fredag 24. desember 2010

God Jul!


Men det hende seg i dei Dagom, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keisar Augustus, at heile Heimen skulde verta skattlagd.
Denne fyrste Skattleggjing vart gjord, den Tid Kvirinius var Landshovding i Syria.
Og alle gjekk til aa verta skattlagde, kvar til sin eigen By.
Men Josef gjekk og upp fraa Galilæa, fraa Byen Nazaret, til Judæa, til Davids By, som heiter Betlehem, (avdi han var av Davids Hus og Ætt), til aa verta skattlagd med Maria si Festarmøy, som var med Barn.

Men det hende seg, medan dei var der, daa vart Tidi fullkomi, at ho skulde føda; og ho fødde sin Son, den fyrstefødde, og sveipte honom og lagde honom i ei Krubba; for der var ikkje Rom aat deim i Herbyrget.

Og der var Hyrdingar der i Grendi, som var ute paa Marki og heldt Vakt yver si Hjord um Natti.
Og sjaa, Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Klaarleike lyste umkring deim, og dei vart storlege rædde.
Og Engelen sagde til deim: "Vere ikkje rædde! for sjaa, eg forkynner dykker ei stor Gleda, som skal timast alt Folket; for i Dag er dykker ein Frelsar fødd, som er Kristus Herren, i Davids By.
Og dette skal vera dykker til Teikn: de skulo finna eit Barn sveipt, liggjande i ei Krubba."
Og samstundes var der med Engelen ein himmelsk Herskare, som lovade Gud og sagde:
"Æra vere Gud i det høgste og Fred paa Jordi og Hugnad med Menneskjom!"

Og det hende seg, daa Englarne for ifraa deim til Himmels, sagde desse Hyrdingfolk til kvarandre: "Lat oss daa ganga til Betlehem og sjaa denne Ting, som heve hendt, og som Herren kunngjorde oss!"
Og dei skundade seg og kom og fann Maria og Josef og Barnet liggjande i Krubba.
Men daa dei saag det, fortalde dei um det Ord, som var talat til deim um dette Barnet.
Og alle dei, som høyrde det, undrade seg yver det, som Hyrdingarne talade til deim.
Men Maria gøymde alle desse Ord og grundade paa deim i sitt Hjarta.

Og Hyrdingarne vende atter og prisade og lovade Gud fyre alt det, dei hadde høyrt og seet, so som det var talat til deim.


Slik lydde juleevangeliet i Lukas 2,1-20 i 1889, på det som då vart kalla landsmål, eller norsk folkemål.

Eg ynskjer alle ei God Jul.

søndag 19. desember 2010

4. advent



I min barndomsheim stod der ein Jøtul-omn på bestestova.
Ein liten, svart omn som far pussa til kvar jul.
Når den på julaftan vart tend opp, så breidde det seg ein god og varm ange ut i den vesle stova. Og når den vesle grana var pynta, og far gjekk rundt treet og tende lysa på greinene, då visste eg at no var det jul.

Denne omnen hadde ei innskrift over omnsdøra. Eit sitat frå Håvamål;
"Eld på åren og sol på eng, gjer mannen fegen og fjåg."
Dette rann meg i minnet her eg sit i mi stova ein søndagsmorgon, 60 år seinare.
Ute lysnar det av dag etter ei kald og klår vinternatt.
Framfor meg lyser det frå elden på min åre, og morgonkaffien er komen i kruset.
Og medan eg sit her i stolen framfor elden på åren, med PC´en på fanget, og pikkar ned mine tankar med ein finger, kjenner eg meg både "fegen og fjåg".

Men det var fjerde søndag i advent eg hadde teknt å knyte nokre ord til, saman med dette fjerde biletet frå katedralen i Burgos.
Ei kvinne og mange born som lyfter hendene i glede mot noko der framme i lyset.
Og omkring dalande duer og varme hjarte.
Forventig.
Glede.
Varme.

