tirsdag 31. mars 2015

Frå vår til vinter og vår igjen

Vi har flytta oss til fjorden i indre Sogn, mi kjære og eg, i nokre dagar. og ferda vi gjorde frå heimegrenda og hit var ei ferd gjennom våren sine ulike fasar. Heime blømde kvitveis og hestehov langs vegkantane, og ved husveggen stod snøklokker og krokus og fortalde om vår. Trea stod med store knoppar, og påskeliljene  hadde byrja å syne fram gulfargen i blomeknoppane. Vel gjennom tunellane frå Austefjorden til Hornindal møtte vi første tidsskiftet, for der låg det endå kvite snøflekkar på bøane langs vegen, men nede ved fjorden inn mot Stryn og vidare mot Loen og Olden var våren komen lenger enn heime. Her hadde trea så smått byrja få eit grønskjer på greinene. På veg opp bakkane til Utvikfjellet møtte vi vinteren att. Ikkje noko problem med nok snø til å nytte skiene denne påska der nei. Nede i Breimsbygda var markene snøfrie, men ikkje noko meir heller. Våtedalen er noko  for sjølv når det gjeld klima, og det endrar seg med ein gong vi legg dalen Klakegg bak oss. Ned mot Skei hadde det byrja å verte enkelte flekkar med ber mark langs husa, men på vatnet framom Skei låg det endå is. Vel gjennom Fjærlandstunellen var det atter vinteren som rådde. Høge brøytekantar langs vegen, og på Bøyumsetra var det berre taka på sela som stakk opp av snøen. Vinteren rådde også nede i Fjærland, heilt ned i fjøresteinane låg snøen djup. Så gjekk ferda opp dei lange tunellane mot Sogndalsdalen, der vi venta å finne høge brøytekantar og kvite marker alle stader att. Dei må nok vente ei tid enno på våren der. Dei har nok hatt mykje snø i Sogn denne vinteren, for heile vegen sørover såg vi knekte tre, og tre som stod i boge ned i snøen. Først nede ved fjorden i Sogndal møtte vi våren igjen, men det var ein vår i ei tidleg fase. Ikkje langt  oppe i liene ved dei øvste gardane såg vi snøen ligge enno, og langs vegkantane vil det nok framleis ta ei tid før hestehoven lyser opp med sin gule farge. Her skal vi vere nokre få dagar. Palmesøndag var vi i storfamiliegudsteneste hjå Sogn Indreminsjon, med fullt hus, og fekk oppleve deira form for barnedåp. Det var fulll neddykking, til sterke protestar frå dåpsbarnet etterpå. Og i dag er det skiftande vær med sol, snø og regn. Med andre ord full pakke på værfronten. Berre vinden manglar, men den fekk vi rikeleg av på laurdag. Og ondag tek vi ferda om att, men då i motsett retning.

mandag 30. mars 2015

Motvilleg tru

Eg las nyleg ei bok som gav meg nokre tankar omkring tru og tvil.
Det er ei dansk kvinne som skriv om seg sjølv som ei motvilleg truande, og den handlar om hennar leit etter årsaka, grunnane,  til ei "unormal" hending ho fekk i Spania for nokre år sidan, og kva det gjorde med henne.  Då møtte ho der Jesus, åsyn til åsyn, i ei kyrkje. Det høyrer ikkje med til det ein kan kalle normale opplevingar.  Heller ikkje mellom dei som kallar seg kristne, og som soleis skulle vere opne for å oppleve noko liknande ein eller annan gong i livet. Sæle er dei som trur endå dei ikkje får sjå, sa Jesus til ein av læresveinane, då han ville ha synlege prov på at den døde og gravlagde Jesus verkeleg hadde brote døden sine lekkjer og vendt attende til livet. Tvilaren Tomas fekk han namnet etter det. Rett nok les vi at Jesus oftare syner seg for menneske i den muslimske verda, enn til oss kristustruande. Kva no årsaka til det er? Men likevel,: kan vi tru på slike hendingar? Er dei verkelege, eller er det berre draumar?
Om eg fekk ei slik oppleving som denne kvinna, hadde ikkje eg og då tvilt, og spurt meg sjølv kva dette var?  Hadde eg ikkje undra meg, som kvinna, - er eg vorten sprø på vetet som meiner å ha opplevd å møte Jesus, andlet til andlet?
Ikkje kjenner eg nokon som kan fortelje om eit slikt møte heller, med unntak av mi avlidne svigermor som var sengeliggande i sterke smertar. Og som der i senga opplevde å få sjå den krossfeste stige fram for seg, og at han synte henne dei gjennomstungne hendene sine, og sa nokre få ord til henne.. Etterpå vart smertene lettare å bere. Men kor verkeleg var det, det ho meinte å sjå og høyre?
Den danske kvinna fortel i boka om si leiting etter svar på si oppleving, og det er denne "Beretning fra en motvillig troende" som vart tankevekkande for meg å lese. Boka fekk meg til spørje meg  sjølv om synet på slike hendingar har vore grunna på den rasjonalistiske kulturen eg er oppvaksen i. At det er berre det som kan provast vitskapleg og handfast som er verkeleg. At slike hendingar er berre illusjonar og elektriske impulsar i hjerna vår.  Og ei tru på at slike ting nok kan hende men er lite truleg sidan dei ikkje er råd å prove. Boka fortel om hennar leit etter svar som kunne provast, men dei svara vart ikkje tilfredstillande for henne. Til det var opplevinga av å ha møtt ein person som fyllte alle hennar sansar av å ha vorte sett med heile sitt eg. Tvers gjennom tid og rom. Hennar leit etter svar endar med at var sant at det hende henne. Ho møtte Jesus inne i kyrkja der i Spania, og det møtet endra henne som kvinne, som mor , som ektemake, som menneske.                                              Korleis klarer du å tru? vart ein norsk forfattar spurd. Då eg opna meg for å tru, kom trua, svara han.  So enkelt kan det seiast. Eg treng ikkje noko møte andlet til andlet. Det er berre å opne seg for trua, så stig ho inn.

