fredag 14. august 2015

50 år

Så har 50 år gått. Du verda så unge vi var der vi stod på kyrkjetrappa etter at vi fekk høyre orda frå presten at no var vi rette ektefolk. Og kor lite vi visste  om dagane som ville kome. Kvar har åra vorte av? Takk skal du ha, mi kjære, at du har helde ut med meg i alle desse åra. Eg trur vi skal greie nokre år til i lag, eg. Vi veit i alle fall litt meir om kva det vil sei å vere rette ektefolk etter alle desse åra. Og i morgon skal vi samlast igjen, alle dei som er resultatet så langt, etter det ja vi gav kvarandre den gongen for 50 år sidan.

torsdag 13. august 2015

Sommar og sol.

Dette er ikkje verst å få. Ein solvarm dag etter heller kjølege sommarmånadar så langt. Men i dag kom det ein dag med temperatur over 20 grader  Måtte dei verte fleire. Og når dagens sitt arbeid er over kjennest det godt å setje seg til rette i godstolen ute, og legge føtene på rekkverket, og kjenne sola varme ein kropp som ikkje har fått lov til verte brun så langt i år. Han er heller vinterbleik. Det er slike dagar ein skulle gått ned i fjøra og teke eit bad. Kjenne det kalde vatnet strøyme rundt kroppen.  Men eg trur det får vere med tanken, og heller nyte litt grillmat og ein god kopp kaffi her eg er. Oppe på verandaen over meg er der fire små som frydar seg og plaskar ut i eit lite basseng, og då sender dei nokre dråpar ned over  meg og. Eg får sei det greier seg med dei dråpane eg får derifrå, i dag.

fredag 7. august 2015

Ferdig (nesten)

Så er vårt nye bad ferdig - nesten. Dusjkabinettet er prøvt, og vaskemaskina er igang med sin første vask. Det vart ei endring frå det som var, og både mi kjære og eg er vel nøgde med det som har hendt. Så stor takk til våre hjelparar. Vel, heilt i mål er vi ikkje enno. Støyt har vi ikkje fått på plass enno, men eit par skøyteleidningar hjelper på den mangelen. Og eit par dører manglar, men det er trass alt berre småting i høve til alt arbeidet som har vorte gjort i desse månadane sidan vi byrja. No er det først noko arbeid som ventar ute før eg byrjar på neste runde innandørs. Eg vert nok ikkje arbeidslaus på nokre veker enno. Men heldigvis spring det ikkje frå meg. Det ventar på meg, og kvar gong eg er ute i gangen så minner det meg på det uferdige som ventar på framhaldet. Men det vert ikkje i dag, ikkje i dag nei.

onsdag 5. august 2015

kaffi med noko til

Eg måtte til med støvsugar og golvmopp ut på dagen i dag. Årsak. Mi kjære fann ut at ho skulle be inn dei av familien som bur her i bygda på kaffi med noko attåt. Og då var det berre å setje igang. Det er ikkje fritt det har synt igjen at vi har hatt bygningsarbeid på gong i husværet vårt. Men med litt arbeid så vart både kjøken og stove nokonlunde presentabel, medan mi kjære var avgarde og handla noko å ha attåt kaffien. Men så mykje avslapping vart det ikkje på meg etter på før eg vart kalla ut til å steike vafler. Kva grunnen var til hennar innnfall? Kanskje var det ei feiring av at ein av svigersønene monterte vårt nye toalett i går, så no slepp ho å uroe dei oppe nattestider, og han ho bur saman med kan legge bort den gamle skikken som menn brukte før toalettet var flytta inn i husa. Lure seg ein tur att om nova. Vel, ho hadde nok endå ein grunn, for her bur ein i huset som fyller år på same dato som målgranskaren Ivar Aasen, og han ville ha runda 202 år i dag, og slikt er det grunn til å feire litegrann. Vel, han her i huset har ikkje nådd ein så høg alder enno, og det er vel heller tvilsamt om han nokon gong gjer det. Men difor er det kanske viktig å feire dagen i all enkelheit no, saman med den familien han har her i bygda. Og utanom born med makar,  og brør, så var dei fire eldste og dei fire yngste borneborna her, men desse stod glatt over kaffien. Det er kjekt å sjå kor godt dei går saman, trass i den store ulikskapen i alder. Men matfata var tome etter gildet, så noko var det då som fall i smak. Og då er han som vart feira klar for å byrje å telje ned endå eit år.

mandag 3. august 2015

det 491.ande

Om det ikkje vart noka preike i gårsdagen si gudsteneste, så evna Orda frå Matt. 18 å leva vidare i meg utover dagen og natta. Eg undra meg over kva eg ville sagt om det var eg som skulle halde den preika, noko eg slepp sidan eg har sagt frå meg den retten. Men orda reiste fleire spørsmål i tankane mine.  Spørsmål som kanskje ikkje har nokre enkle svar, eller?
Ikkje sju gongen, men sytti gongen sju, svara Jesus Peter då han spurde kor mange gongen han skulle tilgje bror sin. Men kva med den 491.ande gongen, eller den 500.andre.  Det enkle svaret er sjølvsagt at der er inga grense for tilgjevingane vidare oppover. Men er det so enkelt? Syner ikkje våre erfaringar i livet at der er ting, handlingar, som det kan vere vanskeleg, ja urett å kreve tilgjeving for? Sjølv for den eine gongen?
Og so heldt Jesus fram med å fortelje ei soge om ein konge og nokre tenarar med skuld. Den første si skuld var enorm, men han opplevde å få skulda si sletta. Der vart det tilgjeving mange gongen sytti gonger sju. Men så raknar biletet, for han møter ein medtenar som er skuldig han ein bagatell, og då er der inga tilgjeving tilstades i det heile.
Og det som vidare hender reiser nye spørsmål hjå meg. Kan tilgjevinga reverserast? Kva er det enkle svaret her på slutten av Jesus si fortelling, for Jesus let kongen kalle attende den tilgjevinga han gav tenaren med den enorme skulda. Fordi han ikkje sjølv evna å tilgje sin medtenar.
Kva så? Eg sit att med spørsmålet; Er der grenser for tilgjevinga, nåden? Og er det mitt liv, mi evne til sjølv å tilgi, mi evne til å leve i tilgjevinga, som avgjer? Vil det sei at Han vil sjå etter kva frukt Hans tilgjeving får hjå meg, om tilgjevinga vert omsett i handling i mitt liv? Kva då med dei enkle svara som vert forkynt frå så mange preikestolar rundt om, der det og vert sagt at slike tankar er gjerningskristendom?
Eg veit sanneleg ikkje om eg hadde tort å stå fram på ein preikestol med slike spørsmål.

søndag 2. august 2015

Etter gudstenesta,

Sundag ettermiddag. Været er ikkje det verste, nokre grå veggar av regn her og der i fjella rundt om, men til å leve med. Sjølv slappar eg av innandørs, vel heime att etter gudstenesta. Det vert vel litt enkel varm mat etter kvart. Vi to er ikkje så kravstore i matvegen, heller ikkje på ein sundag. Det treng ikkje kome steik med ymse grønsaker attåt på bordet, for at denne skrivaren skal vere meir enn nøgd. Og i dag var det mi kjære som var ansvarleg for kyrkjekaffien, med litt hjelp av sin make, så då er det lov å roe seg litt etterpå vidare utover dagen. I dag fekk vi ei gudsteneste  som ikkje fylgde skjemaet heilt ut, men kvifor treng kvar gudsteneste gjere det? Årsaka var at soknepresten var forhindra, og vikaren fekk berre nokre timar til å omrøme seg på før klokka var der. Det gjekk bra, og kvifor skulle det ikkje det. To små jenter vart døypte, og nattverdmåltidet vart forretta, så ingen hadde nokon grunn til å klage. Det største brotet vart at preika, i form av mange og vel gjennomtenkte ord ikkje kom, i staden fekk vi lyde til gitarspel og song. Ein song av Jonny Cash som gudstenesteleiaren hadde sett om til nynorsk, "The miracle man  from Galilee".  Og som eg har sagt så mang ein gong. Ordet er sterkt nok i seg sjølv, det toler å stå åleine utan dei mange "kloke" orda attåt. Takk til Sindre Løvik for tenesta som gudstenesteleiar i Ørsta kyrkje i dag.

lørdag 1. august 2015

August

Så har mi kjære endå ein gong blada om på kalendarane, og no er det augustmånaden som syner fram sine ubrukte dagar. Eg vil ikkje rose månaden som er over for å ha vore den store  og
ugløymande sommarmånaden når det gjeld sol og varme. Men så veldig ille som somme vil ha det til, har den ikkje vore. I motsetnad til for eit år sidan, har den heller vore ein "normal" julimånad, sett i eit lengre perspektiv. Det var heller fjorårssommaren som var unormal. Men for å rose meg sjølv litt, så har eg, trass i ein kjøleg sommar, teke mitt første sjøbad for nokre dagar sidan. Eg har nok kjent sjøen varmare. Ikkje at det har hatt så mykje å sei for oss to korleis været har vore. Vi har tusla med vårt her på grunnplanet, men no er vi åt å sjå enden på vårt langvarige arbeid med å fornye badet vårt. Om ei veke har vi truleg teke det i bruk att. Det kjennest godt.  Så vonar vi at månaden vi er inne vil gi oss meir sol og varme. Det vil gjere godt når vi snart går inn i den komande hausten.