fredag 8. mai 2009

Chapelle St.Foy, 10.september 2008

Rett etter den gamle brua i dalbotnen, tek stien av oppover den bratte, skogkledde lia.
Eit stykke oppe ligg eit kapell, vigsla til St.Foy.
På vegen opp høyrer vi klokka slå i kapellet. Det er vandrar som er før ute på vegen enn vi, som dreg i klokketauet.
Dei går vidare når vi kjem opp. Sjølvsagt må vi prøve klokka, vi og.


Det stille kapellet er ein fin stad for vår morgonbøn.
Det kjem nye til medan vi held den. Dei vert ståande og lytte til vår song, lesing og bøn.
Ei kvinne som har stått ved alteret spør om det var Pater noster vi las.


Og ei anna kvinne ynskjer eit bilete seg saman med Torbjørg. Bodil er snar og tek eit ho og.


Så, eit siste blikk mot Conques på andre sida av dalen før vi klatrar siste delen av lia opp på åsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar