torsdag 19. mai 2011

Blank himmel


17.mai lyste vesthimmelen blank på sein kveld.
I kveld vert den nok ikkje det, for ute regnar det, og regne skal det gjere her på Møre dette døgnet.
Men det er ikkje så viktig kor været vert her nokre dagar framover, for i kveld set vi oss på nattbussen til Gardemoen. Og i morgon kveld skal vi vere i Burgos.
Då er det meir interessant korleis været vert i distrikta Burgos, Palencia og Leon nokre dagar framover.

Vert det solskin og varme dagar, treng eg å ta mindre med i sekken, enn dersom det vert regn og kjølegare vær.
Det er spørsmålet idag når sekken skal pakkast.
Kva skal med, og kva kan eg legge att heime?
Greier eg meg med berre sandalar, eller bør eg og ta med sko?

Denne gongen har eg sett meg at sekken skal vere den lettaste eg har hatt på desse vandringane våre mot Santiago.
Om eg får det til, står att å sjå. Eg har dagen på å bestemme meg for innhaldet i den.

No tek eg pause med bloggen for nokre dagar framover.
Når eg er attende skriv vi juni månad, og høgsletta, mesetaen, i Nord-Spania er eit tilbakelagt stadium på caminoen.
Då er vi komne til Astorga og har fjella og dalane i Galicia att fram til Santiago de Compostela.
I år får vi fjellet alt første dagen, men det er ikkje den store utfordringa. 100 meter stigning skal vi vel klare.

onsdag 18. mai 2011

Kveldslys

Vår nasjonale festdag, grunnlovsdagen, 17.mai 2011 har vorte soge.
Og om tre år, tre korte år, skal vi feire at det er 200 år sidan grunnlova vart vedteken på Eidsvoll.
Då vona dei, Eidsvollmennene, at dei 400 åra som lydrike til Danmark var over, og Norge som eige rike igjen skulle verte røyndom. Istaden vart der 90 år i union med Sverige, før fridomen var der i 1905.
Og sidan har vi røynt både sol- og regndagar i folket vårt, slik dagen i går også var.


Det er atter ein stille morgon.
Ute er det eit vinddrag frå aust, og omlag 10 milde grader i lufta.
På skjermen ligg der eit bilete frå igår, sein 17.maikveld.

Då nærma klokka seg 22, og det er ein time sidan sola vart borte for oss bak Blåfjellet.
Men sørsida av fjorden ligg endå og gløder i dei siste strålane frå den dalande kveldssola.
Det er i vest himmelen opnar seg, blank og blå, og let sola få farge bygda og fjella så den intense vårgrøne fargen på skog og mark, får eit gyllent skjær over seg.

Men alt endrar seg.
Om litt er det berre i skyene i sør som endå ei stund låner dei gylne fargane frå sola som sig i havet der ute i vest.
Så slokar dei og.
Natta sig på.

Eller for å vere i den bibelske døgnrytma.
Ein ny dag, eller rettare sagt - eit nytt døgn har alt byrja.

tirsdag 17. mai 2011

Dagen med stor D

Så kom den i år også, 17.mai.
Og som alltid på førehand; det store spørsmålet: Korleis vert været?
Vert det kaldt eller varmt?
Vert det sol eller regn?
Eller noko midt i mellom.
I år vart det noko midt i mellom. Høveleg mildt, med både sol og regn.


Og heldigvis: det beste været var når barnetoget gjekk.


Og verst var det i tida mellom toga.


Men folketoget fekk det og nokonlunde, om ikkje like godt som barnetoget.


Og så, på sein ettermiddag, opnar regnskyene seg igjen, og sola bryt på ny fram. Og då ser vi at dei høgste fjelltoppane har fått ei krune av nysnø.
Slik er 17.maidagen sine fargar, raudt, kvitt og blått som flagget, med ein grøn farge frå nysprotte gras og lauv i botnen.

Og då er mi kjære og eg, klare til å feire sonen. Som for ein del år sidan, ein solvarm 17.mai, fann tida inne til å forlate mors trygge mage for å byrje på eit liv i verda utanfor.

fredag 13. mai 2011

Don Felipe

Når vi vandrarane, om nokre få dagar, byrjar på vår femte etappe av vegen mot Santiago de Compostela, vil vi etter om lag 5 mil gå gjennom ein liten by som heiter Villacázar de Sirga.
I bykyrkja der, Santa Maria la Blanca, ligg ektemannen til den før omtala norske prinsessa Kristina gravlagd saman med si andre kone.
(sjå mi fortelling om prinsesse Kristina under Camino Fránces 2010)

I boka ”The pilgrimage road to Santiago” står der eit lite ekskurs i omtalen av denne byen, og det handlar om denne don Felipe.
Eg siterar frå boka:

Sidan Felipe var femte son, hadde han ikkje noko von om å kome på kongstrona. Det vart derfor peika ut ein kyrkjeleg karriereveg for han.
Etter studiar i Paris kom han attende til heimlandet, Castilla y Leon.
Han var først ordensbror i Toledo, så abbed i kongebyen Vallodid, før han i 1248 vart utpeika til å vere den den første erkebiskopen i det nyerobra, tidlegare mauriske, Sevilla.
Men interessene hans låg andre stadar enn i det kyrkjelege, og i 1258 fekk han lov å forlate munkeordenen han var medlem av.

