tende lys på hennar grav.
Tankane går ofte til henne, mi kjære, her eg sit i stolen framfor glaset og ser ut.
Eg har litt otte for at eg skal verte ein gamal gretten gubbe, men førebels er det inga fare for det, trøystar mine born meg, og godt er det. Så får eg vone at eg held meg unna å verte det, om plagene kan renne på i dagar som kjem.
Her i stolen har eg mykje glede av å sjå kor himmelen i sør endrar seg gjennom dagen. Det kan verte dramatiske skifte i løpet av nokre få timar. Hadde eg hatt kunstnarånda, hadde nok himmelens skyer vorte mitt hovedmotiv.
Og så sa sola takk for i dag.

mandag 30. oktober 2023

Ikkje enkelt dette.

Eg har nemnt det før at salmeboka har ein salme av Jon Fosse. Den salmen sa meg noko som gjorde at eg fekk lyst å sjå kva meir han hadde skrive av poesi. 
Så då tinga eg boka med hans lyrikk, og forvitneleg opna eg den og las,- og eg streva litt med å skjøne kva han ville sei med alle orda i nokre av dikta. For det som stod der var langt unna den salmen eg hadde lese. 
Det var regn og englar og hundar oppatt og oppatt. Eg fekk ikkje tak i kva som var det indre i orda hans. Men det kjem nok med tida.
Om eg les dei mange nok gonger til orda får byrje leve i meg.
Først etter salmen, langt ute mot slutten av boka, kom vers som sa meg noko. Og eg undrast; hadde det hendt noko med han då som hadde endra måten hans å tenke, ja skrive på ? Slik eg opplevdedet i dei sju bøkene i Septologien.
I dag fekk eg juleheftet  " I de dager " frå NMS og Bibelselskapet for 2023. 
Året sitt tema var Josef , han som står i skuggen i julevangeliet. Og der var det eit dikt av Jon Fosse, " Aldrande mann i tankar" 
Kanskje er det fordi eg sjølv har vorte ein aldrande mann etter kvart at eg kjende meg att i ettertanken i orda Dei tok tak i meg. Slik eg ofte dei siste åra har lete livet mitt gå i revy med alle ord og gjerningar eg no angrar på, og det motsette, alt eg trur eg har klart å  gle mi kjære , og mine born med ,  - og kanskje andre og. 
Men kva summen av  mitt liv er  når mi livsbok ein gong vert opna, sjå det er meg ukjent. 
Så då får eg vel slutte meg til nokre av Jon Fosse sine ord  i diktet : Aldrande mann i tankar.

Så om du finnest
tilgjev meg Gud
og lat meg kverva i ditt rike
og lat din vilje skje

for kanskje har du rom
og til slike
til dei som har svikta og svike

Og vil du gje meg evig fred
Får eg kvila i lyset frå ditt åsyn
eller vert det berre mørker
igjen og igjen, på ny og på ny
der nede i molda den svarte

Eller lyftest eg opp til di lysane sky

Dette var berre nokre linjer midt i Jon Fosse sitt diktet : Aldrande mann i tankar.   Det gav meg nokre refleksjonar over mitt liv, aldrande mann som eg er.


mandag 16. oktober 2023

Gjestar

Endå ein dag med gråvær og regn, og då vert det inneliv på denne karen. Men utanfor døra til plattingen min er det til tider eit yrande liv av flygande små gjester. For der har eg hengt opp jordnæter og solsikkefrø. Dei fjørkledde gjestane mine har venta på det lenge, især meisene. Dei har drive flygeakrobatikk utan for glaset i veker alt for å minne meg på at no er hausten komen, og at det på tide at eg tenkjer på maten deira. 
Eg let meg overtale til slutt, og no er det til tider eit yrande liv av flaksane venger ute. Av kjøtmeis, blåmeis og spettmeis, Sporven kjem i flokk og fylgje og raudstrupen min er og komen på plass, han held seg helst nede på fjølene og plukker opp av det som hamnar der. Ein nykomar i laget har eg og fått. Ein gjerdesmett hoppar og rundt med vølet rett til værs. Og så er det kongen i laget som trippar forbi i vona om kanskje det er råd å finne eit kvart.
Eg tykkjer det triveleg å sjå dei der utanfor glaset, og då får eg finne meg i at dei etterlet meg jobben med å ordne opp etter dei. For det står ikkje til å nekte at dei etterlet seg litt rot.





lørdag 14. oktober 2023

Regn

En er er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak, 
vi drypper på tak,
tik tak, 
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vådt
deilig og rått!
En er en, to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak, 
vi drypper på tak, 
tik tak, 
det regner i dag.

Ja, i dag kan eg synge med Sigbjørn Obstfeller si regnvise, for i dag regnar det ! 
Eg er så heldig at eg kan sitje turt under tak, men så heldig er ikkje småfuglane som flyg inn og ut frå matfatet. Dei må rett som det er riste på fjørene for å få vekk det våte. Men mange trossar frykta for han innanfor glaset og søkjer ly for regnet på golvborda inne under altanutbygget, dit regnet ikkje når.



fredag 13. oktober 2023

Det finst ei jord

Eg visste at Jon Fosse skreiv skodespel og romanar, men at han og skreiv vers var ukjent for meg , og at han endå til har ein salme i salmeboka vekte mi nyfikne på den delen av hans litterere verd.
Det var fleire enn eg som hadde oppdaga salmen, og i eit lag eg var i, vart det drøfta kvar ein skulle plassere den. Var det ein gravferdssalme, eller var det ein kveldssalme som den stod under i salmeboka? Kanskje det kjem litt an på korleis kvar enkelt les den ?
Eg kan lese den som ein kveldssalme, kanskje og som ein gravferdssalme, men samstundes tykkjer eg at den tendrar mykje mot det kristne håpet.