Tekstene handla om han som kjem med godt bod.
Guds bodberar. Slik Johannes døyparen var det i si tid.
Eller englane på Betlehemsmarkene; "Sjå eg kjem med bod til dykk om ei stor glede. I dag er fødd dykk ein frelsar--"

Profeten Jesaja skriv:
"Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred og ber god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: "Din Gud er konge!"
Det gjaldt den første jula, det gjeld i dag, - og det vil gjelde også den dagen då Han kjem att.
Den dagen då alle skal sjå at Han, og Han åleine er konge.

torsdag 16. desember 2010

Tomten gick i kras – fram kom Jesus

Her kjem ei lita soge som eg har saksa frå den svenske avisa Dagen.
Eg tykkjer den er fornøyelig, og legg den derfor inn på bloggen min.
Å drage nokon konklusjon av teologisk, etisk eller moralsk art av denne fortellinga, det skal eg halde meg langt undan.
Det overlet eg til kvart enkelt lesar å gjere sjølv.
Om han finn nokon då?

Ei kvinne i Umeå kjøpte for 8 år sidan ein figur som mange har ståande i heimane sine i juletida.
Ein omlag 30 cm høg nisse med hendene retta fram, og mellom dei var det plass til å sette eit stearinlys.
I åra etterpå har nissen hennar kvar jul hatt sin faste plass i heimen hennar.
Men i år gjekk det ikkje så bra for nissen hennar.


Eit barnebarn kom på besøk, og då såg ho at nissen stod på ein annan plass enn den vanlege.
For å redde den undan barnebarnet sine hender, tok ho den for å flytte den til ein sikrare stad. Då kom ho til å misse den ned, og den vart knust.

Då ho plukka opp restane, såg ho at inne i nissen sin eine støvelen var der noko kvitt.
Ho tok den med på kjøkenet og fann seg noko å knuse resten av støvelen med.
Og fram kom ein liten kvit figur, ti cm høg og laga av eit steinliknande materiale.

Det var ein liten figur av Jesus.
Korleis var han komen inn i nissestøvelen?
Etterrøking i forretninga der ho kjøpte nissen, gav inga forklaring.

Kvinna seier:
- Det är mycket märkligt. Ingen tycks veta om det är avsiktligt gjort eller inte. Jag har kollat med affären där jag köpte tomten och gått vidare till grossisten, men ingen minns varifrån tomten inköptes 2002. Det står heller inget på någon av figurerna var de är gjorda.

søndag 12. desember 2010

3.advent


3.søndag i advent har frå gamalt vore Johannes døyparen sin dag. Jesus sin slektning.
Røysta i øydemarka som kalla til bot og omvending.
Om han sa Jesus at der var ingen, fødd av ei kvinne, som var større enn Johnnes.
Og om Jesus sa Johannes at sjølv var han ikkje verdig å løyse Jesus sine skoreimar eingong.

Dette biletet frå katedralen i Burgos viser Johannes og Jesus etter Jesus sin dåp i Jordaneelva, og Den Heilage Ande syner seg over Jesus sitt hovud som ei due.
Samstundes høyrest Guds røyst: "Dette er Son min, han som eg elskar. Han som eg har mi glede i."

tirsdag 7. desember 2010

Solefallseld

Lyset fasinerar.
Og særleg lyset ved soloppgong og solnedgong.
Her inne mellom fjella får vi stundom nokre glimt inn i desse stundene når lyset vaknar i aust, eller når "himmelen låner ein kvervande rest av lyset frå solegangselden", som Henrik Straumsheim skriv i ei song.
Men vi har for kort og høg horisont her inne i fjorden til at den store lyselden når oss. Slik eg har fått oppleve det nokre morgonar og kveldar på Caminoen i Spania.
Det er stunder som held meg fast i den augneblinken då alt er eit NO.
Augneblinkar som let meg, med mine indre auge, sjå inn i ei anna verd. Ei verd som er uendeleg vakker og evig. Ei verd der Guds bustad er.

Kl 15 i ettermiddag opna det seg eit slikt vindauge over Hovdeåsen i sørvest.
Og medan eg stod ved mitt vindauge, skodande solefallselden farge skyene, dukka desse versa av Pär Lagerkvist opp i minnet mitt.


