fredag 30. oktober 2015

Gyllne morgon

Å desse fagre, men akk så korte morgonstundene. Det er som å sjå inn i ei anna verd. Då han som sit på truna reiser seg og seier:" No er tida koma då det gamle skal rullast bort som eit klede, og eg skaper alt på nytt." Ei verd der alt det vonde som vi opplever rundt oss er borte, og der det finst inga tåre meir.

torsdag 15. oktober 2015

Gyllen morgon

Og Gud såg på alt han hadde gjort. Og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld og det vart morgon.


Sjå, dagen sprett i austerætt.
Han livet opp vil yngja.
Sjå, skuggar fly,
og solglytt ny
no gyller sky,
og tusen munnar syngja.
 
Det byrjar verte nokre år sidan eg som liten gut stod ved pulten i klasseromet på Lystad skule. Der stod eg tre  morgonar kvar veke saman med mine medelevar, Vi var ikkje så mange, 8 gutar fordelt på 4 klassesteg det året eg var 6.klassing. Og framme ved kateteret stod læraren og leidde oss i ein morgonsong. Ofte var det denne av Elias Blix. Og så kunne skuledagen byrje.
Og slik byrja dagen i dag over mine heimegrender. Med fjellranda i skarp profil mot ein lysande austhimmel.



onsdag 14. oktober 2015

Raud morgon

Denne morgonen, då eg var ute for å hente morgonen sin lesnad, avisa,
lyste austhimmel raud. Dei er vakre desse stutte stundene når dagen er i ferd med å vakne, før sola har lyft seg nok opp til å nå over tindane i aust, men nok til at ho gyller skyene med sine strålar.
Så spørst det om det gamle ordtaket framleis har hevd. " Morgen rød gjør aften blød."


Desse to bilete er ikkje frå i dag, den ligg alt nokre morgonar attende. Austhimmelen lyste fargerikt opp av den stigande sola. Strålane frå den hadde ikkje funne vegen ned til grendene ved fjorden endå, men sola var på veg. Litt væte måtte det ver i lufta sjølv om eg ikkje kjende det, for i vest reiste regnbogen seg over Helgehornet.
Gyllen morgon i aust, og regnbogen i vest har eg ikkje opplevd så ofte.

mandag 12. oktober 2015

Kortur til Loen og Olden



 


Tunnellane gjennom Austefjorden og Kviven til Hornindal har opna for ei lettare rute til indre Nordfjord for oss her på Søre Sunnmøre, og med det ein lettare tilgong til å oppleve nye stadar og ting.
Sist søndag prøvde kyrkjekoret eg er med i seg på dette, då  vi tok vegen til to av bygdene i Stryn kommune, Loen og Olden. Begge kjende turiststadar, men denne gongen var det ikkje den storslegne naturen som var hovedmålet, men to bygningar.
Først vitja vi Loen kyrkje, ei åttekanta kyrkje frå 1837, med mange fasinerande ting frå den gamle stavkyrkja. Koret deltok i gudstenesta, og sidan kyrkja ikkje er så stor, og det denne sundagen var mykje som hende, både dåp, konfirmantpresentasjon og kyrkjebok til 6-åringane, så var kyrkje fullsett. Og då fekk koret æra av å sitje å brikje, raudkledde som vi er når vi er kor, på begge sidene av koret under gudstenesta.
 

   











Etter  gudstenesta gjekk turen ned på det store hotellet i bygda for ein velsmakande lunsj. Diverre var tida litt for stutt til at fjellentusiastane i koret kunne klatre opp fjellet og ta turen over brua som heng over jølet høgt der oppe. Det fekk nok vente til ein annan gong.
Etter lunsjen sette vi, gode og mette, kursen til nabobygda, Olden, og heimen til ein rik amerikanskfødd målar, William Henry Singer jr.med hustru Anna. Der fekk vi høyre den spennande soga om livet deira, og om livet i deira store hus, med gjestar og tenestefolk. Og om deira rause gåver til både bygdefolk og bygdelag, med både vegar og sjukehus som dei finansierte.
Men i huset i Olden var det "upstairsdown downstairs". I tredje etasje var gjestane sine rom, i hovedetasjen heldt ekteparet til, medan tenarskapet sin plass var nede på grunnplanet. Det var fru Singer som rådde i huset, medan Singer sjølv heldt seg mykje i atelieret han fekk reist litt lenger nede i bakken. Og der nede, i eit lite gravkapell, ligg dei begge to i dag.

På ein så gild og opplevingsrik søndags-utfklukt høyrer eit gruppefoto og med, her med tenarbustaden på Singer-heimen som bakgrunn. Ei viss standsulikskap kan ein nok ikkje så bort frå for oss på vitjing i 2015.. Korleis det vart opplevt i Olden, i tidsromet mellom dei to verdskrigane i det førre århundre, seier ikkje soga noko om.

lørdag 10. oktober 2015

Skorgedalen

 

Vår eldste dotter og to av hennar born vitjar oss no nokre dagar i haustferien, og ho hadde lyst på ein tur fram på sætra i Skorgedalen, og då slo eg lag med henne. Det var ikkje så mange solstreifa denne dagen, og godt var kanskje det, for meg. Eg vart både sveitt og tungpusta opp motene til Leitet, der dalen opnar seg framover, og det vert lettare å gå.  Det har vore lagt ned ein del arbeid på stien av ein kvan sidan sist eg var i dalen. Framme på myra var der komne steinar i stien, og det gjorde det enklare å kome over dei blaute strekningane. Vel framme på setra bles nordavinden kald, så det varde ikkje lenge før vi vende nasen  heimover dalen att. Mellom gulnande tre og mangefarga lyng. Og då møtte vi min eldste bror. Han var i dalen for tredje gong i år. For meg sjølv er det år sidan sist eg var der. Eg har visst noko å strekke meg etter, skal eg ha same forma som han når eg når hans noverande alder om nokre år..

tirsdag 6. oktober 2015

Haust

 




Så er hausten komen. Rognen står med raude bær og gule blad, og i liene skiftar trea farge , litt for kvar dag. Ein sommar er over. Vi kom ikkje så langt, mi kjære og eg denne sommaren. Det lengste vart ei og ei halv mil til nabobygda, elles har vi stort sett helde oss heime og pusla med vårt. Men no på hausten har vi prøvt å skaffe oss litt trim utover å køyre bil. Og då er trimmen grunna på å bruke føtene opp i dei flotte fjella rundt bygda vår.  Vi gjorde for litt sidan ein første test på korleis det stod til med forma etter sommaren sine dagar. Vi vart med ei dotter og hennar make då dei skulle erobre bygda si "Bessegg", men underteikna måtte kaste inn handkledet før vi nådde første toppen. Og då vart det å returnere ned til setra i dalbotnen og ta setrevegen attende til bilen.  Men flott utsyn framover fjell og dalar fekk vi med oss, om vi må ha i vente til ein annan gong det store utsynet mot bygda og fjorden i vest.    Etter den ikkje heilt vellukka turen den gongen, var eg noko spent på kor det ville gå i dag då vi tok ut på neste tur mot ein fjelltopp. Denne gongen var det saman med son og soneson som ville ha oss med opp på Helgehornet som ragar opp på andre sida av fjorden, sydvest for vår grend. Og i dag gjekk det lettare. Eg kom opp utan dei lange kvilepausane. Frå toppen er det eit vidt utsyn i alle himmelretningar. Til øyane og havet langt i vest, til breane sør i Nordfjord, og fjella innover mot Hjørundfjord, og så til dei to bygdebyane som ligg så nær kvarandre. For meg er nok mi eiga bygd, med fjorden og fjella rundt den fagraste.






For den yngste i laget var det spennande å kome opp på toppen for fyrste gong, og då måtte sjølvsagt toppboka fram slik at det kunne noterast at han hadde vore der.