Det finst ei jord som opnar opp 
sitt djup av svarte natt, 
og løyner både sjel og kropp 
til ingenting er att.

Det finst ei natt som møter deg 
og tek deg mjukt imot, 
og let deg kvila æveleg, 
di hand, di sjel, din fot.

Det finst frå Gud i alt som er, 
i jord og nattevrimmel, 
di sjel er hans, du er han verd, 
du lyser fram hans himmel.





mandag 9. oktober 2023

Jon Fosse

Jon Fosse var for få år attende ein forfattar eg hadde høyrdt mykje gjete som skrivar av skodespel. Og som so var stykka hans framførde på scener over heile verda, til stor åtgaum. Men ikkje berre åtgaum. Anten likte folk det han skreiv, eller så likte dei det ikkje. Den var kjedeleg og med lite framdrift i si stendige tilbakevending i handlinga.Og no har han fått Nobelprisen i litteratur for dette året.

Sjølv var eg heilt ukjend med han heilt til første bindet av Septologien kom ut. Det kjøpte eg for å verte kjend med han som forteljar. Og soga om Asle og hans liv greip sterkt fatt i meg, så dei to neste banda av boka vart kjøpte med ein gong dei var i handelen. 
Men korleis byrjar soga? 
Med to strekar på eit kvitt lerret.
-"Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane, ein lilla og ein brun, som kryssar kvarandre på midten, eit avlangt bilete, og eg ser at eg har måla strekane langsamt og med tjukk oljemåling, og ho har runne, og der den brune og den lilla linja kryssar einannan blandar fargane seg vakkert og renn nedetter og eg tenkjer at dette er ikkje noko bilete, men samstundes er bilete slik det skal vera, det er ferdig, det er ikkje meir å gjera med det, tenkjer eg ..."
Og slik helde det fram i sju bøker, samla i tre bind. Han ser og tenkjer attende på livet og kjærleiken, og det som hende han i livet der dei to strekane kryssa kvarandre i livet hans. Den ævelege og den jordiske, den lilla og den brune. I tre dagar før jul i pendling på snøkledde vegar mellom heimen inne fjorden og byen Bjørvin tenkjer han og ser han livet sitt gå forbi, frå ungdoms rastløyse og opprør til han som gamal har funne roa i den katolske røyndomen, leid dit av Alis, henne som vart hans livs kjærleik, men som døydde frå han. 
Så endar den sjuande boka lenger inne i fjorden, dit han er boden for å feire jul.
Framkomen er han trøtt etter ferda og går til sengs og samlar seg i bønene som rosenkransen sine perler gjev han...
"eg andar jamt og eg tenkjer at ja slik ikkje anna ikkje meir med di eg ikkje tykte om dei andre og eg pustar langsamt inn og ut og eg flytter tommelfinger og peikefinger opp til den tredje perla og eg seier inne i meg Ave Maria gratia Plena Dominus tecum Benedicta tu in mulieribus et benedictum fructus ventris tui Jesus Sancta Maria Mater Dei og eg ei kule av blått lys skyt seg inn i panna mi og spengjest og eg seier svimlane inne i meg Ora pro nobis peccatoribu nunc et in hora "

Eg las og attfortalde den til mi kjære, som nok aldri kom til å lese den, denne enkle soga om ein aldrande mann sitt liv og hans kjærleik, og hans veg til tru, attfortalt omatt og omatt frå ulike vinklar, der dei to strekane er med heile tida bak alt, saman med  orda " tenkjer eg " , og med dei mange tankane omkring  dei kristne dogmene.
For meg vart det ei djupt kristen bok, noko som og tittelen på bøkene peikar på,  og som gav meg lyst til å lese meir av Jon Fosse.









lørdag 30. september 2023

Solvorn

I Luster kommune er der 11 kyrkjer og 1 kapell. Eg har berre vore inne i 4  av dei, men eg vore ved 2 av dei andre. I dag var eg ved den tredje. Det var kyrkja i Solvorn. Årsaka til at eg berre har vore ved dei utvendig, er at dei diverre berre er opne ved gudstenester og gravferder, og då høver det skjeldan for meg. Så eg har framleis nokre att. Men i dag fekk eg høve til vitje Solvorn kyrkje,  om berre utvendig.
Som gamal kyrkjeverje veit eg litt om kor langt budsjettet rekk når det gjeld vedlikehaldet av kyrkjene. Eg hadde berre 4 kyrkjer å tenkje på, kyrkjeverjen i Luster har 12, og diverre synte det på Solvorn kyrkje. Den vakre kyrkja trong sårt nokre strøk med ny maling.

lørdag 9. september 2023

Varm morgon.

