fredag 8. mai 2009

Moissac. 19.september 2008

Drosjen set oss av ved jarnbanestasjonen så vi får kjøpe oss bilettar for lokaltog til Bordeaux, og vidare med lyntog til Paris.
Toget går ut på ettermiddagen, så vi får høve til litt sight-seeing.

Vi ruslar ned mot elva Tarn.
På elvebredden finn vi ein liten park med benkar under skuggefulle tre. På vegen hadde vi vore inn om eit bakeri og kjøpt oss litt mat og drikke.
Det vert eit lite måltid der, med utsikt over elva og båtane på ho.


Torbjørg er trøytt og slapp etter ei uroleg natt, og vil kvile. Vi set att sekkene hos henne og går oppover gatene mot katedralen.
Byen ser nokså ny ut. Ikkje mange gamle hus her, trass i at byen har vore eit viktig knutepunkt, også på pilegrimsvegen, heilt frå 1200-talet.
Forklaringa finn vi i ein stor flom på 1930-talet då mange omkom og over 130 hus vart øydelagde.


Det var mest berre katedralen, og den vidkjende klosterhagen som stod att.
Men også den stod i fare for å verte øydelagd. Regjeringa ville bygge jarnveg frå Bordeaux til Toulouse, og trasseen ville dei legge der kyrkja og klosteret ligg. Heldigvis vart trasseen flytta, og bygningane berga.

Klosterhagen utsette vi til neste år. Då vil vi nyte den ei stille morgonstund, før vi held fram sørover mot Pyreneane.



Men kyrkja er ikkje snarsedd, sjølv om ho ikkje er av dei vakraste eg har sett utanfrå. Alt ved inngangen vert eg fasinert av det mektige tympanumet med sine friser også på sideveggane. Eg forstår at det her, det kjem til å ta tid.


Inne i kyrkja er det endå meir å kvile augene på. Eg berre ruslar sakte rundt.

Set meg av og til ned på ein benk og nyt synet av måleri, skulpturar , blomesmykka alter og bibelske fortellingar,vakkert utskore i tre.




Vi går ned til elva igjen og tek Torbjørg med oss opp til torget ved katedralen, der finn vi oss eit bord ved ein fortauskafe, og bestiller oss kaffi.


Lenger oppe på torget sit der ei kraftige dame med spøtet sitt på ein benk. Eg slår meg ned att med henne, men ho er ikkje av det snakkesalige slaget.

Det nærmar seg tid for togavgang, og vi ruslar til stasjonen. Etter litt ventid kjem toget. Det er fullt av skuleungdom, men vi fann oss plassar. Så fløyter det for avgang mot Bordaux. Vandringa på Via Podiensis er over for dette året.

Moissac


20 mil gjekk vi dette året. Frå Conques (ved det grøne merket) til Moissac (ved det raude merket). 10 dagar med vandring med for det meste sol og varme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar