fredag 8. mai 2009

La Boissiére, 17.september 2008


Så flott kan ein ha det når det er tid for matrast, langs Jakobsvegen.
Sjølv når det er haust med turt gras alle vegne.



Vi har møtt mange kors langs pilegrimsvegen.
Alle med sitt særpreg.
Desse to vandringa denne dagen syner noko av spranget dei kan ha i storleik.

Det er fullt i alle herberge.
Vår hyggelege, engelsktalande vert i Cahors var berre velvilje når han prøvde å hjelpe oss med å finne husrom neste kveld. Det lukkast til slutt på ein bondegard eit stykke til sides for pilegrimsvegen.
Vertinna skal plukke oss opp ved Chapelle St-Jean etter 25 km vandring. Men så langt kjem vi ikkje.
I Lascabanes må vi gi opp, Den siste halve mila bakkane opp til kapellet orkar vi ikkje.

Etter ein telefonsamtale er det ikkje lenge før vår vertinne kjem i bil og hentar oss.
Snart er vi framme og får helse på gardshundane og ei tysk vandringskvinne.
Det vert ein herskapleg kveld og natt.
Våre vertar er eit eldre ektepar som har slutta med gardsdrift og bygd om og restaurert husa til gjestehus.

Kona står for maten, medan han er vert ved bordet.
Heldigvis kan den tyske kvinna både fransk og engelsk så ho er tolk, og det vert ein triveleg kveld med 6 rettar god lokal mat. Mest all maten kjem frå lokale råvarer.


Først vert vi bydd på ein aperitiff. Vi får velge mellom ein lokal dram, eller eit meir velkjendt merke. Eg vel den lokale for å gle verten.
Så kjem grønsaksuppe. Deretter ein patè med asparges-stenglar.
Hovedretten er lammekotelettar med grønsaker.
Men enno er vi ikkje ferdige, for no er det ost og kjeks. Kjeksa er laga i ein lokal by. Og så avsluttar vi med karamellpudding.
Alt medan samtalen går på fransk og engelsk, og inni mellom gjer verten iherdige forsøk på å lære norske ord, under Torbjørg si kyndige rettleiing.
Og utruleg nok, middagen kosta oss 12 euro kvar.

Denne natta er eg velsigna med ei herleg god seng.
Det kan vere utruleg triveleg å vere ein vandrar i framandt land, når ein møter så hyggelege og imøtekomande menneske langs vegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar