søndag 30. september 2012

Over fjellet

Det går litt nedover att frå Cruz de Ferro etter gode vandrarvegar langs bilvegen, medan sola sakte jagar bort morgonskodda og lyser opp fjellsidene i gyllent sollys. Men der vi går i skuggen, er det framleis litt kjøleg.
Vi kjem inn i landsbyen Manjarin. Ruinane langs vegen viser at her har mange tidlegare hatt sitt liv og levebrød, men no er det lite att anna enn ruinar.
Men enno er her liv. Ein "tempelriddar" har teke bustad i nokre forletne hus og laga til ein stoppestad for pilegrimane. For meg likna det meir ein hippileir. Og oppover i landsbyen var der nokre andre hus som såg ut til å bu folk i.
Stansen vart ikkje lang før vi heldt fram. Litt lenger framme vart det sett opp eit par kvilebenkar, og eit lite skur der ein plakat bad om donativo i ei kasse.
Sola kika fram der, så vi tok ein rast for vår morgonbøn på benken.
Ein mann kom ruslande saman med ein stor hund. Skulle visst sjå til ei vassrenne for beitekyrne nede i lia. Og kanskje etter donativkassa?
Men eg var stirrig og opna ikkje hjartedøra, det kom ingen mynt i kassa frå meg.
Det burde eg kanskje gjort. For medan dei byrja stiginga opp mot høgda att, på gode stiar, hende det.
Det kom syklistar bak , så dei måtte skunde seg til sides for å sleppe toget forbi. Vandraren snur seg halvt for å sjå om der kjem fleire hurtigtog bak, og om det då var ein stein, ei rot eller sine eigne føter som kom i vegen, eller manglande donativ, veit han ikkje. Men brått låg han sidelengs så lang han var på stien, medan vegstøvet stod som ei sky rundt han.  Var han heil? Ingen brotne bein eller sår nokon stad? Nei, ikkje ein gong hol på kleda. Han kava seg opp under forskrekka tilrop frå medvandrarane, og kosta støvet av kleda. Ingen skade, trøysta han. Kanskje han ville få seg ein blå fingernagl, det var det heile.
Så var dei over den andre toppen på fjellet, og stien byrja å falle bratt nedover mot dalen, 900 høgdemeter lenger nede. Nede i lia dukka ein landsby opp, det er El Acebo. Her er nyoppussa hus langs den eine gata gjennom landsbyen. Her er både barar, hospits og små handelsbuder, så pilegrimane kan få stetta sine ulike behov.
Landsbyen har har helde på sitt gamle særpreg med steinhus og overbygda "verandaer" Vi er komne inn i Bierzo-regionen, og folk kjenner seg meir knytt til Galisia enn Leon. Vi kunne sjå grafitti som fortalde at Bierzo ynskte overføring til Galisia.

lørdag 29. september 2012

Cruz de Ferro

Det er enno mørkt då vi forlet hospitset i Foncebadon, men i aust lyser det frå den komande dagen. Denne dagen skal vi over passhøgda der Cruz de Ferro - jarnkrossen- står. Passhøgda er på 1531 m.o.h., så er det litt ned att før ei ny høgd på 1532 m. Deretter går stien bratt ned til Molinaseca på 600m. Og dit er det knapt 22 km å gå.

Det siste vi ser i Foncebadon er ruinane av hospitset som munken Gaucelmo grunnla i 1103. I dag er det berre litt av kyrkjeveggen att, innanfor murane som omgav det.
Og høgt oppe ligg nymånen på skrå.

Og bak oss, i morgonskodda , strekkjer landet seg austover og nedover mot Astorga og Leon.
Etter kvart som vi stig oppover lia, kjem vi og inn i skodda, og når vi er oppe på passhøgda, opnar åsen seg framover mot Cruz de Ferro røysa.
,Ja, for det er ei røys av stein, og oppe på røysa står ein stor påle med eit lite jarnkross på toppen. Men dette er ikkje noko nymotens påfunn. Det har gamle røter.
Det var keltarane som byrja å kaste opp røyser av stein på høge fjellpass for å markere stadane. Romarane heldt fram med skikken. Og då Gaucelmo bygde sitt herberge, sette han opp ei påle med ein liten jarnkross på toppen, i røysa som var der, og kristna den heidne staden.   Den opphavelege krossen er komen på museum i Astorga, men framleis legg pilegrimane stein på røysa. Vel ikkje berre det. Alt mogeleg anna rask også. Søppel vil eg kalle det. For noko sidan tok det offentlege i bruk gravemaskin for å fjerne rasket, men det er likevel mange som ikkje greiser seg med å legge att stein. Desverre.
På vestsida av passet opnar fjella i Bierzo-regionen seg under skoddeflaka, men sola lyser alt opp fjella lenger vest.
Bierzoregionen er den siste i Leonprovinsen, før vi kjem inn i Galisiaprovinsen, men det ligg framleis eit par dagar , og eit nytt fjell, fram i tid.

fredag 28. september 2012

På vegen att


Vel heime att etter å ha vandra det siste stykket fram til Santiago de Compostela er det tid for å vandre opp att, men denne gongen frå sofaen, og med laptopen på fanget.
Og då må eg attende til ein tidleg morgon i Madrid, tysdag 11.september. Då byrja reisa vår med taxi gjennom gatene til busstasjonen og ekspressbussen i fleire timar over den flate høgsletta mot nordvest.
Kjende namn dukka opp og vart borte bak oss. Avila, Salamanca, Segovia,Valladolid, Zamora, Palencia, Leon.
Eg har hatt ein liten draum om å gå pilegrimsvegen frå Sevilla. Den draumen vart borte under bussturen når eg såg for meg dei mange dagane det ville ta å gå over den endelause sletta.
Langt om lenge dukka det lave fjell opp i disen der framme, og etter som vi rulla vidare mot nordvest vaks dei, og steig klarare fram. Så rulla bussen inn i Astorga, og vi fekk eit bussbyte. Vi skulle to mil lenger vest, opp i fjella. Til Rabanal del Camino. På 1162 meters høgd. Der skulle vi ta sekkane på ryggen og byrje å gå.

 


 Etter å ha styrkt oss på kaffi, bocadillo og is kom vi oss avgarde.5,5 km skulle vi gå første dagen, og opp 277 meter til 1439 m.o.h. Her møtte vi meir sti enn vi har hatt tidlegare på vegen i Spania. Stein, grus og gultbrunt støv. Mine svarte sandalar hadde snart skifta farge.
Opp steig vi, og bak oss breidde sletta seg ut austover mot Astorga.
Det var Foncebadon som var målet vårt denne første dagen. Heile 5 innbyggarar har den, står det i vegboka mi. Men den har ei lang soge bak seg. På 1000-talet vart det helde eit kyrkjekonsil her, og kong Alfonso VI gav store rettar til kyrkja for at dei skulle bygge pilegrimshospits her, og sjå pilegrimane vel over passhøgda lenger framme. Det var ein munk som bygde første hospitset. Seinare kom andre munkar til. Heilt opp til 1900-talet stod Foncebadon under kongeleg vern.
Men så byrja nedturen, og landsbyen kom i forfall. I 1974 var her berre 4 fastbuande att. Og 20 år seinare ingen, og husa var utan tak og til nedfalls.



Men den nye pilegrimsstraumen har snudd utviklinga. Av kyrkja står berre klokkeveggen att, men her er det kome eit nytt bygg der skipet stod, og det er eit av fire pilegrimsherberge i Foncebadon.
Det var ikkje der vi tok inn. Heller ikkje i denne runde bygninga med stråtak, men i eit nytt bygg tett ved, der munkane ein gong heldt til.
Mat må ein pilegrim ha, og lagar han den ikkje sjølv, så må han kjøpe seg eit styrkande måltid. Men det er ikkje alltid like enkelt å bestille føda.
Pilegrimsmenyen innheld forrett, hovedrett og dessert.
Og her fekk eg litt problem med forretten. Det var fleire slags salat å velge mellom. Eg enda med noko eg ikkje hadde smakt før, salat ruso. Hovedinnhaldet skulle vere poteter. Etter år saman med mi kjære har eg lært med å setje pris på potetsalat til grillmat og koldtbord, men det er som regel nok med ei skei eller to. Men dette var eg ikkje førebudd på; ein stor tallerken med potetsalat. Eg åt og åt, og lovde med sjølv , aldri bestill salat ruso meir.

 

Vegen frå Rabanal til Molinaseca


Høgdeprofilen på same stykket

lørdag 8. september 2012

Sjette gongen

Så er vandrarane snart undervegs att. For den sjette og siste  vandringa etter pilegrimsvegen. Den vi byrja på i Le Puy en Valey i Frankrike i august 2007. Mandag set vi oss på flyet for å byrje på reisa mot Spania og dei siste mila av pilegrimsvegen fram til Santiago de Compostela. Om ikkje kabinpersonalet i Lufthansa lagar krøll for oss med streik, skal vi vere i Madrid seint om kvelden. Så vert det buss vidare mot nordvest til Astorga, dit vi kom i mai i fjor. Og så ventar det fjell og dalar vestover. Ut av provinsen Leon og vidare inn i Galisia.

Vonleg vert himmelen like høg og blå som på dette biletet, og ikkje grå og regnfull som på det over her. Men vi får ta det som kjem. Vi kan vel ikkje vente at det varme og tørre været skal vare heilt til vår vandring er over om fjorten dagar. Sjølv om Yr lovar sol og varme den første veka.    Vel heime att vil eg kome attende med bilete og litt meir frå dagane våre under året si vandring.