torsdag 26. mars 2015

Baklås

Ei dør som har gått i baklås er ikkje alltid lett å få opp att. Det må gjerne litt arbeid til. I verste fall må det ruteknusing til for å kome inn bak døra.
På nokre nettstader eg stundom er innom, kan eg av og til sjå ord og utsegner frå personar som har standpunkt som kan tyde på att deira dør har gått i baklås. Det gjeld både på trua sitt område og i politikken. Er det fordomar ein kaller det? Eller er det fastlåste meiningar som ikkje let seg endre sjølv om livet fortel noko anna.
Eg har nok sjølv hatt ein del av slike fastlåste meiningar opp gjennom åra, Det var andre sine fortellingar som forma dei i eit ungt og uerfare sinn. Men i møte med menneske med andre synsmåtar eg sjølv hadde, måtte eg ta mine standpunkt opp til ny vurdering. Resultatet har ofte vorte at eg måtte erkjenne at mitt standpunkt var basert på fordomar. Det kan smerte å oppdage slikt, men det har gjort meg romslegare med åra (vonar eg). Det kan nok vere lettare å leve med eit ferdig sett av klare svar på mellom-menneskelege spørsmål, både innanfor  trua og politikken sine område av livet. Då treng ein ikkje å bry seg så mykje om å gå nærare inn i spørsmåla. For då kunne ein kome til å finne at der er ikkje noko som heiter klare og enkle svar, men at der kan vere mange svar, avhengig av kva side ein ser spørsmålet frå. Der er mange gråtonar i fargeskalen frå svart til kvitt.
Kvifor desse orda? Dei er vel ein respons på kva eg les på ei debattside på verdsveven. Det gjeld både i spørsmåla om tru - ikkje tru, og dei mange store og viktige spørsmåla innan for dei politiske områda. Både her heime og ute i den store verda.

søndag 22. mars 2015

Gjengrodde stiar

Har du fått skrivesperre? spurde ho meg her ein kveld. Ja eg har kanskje det. Når eg ser at sist eg var inne her var 10.januar, og no skriv vi snart april. Berre vel ei veke att. Så er det nok noko i det. Då vert vel dette litt som å prøve seg på gjengrodde stiar.
Ute har det sidan sist vorte vår, med blømande snøklokker og kvite, blå og gule krokus utanfor husveggane. Jamvel våren sine første kvitveis og hestehov er det meldt om. Og trea står med store knoppar.
Men dagane har rusla avgarde i sitt rolege tempo, sjølv om eg ikkje har vore mykje tilstades her inne på bloggen. Det har vore mykje inneliv desse månadane for ein frostvar kar, men helsa har vore bra så langt. Influensaen har vi to gått klar, om andre i huset har fått merke den. Men den langvarige hosten eg ein gong var plaga med, og som Santo Domingo ved Calzadaelva kurerte meg for, den har dukka opp att. Så kanskje eg må ned å vitje Domingo att, om ikkje hosten gir seg av seg sjølv?
Elles prøver eg meg som korsongar igjen, om då ikkje hosten set ein stoppar for det att.

Ny sokneprest har vi og fått. Vel, ny og ny, vi har kjent han i fleire år alt. Han bytte berre beite frå grannesoknet i vest, men i dag vart han sett inn i sitt nye embete her hjå oss.
Elles har eg nytta vinterfreden til å lese litt, og kose meg med det yngste barnebarnet når ho vitjar oss to her nede på grunnplanet.
Slik går no dagane. Så får eg sjå om skrivesperra held seg, eller om gjengrodde stiar får meir trakk framover. Eg vert litt freista når eg les dei daglege rapportane frå ein i ei nabobygd som er på Israeal-tur med nokre karismatiske pinsevener, medan han sjølv hallar til ateisme. Det må innebere nokre kulturelle ulikskapar, men han drog for å utfordre sine fordomar, skreiv han i byrjinga.
Kanskje det er andre og som treng å utfordre eige fordomar og fastlåste standpunkt. Men meir om det seinare. Kanskje.