Så er eg heime i utestolen min igjen, i sola, etter eit par kilometer,  med ikkje så rask gange lenger,  etter allmannavegen. Eg burde byrja før for det vart i varmaste laget til høgre sola steig. Burde kanskje lete skjorte og olabbuksa vore heime. Det hadde vore nok med shorts og sandalar kom eg til etter kvart. Mindre kan ein vel ikkje nytte i bebygde strok.
Eg fekk eit snapbilde frå mi eldste dotter på morgonkvisten før gåturen  i dag, 
Eit bilde som synte morgonen der ho var då sola var i ferd med å bryte i gjennom skoddeflaka mellom fjella. Det lokka fram nokre tonar og ord som ikkje ville forlate meg der eg gjekk. Det hender stundom det. Ein song som ofte fylgde meg i vakre morgonstunder etter pilegrimsvegen mot Santiago de Compostela.
Takk for lånet dotter.
Morning has broken like the first morning, blackbird has spoken like the first bird. Praise for the singing, praise for the morning, praise for them, springing fresh from the Word!

Skapelsens morgen, solen og vinden stryker din nåde mykt mot mitt kinn. Takk, Gud for marken, skogen og gresset. Nyfødt er jorden, dagen er min.

onsdag 6. september 2023

Haustsol

Ein skal ikkje klage ein slik dag.. Ein times trim i godt lag på morgonen. Eit godt middagsmåltid  eit par timar seinare i eit anna godt lag. Så kome heim og setje seg i sola for å nyte den solvarme haustdagen. 21 grader pluss seier gradestokken, og fortel at det er rekna  som heitt. Og om nokre timar er korøving saman med eit anna godt lag. Kan ein ha det betre ? På ein onsdag ?
Ved husveggen er humler og bier i travel aktivitet men å sanke nektar frå nokre blå blomsterkuler. Eg veit ikkje kva som driv dei, men kanskje dei og tenkjer; for ein dag, kan vi ha det betre ? 
Å jau, det hadde eg nok den tida vi var to saman. Men den tida er nok over for meg her eg går i mitt 82.år. Då får eg heller prøve å sanke dei gode stundene, dei gode nektarblomane som kan gjer dagane rikare. Sjølv om sola glimrar med sitt fråvær.

søndag 3. september 2023

Fjerne fjell

Ein sommar er over. No skriv vi september. Langt borte, på andre sida av den skogkledde åsen på Sekken ser eg nakne fjell. Det er fjella over Vågstranda syd om fjorden.
Det har nok ikkje vore den mest  nedbørsrike sommaren, og kanskje og litt i kjølegaste laget. Eg kunne nok tenkt meg i snitt nokre grader varmare, men ein får ta det ein får når ein har busett seg her aust om Stad. Me har i alle fall slept unna dei store vassmengdene som dalstrøka aust om fjella fekk denne sommaren.
Det ligg mørke skyer over fjella i sør i dag, det er regn i lufta.  
Det er ikkje mange snøflekkane att i toppane trass i ein litt kjøleg sommar, men snart vil dei nok få det første kvite sløret av snø på seg. Eit slør som fortel om at no er hausten komen, og eit varsel om at ein komande vinter er på veg. Måtte den dryge lenge enno før bygdene nede ved fjorden er dekte av vinteren si kvite dyne.

lørdag 2. september 2023

Ein kveld på Grip

Det var lenge sidan eg hadde vore på Nesje,  så eg sende melding til mi eldste dotter at no kom eg. Ja, det var greit, svara ho, men ho hadde tenkt seg til Grip på konsert om kvelden. Møre bispedøme gjorde ein båtseglas innom dei seks pilegrimsstadane i fylket denne veka i høve at bispedøme var 40 år. Og denne fredagen skulle seglasen kome til Grip. Det var interessant, kan eg få vere med, spurde eg, då eg ikkje hadde vore på Grip før.  
Så då vart det ikkje berre ein romsdalstur, men og ein nordmørstur.
Etter ein pitstopp på Nesje med litt
 fredagstaco bar det nordover til Kristiansund,og båttur ut over blikkstilt hav til øyane der ute. 12 km nord for fastlandet.
Medan båten pløygde seg fram over havet vart eg ståande bak og nyte det vide utsynet både nordover og sydover leia mot fjerne øyar og fjell langt borte i synsranda og undre meg på kva det var eg såg der ute i det fjerne. 
Så var vi framme og husa på Grip dukka opp,
Sakte glei båten inn bak moloen, inn på hamna  og vi kunne gå opp den bratte leideren, opp på kaia.
Biskopen med fylgje var forsinka frå Kvernes, så vi fekk tilbod om ein gaida rundtur på øya medan vi venta på biskopen sitt fylgje.  Det vart ein fin tur med ein forteljar som kunne fortelje mykje om livet på fiskeværet i tidlegare tider, og notida. I storm og i stille langt ute havet.
Husa står tett på øya så her måtte ein nok vere nær kvarandre, både på godt og vondt.
Men det som hadde stått høgt på mi ynskjeliste med å kome til Grip var stavkyrkja frå andre halvdel av 1400 talet. Ei av dei minste stavkyrkjene i landet. 
Stavkyrkja vart utvida på 1600-talet med kor og våpenhus til slik ho no står. Då vart ho og pryda  med målingar på alle veggar inne, slik mange av kyrkjene frå den tida vart.  Då fekk ho og innsett vindauge på nordsida.
Men perla som drog meg mest var nok alterskapet som står i kyrkja. Det er eit av dei fem alterskapa som kom til landet på 1520-talet. Den sokalla Lekagruppa, der Grip, Leka, Røst, Hadsel og Ørsta er med. Alle med unntak av sistnemnde kom til kyrkjer i fiskevær, eller der dei hadde fiske som næringsveg. Dei fire første er alle skap med heilagmenneske i, medan Ørsta skil seg ut der og. Sidan mi tid i Ørstakyrkja har eg hatt ein draum om å få sjå dei fem med eigne auge, og no fekk eg høve til å sjå Grip kyrkje sitt skap. Dei tre lenger nord vert det nok berre ein draum om å få sjå. 
Dei to som skulle ha konserten dreiv og øvde då eg steig inn i kyrkja men dei slepte meg forbi inn i koret og fram til alterringen. Nærare kunne eg ikkje kome alterskapet. Dørene mangla, dei skal visst vere på museum i Bergen.
I midten ser vi Maria med barnet i armane, så er det Heilag Olav  på eine sida, og Margareta av Antiotika på andre sida. Margareta levde på 300-talet, og leid døden på grunn av si kristne tru.
Kva er soga bak desse alterskapa ?
Kristian den andre søkte seg ei dronning av høg rang, og han fann henne i Antwerpen i 1514. 14 år gamle Isabella av Habsburgætta. På ferda frå Antwerpen og til Danmark rauk det opp til uvær, og båten ho drog med, ein kogge, var dårlege sjøbåtar på grunn av skapnaden, runde som dei var. Dei rulla voldsomt i dårleg vær, og jenta vart redd for livet sitt. Erkebiskop Walkendorf som var med på turen fekk då lovnad om 5 alterskap til hennar nye heimland, om ho kom levande frå turen. Ilsbeth, eller Elisabeth som namnet hennar vart som Kristian II si dronning, kom vel fram til Køpenhavn.
 I 1520 var ein av erkebiskopen sin stab i Nederland for å henta skapa. Dei var laga i Utrecht. Alle 5 skapa kom til kyrkjer i Nidaros bispedøme. 
Så attende til dagen på Grip.  Etter ei tid kom og skøyta med biskop Ingeborg sitt fylgje fram, og medan sola gjekk i havet i vest, kunne vi benke oss inne i stavkyrkja for konserten med Jorunn Marie Kvernberg på fele og song, og Rune Tylden på trøorgel. Det er nok første gong at reinlender og pols hadde lytt mellom vegane i den gamle kyrkja.
Det var mørk kveld ute då båten førde oss attende til Kristiansund, og klokka var over midnatt då vi var attende på Nesje. Ein lang dag var over. Ein dag då eg hadde kryssa heile mitt heimefylke , frå sør til nord, og eg hadde fått vitja stavkyrkja på Grip. Ei gamal kyrkje på ei lita øy, langt ute i havet.










torsdag 17. august 2023

Eit år har gått

Det er alt mange dagar, månader sidan at eg sat ved senga henner og såg at ho drog sitt siste andedrag,  og så var ho ikkje lenger til å nå. Ho som hadde vore mi kjære frå før ho var 17 år var borte. Jau kroppen hennar låg framleis i senga, men ho som hadde vore mi kjære i så mange, mange år hadde forlete meg. Og det vart så tomt, så tomt etter henne -  ved matbordet, på soveromet og i stova då ho ikkje lenger var til å nå. 
Og i dag skulle vi ha feira at ho hadde nådd ein alder på 76 år, men nei. Ho er ikkje lenger til å nå med ord, med klemmar, med kyss.
Eg vert ofte spurd; har du det bra? Ja eg har det bra, men likevel. Sjølv om dagane er bra å leve i, så er der også eit sakn etter noko som manglar i dagane mine. Ho som eg eingong i ungdomens år fekk kjær, og som sa ja til å leve livet sitt saman med meg. Ho som ein varm augustdag sa ja til meg framfor alteret i Sølsnes kyrkje. Ho som vart mor til våre fire born. Ho kan eg ikkje lenger nå.
Takk for alle åra vi fekk saman mi kjære Bodil ❤️

onsdag 16. august 2023

Om å gå (2)

Kva var det han sa, Søren Kierkegaard,  om det å gå ?
Det mest kjende og oftast siterte er ein del av eit noko lenge skriftstykke. Det mest kjende lyde slik :

Tap for all del ikkje lysta til å gå. Eg går meg kvar dag til det daglege velværet, og eg går ifrå kvar ein sjukdom. Eg har gått meg til mine beste tankar, ja eg kjenner ingen tanke så tung at eg ikkje kan gå ifrå den.

Men han  sa litt meir enn orda ovanfor.

Sjølv om ein går for si helbred som om  den alltid er å finne lenger framme, så vil eg likevel sei; gå!
Det er då også sjølvklart at det er berre ved å gå  at ein kjem velværet  så nært som råd er. Sjølv om ein ikkje heilt kan nå det. Men ved å sitje stille, ja til meir ein sit stille, til nærare kjem ein uhelsa. Berre ved å være i rørsle er sunnheita og helsa å finne.
Nektar nokon for at rørsla er eit gode, då gjer eg som Diogenes, då går eg. Nektar nokon for at helsa er å finne i rørsla, då går eg frå alle sjuklege innvendingar. Når ein slik held fram med å gå, då går det nok.
Ja då Søren, då er det vel berre å kome seg ut døra og å gå då .
Eller: vert dørstokkmila i tyngste laget tru ?


Om å gå, (1)

Om å gå ? Ja korleis starta det med å gå for meg ? Det var vel ei veninne som fortalde om sine gåturar etter pilegrimsvegen i Spania.  Det høydest interresant ut, men mine gåturar hadde berre vore dagsturar i heimlege fjell og dalar. Å gå mange mil, og i mange dagar var nok ein framand tanke. Men eit frø var sådd
Så las eg ei bok av ein hareidsdøl som hadde vandra på pilegrimsveg i frankarland, og frøet byrja å spire. Men var eg istand til ein slik tur, tru? Vel det måtte prøvast.  Eg lokka med meg min eldre bror på ein prøvetur. Eg ville gå frå Tomaskyrkja på Filefjell, over fjellet og ned i Lærdalen, for så å ende, etter 6 mil, nede ved fjorden i Lærdal. 2 dagar skulle turen ta. 3 mil pr.dag måtte vere overkomeleg.
Fram kom vi, og eg mange erfaringar rikare.  Det var for lange etapper for ein uerfaren mann. Og for tung sekk, grunna alt eg trudde eg trong under vandringa. Eg var heilt utsliten då eg kom fram til den bussen på Lærdalsøyra som skulle ta oss vidare etter vandringa.
Det skulle vel gitt meg ei åtvaring. Dette er ikkje noko for deg, men nei. Året etter var eg med på den første pilegrimsvandringa i Valdres. Frå Hedal stavkyrkje, over åsen og ned i Valdresdalføret ved Bagn, og vidare opp dalen til Tomaskyrkja på Filefjell. Det var ein fin tur, ei oppleving som gav meirsmak. Rett nok vart det eg trong av medbragt  bagasje, kvar dag køyrd vidare til neste overnattingsstad. Men frøet som var sådd nokre år tidlegare hadde byrja verte mode.
Året etter byrja ho som sådde frøet og hennar mann, mi kjære og eg på vandringa etter GR 15,  frå Le Puy en Valey i Frankrike til Santiago de Compostela, vest i Spania.  6 år brukte vi, og kvar gong når vi kom heim etter den årlege turen, fekk vi høyre at vi såg friskare ut då enn når vi drog. Kanskje det var fordi vi hadde fått ein brunare let i huda av all sola?
Eller var årsaka å finne i det Søren Kierkegaard skreiv ein gong. Om det å gå ?


tirsdag 15. august 2023

Kveld

Kveldsgudtenensta gjekk mot sin ende. Siste salme skulle syngast og orgeltonane byrja fylle kyrkjeromet. Då hende det som har hendt meg før, eg vart var salmen på det neste nummeret i boka. Eg skulle tru eg hadde sett den før, ja, for alt eg veit kan eg ha sunge den og, men nei - den var ukjend for meg. Vel, den er nok ikkje den einaste ukjende mellom dei 899 salmane i boka. 
Eg var nok ikkje heilt med i Erik Bye sin blå, blå salme  for augene mine søkte litt over til  den neste salmen i boka. Og under postludiet fekk eg tid til å ta inn i meg orda i Olav Mosadøl sin vakre salme.

Denne gongen har eg lånt eit bilete frå mi eldste dotter til Olav Mosdøl sin kveldssalme. 
Det syng så vakre tonar gjennom kvelden
når himlens Herre samlar ljoset inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.

I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær.
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.

Ver still mi sjel lat songen min få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Ver audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.

mandag 14. august 2023

Still kyrkje

Etter at mi kjære døydde frå meg har eg kome inn i ei vane med å kome tidleg til kyrkje. Det å få tenne eit lys i lysgloben og så setje seg inn i benken og kjenne freden senke seg i meg.  Sitje i det stille romet ei stund heilt åleine  gir meg ein fred, og ei ro som har vorte ein stor rikdom for meg.
Det skulle vere kveldsgudsteneste og då er det ein heller liten kyrkjelyd som samlast, så eg fekk meg mest ein halv time åleine i benken før andre byrje å kome.

Eg har etter vandringane i tidlegare år fått ei nyfikne på korleis dei ulike kyrkje eg har møtt på min veg ser ut innanfor veggane.
Sjølv om eg har sett mange kyrkjer på min veg, alt frå storslegne katedralar til enkle landsbykyrkjer , så må eg nok tilstå at mi eiga heimekyrkje har ein eigen plass hjå meg, Og det var godt denne kveldstunda å la augene kvile i den kjende, opne og lyse kyrkja medan tonane frå orgelet fyllte romet.
Eg kom i tankar om korleis dei måtte kjenne det den kyrkjelyden som steig inn i den då nye kyrkja i 1864, vande som dei var med den gamle, halvskyme og lavlofta stavkyrkja dei hadde levd med tidlegare. Fekk dei den same overveldande kjensla som eg får når eg stig inn i ein storslagen og høglofta katedral?

lørdag 12. august 2023

Dei gamle fjell i syningom

Nokre brødskiver hadde gått ned langedalen og eg gjorde meg klar for mi vanlige vandring etter allemannsvegen då telefon varsla om at ein kvan ville ha meg i tale. Det var mi dotter som ville høyre om eg var klar for ein gåtur syd om fjorden. Og å gå med godt lag er alltid betre enn å gå åleine så då takka eg ja.

