onsdag 31. oktober 2018

Den krossfeste og den eldre mannen.

Eg har fått augene opp for kyrkjekunst under vandringane etter vegane i nord-Spania. Rett nok kan kyrkjene der og vere svært ulike på kor mykje ein kan finne, men våre kyrkjer ser nakne ut samanlikna med kyrkjene der. I alle fall dei store. I dei små landsbykyrkjene og kapella er det nok litt annleis.

No er det ikkje all utsmykking eg er like oppteken av. Dei sokalla heilage menn og kvinner kjenner eg meg litt framand overfor. Det er vel "den lutherske lære" som stikk djupt i meg på det området. Fortellingane som er bakgrunnen for at dei er der i sidekapell og nisjer langs veggane, er for meg ukjende.
 Men når det kjem til det som høyrer Bibelen til, både GT og NT, vaknar mi interesse. Der kjenner eg fortellingane. Og då er det kameraet kjem fram.

Vi var innanfor ringmuren i Lugo, vandra rundt inne i den store kyrkja, og der var det mykje å sjå.
I ei nisje på ein av sideveggane, inne i ein boge fekk eg sjå ei avbilding av Jesus hengande på krossen. Noko eg gjerne tek fram kameraet for, då den framstillinga kan vere nokså ulik utført frå kyrkje til kyrkje.

Men her var det også andre som stansa opp, og eg måtte vente på at det vart folketomt framfor  bogen. Eg ville helst ikkje ha nokon andre personar med på biletet.

Men han  her kom eg ikkje unna. Lenge stod han der, også etter at eg hadde gitt opp å vente på at han skulle gå.
Stilt stod han og let augene kvile på den krossfeste. Til slutt bøygde han audmjukt hovudet før han teikna seg med krossteiknet. Så såg han opp på den krossfeste endå ein gong før han sakte gjekk vidare.

mandag 29. oktober 2018

Camino Primitivo 30.9 -1.10 Santiago de Compostela (2)

Det bles ein litt kald vind frå nordaust gjennom gatene i Santiago desse dagane.
Dagane har si rytme. Frukost i matsalen, rusle litt i gatene rundt katedralen og sjå på folkelivet. Lunsj på ein fortausresturant. Ein tur inn at på klosteret for litt kvild på roma,eller i kaffibaren. Der møtte vi att ein gamal kjenning frå før på klosteret, ein kelnar som likar å halde litt leven med kundane når det høver seg slik. Rusle i gatene igjen. Seinare på dag, middag i matsalen på klosteret, med kaffi i baren etterpå, og så mørknar det ute, det er kveld og vi går til ro.


Messene i katedralen har vi litt vanskar med reint språkleg, men på søndagen var vi anglikansk gudsteneste inne på Paradoren. ein utsøkt kyrkjelyd av engelsk, tyske, norsk og New Zealand'ske borgarar og med kvinneleg engelsk prest. Etterpå kyrkjekaffi i hotellet sin bar. 
Der kunne også eg delta i nattverden. Noko eg nok som ein i flokken kunne gjort også i katolske kyrkjer, men som eg av prinsipp ikkje gjer då dei ikkje godkjenner at protestantar får motta den hjå dei.

På eit hjørne av klosteret var eit kyrkjemuseum som vi ikkje hadde vitja før. Den siste dagen var vi inn der, og vi kom først inn i eit kyrkjerom. Ikkje så stort men kanskje eit av dei mest fasinerande eg har sett på våre vandringar. Der alterveggane var fulle av detaljar, og der taket kvelva seg over koret i vakre fargar og mønster.


Så gjekk vi opp ei trapp og kom opp i galleriet der det var benkar rundt veggane for dei geistlege, og veggane var dekte av utskorne bilete frå Bibelen og Jesu liv.



Endå nokre trapper opp fann vi fleire rom som hadde utstillingar av veldig ulikt slag. Alt frå gamle bøker, preste og biskoplege drakter, gamle kyrkjelge nattverdskalkar til moderne Kristusskulpturar og bilete.


Så er det på tide å ta farvel med Santiago for denne gong. Om det vart den siste får framtide syne.



Det mørknar i byen, men katedralen sine tårn stig lyse fram i den mørke kvelden.

Etterpå ventar vi i kaffibaren, i lag med andre som og skal frå byen denne dagen. Og kelnaren "vår" kjem med konfekt og ynskjer oss "Auf Wiedersehn".
Vi skal denne kvelden ta nattbussen til flyplassen i Madrid, og i morgon vidare med fly til Amsterdam, og  så vidare heim til Vigra og Sunnmøre

Vår vandring på Camino Primitivo er over. Vi hadde app'ar på telefonane som fortalde kor langt vi hadde gått kvar dag, og kor mange steg vi hadde teke. Men dei var ikkje samde desse telefonane. Torbjørg og Bodil var mest like så eg vel Bodil sin, og den fortel at ho frå dag ein i Oviedo til  avreisedagen i Santiago hadde gått  217 km og 389384 steg. Høgdemeter har eg ikkje, men det er nok nokre tusen det og.

Camino Primitivo 29.september Til Santiago de Compostela (1)


Det er skodde ved muren i Lugo om morgonen når vi er på veg til busstasjonen. Denne dagen er det ikkje det spanske postvesen som fraktar sekkane våre, dei ber vi sjølve, men så er det heller ikkje så mange kvartal å gå. Vi må vente ei stund før bussen køyrer fram og vi får sekkane inn, og finn sete våre. Billettar hadde vi kjøpt dagen før.
 Så tek vi farvel med gatene i Lugo og er på veg mot Santiago de Compostela. For oss to er det for fjerde gong, men for vår medvandrar er det den sjuande.

Det er ikkje ein ekspressbuss vi sit på. Den er innom alle landsbyar på veg sørvestover. Passasjerar kjem på, og går av både titt og ofte, men vi har god tid.
Ved Palas de Rei kjem vi in på Camino Frances og no ser vi flokkar av vandrar på veg mot Santiago, som for dei endå ligg nokre dagar framme, medan vi berre er timar unna. Medan vi rullar vestover er det moro å sjå stadar der vi gjekk for seks år sidan. Første gongen vi to kom til Santiago.

Så er vi der. Utanfor busstasjonen finn vi ei drosje som køyrer oss til klosteret, San Martin Pinario, ved katedralen der vi tinga oss rom for to netter. I dag er det hotell, museum og presteskule.
Der har vi vore nokre gongar før, så vi veit vegen opp i fjerde høgda der vi finn roma våre. Og då er det berre å installere oss, og ta heisa ned att og ut i sola.
Plassen framfor katedralen har førsteprioritet. Vi må stadfeste ved foto at her er vi, og for å sjå gledesscenene når pilegrimande kjem vandrande inn, til lyden frå sekkepipespelaren under portbogen bortom plassen.

 
Stillasa som dekte veggen og tårna bak oss sist vi var, er no borte, men ein har ikkje løyve til å gå inn portane der enno, for inne er det framleis arbeid på gong. Kanskje neste gong vi kjem hit er det råd å nytte dørene inn der?


På den store plassen var det forrige gong samla mange gamle bilar, denne gongen er det små galisiske fiskebåtar med segla oppe, og dei blafra godt i vinden. Seinare vart vinden så sterk at dei må reve segla.

Det vert kaldt i vinden etter kvart så når vi har sett oss mette på folkelivet, er det tid for å vitje katedralen igjen, og den store parken lenger nede i byen. I hardaste vindfukene er det reine sandstormen rundt. 

Oppe på toppen i parken ligg der ei gamal kyrkje, men den ser ikkje ut for å ha fått sitt nødvendige vedlikehald. Knuste ruter og skriblerier på veggane er det som møter oss når vi kjem opp til henne. Ikkje noko vakker kyrkje, ser meir ut som ei festning med sine murar og små vindauge høgt oppe.

Det er pensionistdemonstrasjonar desse dagane i Spania, og i parken er der fleire grupper av pensionistar som er i ivrige diskusjonar.

 Det er mange slags typer ein kan sjå når ein set seg ned for slappe av i sola, og vere ein betraktar til det som skjer rundt ein. Det vere seg på ein fortauskafe i ei travel gate, eller på i gatene rundt den store katedralen i Santiago.
Og nokre er ikkje redde for å skilje seg ut frå mengda, om det er for å tene pengar, eller berre for å vere  annleis enn straumen av menneske som går forbi. Ser og undrast kva dette er for slags type. Skodespel tenkjer vel nokre, Andre undrast kanskje på  det dei ser. Sjølv seier han ikkje eit ord, Står der berre, av og til med lyfta hender som  i bøn. To yngre og ei eldre kvinne var saman med han.
Eg snudde meg vekk ein augneblink, og brått var dei borte.


Det var ei stor gruppe funksjonshemma med fylgje i klosteret då vi kom dit, og det var ei livleg  gruppe. Det høyrdest att i matsalen då dei var der. Dei snakka fransk og var nok enten frå Frankrike eller Sveits, Og det rart kva enkelte har med seg under ferda, Det høyrdest verkeleg att då dei drog, for då heldt dei konsert med sine alpehorn utanfor klosteret.
Eg las nett på ein annan blogg der ei famile kjøpte ei stor messingkubjelle og bar med seg på Camini Primitivo.

Torbjørg hadde fått rom heilt i enden av den lange korridoren, og utasnfor vindauget så vi to tårn på ei kyrkje, og mellom tårna knelte to englar.