Prinsesse Kristina var lova ekteskap med don Felipe sin bror, kong Alfonso X, også kalla ”den vise”, og ho var på veg sørover frå Tønsberg for verte gift med han.
Han var på si side gift med dronning Violente, men sidan ho var barnlaus, så skulle han skilje seg frå henne for å gifte seg med Kristina.
Men Alfonso ombestemte seg. Han ville likevel ikkje ta ut skilsmisse frå kona si.

For å berge Kristina si ære, bestemte Felipe seg for å ekte henne, og dei busette seg i Sevilla.
Etter få år døyr Kristina og vert gravlagd i Covarrubias. (Sarkofaget hennar vitja vi i fjor.)
Felipe gifter seg på ny i 1269, 11 år etter Kristina sin død, men begge ekteskapa hans er barnlause.
Don Felipe tilgav aldri Alfonso si dårlege behandling av Kristina, og reiste fleire gonger opprørsfana mot broren, der han og søkte støtte både i Navarra, Portugal og i det mauriske Granada.
Men i 1274 døyr don Felipe, til broren si store lette, og han vert gravlagd i Villacázar de Sirga.


Don Felipe og kona er gravlagde i særs vakre utforma sarkofag.
Det skal verte spanande å sjå dei med eigne auge. Vonar vi får høve til det.

Denne soga skil seg nokså mykje frå den eg skreiv ned i fjor.
Kanskje er der fleire variantar og, så kva for ei som er rett, kan ikkje eg peike ut.
Om årsaka til Kristina sin død, er der og fleire versjonar.
Ein fortel at det var heimlengt som var årsaka til hennar død, medan ein annan fortel at ho leid giftdøden.
Ein tredje versjon som truleg er nærast sanninga, fortel at øyreverk var grunnen. Då dei opna sarkofaget hennar fann dei ein liten papirlapp med ei oppskrift på øyremedisin.

søndag 8. mai 2011

Mellom vinter og vår

Romsdal sist helg, og indre Sogn denne helga.
Mellom 35 og 40 mil frå den eine staden og til den andre, og midt imellom bur mi kjære og eg.

Ein skulle tru at våren var komen omlag like langt både i nord og syd, her på vestkysten. Og om den ikkje var, så skulle ein tru at den var komen lenger sør i Sogn enn nord ved Romsdalfjorden.
Men ikkje slik denne våren.

I Romsdal vart storfeet slept ut på beite sist helg. I Sogn var det berre nokre småfe som var ute denne helga.
Og medan markene var frodig grøne i nord, var det heller gulbrunt som dominerte i sør.


I dag kom varmen. Over 20 varme grader i lufta.
Men denne helga fekk vi oppleve kor våren skifte frå eit grønskjer til kvitt og attende til lysande grønt på den 18 mil lange køyreturen.


Vi byrja i Kaupanger med vårblomar, nysprotne tre og grønkande marker.
Men opp Sogndaldalen gjekk dette raskt over i snøfonner langs vegen. Og på vatnet låg isen endå kvit.


Vel ute av Frudalstunnelen, nede ved Fjærlandsfjorden, såg vi at mange av markene framleis var dekt av snø.
Og framme under Bøyabreen, var det ikkje mykje som minte om vår.
Det same biletet såg vi på veg fram frå Skei i Jølster.
Gulbrune marker, og snødungane etter vinteren si snørydding låg enno store ved hus og vegar.


Det er ikkje langt frå Skei og fram til Klakegg. Og Våtedalen, etter Klakegg, er heller ikkje lang. Men skilje frå tidleg til langtkomen vår var nettopp på Klakegg.
Nede i Breimsbygda var skogen grøn langt til fjells, og bøane lyste irrgrøne av langt gras på alle gardane, heile Breimslia opp.
Nede i bygda, langs vegen, lyste fleire av bøane alt gule av løvetann.

mandag 2. mai 2011

Kom, mai..


Kom, mai, du skjønne, milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!

søndag 1. mai 2011

Sol, vår og aktive born

Ei helgavitjing på Nesje er over.
Denne gongen i strålande vårsol.
Det vart både tid til familiekos og å vere tilskodar, to dagar, på fotballcup på Molde. Einar og Knut var med å spela på Skåla sine gutelag, og dei skora fleire mål begge to.
Det vart både siger og tap på laga deira, men tilslutt fekk alle både diplom og premie. Det var inga forskjel der.


Vel heime vart det anna triming, trampoline og "disse", som dei kallar det der.
Og då måtte også hopp frå dissa i fart prøvast.