mandag 31. oktober 2011

Grattis!!

Gullfesten vart utsett ei stund i Molde igår, men så vart det Brann i rosenes borg, og då kom gullskjortene fram i rosenes by.
Gratulerer til MFKdelen av familien, og til Brann-delen for sigeren over Rosenborg.

PS: Berre for ordens skuld. Eg er ingen fotballtilhengar,  men...... neste helg vonar eg på oransje ....og ikkje raudt. Til glede for svigerson her i bygda. Sorry svigerson i sør.

søndag 30. oktober 2011

Sommartid slutt

Siste søndag i oktober, og i dag er sommartida over.
Veka sitt himmelbilete er noko nær svart/kvitt
Om veka byrja med vakre haustdagar, så enda ho i grått, og vått.
Ute er det sydvest og regn, og vel 10 grader pluss.
Men gårsdagen var varmare. Heilt opp mot 15 grader ved midnatt. Og utan regn.
Ut på ettermiddagen opna det seg ei lys stripe over fjella i syd. Der var skylaget så tynt at sola gjorde stripa lys gyllen, i kontrast mot dei mørkare skyene og fjella under. Og der kom nokre vakre sjateringar i skyene over.
For ei fager verd vi har fått å leve i, med alle sine spanande skiftingar i natur og klima.

Bots- og bededag i dag.
Kanskje er det og eit bilete for dagen då preiketeksta opnar slik:
"Idag om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt...."
Hebr.3.7-11

lørdag 29. oktober 2011

Sorg

Sorg. Vi kjenner den, og veit at den gjer vondt.
Men nokre av oss har sterkare erfaringingar av kva sorg er, og kva den kan gjer med liva våre.
Når sorga råkar, treng vi ofte hjelp for å kome igjenom den.
Salmisten skriv i Salme 4.
”Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud.
Du viser meg veg ut av nauda.
Ver meg nådig og høyr mi bøn.”

Under vandringa vår i mai gjekk vi saman med ei kvinne med sorg i hjartet.
Dei dagane vi var saman med henne fekk vi sjå kva tapet av ei dotter, som
hadde valt å ende livet sitt, kosta henne som mor. I form av tunge dagar, anger, tårer og vreide mot Gud.
Men vi fekk og høyre henne fortelje at ho kjente at Gud var der hos henne under vandringa, gjennom menneske som kom nær hennar såra hjerte med si varme omsorg.
I går kveld var mi kjære og ei av våre vener avgarde og høyrde henne fortelje om ”Sorg”, og mi kjære kom heim, full av inntrykk og tankar.
Sjølv veit eg lite om kva det er å verte råka av slike smertefulle tap, og sorga som fylgjer.
Eg har vorte spard for det, om andre i nær familie har fått opplevd det.
Men det har eg skjøna, at å misse eit barn er noko av det mest smertefulle ein kan oppleve.
 
Eg sat for nokre dagar sidan ved vindauget og såg på den skydekte himmelen i sør.
Det var langt ut på dagen, og det var skymt grunna skyene som låg over bygda.
Brått opna dei seg skyene og strålar frå sola, som enno var oppe, braut seg veg ned i det halvskyme romet under skylaget.
Det kom for meg at slik kan også Gud vere for oss.
For meg vart det eit bilete av at Gud er der saman med oss, sjølv om det ikkje kjennest slik.
Ofte kan livet  kjennast både mørkt og tungt for oss av ulike grunnar. Då er det godt å vite seg både sett og omgitt av Gud, og få oppleve at han sprenger mørket og let sitt lys trenge inn til oss.

Kvinna på pilegrimsvegen fekk oppleve at Gud var, at han både høyrde og såg hennar smerte og tårer, og at han ville vere med henne på vegen hennar.

fredag 28. oktober 2011

Isak (5)

Kven var du, Isak?
Du hamnar, på eit vis, midt mellom dei to store. Abraham, far din, og Jakob, son din. To handlinga sine menn.
Men du er så tagal, og levde så stilt.
Du bøygde deg og valde freden når sterke menn reiste seg mot deg.

"Mi redsle" kalla du din fars Gud, som utfordra Abraham til å legge deg på brennofferalteret.
Likevel tykkjest det meg at du med åra, også kom nærare Han.
At Han vart også din Gud, ikkje berre di redsle.

Det vert fortalt at du syrgde mykje då mor di gjekk bort, men at du fekk hjelp i sorga av den nye og unge kvinna som då kom inn i livet ditt.
Rebekka, kona di.
Henne du elska, og som likevel sveik deg i din alderdom.
Som narra deg til å gi di velsigning til Jakob, og ikkje til Esau som du hadde kjær.
Kjende du deg djupt såra då? 
Då du for andre gong i livet vart sviken, narra, av ein du hadde kjær.
Eg trur det.

Eit langt liv fekk du og rik på gods vart du, men det er så lite fortalt om livet ditt i boka.
Kven var du Isak, du tagale og fredsæle mann?

torsdag 27. oktober 2011

Isak (4)

Spjelkavik kyrkje i Ålesund er ei oktogon kyrkje, og oppe under taket i kyrkjeskipet er der ei vindaugsrekkje rundt heile romet. I 2005 vart Håkon Bleken bedt om å fylle desse 96 vindauga med glasmåleri, og han valde å bruke Bibelen sine forteljingar, frå skapinga til nyskapinga.
Så hende det at biskopen i Møre, Odd Bondevik, sette foten ned for eit av bileta. Det var for sterkt, meinte han.
Det synte ei hand som heldt ein kniv over eit barn, og ei anna hand som kom ned og rørte ved knivhanda.
Seinare endra han sitt vedtak, og glasmåleriet kom opp også i det til då tome vindauget.
Leitar eg på verdsveven etter bilete der Isak er motiv, finn eg nokre få av Isak og Rebekka, nokre få av Isak som velsignar Jakob, og mange av når Abraham er i ferd med ofre han.
Og dei gir sterke biletinntrykk.
Ofringa av Isak - Spjelkavik kyrkje
Forteljinga vidare er enkel. Gud går inn i Abraham si handling og stansar kniven. Isak vert løyst, og ein ver som har sett horna sine fast i kjerret like ved, vert teken til offer i staden. Så kjem Guds røyst  endå eingong inn og velsignar Abraham for hans tru og lydnad.
Etterpå, står det, vende Abraham attende til tenarane sine og dei drog heim til Beer-Sjeba.
Slik fekk forteljinga ein lukkeleg ende.

Eller gjorde den det?
For kvar vart det av Isak?
Det står ikkje at han fylgde med faren attende.
Ville han ikkje det?
Gjekk han i staden bort, ut i øydemarka, for å tenke igjenom det faren nær hadde gjort med han?
Eller vart ikkje kniven stogga, og ofringa derfor fullførd?
Hebr.11.19 kan tolkast til at Abraham fullenda sitt ærend på Moriafjellet, sikker i si tru på at etter ofringa hadde Gud makt til å vekkje opp Isak opp frå døden  så han fekk sonen igjen.
Det siste får eg ikkje til å samsvare med resten av fortellinga om Isak.

Både Abraham og Sara lo då dei vart varsla om sonen dei i høg alder skulle få.
Abraham leid vondt då han måtte sende sin eldste son, Ismael,  bort.
Korleis kunne han då få år seinare vere villig å ofre Isak?
Protesterte ikkje Sara med både nebb og klør mot Abraham sin galskap?

Og korleis var tilhøvet mellom  far og son etter hendinga på Moria fjell?
Var det etter den at den milde, fredsame og stillfarande Isak vart fødd?
Det kan synest som om Isak heldt avstand til faren etter hendinga. Han bur ikkje lenger i faren si storfamilie, men held seg i øydemarka i Negev. Og når Rebekka dukkar opp, så fører han henne inn i mora sitt telt, som han har arva.
Det er med sorg han i høg alder opplever striden mellom dei to gutane sine.
Men når han døyr, vert han sameint med faren i hans gravstad i Hebron.

Abraham vert ofte rosa for si tru og tillit til Gud.
Formuleringa Abraham, Isak og Jakobs Gud går ofte att.
Men kva med Isak åleine? Står det noko om hans forhold til Gud?
Ein stad får vi ei lita aning av at det var ikkje så heilt enkelt.
Det er sonen, Jakob, som gir eit lite glimt.
Det kjem når svigerfar Laban når han att, etter at Jakob rømde frå han med heile si familie,
Dei vert samde dei to, og så skal dei ofre ilag. Då er det ikkje ”Abraham og Isaks Gud” Jakob viser til, men Isak si redsle.
Hendinga hadde sett sine spor hos Isak.

Det står ikkje så mange orda om Isak, men dei som står, synest eg teiknar eit bilete av ein mann som vart merkt av den sterke opplevinga han gjekk gjennom i sine ungdoms år.
Isak tyder ”Han lo” og viser til at foreldra lo då dei fekk bodet om sonen dei skulle få.
Kanskje Isak, gjennom opplevinga, fekk ei rik glede over livet som han fekk i gåve, då Herren stogga kniven?
Vart han ein mann med eit lyst sinn, ein som lo?

onsdag 26. oktober 2011

Isak (3)

Den har frå dei tidlegaste tider vore ein snublestein for teologane, den sterkaste hendinga i Isak sitt liv. Fortellinga om det som hende på Guds fjell, Moria berg, som tradisjonen tidleg peika ut til å ligge i / ved Jerusalem. Der tempelet seinare vart bygt, eller der krossen vart reist på Golgata. Men i forteljinga er Isak nesten stum. Det er Gud og Abraham som er aktive i handlinga.

Det er Abraham som er gjenstand for mest hovudbry.
Abraham som ikkje så lenge før hadde gitt seg i forhandling med Guds sendebod, då dei var på veg til Sodoma og Gomorra for utslette byane.
Men no aksepterar han, uten nokon motstand, ser det ut for, Gud påbod om å dra til Moriafjellet for å ofre sonen som brennoffer.

Korleis kunne Abraham gå med på eit slikt krav? Og hadde Gud verkeleg kravt dette av han?
Rekna Abraham med at Gud ville vekkje Isak opp frå dei døde igjen, sidan han hadde lovt Abraham ei talrik ætt? Eller var det Abraham som tok etter skikkane mellom folka han budde hjå, og ikkje noko Gud kravde av han?
Det er nokre av dei store spørsmåla teologane har tumla med.

Vi har eit bilete av Isak som ein liten gut då det hende, men det kan ikkje vere rett.
For, står det: Då dei kom fram bad Abraham dei to tenarane vere att hjå eselet, og så leste han på Isak all offerveden, medan han sjølv bar elden og kniven.
Det var vel ikkje berre nokre vedpinnar som trongst for å få nok eld og varme til offerbålet? Truleg var Isak tenåring. Kanskje endå nokre år eldre. 20 til 37 år har nokre rekna seg til.

"Akeidat Yitchak - The binding of Isaac" av Marc Chagal

 Medan dei er på veg kjem Isak med sitt einaste spørsmål: Far, her har vi veden, elden og kniven, men kvar er brennofferlammet?
Så bygger dei to alteret og legg veden på.
Legg Isak seg opp på veden frivillig  og let seg binde på hender og føter utan motstand, då han skjønar at det er han som er brennofferet? Eller måtte Abraham bruke makt for å få han på plass oppe på alteret?
Det fortel teksta ikkje noko om.

For jødane har denne teksta, som vert lesen i synagoga under minnedagen for alle jødiske martyrar, vore ein snublestein gjennom århundra.
For oss kristne vart fortellinga tidleg ein profeti om Jesus sin offerdød gjennom Abraham sitt svar til Isak: Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.
Men det er nok også dei mellom oss som helst såg at den ikkje var med i Bibelen.
Koranen har og hendinga med i Sura 37: ”Vi lova ham ein  son. Då han var stor nok til å gå han til hande, sa Abraham. Min son, eg såg i ein draum at eg skal ofre deg. Tenk over kva du syns. Han svara. Far, gjer det du er pålagd”
Seinare har dei islamske teologane funne ut at det ikkje var Isak men Ismael som skulle ofrast.

 Så legg Abraham handa på Isak sitt hovud og bøyer det bakover så strupen vert spent, grip etter kniven og lyfter den.
Skal tru om Isak var  like roleg då som det Koranen seier?

tirsdag 25. oktober 2011

Isak (2)

Han lagar ikkje mykje styr av seg Isak. Han var ein fredsæl mann som for stilt gjennom livet.
I motsetning til sin far  og son som fekk tildelt nye namn ( Abram vart til Abraham, og Jakob til Israel) så heitte han Isak livet ut.
Det ser og ut til at hans einaste kvinne var Rebekka, kona som far hans henta til han då Isak var 40 år, som han fekk sønene Jakob og Esau med.
Sjølv om han var den av patriarkane som fekk lengst liv, 180 år, så er det lite Bibelen fortel om livet hans.

Det er fødselssoga hans, der det meste handlar om foreldra Abraham og Sara, og Sara sin strid med hans 14 år eldre halvbror si mor. Sara si egyptiske trelkvinne Hagar.
Ei episode fortel om når Isak med si storfamilie bur i filistarlandet, og der det vert strid om brunnane Isak har grave. Og der Isak viser si milde side og søkjer fred, ikkje strid.
Gamal og svaksynt vert han utsett for eit narrespel frå kona og yngste sonen, når Jakob lurer til seg velsigninga som skulle koma Esau til del. Noko som endar med hat og strid mellom brørne.
Men når far deira døyr, står dei to saman om å gravlegga far sin i gravstaden Abraham kjøpte i Hebron.

Der vart han og Rebekka og gravlagde.

Stilt for han gjennom livet. Og stilt er det om han vidare i den jødiske Bibelen (GT). Einaste staden til han dukkar opp, er i Salme 105.9. Der er det vist til at Gud overfor Isak stadfesta den lovnaden han eingong gav far hans, at etterkomarane hans skulle verta talrike som stjernene på himmelen, og Guds velsigning ville vere over han.
I evangelia er han nemnd nokre få gonger, oftast i samband med ættetavlene og med kven Gud er.
Paulus viser tre gonger til han, ut frå lovnaden som Gud gav han.
Og så kjem Hebrearbrevet og Jakobs brev inn på den hendinga som er mest kjend i Isak sitt liv. Den som har skapt så mange problem for teologar og folk med mynde, sjølv i vår tid.
Meir om det seinare.

mandag 24. oktober 2011

Isak (1)

Ei lita soge frå ei tid som var. Den tida då prestane hadde lesing med konfirmantane som skulle fram til overhøyring på kyrkjegolvet.
Og presten var ein som hadde omsut for dei unge. Dei skulle sleppe å stå svarlause den store dagen.
Men så var det Ole då. Han var ikkje av dei glupaste. Kunnskapen hadde ikkje så lett for å verte sitjande hjå han.
Presten grubla ei tid på løysinga for Ole før han fann den.
Han kom på at heime hjå Ole stod det tre kyr på bås.
"Du Ole, dere har tre koer i fjøsen hos dere?
"Jau, vi har då det."
"Du vet, der var tre patriaker, Abraham, Isak og Jakob. Når du nu går i fjøsen, så skal du gi koene hvert sitt patriarknavn. Og hver gang du er der, sier du navnene deres høyt."
Jau det skulle Ole gjere. Og smått om senn seig kunnskapen om dei tre patriarkane og namna deira inn.
Så kom den store dagen.
Kyrkjebenkane var fullsette, og i midtgongen stod konfirmantane i sine beste klær, spente på overhøyringa.
Presten går ned mellom dei. Spør sine spørsmål og får klåre svar.
Han vert rett i godlage. Dette teiknar bra.
Så kjem han til Ole.
"Nå Ole. Kan du si meg hvor mange patriarker vi har?"
"Fire."
Litt uroa spør han igjen.
"Hvor mange patriarker var der i Israel, sier du Ole?"
"Fire:"
"Men Ole, var vi ikke enige om et annet tall?"
"Jau, men ho Abraham fekk kalv i gå."

HA, Ha, ha..ha...ha....  Ikkje eit lite smil eingong.  Nei vel, nei ... då so

Sidan eg fekk den nye bibelomsettinga har han flytta inn hos meg, Isak, den andre patriarken. Og då dukka ho og opp den vesle fortellinga eg presenterte over her.
Han kan synest så anonym patriarken Isak, i motsetning til sin far og sin son.
På mange måtar er han lik sin eldre halvbror, den fjerde patriarken, som Ole sa,  ismaelittane sin Ismael. Og i Islam byter dei plass Isak og Ismael.
Så då kjem eg framover til å undre meg litt, nokre gonger, om Isak. Den anonyme patriarken.


søndag 23. oktober 2011

Søndag morgon

Veka var grå og våt, men denne morgonen vart annleis.Då eg kom til meg sjølv i senga, var romet raudt av lyset ute.
Før eg kom meg i klea og ut, hadde det bleikna litt av, men framleis lyste himmelen i vakre fargar.
Då vert dette veka sitt himmelbilete, frå den den første morgonen i den nye veka. Eg vonar dei får rett meteorologane som har lova oss ei veke med godvær.

Denne søndagen si tekst er henta frå Salme 73.
Eg vert alltid verande hjå deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot meg i herlegdom.
Kven har eg elles i himmelen?
Når eg er hjå deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
Om kropp og sjel forgår, er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
-----
For meg er det godt å vere nær Gud. Eg har teke mi tilflukt til HERREN GUD. Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

fredag 21. oktober 2011

Livet sine augneblinkar


Å leve eit liv er å fylle dagar, månader og år med små og store hendingar. Alle desse hendingane våre lagrar vi i vårt livs kommode som har tre skuffer.
Det fleste av våre hendingar legg vi i gløymsleskuffa.

Kanskje hender det i stille timar at skuffa opnar seg og bortlagde hendingar ein augneblink dukkar fram frå gløymsledjupet, for så å gli bort att.
På slutten av livet byrja mi svigermor å fortelje om hendingar frå sitt levde liv som ho aldri hadde fortalt om før.
Eg kan vel ikkje sjå bort frå at det same vil hende meg eingong.
For ingenting er gøymt og gløymt for alltid, seier den store boka. Ein gong skal alt fram i lyset att. 
Skummelt.

Andre hendingar vil vi helst gløyme, men vi har sjeldan hellet med oss i det. Dei ligg der, og brått, til dei mest uhøvelege tider dukkar dei opp, sjølv om vi har låst skuffa med store hengelåsar.
Dei er mine utrivlege hendingar som får meg til å raudne innvendig av skam. Eg vil ha dei døde og gravlagde så djupt i si skuffe som det går an, men ”he is dead, but he won´t lie down.”
Som ubedne dukkar dei brått opp, lik gjenferd i mørke netter.

Men der er og deira rake motsetning.
Dei augneblinkane i livet som, om det var råd, vi skulle ynskje aldri vart borte. At dei ville vare og vare, utan ende.
Dei gode augneblinkane, fylte av glede, lys, varme og kjærleik.
Dei hendingane som vi kan ta fram at gong etter gong, pusse på, glede oss over og varme oss i minnet om.
Dei er vår pose av søte drops og konfektbitar.
Dei ligg i ei ulåst skuff i min livs kommode. Halvopen så det er lett å stikke handa ned i og leite dei fram.


Men livet er ikkje til å stanse.
Dag skifter med dag. År legg seg til år. Nye hendingar dukkar opp og glir bak oss, og vi vel skuffe til å lagre dei i.
Alt vert lagra i vårt liv sin kommode.
Eller om eg skal vere litt meir moderne, i si mappe på vår harddisk.
Kva som fekk meg på desse tankane?
Nokre ord i bibelboka om at eingong skal alle våre gjerningar fram i lyset, alle dei vi trudde var gøymde og  helst gløymde, til like med dei godsakene vi har i dropsposen vår,
Og…
Desse bileta av den vesle karen som plukkar opp stein, kastar den på sjøen, og etterpå står vel nøgd medan ringane frå steinen spreier seg i vatnet.


Eller var det steinen som heng der, frosen fast i eit tusendels sekund, på sin veg frå handa mot vatnet og botnen?
Frosne augneblinkar gjennom ei fotolinse av ei triveleg  hending i ein liten guts liv. .

torsdag 20. oktober 2011

Dekkskift


Tidleg morgon.
Sit ved vindauget med ein kopp varm, mørk brun, kaffi.
Den første av mange.

Ute driv skyene i god fart over fjella.
Frå sørvest idag.
Snart er der opne blå hol i det grå, for så rett etterpå å tjukne til i eit grått teppe som gøymer fjella i sør.
På fjorden kvittoppar bylgjene seg.

For litt sidan låg det kvite hagl på terrassen.
No er dei borte.
Berre våte terrassebord, dekt av haustlauv i mange fargar ligg att.
Ei lita kjøtmeis landar ved vindauget og legg hovudet på skrå.
Er her mat å få snart?
Nokre sporvar nede på plankane er ute i same ærend.
Er det på tide med ein tur på Felleskjøpet for mi kjære?

Han sjølv då?
Ho ymtar frampå om dekkskift.
Vintervegane er ikkje langt unna no, fortel ho.
Berre lyft augene dine å sjå. 
Ho veit at han gjerne vil dryge i det lengste, og dei lovde mildvær og vakkert vær frå helga.
Men det er vel kanskje best å ruste seg ut og få piggane på likevel.
Før det er været som tvingar dekkskiftet fram.
Det er berre det at han smakar så mykje betre kaffien, enn å ligge på kne ved bilen og streve med dekk og frosne fingrar.
Så, me fær sjå?
Eg trur ikkje det vert idag.
Nei, eg trur ikkje det.
Men imorgon?
Kanskje imorgon?
................
og så....
Vel to timar etter at det ovanfor var skrive var terrassen kvit av den komande vinteren sin første snø.
Vonar på ei kortvarig vitjing.
Men også ifjor kom den første snøen 20,oktober på ein snarvisitt før den kom 7.november for å verte liggande vinteren over.





onsdag 19. oktober 2011

Ny Bibel

"Om kvelden seier de; Det vert godt ver, for himmelen er raud."
Matt. 16.2

Den friske austavinden roa seg litt med kvart. Utpå ettermiddagen gav regnet seg og.
Medan det regna som mest, ringde det på døra. Utanfor stod postbodet med ein pakke i handa.
Eg signerte og takka pent for leveringa. Såpass bør då ein eldre mann gjere.
Inne på kjøkenet opna eg, spent på kva innhaldet var, og stod med den nyomsette, nynorske, Bibelen i handa. Mørk blå på farge utanpå.

Det er den tredje Bibelen min, og det vert nok den siste.
Den første var eit raudt eksemplar av 1938 omsettinga som eg kjøpte meg då eg vart 18 år.
Den var litt gamal i orda, så då det kom ei ny omsetting i 1978, kjøpte eg meg ein ny. Og den vart svart.
Den opna nye dører og større djupner inn i Gudsordet, og den har vore meg ein kjær eignalut.
Rart kva ei nyomsetting , nye formuleringar, kan gjere.

Men ei tid no har den fortalt meg at den trong avløysing, etter 33 års bruk, sjølv om den har vore som ein personleg del av meg.
Eg har prøvt andre, men eg har ikkje funne fram i dei. Dei er for blanke og reine. Manglar eseløyrer, komentarar og understrekningar.
Men no bøygde eg for kravet, og min tredje er mørk blå.
No gler eg meg til å byrje å lese i den. 
Kva dører og djupnar, som eg ikkje har sett før, kjem den til å opne for meg inn i Ordet?

Mot kvelden igår letna veret, og då sola forsvann bak Helgehornet kl. 18.00, gløda skyene bak Snøhornet, sørvest i Dalsfjorden.
Om to månader har solnedgangen vandra aust over Hovdeåsen, for til slutt å verte borte bakfjella heilt til venstre i biletet, Niven og Sandhornet, aust om same fjorden. Og då er ho borte for resten av dette året.

Eg kan nok kjenne meg att litt på sola si vandring austover åsen.
Livet mitt og hallar. Det vert stadig kortare tid att før "sølvsnora slitnar og gullskåla brest" som Forkynnaren seier.
Men framleis har Anden mykje å vise meg, og lære meg. Også gjennom min nye blå.
Lukas fortel om Emmausvandrarane at den Oppstadne la ut skriftene for dei og opna augene deira, og då dei kom fram, bad dei han inntrengjande og sa: Ver hos oss! Dagen kveldar og er på hell.
Det ynskjer har også denne vandraren.

tirsdag 18. oktober 2011

I mesta laget.


Ein gong, år attende i tida, fekk mi kjære og eg ei gåve. Ei vindklokke kjøpt av våre born.
Ikkje ei lita minisak, men av type stor. Og med vakker lyd som stemmer sinnet mitt til fred når ho sender ut sine vakre tonar i sommarbrisen, "utrøne" kalla her i bygda.
Men eg oppdaga etter kvart at ho kunne anna enn å sende ut dei spinkle, varsame, tonane.
Det hende seg i uroleg vær at eg kava meg opp frå den varme senga og ut i mørke, vindfulle natta for å plukke henne ned, så ho ikkje skulle vekke heile grannelaget med sine sterke, klangfulle tonar.
Det var då eg gav henne namnet stormklokka.

Då mi kjære og eg hamna nede på grunnplanet i huset, og det kom småfolk over oss, vart klokka forvist til eit kjellarrom. Der fekk ho henge stum og still i fleire månader. Men eg sakna tonane hennar, og ho fekk etterkvart koma ut i lyset og vinden att.
Det hender framleis at eg vaknar utpå natta av ho leikar stormklokke der ho heng i vinden som bles ut frå varmepumpa, og eg må ha meg ein tur ut i natta for å stogge henne.

I natt vakna vi begge to ut på morgonkvisten av den friskaste vinden vi har hatt på lange tider,
Persiennespilene blafra og slo, og gardina hekk ikkje ned som dei skulle, men stor rett inn i romet, oppe under taket.
Og ute var det ikkje spinkle klokkelydar, men sterke stormklokkelydar i vindkasta.
Eg tok meg ein tur ut for å sjå om alt stod vel til rundt hus og garasje, men så kraup eg ned under den varme dyna att.
Eg ansa at klokkelyden var borte før eg sovna inn att til vindsusen ute.
Då morgonen kom, og eg var ut ein tur, såg eg årsaka til at klokka hadde vore så still  av seg resten av natta.  Det var mi kjære som hadde ordna det.





søndag 16. oktober 2011

Tidleg morgon




"Morgen rød gjør morgen bløt", seier eit gamalt ord.
Det kom nokre dråpar ut på dagen, men ikkje så veldig mange.
Kanskje morgonen ikkje var raud nok?

Av erfaring visste nok dei gamle at slike morgonar gjerne fortalde om at skyer, regntunge skyer, var på veg inn frå havet, og om nokre timar ville dei sleppe sitt våte innhald over bygdene. Men lenger aust ein stad, var det framleis skyfritt og klårt nok til at ljoset frå den stigande sola kunne farge skyene lenger vest.

Og idag, medan sola framleis var gøymd bak fjellranda i aust, farga ho morgonen raud.
Og det ikkje berre i aust. Også i sør og vest var skyene farga raude av den stigande sola.
Biletet tok eg medan bygda enno kvilte i grålysninga, og er eit lite utsnitt av morgonen sin austhimmel.
Og det får vere veka sitt himmelbilete.

lørdag 15. oktober 2011

Tidleg krøkast

Den skal tidleg krøkast, som god krok skal bli.
Ja, slik heiter det i eit gamalt visdomsord.
Og det gjeld vel enno på dei fleste område i livet.
Og når noko nytt skal lærast, så er det nyttig å ha ein god læremeister til å lære av, og å vere villig til å hauste av lærdomen.
Det er vel først då ein har høve til å verte ein god krok.
Eller?

torsdag 13. oktober 2011

Oktobermorgon

Etter grå og våte dagar, klårna han av i går kveld., og vi fekk ei måneklar og kald natt.
No i morgontimane hekk månen i vest over ei bygd med rimfrosne marker og islagde vegar.


Men min gradstokk hadde ikkje registrert minusgrader gjennom natta.
Det kan verte ein god soldag før dei våte dagane med regn frå vest atter er der.

søndag 9. oktober 2011

Gyllen morgon


Morgon, første dagen i ei ny veke.
Etter den innskotne dagen med sol i går, er vi idag attende på det grå og våte sporet.
I sør og aust ser eg no fjella lengst vekk, bli borte i regnet som er på veg.
Men dagen kan verte god likevel.
Kaffien er kokt og frukosten med mi kjære står snart på bordet.
Og om eit par timar feirar vi gudsteneste saman med dei andre som har den som fast post på søndagane.

Veka sitt himmelbilete.
Då måtte eg leite attende i arkivet.
Til ein dag for seks år sidan, omlag på dette klokkeslettet.
28.oktober i 2005. Klokka 9.15.

Nær den gylne morgon randast, heiter det i omkvedet i ein svensk song.
Dette var ein gylden morgon.
Og sidan det er søndag, og den første dagen i det nye året, etter jødisk kalender, tek vi med nokre ord frå Klagesongane:
Det er ikkje ute med Herrens nåde, Hans miskunn tek aldri slutt. Kvar morgon er ho ny.

lørdag 8. oktober 2011

Oktobermorgon

I går var alt grått og vått.
I dag er fargane attende i morgonsola.
Dei kviteskumande elvane som var der igår, synest ikkje lenger.


Men vinteren har teke eit langt steg ned i liene.

fredag 7. oktober 2011

Regn


Her i vest er vi vane med regn. Ofte står lavtrykka i kø ute i havet og ventar på tur. Og når lavtrykket så kjem inn over kysten og fjella,  så tømer skyene seg for den væta dei måtte ha, og vi får regn og atter regn.
Slik har vi hatt det i veker no og jorda er full av vatn.

Men så hender det at det kjem eit lavtrykk med meir væte enn normalen. Det fekk vi denne natta og dagen.
Frisk nordvestleg vind, sjølv her inne i fjorden.
Og regn. Mykje regn.
Ned alle lier renn det skumkvite bekkar og elvar vi skjeldan ser, og Skorgeleva frådar vill i ein skumkvit foss, med omflødde kvernhus.

onsdag 5. oktober 2011

Kvite Krist

Den koftekledde stod bøygd over bordet  der arbeidet hans desse sommarmånadane låg, saman med arbeidsbeinene hans, kvasse knivar og  jarn.

