onsdag 29. august 2012

Tru


Eg reknar i grunnen med at tenesta mi i kyrkja den norske som prestevikar, høyrer fortida til. Men så er det ei anna kyrkje som stundom spør om eg ikkje kan tenkje meg å vitje dei. Og det har eg enn så lenge sagt ja til. Men ved gudstenester står ein ikkje fritt til å velje kva tekst ein vil tale over. Då er det fastlagt kva tekst som skal nyttast. Då hadde emissærane det enklare før. Dei valde nok sine tekster ut i frå kva som høvde dei der og då.. No handlar teksta mi  mellom anna om tru.    Det er læresveinane som spør Jesus om å få meir av den.  Og for å finne ut kva det er, går eg inn på verdsveven, på Wikipedia, for å sjå. Og kva finn eg om tru? Ingen ting. Forunderleg. Tru er då eit så sentralt omgrep i alle verdsreligionar, ja også utanom religionane si verd, at eg venta å finne artikkel på artikkel om det der. Men, nei.   Men rett skal vere rett. Legg eg ein å til framfor tru, så dukkar det opp fleire artiklar.    Kva er så tru?   Det er pantet på det vi vonar, og provet på det vi ikkje ser, står det i Hebrearbrevet.    Javel ja.  Er ikkje det litt flytande.  Det kan då vere så mangt både det vi vonar på, og det vi ikkje ser. Det er vel kanskje derfor at det vert så ulikt frå person til person kva tru den enkelte har. Trua er eit pant og eit prov stod det. Eg trur at eg må ta med ordet tillit.    Utan tillit vert det inga tru -- trur eg.                                           
 
 

søndag 26. august 2012

Slettedal

Slettdal,eller Sledal som han vert kalla på folkemunne, er ein sidedal til Bondalen i Hjørundfjord. Gardane ligg høgt oppe, rundt 300 m.o.h. Dalen har vore utsett for snøras. Det er berre det heimste tunet som ikkje har vorte teke ein eller fleire gonger. Siste gongen var i 1968, same natta som Rise-garden lenger nede i Bondalen vart teken. Der gjekk det liv tapt. Det gjorde det heldigvis ikkje i Slettedalen, men etter dette vart husa i Slettedaltunet flytta over på nabogarden sin grunn. Berre eit lite uthus står att i gamletunet. Litt lenger framme står det ei lita stove frå 1870-åra. Løa er borte men stova står. Bak den vart eit av dei tidlegaste fonnverna bygt, laga av ein høg steinmur.
 



Det stod ei selje ved vegen. På stamma hadde det ein gong vorte spikra fast eit metallskilt med nokre opplysingar, måla på med raud skrift. Skrifta hadde med åra bleikna vekk, medan selja hadde gjort sitt beste på å "sluke" framandelentet. Om nokre år er truleg skiltet borte, forsvunne inn i stamma.
 
Det var tillyst kulturvandring i dalen denne søndagen. Frå heimste garden og fram på Risastøylen. Skodda låg ned i fjelltoppane, men det var lova oppklårning, så mi kjære og eg tok avgarde. Eg var helst litt leddkledd for den kjølege nordavinden. Det vart i kaldaste laget når sola ikkje dukka opp. Men interessant var det å høyre fortalt frå dalen si soge gjennom skiftande tider
På desse kulturvandringane i Hjørundfjord høyrer det og med ei kort gudsteneste, før vandrarane leitar fram niste og varm kaffi. Men då var eg så frosen, at etter gudstenesta tok vi to heimvegen fatt..

torsdag 23. august 2012

Snart no


Snart no, så er vi fire vandrarane igjen undervegs mot Santiago de Compostela. På den siste etappen mot målet.
Eg har ofte fått spørsmålet desse åra om korleis det opplevast å gå Jakobsvegen. Og om kva det har gjort med meg og trua mi.
Det er berre å vedgå. Eg har ikkje fått ei einaste stor åndeleg oppleving. Derimot kan eg vere samd med den franske pilegrimen som samanfatta vandringa si slik: manger, marcher, laver, manger, dormir, manger, marcher.
Det er på godt norsk; ete, gå, vaske, ete, sove, ete, gå...
Det høyrest slitsomt og einsformig ut, men likevel har dette einsformige perler gøymt i seg som gjer at eg drøymer meg attende til vegen lenge etter at vandring er over.



 I 2010 gjekk vi frå Pamplona og nokre mil forbi Burgos. For meg var det ei slitsom og smertefull vandring det året. Hausten før hadde eg vore gjennom eit inngrep i hjartet, og eg har seinare fått vite at det var ettervirkningar frå det inngrepet som førde til smertane mine. Men trass i det, har eg mange gode minne også frå vandringa det året.
På veg inn til Najera kom vi forbi ein høg betongvegg som skjerma ein fabrikk. På elementa i veggen stod det skrivne nokre vers. Først på spansk, og så ei tysk omsetting. Eg tok bilete av dei tyske orda.
Og her ein dag fann eg ei norsk omsetting av versa på verdsveven.
Det er ikkje få pilegrimar som har sett desse versa som var skrivne av ein spanjol, Eugenio Garibay Baños for 20-30 år sidan.
Her er dei i Sven Aasmundtveit si omsetting.

Støv, gjørme, sol og regn,
det er Caminoen til Santiago.
Tusenvis av pilegrimer
og mer enn tusen år.

Pilegrim, hvem kaller deg?
Hvilken skjult kraft drar deg?
Ikke stjernehimmelen
eller de store katedralene.

Det er ikke Navarras mot
eller vinen fra Riocha.
Ikke sjømaten fra Galicia
eller Castillas sletter.

Pilegrim, hvem kaller deg?
Hvilken skjult kraft drar deg?
Det er ikke menneskene langs Caminoen
eller landsbylivets sjarm.

Det er ikke historien og kulturen,
det er ikke hanen i La Calzada
eller palasset til Gaudi,
eller borgen i Ponferrada.

Jeg går forbi det hele,
og gleder meg over å se det,
men stemmen som kaller meg
rører ved noe dypere i meg.

Den kraften som driver meg,
den kraften som drar meg,
kan jeg ikke forklare.
Bare Han som er over oss,
kjenner den.







onsdag 22. august 2012

Alt har ein ende

Ei veke går fort i godt lag. Seinsommarferien på Rødungstøl var over.  Mandag morgon etter frukost kom tida til å takke for laget denne veka.
Men avreisa vår vart noko utsett. Vi måtte ha hjelp med eit flatt hjul.  Så vart det tur med Viking redningsbil og nye dekk på Gol, før vi kunne  byrje på heimvegen. Heim til markering av bryllupsdag og årmålsdagar for mi kjære, ei svigerdotter og eldste barnebarnet. Heime venta og muren min på si fullending, men på det hadde ikkje ferien vore heilt god. Det tok nokre dagar å få att initiativet til å gripe spada fatt.


tirsdag 21. august 2012

Torpo stavkyrkje (2)



Om kyrkja ikkje har noko særs ved seg, sett utanfrå, så er det annleis når ein stig over dørstokken og inn. Her openberrar det seg eit ope og høglofta reisverk. For den som har interessa i det byggtekniske, er har mangt å feste augene på. Byggteknikken som vart nytta av den ( dei ) som reiste kyrkja på 1100-talet er interessant sjølv for ein amatør på området.
Fram mot veggen der koret ein gong var, lyfter det seg ein fargerik kvelv. Under den låg ein gong lektoriet som var eit lite galleri. Frå det vart  tekstene under messa lesne. Og kanskje stod og koret som song dei latinske salmane der.
Denne fargerike og billedrike kvelven er eineståande i norsk mellomalder kyrkjekunst.
Ein liknande var i Ål stavkyrkje. Den kvelven er hamna på museum i Oslo, medan denne framleis er på sin gamle plass i stavkyrkja.
Og kva bilete er det som stig fram, der oppe?
På den halvsirkelforma veggen under bogen står Maria og Johannes syrgjande. Truleg har der vore eit krusifiks festa på veggen mellom dei.
Midt oppe på bogen tronar Kristus på dommarsetet med Livsens bok (?) i eine handa. Rundt han er dei fire livsvesena frå Johannes Openberring.

Nede på kvar side av kvelven er der to par friser som skildrar Den Heilage Margaretha sin martyrdom.
Margaretha var ei ung kristen kvinne i Syria. Den heidne fyrsten Olybrius villa ha henne som  kone, men ho sa nei til frieriet hans. Det førde henne til martyriet. Bileta endar med å vise at Olybrius sin vondskap endar med at han sjølv kjem i Djevelen vald.

Kva meir?
På golvet under kvelven er det skore ut omrisset av ei kiste. Under golvet vart denne kista funnen, og den synte at ein mann av høg rang hadde vorte sett ned der. Men kven?
Hallingdal og Valdres låg i mellomalderen under Stavanger bispedøme, og ein trur at det er ein Stavangerbiskop som kviler der. Oppteikningane syner at det var ein biskop på visitasreise som ikkje kom attende til bispestolen i Stavanger. Kanskjer der han som kviler under kyrkjegolvet i Torpo stavkyrkje.

mandag 20. august 2012

Torpo stavkyrkje (1)

Kastar ein eit blikk til sides når ein køyrer gjennom Torpobygda, så vil ein sjå den vesle og brune stavkyrkja stå på kyrkjebakken, ikkje langt frå RV 7.
Men det er berre kyrkjeskipet og tårnet som står der idag.  Bygdefolket vedtok å bygge ei ny og større kyrkje, og då byrja dei og å ta ned den gamle kyrkja frå slutten av 1100-talet. Då var svalgangane rundt kyrkja tekne bort tidlegare. Rivinga tok til i 1880. Då stod og nyekyrkja ferdig tett ved den gamle. Men før alt var borte, kom andre på bana og kjøpte det som endå ikkje var borte.  Det vi kan sjå idag.
Kyrkja var nok for lita i høve til folketalet i bygda på 1800-talet. Ho var nok og merka av alderen, men slik såg ho ut før rivinga tok til, og før svalgangane var borte.
I dag vil vi vel sei at ho var eit fagert smykke i bygda. På 1800-talet såg dei litt annleis på det. Svært mange gamle kyrkjer vart borte i det hundreåret. Eit stort tap tykkjer eg. 16 år tidlegare forsvann stavkyrkja i mi bygd. Av same grunnar som i Torpo. Elde og for lita.
 Over dei to dørene inn til skipet er det bygt eit par små tak. Det er for å verne to vakre utskorne portalar.
 Og dørbladet i hoveddøra har desse  smijarnsbeslaga, som nok har hatt ein funksjon utanom dekor og låsinnraming. Kanskje har der vore eit mål for rette lengda av til dømes ei aln? Slik ein finn det på døra til Slidredomen i Valdres.
Koret var borte, og der det skulle vere, var der berre eit stort hol. For å dekke det vart det bygt ei stor kasse utanpå korveggen. Slik vart kyrkja tetta igjen.

Og slik står ho idag, Torpo stavkyrkje. Enkel og lita. Reinska for all utvendig prakt.

søndag 19. august 2012

Torpo kyrkje





 Køyrer ein RV 7 mellom Gol og Ål, så vil ein på Torpo sjå to kyrkjer ved vegen. Ei nyare kvitmåla, og ei eldre, lita og tjøremørk.
 Hit kom vi til gudsteneste på søndagen.
Den nyare er ikkje så ny lenger. Bygd i 1880, samstundes som bygda var i ferd med å ta ned den gamle stavkyrkja.
Det var i nykyrkja vi skulle delta i gudstenesta. Gamlekyrkja skulle vi få vitje etterpå.

Torpo nye kyrkje er ei enkel og lys kyrkje, lik mange av dei andre kyrkjene som vart reiste på slutten av 1800-talet. Alterbiletet er det kjende motivet av Kristi oppstode, som ein og finn i mange andre kyrkjer. Midt i skipet heng der ei stor utskora lysekrone. Den var dei særs stolta av, fortalde kyrkjetenaren.




 

Rett ved sida av nyekyrkja ligg den gamle stavkyrkja frå siste halvdel av 1100-talet. Eller rettare sagt, restane av den, for det er berre skipet og tårnet som står att. Resten vart teke ned då den nye kyrkja vart reist.

lørdag 18. august 2012

Vats fjellkyrkje


Tett ved hotellet var det laga ein stor dam. Ved den var det fint å sitje og nyte kveldssola, etter vandringa i fjellet ovanfor. Det skulle vere sett ut stor fisk i Oladammen, som den heitte, men eg såg ikkje anna en småfisk vake, så den store var nok oppfiska. På andre sida av dammen låg Vats fjellkyrkje. Ei enkel og vakker lita kyrkje. Der heldt Asbjørn Gjengedal kvar dag bibeltimar over Paulus sine reiser, og  torsdag kveld samla vi oss til nattverdsgudsteneste der, leia av Rolf Dyrhol.

torsdag 16. august 2012

Ulsåkerstølen

Ein stølstur med rjomegraut stod på programmet.
Ikkje akkurat i nabolaget, men over fjellet til nordsida av Hemsedal.  Det vart ei kolonne på 7 bilar som tok avgarde. Først ned i bygda til Vats, og så opp i fjellet att. 33 km over fjellet på Fanitullvegen, før vi bikka ned bakkane , forbi skiheiser og store skituristanlegg, til Hemsedal.
Ved Ulsåk barst det opp bakkane igjen, inn til Ulsåkstølen under det stupbratte floget på Skogshorn.
Det var her rjomegrauten venta på fylgjet.
Men om det måltidet er det lite å sei sidan denne karen knapt har nytt mjølkemat sidan han vart avvend i sin tidlege barndom.
Men dei andre i fylgjet let vel over den.



Litt lenger over mot Valdres ligg ei lita grend i skogen mellom stølane. Nede i dalbotnen speglar eit vatn himmelen, og oppe i bakken ligg der ei lita mørkbrun kyrkje Det er Lykkja kapell. Diverre var ikkje døra open, så inn kom vi ikkje, men ein tur rundt kyrkja fekk vi.
På kvar av sideveggane var der to utskorne søyler. Eg trudde med det same at det var av same type som vi ser i dei gamle stavkyrkjene, med eit grimt utskore hovud på søylekapittela, men nei.
Her var ingen skjegget viking, men det var dei fire evangelistane som fekk pryde kapellveggane.
Over hovudet hadde kvar eit lite tak for å verne dei mot nedbør, og på sokkelen var namnet og kvar deira symbol skore inn.
Eg tok ein liten prat med Johannes, som ofte talar sterkt til meg, men denne dagen var han heller fåmælt.


onsdag 15. august 2012

Vide vidder




 Etter mange skal - skal ikkje gjennom åra, melde mi kjære og eg oss i år på noko som heiter seinsommarferie, og som KFUK-KFUM står for. Det er ei veke høgfjellsferie for dei over 60, og den er lagt til Rødungstøl høgfjellshotell i Vats i øvre Hallingdal. Vi har køyrt gjennom dalen, men aldri vore oppe i fjellet der. Og aldri prøvt vandring i eit fjellterreng som er så ulikt våre eigne fjell.  Her var det vide vidder med gode stiar, og ikkje bratte og høge fjell.
Hotellet låg fint til ved vatnet Rødungen, og på andre sida av Oladammen låg Vats fjellkyrkje der vi hadde bibeltimar over Paulus sine reiser.
I sør såg vi fjellrekkja sør om Hallingdal, den som bær namnet Hallingskarvet , og vestanfor vatnet, langt i vest fjella over mot Aurlandsdalen.
Kom vi litt opp i fjellet, var der kolle på kolle, og vatn på vatn, langt bortover. Og såg vi mot aust var der ikkje eit fjell å sjå, ruvande i synsranda.
Litt lenger oppe i lia låg der eit anna større vatn. Det var Bergsjøen. Fjella i nord er Reinskarvet.
Ved dette vatnet låg der to større overnattingsstadar. Og liene låg det fleire hyttebyar. Mi kjære og eg gjekk turen rundt vatnet. Det vart ein tur på vel ei mil den dagen. Dei andre dagane vart det litt kortare turar.
Men vi hadde godt vær denne veka, og hotellet serverte velsmakande og rikeleg mat, så vi lei inga naud.
Og når vi i tillegg hadde triveleg selskap av omlag 30 andre seniorar, vart det ei hugnadleg veke i fjellet.

fredag 3. august 2012

Mi tid

Så er eg snart ferdig med mine første sju tiår,og skal byrje på nedtellinga av det neste. Det åttande. Kva dei har i famn kan eg nok undrast på, men kva det vert må eg heldigvis finne meg i vente på. Eg trur heller ikkje at eg hadde tolt å kjenne det. "Alla desse dagar som kom och gick, inte visste jag at det var livet." Slik skreiv svenske Stig Johanson. Det er vel ofte slik at ein drøymer om dei spesielle dagane og hendingane. Men det er dei "grå" kvardagane det er flest av, og det er dei som formar livet. Draumar om det spesielle kan vere fine å ha, men gjer draumen om dei kvardagane grå, då treng eg kanskje å erkjenne med Stig Johanson at det er alle desse dagane som kjem og går som er livet. På vårt kjøken hang der ei poselensplate med eit sitat av danske Piet Hein " Husk å glemme bagateller, husk å fatte hva det gjelder, husk å elske mens du tør det, husk å leve mens du gjør det." Det trur eg vil vere eit godt motto å gå inn i mitt neste tiår på. Her eg sit i fagre Romsdal saman med mi kjære. Og med born og svigerborn, og mange borneborn rundt meg.