Sola varma godt då eg og mine medvandrarar var på veg mot startpunktet ved Hovdevatnet. Eg har vandra rundturen rundt vatnet med dei før så eg visste kva som venta. Litt høgre tempo enn det eg elles brukar når eg går, men eg har merka at forma mi har vorte mykje betre frå første gongen eg gjekk same turen med K-R, då måtte eg ta fleire pustepausar før eg kom opp første bakken. No går det bra utan nokon pause heilt til eg er oppe på siste høgda. Der deler stien seg, og der står det ein benk lageleg til.
Men når eg går på ujamt underlag må eg vere litt obs og lyfte føtene høgt nok når eg flytter dei, elles kan det gå som siste eg gjekk her, då eg brått opplevde å ligge med nasa nede i molda. Ein av skorne hadde hekta seg i ei lita rot. Heldigvis vart resultatet ikkje verre enn  litt mold på brokaknea.
På vestsida av vatnet opp mot Ytrestøylen, eller Jøstelen som det heiter i daglegtalen, er det flott utsyn over vatnet mot Ytrehovdegardane og fjella over fjordbotnen og dalane austanfor,  der Saudehornet er det som lyfter sin topp høgast. 
I Ytre Hovden var mi mor  barnefødd, og der vaks ho opp på loftet av skulen som då stod der, saman med sine syskjen. Det var der foreldra fekk husvære då min bestefar, Skule-Iver var lærar der. Det var nok ikke berre berre å vekse opp på skuleloftet. Ikkje store plassen for ei stor familie, og i skuletida måtte det vere stilt så dei ikkje uroa undervisninga nede i klasseroma. 

Frå vegen forbi gardane på Jøstelen tek ein sti av frå vegen, over marka og opp i den skogkledde åsen. Framme på høgste punktet på stien må eg, sjølv om eg ikkje har hatt trong for kvile tidlegare, nytte benken ei stund før vi tek fatt på nedturen mot vatnet. Godt å kvilte føter på nedturen så eg ikkje snublar att.

Der ligg ein gapahuk når stien kjem ut av skogen og ned til vatnet. K-R har bore med seg ein liten sekk under vandringa, og no høver det med eit krus kaffi og litt attåt medan augene får gli over vatnet, Hovdeåsen og fjella bak åsen, på nordsida av fjorden.
Dei gamle fjell i syningom, song Åsa-Ivar, og betre kan det ikkje seiast her i vasskanten.
Å sjå dei der dei lyfter seg over åskanten alle toppane,  Frå Liadalsnipa lengst vest. Ho ser litt annleis ut herifrå enn slik ho møter ein når ein rundar Rjåneset og ser henne røyse sin store finger opp over fjorden og bygda.
Blåfjellet, der restane av fjellfoten på det som eingong var Parishornet ligg, og der Skorgeurda veltar seg nedover fjellsida heilt til fjorden, og endå lenger på fjordbotnen.
Så kjem Bjørnastighornet før Skorgedalen med sine toppar opnar sitt djupe hogg i fjellrekka.
På andre sida av dalen ligg Hagekamben og Nivane.

Der låg nokre ender og symde utfor stranda. Eit par av prøvde seg opp på kanten for å sjå om der kunne verte nokre smular å få, men der var heller lite så dei vende fort attende til vatnet, og vi tok fatt på siste strekke langs vatnet attende til utgangspunket, bilen og heimturen.  Og eg må berre takke for turen og trimmen. 5,7 km og 7519 steg fortalde mobilen meg, og det må eg vere nøgd med. For det gjeld å gå,  seier Søren Kirkegård. "Tap for all del ikke lysten til å gå." Han sier litt meir og men det får vere til ein annan gong.










fredag 11. august 2023

Hans er over

Så er uværet Hans over for denne gong. Det heiter vel ekstremvær i våre dagar. Sidan det kom frå ein uvanleg kant som sydaust merka vi ikkje så mykje til det her bak fjella på nordvestlandet. Grått og litt regn var det, men det har vore mykje verre i tidlegare uværsbolkar. Denne gongen var det nok Hallingdal og Valdres som fekk verste støyten av regnet. Og med mykje nedbør på store området, så vert det og mykje vatn samla i elvane, vassmengder som vert til skadeflaum til meir tilgong frå sideelvar dei store vassdraga får. Denne gongen vart det og  av mykje væte mange jordras som skadde hus og eigedom, og mange stengde vegar, både bil og jarnvegar. Og media har hatt travle dagar med å melde om fylgjene etter Hans.
Men no er vi attende på normalen med ventande lavtrykk frå vest/ sydvest og då er det vi på nordvestlandet som vil få regn og gråvær, og ikkje dei austanfor fjella. Vonleg helst ikkje så store mengder som dei fekk.Dei har nok fått nok for denne gongen.
 Men i dag kikar sola fram mellom skyhausane.



lørdag 5. august 2023

Åra renn

Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter- står  det i eit vers av fredrelandssalmen. 
Ein augustdag, midt under verdskrigen fødde mi mor sin andre son, og eg drog mitt første andedrag. No, 81 år seinare  har eg fått fleire leveår enn min far fekk, og eg har fått erfart sanninga i orda frå salmen. Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter.
Men det er ikkje berre årtidene og åra som skifter ham. Levd liv ber mykje med seg av både det leie og det gode, og det set sine merke i eit menneske. Ein endrar seg mykje frå barndom og ungdomsår gjennom eit levd liv til alders gråe hår.  
Ei god kvinne fann meg i unge år, og vi fekk mange og gode år saman. Diverre døydde ho frå meg for tidleg, og saknet etter henne er til tider stort.
Vi hadde ikkje berre kvardagane og livet,  born og heim saman, men og ein himmel over livet, eit felles von og tru.
Så byrjar eg i dag på 82.andre år.  Min livs seglas held fram, inn i dei ukjende dagane framanfor. Kva dei har i famn får eg oppleve når dei er der.
Jeg er en seiler på livets hav, på livets skiftende bølge. Den Herre Jesus meg kursen gav, og denne kurs vil jeg følge..
I blant jeg seiler for m,edvinds bør, i andres kjølvann å følge,  som just lik meg denne reise gjør, hen over jordlivets bølge. Og havet smiler, og solen skinner. Min dag så stille og blid henrinner. Mens vinden fyller alle seil.

torsdag 3. august 2023

Som nypussa sølv

Harald,  du må lære deg å sjå dei små, dei nære tinga, sa mi kjære. Ho kunne stanse opp for det eg gjekk forbi sidan mine auge var i det store landskapet. I det fjerne, i fjord og i åsar og dei fjerne fjell. Etter kvart har eg og oppdaga meir av det store i det små, sjølv om eg nok endå har eit stykke å gå før eg vert like flink som mi kjære var til å sjå det som ligg rett framfor føtene.
Så sit eg her i stolen min utfor verandadøra. Sola har stråla frå ei blå himmel, men no har det drege over med skyer. Men borte på andre sida av fjorden  har solstrålane funne ei glipe mellom skyene, og dei lysegrå bylgjene endrar utsjånad. Der skin det opp som nypussa sølv mot det mørke landet bak. 

søndag 30. juli 2023

Olsokgudsteneste

Det er mange og lange tunellar mellom Gudvangen og Borgund i Lærdal så ein får rett studere landet vårt på innsida. Det gode med det er at ein er ikkje plaga med nedbør av noko slag, det er turre vegar om utsynet er heller skralt.
Men vi kom til Borgund i god tid før olsokgudstenesta skulle byrje.
Eg har vore i stavkyrkja ein gong for mange år sidan, men fann den då lite interssant, mørk som den var.
Sidan har eg vandra i Valdres med ein som kunne formidle kunnskap til meg om desse særeigne kyrkjene. 
Og Borgund er vel ei av dei mest kjende vi har, så eg såg fram  til å stige inn i den mørke kyrkja. Den lysna etter kvart som eg vende meg til det vesle lyset som kom inn gjennom dei små gluggane høgt oppe.
Og litt klarte mobilkameraet å fange opp. Trass i skralt lys.
Men først gjekk eg tur i svalgangen rundt kyrkja og såg på, kjende på, det tjukke tjørelaget som dekte bord og stolpar. Århundra hadde sett sine spor på dei.
Når augene hadde vent seg til lyset inne openberra reisverket seg oppover mot taket langt oppe. Eit kunstverk i seg sjøl å sjå arbeidet som var lagt ned for å reise kyrkja for mange århundre sida. Dei kunne sitt fag desse mennene for mange hundre år sidan.
Framme i det mørke koret såg eg alteret med alterbiletet på. Det synte den krossfeste med Maria og Johannes på siden. I dag er kurkja enkelt utsmykka, det var nok annleis i katolsk tid.

Men det var og olsokgudsteneste vi var der for, og den førde meg i tankane langt attende i tid, til før reformasjonen.
Her var ingen benk eller stolar å sitje på men heile kyrkjeskipet var full av ein ståande kyrkjelyd i salig uorden.
Så kom korprosesjonen syngande inn og fann seg veg fram til koret. Levande lys er ikkje lov å nytte på grunn av brannfaren, så for å kunne sjå notar og tekst på songane hadde dei med seg batterilys. Verre var det for kyrkjelyden å sjå kva som stod på dei utdelte liturgihefta så mørkt som det var.
Ein prest stod ved smale inngangsdøra og hadde nokre ord i byrjinga av gudstenesta, som og innheldt dåp av to born. 
Etter innleinga kalla han inn dåpsfylgja, og dåpen gjekk føre seg rett inn for døra, etter gamal skikk. Etter dåpshandlinga heldt olsokgudstenesta fram med tekstlesing og preike,  og så forbøn fram til gudstenesta enda med velsigninga og koret gjekk syngande ut av kyrkja, etterfylgd av kyrkjelyden.
Kanskje var kykja og det halvmørke kyrkjeromet med på å gi meg denne opplevinga av ei gudsteneste langt attende i tid. Så takk til Borgund kyrkjelyd med prestar og kor. Kanskje lagast det ein annan olsokdag og, år fram i tida, om eg får leveåra.

