lørdag 22. april 2023

Morgontrim

Denne morgonen tyrkte eg at eg var i slag. Sola skein så fint frå klår himmel og det var lite bårer på fjorden. Og sidan eg er i gang med å trene opp både pust og kondisjon, så sette eg meg som mål å gå min gamle skulekrins til endes. 
Eg kledde meg lett då eg rekna med at solvarmen nok ville gjer det varmt nok etter kvart. Mest spent var eg på om føtene etter kvart ville protestere på lengda og farta. Det er år sidan eg har gått så langt.

For nokre år sidan gjekk eg strekninga på tre kvarter kvar veg, noko eg var klar over at eg ikkje klarte i dag. I dag brukte eg kvarteret meir, men ein time kvar veg er eg nøgd med. Det vert 15 min på kvar kilometer. Og i fylgje min telefon gjekk eg 8,3 kilometer til saman. Det er vel omtrent same gangfart vi brukte på vandringane i Frankrike og Spania for nokre år attende.

mandag 10. april 2023

Påska 23 over

Så var påskedagane med sol over og det var tid for å vende bilen nordover att. Men før eg forlet Sogn gjorde eg eit pitstop  i Fjærland. Det var gudsteneste i den raudmåla kyrkja på Mundal, og den valde eg å legge inn undervegs mot heimegrenda.
Det var diakonen i Sogndal og husbonden hennar som leidde gudstenesta. Sidan der ikkje hadde vore gudsteneste 1.påskedag så var det dei tekstene som vart nytta. I tillegg var der lagt inn, utanom nattverden, minning og lystenning for dei avsovna siste året.
Og salmesongen var fyldigare enn i to andre kyrkjer denne påska. Eg hadde ikkje kjensla av å synge åleine, og det var godt.
Kykjeromet var uvant å sjå for meg då  veggane sjå til var kledt med store lys brune  finerplater, som gav ein varm tone til romet.
Etter gudstenesta måtta eg fram og ta alterbiletet nærare i åsyn. Medan eg sat i benken kom eg til at motivet var  Emmausvandrane, men dei var måla så mørke at ikkje noko ansiktsdrag kom fra. Ttuleg hadde kunstnaren valdt seg ut kvelden då dei bad den framande stanse over hjå dei.
Framme ved alterringen såg eg at eg hadde sett rett. For på sidevengane av biletet var bilbelversa sett inn. På eine vengen på gresk, og nynorsk på den andre. 
Så var den femte påskegudstenesta i Sogn over, og bilen kunne rulle vidare inn i Sunnfjord og så Nordfjord og til slutt heim til Sunnmøre  og laksemiddag på Rjåneset.

søndag 9. april 2023

Påskedag på Stedje

Høgtidsgudstenesta i Stedje kyrkje i Sogndal vart ei fin avslutning på mi påskefeiring dette året. 
Fire ulike kyrkjer vitja eg. To i Luster pretegjeld og to Sogndal, og med fire prestar til å leie dei. Tre menn og ei kvinne.
Men høgtidsgudstenesta i dag var den første der salmesongen verkeleg lyfte meg. I dei to kyrkjene i Luster var kyrkjelyden eldre og ikkje så mange, så der var organisten ikkje berre orgeltrødar,  men og kyrkjesongar, , så der fekk eg ei kjensle av at vedkomande og eg song duett, noko som heilt sikkert ikkje stemte.
Men i dag var eg ikkje åleine om songen. Og presten leidde gudstenesta med dåp og nattverd på ein fin og ledig måte. 
Og i morgon er påskevitjinga mi i Sogn over, då berst det nordover att. Om eg ikkje tek ein stans i Fjærland og får med meg gudstenesta i Mundal kyrkje der.

Påskenatt

Påskenattsmessa har eg alltid feira i mi heimekyrkje, men denne påske når eg er i indre Sogn, vart det i ei ny kyrkje for meg. Etter ein halv times køyring på svingete vegar frå Kaupanger kjem ein til tettstaden Gaupne, og der feira vi midnattsmessa dette året.
Og det er rart, sjølv om liturgien er den same, så vart det likevel ei anna oppleving.Det var prosten i Indre Sogn, Geir Paulsen, som leidde messa. Ein mindre kyrkjelyd, ikkje noko kor deltok, svak kyrkjelydsong, kanskje derfor der var forsongar på salmane, ingen messing frå prosten, alt vart lest. Uvant for meg, men, midnattsmessa vart, trass i det uvande, ei god oppleving den siste timen av påskelaurdagen dette året.
Ute av kyrkja i natta igjen, bles lysa ut under salmen : Deg være ære. Det heile vart avrunda av at prosten kom med det ortodokse
påskeropet : Kristus er oppstaden, og kyrkjelyden gav sitt svar: Ja, han er sannleg oppstaden.  Den avslutninga har eg sakna i mi heimekyrkje si feiring av påskenattsmessa.
Så vart det å køyre heim på svingete vegar, utan møtande trafikk, og med mørklagde heimar lang vegen, medan salmen tona i mi meg: 
Krist stod opp av døde i påskemorgen  røde. Thi synger lydt og sjeleglad, hans menighet i allen stad, Ære være Gud i det høye.

fredag 7. april 2023

Langfredag 2023

Ein solrik Langfredag i indre Sogn med gudsteneste i den gamle stavkyrkja. Men pasjonsgudsteneste vart det ikkje sidan to born skulle døypast i gudstenesta. Då samla prestevikaren heile påska under eit , frå palmesundag til oppstoda første påskedag.   
Det er ei oppleving for meg kvar gong eg vitjar den gamle kyrkja oppe bakken over Kaupangerbukta.
Reist som ho vart på 1100-talet, ein gong etter sjøslaget på Fimreite. Då tok kong Sverre hemn over bøndene som hadde drepe lendmannen hans, og Sverre sine menn brende kaupangen inne i bukta. Truleg vart også kyrkja som då stod der elden sitt rov. Den noverande kyrkja, som er den tredje på staden, vart reist etter det. Kyrkja har vorte utvida nokre gonger gjennom århundra så i dag er ho mellom dei største stavkyrkjene vi har. Noko som ho er åleine om er dekoren på veggane i skipet, der det er måla notar til ein gamal salme.
Då dei undersøkte grunnen under kyrkja fann dei under branntomta etter dei tidlegare kyrkjene nokre graver der beina vart datert til 800-talet. Så når kom kristendomen til landet? Tidlegare enn vi trur?


Som den gyldne sol

Eg sit ei tidleg morgonstund i Kaupangeråsen og ventar på morgonsola skal dukke opp over fjellkammen i aust. 
Utanfor vindauget, nedanfor alle taka i byggefeltet, ned mot dalbotnen, ser eg eit stort industriområde der Lerum sin fabrikk ruvar mest, og så stort steintak inn mot skogkanten i søraust. Og opp den bratte lia bak alle fabrikkar ligg Dalakergardane, den eine over den andre, heilt opp til munningen av dalen  bak dei, med skogkledde  fjellryggar på begge sidene av dalen. Og lengst borte lyfter toppen av  Haugmelen seg opp
Nede i dalbotnen ser eg, og høyer lyden av bilar på veg  til og frå fergeleiet på Manhellar.
Og lengst borte, mellom  Amlaholten og Kaupangerholten seg eit glimt av bukta og Sognefjorden bak den.

Det er stilt i huset denne tidlege morgonstunda der eg sit og ventar på at sola skal kome over fjellkammen på austsida av Dalakergardane, Då er det at at ein gamal morgonsalme dukkar opp for meg.
Ein salme som B.S.Ingemann skreiv til skulebruk, og som har ein momumental melodi som gir meg asosiasjonar til kraftfull mannskorsong.
Det er - I østen stiger solen opp - som renn meg i hugen.
Den norske omsetjinga står i vår salmebok, men her fylgjer dei danske orginalorda slik Ingemann skreiv dei i 1837.
I østen stiger solen op, 
den spreder gull på sky,
Går over hav og bjergetop.
Går over land og by.

Den kommer fra den favre kyst,
Hvor paradiset lå,
Den bringer lys og liv og lyst
Til store og til små.

Den hilser os endnu så smukt
Fra edens morgenrød,
Hvor træet stod med evig frukt,
Hvor livets væld udflød.

Den hilser os fra lysets hjem,
Hvor størst Guds lys oprandt,
Med stjerne overBetlehem,
Som østens vise fandt.

Du sol fra Betlehem!
Hav takk og lov og pris,
For hvert et glimt fra lysets hjem
Og fra dit paradis.

Det byrjar gløde i furuskogen der oppe på fjellkanten i aust. Gløden aukar mellom trea, og så stikk kanten av solskiva  opp, og dei første strålane frå den stigande morgonsola kjem inn vindauget, inntil meg som sit stolen innanfor glaset.  Så er heile solskiva over kanten, den solvarme dagen er komen.

torsdag 6. april 2023

Fet kyrkje

Kyrkjer eg ikkje har vore inne i før er alltid spanande å vitje. I dag på Skjærtorsdag kunne eg krysse av for ei ny. Sidan der ikkje var gudstenester i nærleiken av Kaupanger, vart turen langt til Luster kommune og Fet kyrkje i Indre Hafslo. Ei kyrkje frå 1894, høgt oppe i bakkane over riksvegen inn mot Gaupne.
Vi var av dei første som steig inn dørene, og då ho som tok imot oss såg at eg tok fram mobilen for å ta bilete, skunda ho seg fram og beordra bort nokre karar som stod framme ved koret. Berre presten vart ståande att i samtale med kvinna som drog trekkspelet, og var forsongar til salmane.
Altertavla var frå den tidlegare kyrkja  og var ei katekismetavle der dåpspåbodet, Fader Vår og teksta om nattverden stod å lese. Presten Bård Valle leia gudstenesta, og heldt preika. Etterpå var kyrkjelyden nyfikne på kven desse to framande var. Var dei turistar,  eller? Og kven vi var måtte vi då fortelje.
Etterpå tok vi turen opp på ein ny haug eit par kilometer nærare fjorden. Der låg Joranger kyrkje med eit vidt utsyn over Lustrafjorden.

onsdag 5. april 2023

Krokusmark

Det store vårteiknet hrr i heimegrenda er når snøklokker og krokusane blømer i solveggen ved Jørngarden.