fredag 8. mai 2009

Montredon. 11.september 2008

Det er varmt der vi går langs landevegen i dalbotnen bort frå Livinhac.
Etter ei tid svingar pilegrimsvegen av, og stig bratt og jamt oppover lia.
200 høgdemeter er ikkje så mykje, men i ei bratt li og med nær 30 varmegrader i skuggen, ( som det var heller lite av) og med sekk på ryggen, renn sveitten heftig.

Stien er mest berre eit trakk mellom piggtråd på begge sider.
Mitt oppe i lia høyrer vi eit rop. Og nedover, mot oss, kjem ei rad syklistar i god fart.
Så her vert det berre å skvette til sides som best ein kan.

Rundt kl, 16 når vi Montredon, og finn fram til hospitset på andre sida av landsbyen.


Eit ungt par har opna huset sitt for pilegrimar, og vi får rom der saman med 3 franske. Av dei er det eit par der ho er blind. Saman har dei vandra mykje i middelhavslanda.
Den siste franskmannen var baskar. Han hadde sitt arbeid i Tyskland, og no gjekk han heim til Baskarland.


Så vert det instalering på romet, dusj og avslapping i hagen.

Medan vi venta på middagen, gjekk vi attende for å vitje kyrkja, eller rettare sagt; kyrkjene, for Montredon har 2. Ei hovedkyrkje og eit kapell.




Hovedkyrkja er stor med mange vakre glasmåleri. Det står namn under bileta av dei heilage menn og kvinner, men dei fleste er ukjende for oss.



Kapellet på andre sida av landsbyen var annleis. Lite og intimt. Altertavla i vakker treskurd, synte mellom anna St.Peter, hengande på sitt kors.


Der var og ei pietagruppe.
Interessant å sjå kor ulike dei kan vere i si utforming.

Det byrjar å blåse sterk medan vi går, og det ser ut for å kome regn, så vi gjer ikkje turen for lang.

Verten underheldt oss medan kona stelte til maten. Og ho var glad i å lage mat, så vi fekk eit interessant måltid med lokale rettar.


Hovudretten var stockfish. Det viste seg å vere grateng av tørrfisk.
Og til dessert ein pudding laga av mjølka før ho vert ost (dravle), servert med ripsgele til. Og til slutt, ein herleg pærepai.
Alt med rikeleg med vin til.
Baskaren ved bordenden sørga for at våre staup ikkje vart ståande tome.

Frå Decazeville til Montredon er det 10km, og vi er oppe i 396m.o.h.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar