søndag 27. september 2009

Søndag , 3 veker seinare.

"Tida ho renn som elv mot os" skreiv Anders Hovden i songen "Fagert er landet."
Eg ser at eg har vore stum på bloggen i 20 dagar. Dagane går fort.
Sist eg skreiv, levde eg i vona at no, no går det framover.
Slik vart det ikkje. Eg har hatt nok med meg sjølv desse dagane, for matlysta forsvann. Og i takt med det rann kreftene ut og vekta gjekk ned. Eg har vore i dei skjelvande kne si tid. Mi kjære Bodil har streva med å finne noko eg kunne orke å få i meg.
Men no trur eg at det går rette vegen. Maten byrjar å smake igjen, og kreftene er på veg attende. Og når også hosten som har plaga meg, har minka i intensitet. Då får eg tru på at eg er på veg til noko betre.

Kanskje måtte eg rekne med at det tok tid. Det er berre eg som har vore for utolmodig, og rekna med at alt skulle rette seg med ein gong.
Takk til vener for helsingar og omtanke i denne tida.
Det har varma.

mandag 7. september 2009

Gå; sa Søren.

Søren sa:
"Tap for all del ikke lysten til å gå.
Jeg går meg til det daglige velbefinnende
hver dag, og jeg går meg fra hver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner ikke en tanke så tung at
man ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå, så går det nok."

Denne Søren som sa dette var den danske filosofen Søren Kirkegaard.

I dei velmeinte, og sikkert gode råda eg fekk etter operasjonen, hadde det å gå. første plass.
Gå!

Eg må desverre sei at motivasjonen er ikkje alltid like høg når pusten går som ein blåsebelg, og føttene subbar etter vegen.
Det kjem for meg dagen etter stormregnet i Le Romieu i sommar.
Då vi gjekk gjennom den finsila leirjorda som endå var våt av regnet, og føtene var tunge å flytte grunna all jorda som hekk fast på dei.




Men så får eg vel tru at sjølv om nokre dagar kjennest slitsomme, så går det likevel framover. Og ein dag er forma der, betre enn ho nokon gong var.
Det gled eg meg til.

søndag 6. september 2009

Søndag



Og det er 10.ande dagen sidan dei gjekk laus på ribbeina mine med sag, og -- bretta meg opp for å utføre fire bypass på mine kransarteriar.
Eg byrjar å kjenne at; .. "det går betre og betre dag for dag".
Det vert lengre mellom hostekulene som slit meg sund, og eg klarer å vere oppe lengre stunder mellom kvar gong eg må finne sofaren si kvile.
Men natta er framleis lang. Å ligge på rygg heile tida er slitsom for ein som helst vil sove i sidelege.

Matlysta, som har vore på nullpunktet sidan operasjonen, har og byrja å kome att.
Og dei sju kiloa som eg fekk ekstra under operasjonen, var borte då eg steig på vekta i dag tidleg.
Og i dag er vi bedt på middag.

Søndag.
Det var opplett i dag tidleg, og sola kika fram i glimt.
Men no regnar det.
Hausten nærmar seg. Rognebæra heng raude på trea.
I dag var det gjennom radioen eg fekk vere deltakar i gudstenesta.
Det er jammen lenge sidan sist eg var det.

Men endå ein gong merkar eg at eg er under vandring.
Eg merkar at mine tankar i høve til preiketeksta har endra seg. Teksta var fortellinga om den miskunsame samartianen, og Jesus si samtale med mannen som utløyste fortellinga.
Ei fortelling som i all si enkelheit, ikkje er spesifik kristen.
Elsk din neste som deg sjølv, står det alt i den eldgamle Moselova.
Dei same tankane finn vi uttrykt i dei fleste relegionane på jord.

Vi er vandrarar på jord, vandrarar som er gitt ei tid å leve. Ei tid til å fylle med levd liv. Ei tid til å fylle med kjærleik.
Og likevel, om det er allmenne tankar, så er det også der vår veg som kristustruande er.
Og der er og Guds veg for oss.

Soninga er gjort. Den treng vi ikkje å gjer opp att.
Den er fullførd slik Jesus sa på korset. Og om vi ikkje aviser den, takkar nei, så får vi den gitt, gratis, av nåde, berre nåde.

Vår veg er å fylle verda med kjærleik, med miskunn, med varme hender og varme hjerter.
Ikkje i å bortforklare det i at dette er for stort eller for vanskeleg.
Eller at det er over evne. For det er det nok for meg-
Men så treng eg heller ikkje gå i eiga kraft, men i Hans kraft som fyller alt i alle.
Derfor burde det vere vårt einaste store program, kristen eller jøde, muslim eller buddist, hindu eller, ja same kva.
Å bere Guds kjærleik ut- vere Hans sendebod, kjærleikens sendebod-
Og i det skal vi prøvast, fortel ordet. Om vi var tru, i kjærleik.

Anne Magni formar denne tenesta i nokre få korte vers.
Om å vere ein vassveg.



Å få vere ein vassveg,
bera velsigning,
overflod og liv til verda.

Men for å føra vatn
lyt noko spas vekk,
slik at kjelda kan renne fritt.

Furer som livet har meisla inn
fyllest med signing og liv.

Å vera ein vassveg
i dei tørre tidene,
når slusene er stengde:
Vassvegen kan ikkje ha
for mykje vatn.

Å få kvile i deg, Herre,
når eg er ein tørrlagd vassveg,
vite at når tida er inne
skal du opne slusa:

Kjenne på draumen
om lauv og gras og steg langs vegen.

Gjer meg til ein vassveg, Herre,
fyll meg med ditt levande vatn.

fredag 4. september 2009

Mandag. Volda og heim

Idag skulle eg forlate Trondheim, men først var det ein del som stod på programmet.
Røntgenfotografering av lungene.
Dusj og skift av bandasje.
Samtale med lege og utskriving.

Eg var så vidt komen ned frå røntgen då dei to oransjekledde stod i romet.
"Er du klar? Ambulanseflyet er på Værnes kl 9.45".
Eg var ikkje klar, så her kom det til å gå raskt svingane. Fekk ringt til Bodil og gitt henne melding om å kome øyblikkelig.
Så var det papir som skule ordnast av adminstrasjon.
Eg låg på båra og vart trilla mot heisa då Bodil duka opp.
Nede i ambulansen stakk ein mann hovudet inn: "Røntgenbilda var fine"
Så renn det inn ei melding: "De skal ha med ei pasent til frå St. Olav." Dei to ser på kvarandre. Vil dette gå? Dei gir melding om at pasienten må vere klar ved ambulanseingangen. Her er det også pasientfylgje med, så det er fullt i bilen når han set kursen mot Værnes.

Dei når det. Flyet er forseinka. Eg får endå til tid til eit toalettbesøk.
Men får alle plass? Det går, og snart lettar flyet med kurs for Hovden.
Der vert Bodil henta, medan ambulansen tek oss andre med til sjukehuset i Volda.

Men der er vi ikkje venta. Vi går rett gjennom mottaket i første og opp til hjertepoliklinikken i fjerde.
"Eg får finne meg ein stol" , seier dei.
Det er triveleg å sjå eit kjendt landskap igjen, men eg er sliten etter reisa.
Rundt den andre pasientener det samla fleire stykke, både av personale og familien.

Eg sit borte ved vindauget, ser på utsikta, blar litt i nokre gamle aviser og ventar at nokon skal sjå meg.
"Det er vel ei stund sida du fekk mat"? Vil du ha litt?"
Eg takkar ja sjølv om matlysta etter operasjone har vore på nullpunktet.

Eg kjenner eg vert kald og byrjar fryse. Leitar opp ytterjakka og tek den på meg. Glidelåsen kjem etter kvart heilt opp i halsen, men eg skjelv av frost.
" Dersom du vil legge deg, kan du nytte senga der borte"
Eg takkar ja igjen, tek av meg ytterjakka og sko og kryp under dyna. Dreg den heilt opp under øyrene. Sakte kjenner eg at skjelvinga gir seg.
Eg er trøytt-- trøytt og sliten.

Så vert det min tur. Eg vert trilla inn på eit rom. "Du skal få ei av dei nye sengene", seier ho. "du har vel ikkje møtt doktoren heller du?"
"Nei, eg har nok ikkje det"

Rundt den andre senga er det fullt familieselskap.
Bodil og Berit kjem om kvelden i visittida, og eg kjenner at no er eg inne i ein depresjon.
Eg må kjempe hardt for å undrertrykkje kjensler og tårer som vil bryte fram.

Legen kjem ut på kvelden, og eg får vite litt meir.
Dei vil ha meg til observasjon over morgondagen også. Om det er greit?

Eg ber om noko å sovne på, for å få ei god natt.
Etter samtale med Trondheim , får eg ein vival.
Den natta spelar eg PC-spel men bilete som rasar rundt som ein tornado inne i hovudet.
Kl.3.30 finn eg avknappen, og bileta trekkjer seg saman og forvinn. Eg søv ikkje meir den natta.




Tysdag vart ein betre dag.
Tok attende litt av natta sin mangel på god søvn.
Fekk ein skikkeleg prat med legen, elles tok eg det roleg, rusla litt, sov litt, prøvde å ete litt.
Hadde og kontakt med dei to på hjerteklinikken og fekk god informasjon om deira tilbod.
Og til natta fekk eg berre ein innsovningstablett, så denne vart roleg.

Og så onsdag.Eg skal heim.
Heim for å verte oppvarta og utskjemd.
Men og for trening.
Det er ikkje lenge før vi møtast på ein fjelltopp, sa den eine av dei to på hjerteklinikken.
No går det berre oppover.
Men først ein ny prat med legen, og med fysiotrerapeuten,
Nye røntgenbilete av lungene vil dei og ha.

Bodil er koma for å hente meg.
No manglar berre reseptane for medisinane eg må ta resten av livet.
Så har eg dei i handa og kan takke for meg.

Dagboka frå hospitalet er over.
Eg sit i bilen på veg heim til opptrening og nye vandringar.
Både i naturen heime og ute, men og i vandringar i dei erfaringane som livet ... og Gud gir.
Han som omsluttar oss på alle kantar.
Han som er over oss, under oss, bak oss og framfor oss.
Som Paulus skriv: I han er det vi lever og er til.

Etter operasjonen

Torsdag er borte. Eg har lege på intensiv etter operasjonen

Fredag er er eg overførd til overvåkning.
Når eg dukkar fram frå tåkeheimen ser eg Bodil ved senga. Men snart glir eg bort att.
Men kvar gong eg eg dukkar at opp att, sit ho ved senga og vi får veksle nokre få ord får eg på nytt glir bort att.

Laurdag er eg komen på rom igjen saman med kameraten frå Rindal. Han er alt oppe og går. Eg kjenner meg i overraskande god form sjølv og. Eit press over bringa der beinet er surra saman med ståltråd kjenner eg. Men heldigvis, lite slim i lungene så eg slepp undan dei såraste hostekulene.
Prøver meg opp og gå utover dagen, både til måltida og til litt sosialt samvær.

Kvinna frå Oppdal har fått utsett operasjonen. Kanskje er det eg som er årsaka. Eg misste ein del blod under ingrepet.

Eg vaknar etter nokre timars søvn, men natta er enno lang. Ute, i eit nabohus er det full fest. Eg må ha nok å sovne inn igjen på, her eg ligg flat ryggen.
Eg får ein vival.
Det er uvær over Trondheim denne natta, Mykje vind og slagregn.
Det vert uvær hos meg og. Snart er treet utanfor glaset dekt av snø. Snø. det er då ikkje september enno? Eg må fram og sjå. Men nei, bilane og gata er snølaus. Så fer eg vidare. Afrika er ikkje langt borte, så rullar vandringa frå i summar fram.
Samstundes dukkar hendingar frå livet opp. Og treet utanfor glast skiftar stadig farge, frå grønt til gult, kvitt og gyllentbrunt. Og i bakgrunnen stemmene, lydane, musikken frå festen i nabohuset.
Ut på morgon stilnar det av. Eg opnar augene. Ser meg undrande rundt. Kvar er eg? Kva gjer eg her i dette framande romet, i denne framande senga?

God morgen. Har du sove godt? høyrer eg frå nabosenga.
Nei, eg kan ikkje sei det. Hadde eg hugsa alt frå i natt, så hadde eg hatt stoff til ein heil, dramtisk roman. Men heldigvis. Det meste vert raskt borte.


Så er søndagen igang med si rytme. Nattsøster står i døra og spør korleis vi har det. Så er det medisin, blodtrykk og puls. Alt er normalt, slik det har vore heile tida.
Søndagen sig roleg framover. Søv litt. Ruslar litt, pratar litt med dei andre oppegåande. Kjenner meg overraskande sprek.
Og i morgon skal eg attende til Volda.

Torsdag. morgon

Eg har korkje fått vått eller tørt sidan midnatt.
Og eg er godt orientert om kva som no skal skje.

Det har vore teke blodprøver før operasjonen + lungerøntgen og EKG /(hjerterytmeprøve)
Så har eg hatt orienterande møter med kirurg og narkoselege.
I dag skal eg vegast så dei kan ha kontrol med kor mykje væske som lagrast opp i meg under operasjonen Den skal ut at etter eg er ferdig.
Så får eg ei likegladsprøyte ca 1 t før.

Operasjonen tek normalt 2-3 t men kan variere.
Etter operasjonen kjem eg på overvaking på intensivavd.
Då vert eg og kobla til ei pustemaskin. Den vert fjerna når eg har vakna og pustar sjølv. Sjukepleiar er til stades heile denne tida ved senga.
Det er og lagt inn ein liten hjartestartar og lite kamera, dersom det skulle verte trong for det- Desse vert dregne ut før eg forlet Trondheim.

Eg vil få høve til å få eit kort besøk om kvelden.
Vidare vert eg flytta til sengeposten sitt overvåkingsrom. Vanlegvis dagen etter operasjonen. Her vil eg vere tilkobla ein del slangar og anna utstyr for blodtrykk,hjerterytme, pustefunksjon og væskebalanse.
2. eller 3. dag etter operasjonen vert eg overflytta til eit vanleg rom på avdelinga
og så startar opptreninga.

Kameraten vert henta tidleg, og vi helsar kvarandre lukke til.
Så kjem søster med to tablettar for å få meg til å slappe av. " Og so", seier ho, " so er det ei sprøyte i skinka."

Snart byrjar eg å verte døsig, og kl.10.00 trillar dei meg ut. Ikkje lenge etter er eg borte.

Onsdag. Kveld

Eg vart oveførd til St.Elisabeth Hospitalet i denne formiddagen, og teken vel imot av ei søster. Ho skulle ha ansvaret for meg framover. Ho viste meg romet og senga mi. På romet låg det alt ein triveleg kar frå Rindal, som eg hadde prata ein del med under dagane på St.Olav. Han var igang med dei innleiande fasane til operasjonen. Søstra tok meg med på ei runde i pasientavdelinga på hospitalet. Då fekk eg og møte den andre pasienten ho hadde ansvaret for å fylgje opp, ei kvinne med mykje humør frå Oppdal.
Søster gjekk igjenom kva som venta oss framover. Attende på romet fekk eg meg ein liten prat med romkameraten, før eg vart henta for grundig barbereing av overkropp, lyske og føter. Så no er eg topp moderne. Nesten utan hår på kroppen.

Måltida vert servert i daglegstova, og under middagen ser eg Bodil stå ute i gangen.
Det kjendest godt. Ho får leige eit av roma i pasienthotellet i første etasje.
Romkameraten min har fått utsett operasjonen, og er sett opp på ny som den første i morgon. Dei tek fire kvar dag, men brot i det oppsette kan skje.

Vi sit mykje på daglegstova utover dagen og pratar saman, og har det rett triveleg.
Innimellom vert eg henta inn til samtale med narkoselege og operasjonslege. Eg får vite at eg er sett opp som nr. 4. Dvs at eg vert henta før kl.12.00
Eg kjenner meg heilt roleg og trygg nå eg seier god natt til Bodil og går til ro denne siste natta før....