torsdag 26. januar 2023

Kveld

Det syng så vakre tonar gjennom kvelden
når himlens Herre samlar ljoset inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.

I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær.
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.

Vær still mi sjel lat songen min få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Vær audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.

Olav Mosdøl.

onsdag 25. januar 2023

Raud himmel

Er det noko eg tykkjer er fasinerande å sjå her eg sit innanfor glaset, så er det himlen der oppe over fjord og fjell. Når eg ser igjennom det eg har teke mest bilete av sidan eg fekk den siste telefonen min så er det dei 
jagande skyene sine mange former og fargar, især av dei fargesterke morgonane  medan sola enno er under fjella i aust, og dei like fargesterke kveldane etter at ho har dala ned i vest. Stundom kan fargane vere så sterke at det er heilt utrulege å sjå. Hadde eg sett dei på eit skildreri hadde eg nok meint at kunstnaren hadde vore litt for slepphendt med fargane. Men slik var fargen på skyene ei stund denne januarettermiddagen,  fortel kameraet meg. Men ikkje så lenge, for ei kort stund etterpå bleikna dei fargesterke skyene av i grå og mørke skyer. Årsaka var nok at sola med sine strålar sank under horisonten vest i havet.

tirsdag 24. januar 2023

Leik

Leik med fargar og palettkniv, alltid spanande å sjå kvar leiken endar. Det er som den tida eg var prestevikar og skulle skrive ei preike. Utgangspunktet var nokre vers frå Bibelen, men orda eg hadde når eg såg meg ferdig med talen vart aldri dei tankane eg hadde i starten av arbeidet. Slik er det og med denne leiken. Kanskje er det slik med livet og. Vi møter livet sine utfordringar og må igjennom dei og det endrar oss. Og når våre dagar er over så er vi ikkje lenger den vi var år tidlegare. Kanskje er det det Paulus tenkjer på når han skriv om vegen vidare for oss truande, vi kan ikkje stanse med å vere vel nøgde med mjelkeføde, vi må over på fast føde skal vi kome vidare, vekse, modnast.



mandag 23. januar 2023

Snørok

Det hender at offentlige personar, gjerne nokon av dei som er høgt på strå i samfunnet kjem ut i ein liten storm i det offentlige sitt søkelys, og der media ikkje tek noko dempande standpunkt i saka, heller ei drivande rolle. Då vert det gjerne sagt at det bles på toppane.
Her ein dag sat eg og såg ut på fjella i sør, og skyene over dei. Det gjekk mot kveld, men sola skein enno opp langt i vest og kasta sin strålar opp på den kveldshimmelen eg såg framfor meg.  Då fekk eg sjå kvar uttrykket kjem i frå, for der i sørvest bles den sterke vinden på toppane. Snøroket stod langt ut frå fjellet, farga av den dalande sola sine strålar.

søndag 15. januar 2023

Kjøtkaker i dag.

Søndagane mine er ikkje så ulik mine andre dagar i vekene, dei har si rutine, lik dagane mine då vi var to.  Men to dagar i veka har endra seg. To dagar er eg avgarde og kjøper meg varmmat. Torsdag er det potetball, og så kjem søndagen med gudsteneste først, og etterpå står søndagsmiddagen for tur.  Desse to dagane køyrer eg  ei mil utover langs fjorden til Rjåneset så eg får utsynet over Liadalsnipa og fjorden medan eg kan nyte mitt måltid. 

Eg angrar nok litt på at vi ikkje fekk den tradisjonen medan mi kjære Bodil enno levde, så ho kunne sleppe fri frå matlaginga dei to vekedagane medan ho enno var her. Men  det er inga hjelp i å angre, gjort er gjort.
Men utanom måltidet så er det og sosialt å nyte maten, ikkje åleine som eg vanlegvis gjer men saman med andre. Og kanskje møter ein nokon ein kan veksle nokre ord med. Desverre er det ikkje alltid godt nytt ein får høyre, som det ein fortalde i dag. Krefta hadde byrja å herje i kroppen hans. Det var leit å høyre sjølv om han hadde eit langt liv bak seg.

søndag 8. januar 2023

Nyår

Dagane går. Kalendaren for 2022 er kasta, eit nytt år har byrja. Kva ventar på meg i dei dagane som kjem.  Eit nake og nett påbyrja år skal kledast på med endå ukjende opplevingar, både sorger og gleder.

Eg sit innanfor glaset og ser ut. Ut i den mørknande kvelden. Oppe over åsen i sør kan eg enno skimte ein lysare himmel mellom dei mørke skyene, og nede ved fjorden tindrar lysflaumen frå heimar eg ikkje lenger kan sjå.
Skymingstimen var det kalla før vi fekk heimar med lys i kvar krå.  
Dette er stunder då tankane fører meg vidt, både til det som var, ..... og mot det som enno er gøymt for meg i dagar som kjem.

I slike stunder har eg glede av det andre har tenkt.... og skive. I poesien. 
Dei fylgjande er ord frå ein nordfjording frå Kjølsdalen som Bodil og eg lærde å kjenne.
Arnfinn Berstad, og han kalla orda sine her for: 
Tankane sviv.

Tankane sviv i halvskume kveld,
på vengjer så lette seg lyfter.
Dei vildrar seg bort mellom høgfjell og juv,
stoggar så fram på det brattaste stup:
Skal tru kor lenge denne skoddeflaumen her vil vare?

Men kjenn! no det kjem eit vindpust så friskt
og klåra opp den skya himmel.
Der oppe eg mitt draumeslott får sjå -
i solgylt fargebragd det mot meg strålar.
Eg sovnar inn med betre tru på dagar.


.