Ute lysna morgonen over dei bratte fjella over dalen og dei lave husa i tuna bortetter vollane ved  den strie elva.
Oppe på ei lita flate ikkje langt frå huset han var i, lyfta ei lita nybygd kyrkje spiret sitt opp mot den lyse morgonhimmelen.

Dei fyrste solstrålane lyste opp det lysbrune, nytjøra bygget der borte på haugen.
Når sola var koma litt lenger fram mot skaret i sør, ville folket i dalen samle seg i tunet og så gå syngjande opp til kyrkja. Og fremst av alle ville arbeidet hans verte bore.

Den gråkledde stod lenge og let augen fare granskande over kroppen som låg på bordet. Var der enno noko lite som trong eit siste lite snitt av kniv eller jarn, eller kunne han rekne seg som ferdig?
Til slutt nikka han nøgd og kviskra nokre ord ut i det morgonstille romet.
Så tok han ein liten nagle som låg ferdig på bordet, prøvde den varleg i holet som han hadde laga.
Handa hans leita opp klubba, og med varsame slag festa han kroppen til krossen.
Endå ein gong bøygde han seg over arbeidet, kviskra nokre ord og slo krossen sitt teikn tre gonger over seg.
Så samla han saman knivane og jarna sine, rulla dei inn i eit klede før han la dei i skreppa si.


 Fylgjet går syngande tre gonger rundt kyrkja før presten fører mennene som ber Kvite Krist, inn i kyrkja og dei festar han opp på veggen inne i koret.

Åra går over kyrkja på haugen. Årstidene skifter. Snart kvite og snørike vintrar. Snart tørre og varme somrar. Men kyrkja står der urikkande. Lita og mørk mot skogen og fjella bak.
På gardane ved kyrkja fødest born, veks opp, modnast  og eldest, for til slutt å verte førde til kvile ved kyrkja.
Gjennom århundra er det stadig nye generasjonar som  bøyer seg audmjukt for den kongekrona skikkelsen der framme i det halvmørke kyrkjekoret.

Men eit år endar alt seg. Folket i dalen tek ned den gamle kyrkja og reiser seg eit nytt kvitmåla gudshus.
Den gråkledde sitt arbeid vert seld til ein samlar.

Ein dag står ein vandrar ved ein kvitmåla murvegg på eit museum.
Framfor han heng den gråkledde sin Kvite Krist, Christus Rex. Den kongekrona sigerherren frå Golgata.
Vandraren bøyer audmjukt sitt hovud, og med ei lite bøn på sine lepper teiknar han seg med krossmerket.

søndag 2. oktober 2011

Admiral

Spettmeisene hadde det travelt i vinter med å lagre solsikkefrø. Og når våren og sommaren kom, såg vi at nokre frø nok hadde vorte litt for godt gøymt.
Det kom opp grøne spirar frå molda i nokre blomsterpotter.
No i oktober har vi fått  solgule blomar i solveggen, og i dag kom der ein sommarfugl flagrande i sola.
Då vart der ein lengre pause for å nyte blomane sin nektar før han flaug vidare.
Og eg fekk  eit høve til å feste admiralen si vitjing til databrikka.

lørdag 1. oktober 2011

Veka sitt himmelbilete

Min fasinasjon for den store variasjonen som himmelen syner seg i, gjer at kvelvingen der oppe er av mine mest fotograferte motiv.
Når skyer, lys og fargar teiknar sine spennande variasjonar, hender det svært ofte at eg hentar fotoapperatet for å fange den spesielle augneblinken over meg.
Ja, for det er akkurat i den augneblinken at motivet er der.
Nokre minutt seinare, og knapt nok det, så har skyene, fargane, lyset endra seg til noko heilt anna.
Og fargane kan til tider vere på grensa til det uverkelige.

Eg er lesar av ein blogg der kvinna som har den, med ujamne mellomrom, får sine kollegaer til å vere motiv for eit in natura foto.
Dit kjem nok ikkje eg, sjølv om eg tykkjer Gud har skapt oss uendeleg vakre.
Men kanskje eit veka sitt himmelbilete kunne vere noko for meg?
For som salmediktaren seier:
"Lov Herren, mi sjel! Stor er du Herre, min Gud! I høgd og herlegdom har du kledt  deg, ljoset er kappa du sveiper deg i. Du har spent himmelen ut som ein teltduk og tømra din høgsal i vatnet.
Du gjer skyene til di vogn og fer fram på vengene åt vinden."
Sal. 104

Her kjem det første.