Ein kan verte noko retningsvill stundom, sjølv om eg ikkje reknar meg for å vere det. Eg ville finne denne kyrkja, og fekk dei to andre med meg. Men der ho var fann vi den ikkje, så vi enda opp med å gå rundt heile det gamle klosterkomplekset før vi fann den i heilt motsett retning. Ikkje bak katedralen, men bak Paradorhotellet og den store administrasjonsbygninga for Galisiaregionen.
Det var ei fransikanarkyrkje som vi hadde sett mange gonger før, aldri vore inne i.
Men denne dagen var vi for seint ute.



Men dagen etter vitja vi den.




fredag 26. oktober 2018

Camino Primitivo 28.september Til Lugo


Morgonsola skin over Castroverde når vi står og ventar på bussen som skal ta oss til Lugo.
Så vart Castroverde og ikkje Lugo endepunktet for vår vandring på Camino Primitivo. Dei over 20 km fram til Lugo ville for oss vere ein lang dags vandring, derfor valde vi å ta buss. Då kunne vi og nytte dagen når vi kom fram til å vandre rundt innanfor dei gamle bymurane der, og så ta buss vidare neste morgon til Santiago.

Så kjem vi inn gatene i Lugo. Byen som står på verdsarvlista grunna dei gamle romerske bymurane.
Her er det stor trafikk og ikkje lett for ein stor buss å kome fram, men til slutt svingar han inn på busstasjoen, og vi kan gå av.
Pension San Roque som vi skal bu på skal ikkje ligge langt unna. Men å finne den er ikkje lett. Vi trålar rundt i området, og spør fleire lokale, og dei seier dit og dit, men finn vi det?
Til slutt i ei gata vi har vore fleire gonger alt utan å sjå noko Pension San Roque, så lyfter ei augene litt høgre opp på husveggane, og der høgt oppe,  utanfor tredje etasje,  ser eg skiltet stå ut frå veggen. 
Vi ringer på, og døra går opp for oss. Inn i ei trang heis som knapt nok tek oss tre med,                      og opp ber det.
Oppe i resepsjonen  får vi presentert oss, men romet er ikkje klart. Vi får kome att seinare.



Ute på gata att finn vi ein bar og får oss noko mat og drikke, før vi set kursen mot bymuren ikkje langt borte, og porten inn i byen bak muren.


Kva skal vi ta først, byen eller å vandre på muren rundt. Vi vel det siste og finn oss ei trapp opp.


Utanfor muren er gatene breie med stor biltrafikk.


Innanfor er gatene smalare, og her er det dei gåande som dominerar.
I bakgrunnen for denne gata reiser tårnet på katedralen seg.


Framme ved katedralen går det ei brei trapp ned, og vi vel å ta turen ned, og inn i kyrkja.


Og kyrkjeromet er vakkert og storslege slik alle dei andre av desse store kyrkjene eg har sett under vandringane.  Med mange sidekapell tileigna ulike helgenar.


Litt underleg er det å finne vår "kjære" Jakob som mauradrepar, men ikkje uvanleg i spanske kyrkjer sidan han på ein måte er eit nasjonssymbol.



Men over han er der i ein runding med korset og dei sju tinga som er knytt til Jesus si krossfesting.



Her er høgt under taket, og taket over koret er vakkert dekorert.
Men noko eg ikkje har sett før i ei kyrkje ( ein kvan stad må dei då gjer av dei når dei ikkje er i bruk)
er ei prosjonsvogn. Stor med hjul under så dei slepp å bere den. På denne er det nattverden som er motivet.


Og i høgenden ved bordet sit Jesus. 


Men det var meir att å gå oppe på muren før vi var komne til startpunktet. Undervegs såg vi vakre hagar mellom husa og muren. Forfallne, nærast slumstrøk, To store skular der born og ungdom leika og dreiv gymnastikk, før det var oppstilling og marsj inn til neste time.
Tronge gater og opne plassar framfor kyrkjer og andre offentlege bygningar.


Bar Jesus fann vi i eit nedslite område, og det såg ut for at det var ei stund sidan noko hadde vitja den. 
Vonar det same ikkje gjeld den verkelege bar Jesus. For der er det mykje å få.


I gatene rundt kyrkja er det fullt av suvenirbutikkar, Utanfor ein av dei er desse to, truleg ikledd lokale folkedrakter.


Så er kvelden komen, sola har gått ned. Og vandrarane slapper av på sengene . Ein varm dag oppe på, og innanfor bymuren er over. Neste dag ventar det buss til Santiago.

Lugo sitt byvåpen.

torsdag 25. oktober 2018

Camino Primitivo 27.september Til Castroverde

Frukosten tek vi på ein bar i nærleiken av hospitset denne morgonen, før vi byrjar på vandringa mot Castroverde. Berre 8 km  denne dagen. Vår kortaste etappe på Camino Primitivo vandringa, men årsaka ligg i at det er 3 mil fram til Lugo, og at Castroverde er den einaste staden på strekninga som det er høve å få overnatting.


Vegen går ned i eit dalsøkk etter O Cãdavo, og på veg ned høyrer vi tora slå i det fjerne. Det høyrdest ikkje bra ut. Vil vi få regn undervegs? Jau der er ein litt underleg gul farge på skyene i sør.
I botnen av dalsøkket kjem vi til ein liten landsby, og no byrjar bakkane opp på åsen framfor oss. Ikkje den vesrste bakken, berre omlag 150 m opp, og det er morgon . Vi har ein god frukost i magen og ei god natts svevn bak oss.
Tora slår jamt medan vi går oppover, men eg meiner regnet går forbi oss. Der tok eg feil. Vel oppe må vi søkje ly under trekronene medan dei største dråpane får gjere frå seg. Så går det over. Vi ser at det regnar godt på begge sider av oss når vi går bortover åsen fram til høgda Alto daVacariza. Litt etter møter vi to vegmerke som peikar i ulik retning.  Eit nyare vegmerke og eit eldre. Og på det nyare har ein kvan vore ute med spritpenn for å få vandrarane til å velje den andre vegen.  Der er og ting som oppmoder oss til å gå den vegen. Tydelegvis likar ikkje alle at vandringsvegen har vorte omlagt.
Det endar med at vi vel å gå der det nyaste merket peikar. Nedover ein bratt, grusa, bakke i skogen.
No vert det litt meir regn, og Bodil som har gått i sandalar vel for første, og einaste gong, å ta av sandalane og ta på joggesko. For når stien vart våt, så kom finsanden inn i sandalane, og vart verande der.
Men regnet vert det ikkje mykje av. Det er over før vi kjem ned lia og inn i landsbyen Vilalle der vi krokar oss fram mellom husa og ut på andre sida. Det er ikkje vanskeleg å sjå at her er det storfe som er driftsforma for vegen er dekt av kuskit, Våt kuskit etter regnet så vi må vere obs på kvar vi set føtene.


Så er vi inne i Castroverde, og kjem inn i ein liten park der restane av eit stort og gamalt tre er teke vare på.
Det er litt stigning der vi vandrar oppover langs hovedgata.
På toppen ligg der ein bar vi tek inn på og kjøper oss kaffi og litt mat sidan vi er tidleg ute. Klokka er enno ikkje koma til 12, og det er for tidleg å leite opp Pension Cortes der vi har tinga oss rom.

Det må leiting til det, og Torbjørg er innom mange stader for å spørje om kvar vi finn det, og til slutt lukkast det. Og der snakkar vertinna engelsk til ei forandring, så då vert kommunikasjonen mykje enklare.

Etter at vi har innstalert oss på roma, og kvilt litt, er det byen som ventar. Kva er her å sjå tru?



Borte på torget ved kyrkja finn vi og rådhuset som er pynta med berre to av dei vanlege flagga i tillegg til to uthogne våpenskjold på veggen, byen sitt og Galisia sitt.
Her på torget er det fine benkar å sitje på, så dei nyttar vi utover dagen. Medan sola varmar oss.

Men byen heiter Castroverde. Grøn borg tyder det vel.  Då må her vere ei borg, eller restar av ei.


Jau, oppe på åsen over bygatene ser vi eit tårn stikke opp. 
Det må undersøkjast. Vi leiter oss fram i gatekryssa til vi finn ei sidegate som truleg leier dit opp
Og her ligg nok den gamle bydelen. Gamle små steinhus ligg langs smale og svingete gater oppover. I si tid var byen nok bygd opp under borga sitt vern.
Og her har nok og nokre lavadelsslekter hatt sin heim, då vi ser også litt større hus som har fine uthogne våpenskjold på veggane.


 Og inne bak smijarnsportar og høge murar ligg tårnet på ein grøn grasvoll. Men inn får vi ikkje kome, alle inngangar er stengde med store hengelås. Og den grøne grasvollen kunne trengt ein omgang med ein langorv, overgrodd som den er både med gras og ugras.
Eg gjer eit forsøk på å kome inn bak murane rundt tårnet, men der og er det stengt med smijarnsportar og hengelås.

Rart å sjå noko som kunne ha vore ein stor attraksjon for byen vere så lite tilgjengeleg. Ikkje eingong eit lite skilt viste opp til den vakre gamle bydelen og tårnet.


Men ein solrik dag i Castroverde har sin ende, og når vi søkjer attende til Pension Cortes har det byrja samle seg truande skyer over oss. Og når det mørknar får vi i sør eit lysshow av dei store. Det er så langt borte at tora høyrer vi lite av, men over åsane i sør blinkar lyna i eitt utover kvelden.

Castroverde sitt våpenskjold