Det är vackrast när det skymmer.
All den kärlek himlen rymmer
ligger samlad i ett dunkelt ljus
över jorden,
över markens hus.

Allt är ömhet, allt är smekt av händer.
Herren själv utplånar fjärran stränder.
Allt är nära, allt är långt ifrån.
Allt är givet
människan som lån.

Allt är mitt, och allt skall tagas från mig,
Inte något får jag bringa med mig
Träden, molnen, marken där jag går.
Jag skall vandra –
ensam, utan spår.

Fagre ting

Eg har vel igrunnen tid til det.
Å lese romanar.
Men det vert heller lite av det.
Ja, eg veit eg misser mykje når eg prioriterar vekk dei lange og ordrike fortellingane.
Men det vert for mange ord for meg. Eg må ha det stuttare og tettare.
Så istaden vert det det som Hermann Wildenvei kallar vers og ville vekster.
Det hender ofte at desse ville vekstene med så få ord, får tankane mine på gli.
På sin måte lokkar dei fram pilegrimen i meg.
Lokkar meg til å vandre på sinnet og ettertanken sine løyndomsfulle vegar.
No siste dagane er det to så ulike som Arnold Eidslott og Hans Børli sine vers eg har vandra i.

Slik fortel Hans Børli om kvar kjelda til alt det fagre vi har rundt oss er.


Se på verdens vakre ting:
Barnesmil. Blomster. Stenen
i en edel ring - -

Tingene er et regnbu-hvelv.
Skjønnhet som lar deg ane
noe av Skjønnheten selv.

I tingene lengtet Gud inn
lys og form fra landet
hinsides sol og sinn.

mandag 6. desember 2010

Lykke?


Lykka...?
Det er vel de stutte stunder
da intet skal hende og intet har hendt.
Bittesmå stunder, som øyer i havet
utenfor hverdagens grå kontinent.

Der det hender iblandt at du møter ditt hjerte
lik en som du aldri har kjendt.-

Hans Børli

søndag 5. desember 2010

2. advent

I går snøa det heile dagen, men det vart ikkje så mykje av det. Heldigvis.
Eg er ikkje så veldig glad i snø lenger.
15 cm var det i dag tidleg , og omlag 0 grader. Så då var det berre å få igang snøfresen. Eg er glad den står klar, sjølv om slike maskiner ikkje er mitt område. Eg har ein del problem med å få start på dei. Hadde dei hatt sjel, så hadde eg nok hevda at dei ikkje likar meg. Men det er vel helst vankunne frå mi side.
No når klokka nærmar seg 11, har det klårna opp, og temperaturen kryp nedover minus-skalaen.


Det er 2. søndag i advent, og eg legg ut eit til av bileta eg tok med meg heim frå katedralen i Burgos.
Om det høver for dagen?
Tja, eg tykkjer det.
Eg ser glede og forventing i det.
Og er det ikkje nettopp glede og forventing som pregar adventstida?

For det første gler vi oss til jul. Til igjen å feire minne om at Gud var menneske i det vesle barnet i krybba.
For det andre gler vi oss over at han stadig vert fødd på ny i alle som tek imot han.
Og for det tredje - og det er det som har fokuset i teksta i dag - så ser vi med forventing fram mot dagen då han kjem att.

"Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette hender, då rett dykk opp og lyft hovudet. For utløysinga dykkar er nær. Sjå på fikentreet og alle andre tre. Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær." Luk. 21, 27-30

"Du var og du er og du kommer
med seierens palmer til sist.
Da stiger den evige sommer
av hendene dine, o Krist.
Jerusalem, rop Hosianna!
Ja, syng for den evige bror,
som bor i Oppstandelsens riker
og gjenskaper himmel og jord."

Eivind Skeie.

Glede og forventing - det er adventida sitt stempel.

torsdag 2. desember 2010

Vinterkald bygd

"Fager er bygda, og aldri såg eg henne fagrare", sa Gunnar frå Lidarende, i Njåls saga. Så snudde han hesten og reid heim att - og vart brend inne av sine uvener.
(Fager er lia, var vel det Gunnar sa, men eg tek meg fridomen til å omskrive Gunnar sine ord litt)


Eg har ingen vanske med å bruke Gunnar sine ord om at fager er bygda.
Men i desse dagane er ho i kaldaste laget. Og dei fleste som bur her må vere nøgde med sjå at sola er borte for dette året, og vert det til langt ut i januar.
Dei minkar solminutta heime i stova mi og, så derfor rusta eg meg ut med varmedress, bladvottar og hue ned over øyrene, for å auke mi kvote av solminutt denne dagen.

Eg har aldri gått opp den vegen på Mork og Vinjevoll, som Vassdragsvesenet har laga i høve flaumavskjeringskanalen der, så dit gjekk turen i dag.
Ovanfor bøgardane og dyrka marka kom eg opp i sola.
Der var fint å gå. Veltrakka sti vestover til Nausen, tydde på at det er mange som tek turen langs høgspentlinja. Lite snø, men og mykje glatt is som kravde varsame steg til tider.


Også avstikkaren mote bakken til Snøhaugen viste tydelege spor av mange føter.
Sjølv kjende eg på at motbakken kravde sitt. Kondisjonen kunne nok vore betre, men eg kom meg opp utan å ta pausar for å roe ned pulsen.
Då eg dukka over kanten til Snøhaugen, var der ei raudkledd med hund lenger oppe. Ho forsvann då blåkledde eg kom. Så eg fekk rå grunnen åleine, som det står i visa.

Sola hekk alt lavt over fjella i sør. Så Hovdebygda og Dalsfjordfjella i sør låg i det kalde skuggelandet.
Ein halv time seinare stod eg ved heimen og såg siste solstrålane slokne i skaret mellom indre og ytre Hovdeåsen.

onsdag 1. desember 2010

Is

Timane med dagslys minkar fort no vi har gått inn i desember.
Her i stova er det 10 dagar att før sola vert borte til 1.januar, og då skriv vi eit nytt årstal.
Derfor kledde eg meg godt på formiddagen, og tok meg ein tur opp gjennom Skorgeurda, opp langs elva til framom Lødeøyane.
Sola var så vidt komen fram om Niven, men opp gjennom urda var det skuggen som rådde.


Etter 2 veker med rundt 10 kuldegrader, rekna eg med at elva var heilt dekt av is.
Der ho hadde brattaste fallet, stemte det. Der var det berre nokre opne hol i isen, her og der.
Og sideelva framom Syrøyane, kom ut av skogen som ein frosen kvit flaum mellom trea og steinane.


Ved Syrøyane, der ho renn stillast, var elva lite tilfrosa. Kanskje var elva for grunn der til at isen fekk legge seg.
Men i bakevjene ved storsteinane, hadde frosten skapte sin eigen mosaikk i elva, av kvit og blank is.


Frosten sitt skulpturarbeid derimot, det fann eg i dei små fossane og stryka.
Sjølv om elvakulpen var open, så var fossen stivna i isen sitt grep. Frosen fast i eit fall av kvit is.


Men og i glasklar, blank is med dei underlegaste former.


Og styrke må det vere i den, der den klorar sine tynne bein fast i steinen. Medan den kraftigare kroppen heng fritt over isflata under. Heng som tre sovande flaggermus av blank is.

Kjekt å kunne ta seg ein tur ut i kulden uten å merke at kroppen ikkje likar det.
Det hadde eg vanskar med under kuldeperioda på etterjulsvinteren i år.
Så sjølv om vandringa i Spania var smertfull til tider, så meiner eg den gjorde meg godt.
Ein heil del av det som eg plagast med før sommaren, kjenner eg lite til etter turen.
Og så frys eg ikkje fingrane av meg lenger heller, takka vere dei tjukke og tova ullvottane som Kaupangerdottera laga meg.
Dette lovar bra for vinteren.
Kanskje kan eg prøve meg på ski også. Når snøen med tida har lagt seg.