Ei lita kyrkje

Det går bratt opp frå Viksdalen til Vikafjellet, men ikkje mindre bratt dei krappe svingane frå fjellet ned til stølane og hotell og hytteområdet i Myrkdalen. Nede på Vinje vende vi austover att, i tunnel forbi Stalheimskleiva før vi svinga av til ein bygdaveg ned til Aurlandsfjorden og den vesle geitehalds og turistbygda Underdal. Der var vårt tredje mål denne dagen. Ei gamal og lita stavkyrkje.
Men den var stengd. Berre open etter tinging av visningstid. Prøvde å ringe men fekk ikkje kontakt, så var det berre å ta ein rusletur i gatene ned mot kaia. Det var å sjå til tydelegvis ein populær stad i å vitje etter kor mykje bilar og folk det var i dei trange gatene. 
Gjorde ei ny prøve på å få kontakt med omvisar, og denne gongen lukkast det, men vi måtte vente ein time først.  Det gråna til med regn lenger inne i fjorden men vi slapp unna enn så lenge.
Så kom omvisaren og slepte oss inn, men ventetida var ikkje over.
Det var og nokre frå Texas som hadde tinga omvising og for store og tunge menn trengs det litt tid å gå bratte bakkar, men etter ein god halvtime var jenta klar til å byrje på fortellinga si.
Og vi fekk ei grundig fortelling om kyrkja gjennom tidene, og alle ting som var der inne si soge.
I det som var den opphavlege stavkyrkja var veggane og taket dekorert i ein naivistisk stil med stjerner, ei sol og ein månrskalk, og englar og dansande figurar i taket, og stiliserte blomster på veggane. Det har nok vore ein bygdekunstnar på 1600- talet som hadde fått frie hender.
Koret, tårnet og våpenhuset var tilbygd på 1600-talet. 
Alterbiletet viste den krossfeste, og over korveggen såg vi den oppstadne verte lyft opp mellom skyene.
Av det litt meir kuriøse slaget var denne lysekruna med hjortehovud rundt og ei naka kvinne over.
Medan vi var i kyrkja kom skybrotet over Undredal, så vi fekk ei god bløyte på veg til bilen. Diverre hadde ventinga og vitjinga i kyrkja teke meir tid enn rekna med, så no var tida knapp for å nå siste punktet på ferda vår for dagen. Ei olsokgudstenste i den gamle stavkyrkja på Borgund i Lærdal.



Som ein glimestein av gull.

Ikkje mykje lenger framme i Vikdalen ligg den andre kyrkja eg har hatt ynskje om å vitje, Hove kyrkje frå omlag 1170. Ho er ikkje ei stavkyrkje men er bygd av kleberstein. 
Den var og teken ut av bruk då Vik hadde fått seg ei ny kyrkje nede ved fjorden. Den hadde ei tid vore nytta av Sogn bataljon og soldatane hadde nytta den, ikkje berre til å bu i, men og som blink i skyteøvingar.
Heradstyret ville rive den, men arkitekt Blix i Bergen fekk nyss om det, og det enda med at han fekk kjøpe den, og kyrkja vart hans private atterreisingprosjekt i mange sommar utover slutten av 1800-talet.  Då han døydde fekk han sin siste kvileplass under golvet i kyrkjeskipet.
Det er med andakt eg stig inn gjennom portalen og inn i kyrkja. Innanfor opnar skipet seg fram mot koret og alteret.
Der er nokre frå benkar i skipet, men i katolsk tid var det ikkje det, då stod kyrkjelyden under messa. Vi ser grava til Blix i golvet. Og skimtar eit lite sidealter ved sida av koret.
Over portalen mot koret heng eit gamal krusifiks.
Veggdekoren som Blix prydde veggane med har diverre falma mykje på dei vel hundre åra som har gått, truleg grunna fuktig luft i kyrkja.
Kyrkja innvendig ber stort preg av han tankar om korleis kyrkja må sett ut i katolsk tid. Døypefonten av kleberstein er ikkje original men fortel mykje om korleis døyfontane såg ut i eldre tid då born vart døypte ved full neddykking. Det var nok ikkje alle små som tålte ein slik dåp i kalde vinterdagar.
Mykje av det verdfulle innventaret som var att  i kyrkje hamna på Bergen Museum, slik det gjorde frå mange kyrkjer på Vestlandet. Men av det var der ein gjenstand som vikveringane ynskte attende til kyrkja, noko som syntest vanskeleg å få til. Då vart det sett igang ei innsamling for å få laga ein kopi til å stå på alteret i Hove kyrkje. Og i fjor haust kom den til kyrkja under mykje feiring. Dette las eg om, og det vart ein av grunnane til denne kyrkjeturen på sydsida av indre Sogn. Eg ville sjå Hovemadonnaen.
Ein glimestein av gull i ei enkel lita steinkyrkje på Hove.
Korleis måtte det kjennast for våre forfedre og formødre å kome frå sine små og mørke hus og inn i kyrkjer, som og var små og mørke, men der røykjelsesdufta sveiv mellom veggane, og det glita og skein i gull og vakre fargar.