søndag 29. desember 2013

Dagar etterpå (2)

Kong Herodes den store var ein hard og kald herskar. Trudde han noko stod i vegen for hans makt, så gjorde det han ikkje mykje å fjerne det som han meinte truga.
Stjernetydarane frå aust var innom kongeborga hans i Jerusalem på sin veg mot barnet i Betlehem.Og ein nyfødd konge i hans nærleik, kunne ikkje få leva. " Gråten i Rama" har vi fått inn som eit ordtak, etter det Herodes let sine menn utføre i den vesle landsbyen, nokre kilometer unna kongeborga. Alle born under to år vart revne ut av mødrene sine hender og drepne. Ingen komande trugsmål mot hans kongevelde skulle overleve.
Er dette ei myte? Skriftlege bevis utanfor Matteusevangeliet finst ikkje. Men i dag las mi kjære for meg at i ei grotte like ved fødselsgrotta i Betlehem, har dei funne 30 hovudskallar av små born.
Der kunne ikkje vere stort fleire under 2 år i den vesle byen i Judea sine fjell. Så er det kanskje ikkje ei myte likevel, men ei sann fortelling om den ulukkelege gråten i Rama?
Men bilete over syner kor det gjekk med Maria sitt barn. Josef fekk i ein draum, fortalt av ein engel, at han skulle stå opp, ta barnet og mora og flykte til Egypt. Og der skulle han vere til Herodes var avliden.
Det var det preiketeksta ved gudstenesta i dag, handla om. Om Josef sin draum og flukta til Egypt.

Biletet er eit utsnitt av ein relief på eine sideveggen ved hoveddøra inn til klosterkyrkja i Moissac i Frankrike.



lørdag 28. desember 2013

Dagar etterpå (1)

Det har vore milde juledagar så langt, prega av skiftande vind frå søraust til sørvest, og ikkje så veldig med regn. For meg har det vorte litt for mange innedagar. Eg har vorte ein lettfrosen eldre med åra. Det er særleg fingrane og føtene det går ut over, Resten kan ein kle kulden ute frå med tjukkare lag med kle.
Så istaden for å søkje ut, vert ein sitjande i godstolen og lese, og undrast litt. Sånn inn i mellom.

Det er noko med desse dagane etterpå, etter fødselsnatta i Betlehem, med englesong og gjetarar som vil sjå.
Kva hende so, etterpå?
Ei tidfesting er sikker. 8 dagar etter fødselen bar dei guten fram i tempelet, og ofra det  foreskrivne offeret. Men skrifta fortel om fleire hendingar.
Ein dag stod der nokre framandkarar utanfor huset dei heldt til i, barnet, Maria og Josef.
Dei kom langvegsfrå dei framande. Frå landa i aust. Ei natt dei stod granska stjernehimmelen i heimlandet, synte det seg ei stjerne ein stad der oppe i rømda. Og sidan dei var magikarar, stjernetydaren, tydde dei det til at i landet vest ved havet, var der fødd ein stor konge.
Og då tok dei avgarde på ferda mot vest. Det tok dagar og veker, men så ein dag, eller var det ein stjerneklår kveld, stod dei utanfor huset der barnet var. Ikkje i kongens borg, men i eit lite enkelt landsbyhus. Og dei bar fram bodet sitt til henne som var mor, og sine dyre gåver til barnet.
Ei fin fortelling, men ei myte, seier mange. Men det er fortelling som har fengsla mange, både av dei som skriv, og dei som lagar kunst med hendene sine.  Og oftast er ikkje barnet nyfødd lenger, det synest alt å ha levd nokre veker, så, så heilt nær julenatta i tid var nok ikkje vitjinga frå aust.

Nokre andre som har vore fengsla av fortellinga er vår tids stjernetydarar. Uteljande er spekulasjonane om kva denne stjerna dei såg var, og når, kva år, var det ho synte seg oppe på himmelkvelven? Svaret på det vil nok for alltid verte ein løyndom. Trur eg.
Men i kveld har mi kjære bedt nokre vener på besøk, Til litt enkel julemat og triveleg fellesskap. Det vert kjekt.


onsdag 25. desember 2013

Ho bles forbi, jula.


Så går det mot natt juledagen, og eg kjenner på at det vil nok ikkje verte veldig seint i kveld før eg leitar opp senga.
Det vart berre ei vitjing i mi heimbygd si kyrkje denne julehelga. Og det var ottegudstenesta kl.07 i dag tidleg. Medan mørkret enno kvilte over bygda.  Ein lang tradisjon i bygda vår denne gudstenesta, men no bør bygdefolket ta seg saman, elles så  kan den tradisjonen kome til å verte broten. Der var ikkje mange der denne morgon. Dei fleste syntest nok at senga freista meir denne juledagsmorgonen, enn å stå opp og drage til ottegudsteneste.  Det er ikkje mange åra sidan kyrkje var mest fullsett juledagsmorgonen. Men dei andre gudstenestene denne jula vert rapportert med fullsett kyrkje.
Ute tok vinden godt tak denne jula, sjølv her i bygda, godt verna som den er av fjella rundt.  Temperaturen var heller ikkje noko å klage på. 10 grader pluss har den vore oppe i. I går nærare 13 grader.
Om det ikkje vart meir ein tur til kyrkja for mi kjære og meg, så har jula vore feira både grundigt og vel i heimen. Vår nære familie her i bygda var samla både i går kveld og i dag. Og i dag var vi samla 14 stykke med smått og stort til julemiddag, der retten er mi kjære si herlege oksesteik med tilbehør. Også det ein tradisjon med lange røter, heilt attende til byrjinga av vårt samliv.
Framleis gode juledagar til dykk som vitjar sida mi.

tirsdag 24. desember 2013

God Jul!

" Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede for alle folk. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: de skal finne eit lite barn, sveipt og lagt i ei krubbe." Slik var bodet engelen gav til gjetarane ute på Betlehemsmarka, der dei var og passa på dyra sine om natta. Då braut dei opp og skunda seg opp til landsbyen for å sjå det engelen hadde fortalt dei.


Høy kor englar syng frå sky:
Krist er fødd i Davids by,
kjem med med frelse til oss ned,
gir oss med Gud Fader fred.
Glade alle folk stig fram
for å hylle det Guds Lam.
Kom, ver med i dette kor
som no tonar over jord.
Syng med englar høgt i sky:
                                                                Krist er fødd i Davids by!

Eg helsar alle som er innom denne sida mi ei God og fredeleg Julehøgtid!
   

søndag 22. desember 2013

Skitnesøndag


Skitnesøndag vart han kalla denne siste søndag før julehelga. Då var det råd å gjere siste restane av førebuinga til den store festen, utan å bryte helgefreden.  Den store festen. Ja den er vel det, julehelga. I alle fall var den det i min barndom for lenge sidan. Då byrja ikkje jula før julebadet var gjort og treet var pynta julaftan på ettermiddagstid. Når det frå kjøkenet byrja å lukte herleg av pinnkjøtet som stod på omnen, og gåvene fekk plass under treet. Då var det snart jul. Så var klokka komnen der, jula vart ringt inn. Var vi heldige og vinden kom frå aust, kunne vi høyre kyrkjeklokkene ringe jula  inn, og då kunne festen i heimen byrje.

Eg veit ikkje om det er eg eller om det er jula som har endra seg. Kanskje det er eg som har vorte gamal og nostalgisk, men eg har ei kjensle av at noko av forventningane har vorte borte undervegs gjennom åra. Mi barndoms jul byrja kl.17 om julaftan og varde langt ut i nyåret. No har eg ei kjensle av at den byrjar mange veker før, og julaftan og juledag er endepunktet. Få dagar seinare er jula plukka ut, pynten er borte, og kvardagen er der att.

Den store festen er den kalla, lauvhyttefesten. Kanskje fordi at då kunne dei feire med glede. Grøda var i hus. Dei visste at dei hadde nok til mat i den komande vintertida, då der ikkje lenger var noko å hente frå åkrar, buskar og tre. Kornet var sådd på åkrane, men det måtte dei vente til våren kom for igjen å kunne fylle opp tome kornbingar.
Då. på den siste store festdagen stod Jesus fram på tempelplassen og ropte ut; Eg er lyset for verda.
Kva tyder det?
Eg melder meg ikkje ut. Eg deltek og gleder meg i lag med dei andre i deira si glede. Men. mysteriet er Jesus.  Det har vorte innhaldet i jula for meg. Ikkje førjulsmaset, gåveflaumen, festmaten, men det store mysteriet. Kven var han som vart fødd julenatt?


Prologen i Johannesevangeliet tykker eg er mektigt. Og den opnar mysteriet.
Om Ordet som var hos Gud, og var Gud. Og er Gud. Guds Logos.
Hos profeten Jesaia fortel Gud om dette sitt ord som går ut av hans munn, og som ikkje skal vende tomt attende, men utføre det han sende det for. Johannes skriv vidare att dette Ordet, Guds Ord vart menneske og tok bustad - slo opp sitt telt i mellom oss. Slo sine teltpluggar ned i vår jord. Det er for meg det store innhaldet i jula sin bodskap.
Og Paulus legg litt meir til når han i Filipparbrevet seier at Gud har gitt han, Ordet - barnet - det namnet som er over alle namn. Sitt eige. Den evige Guds namn; Eg er.
Det fyller meg med undring - og glede.


torsdag 19. desember 2013

Forspel til Herrens kome (6)

Etter nokre dagar med med snødekt Kaupanger, kom mi kjære og eg og heim frå ei ferd som dekte alt frå snø og sludd til regnvåte vegar. Og no står juleinnspurten for tur i heimen. Sjølv om det ikkje er mykje ute som minner om ei kvit og kald  jul, lik den julekorta  syner fram. Sjølv tykkjer eg det er heilt greit med ei snølaus jul, men der er nok andre som er av ei anna meining.

Men eg får vel avrunde mine tankar om tankar omkring dei tre store jødiske festane, og deira samanhang med Herrens kome, og då står den siste att. Lauvhyttefesten som er om hausten, i september-oktober. opphaveleg ein fest for avslutninga på sankinga av jorda si grøde. Men av ein eller annan gong byrja jødane å feire den til minne om då dei vandre ut av Egypt, og budde i telt. I våre dagar skal det vere hytter av grøne greiner.
Har det noko med Jesus sin fødsel å gjer? Ikkje noko sikre skriftlege bevis på det, men eit lite hint kan tyde i den retninga. Det Johannnesevangeliet som har ei lita setning.
Festen vert og kalla tabernakelfesten til minne om då møteteltet som Gud gav Moses ordre om å lage, vart innvigd. Då steig Gud ned i form av ei sky og tok bustad i det. Det same hende då Salomo innvigde sitt tempel i Jerusalem. Også det under lauvhyttefesten. Begge gongane tok Gud bustad mellom sitt folk. I eit telt laga av vevd stoff, og eit tempel bygd av stein.
I prologen til Johannesevangeliet står denne setninga: Og Ordet vart menneske og tok bustad i mellom oss. Men i grunnen står det:- og slo opp sitt telt i mellom oss.
Er det her fortalt at Jesus vart fødd under lauvhyttefesten? Den  tredje gongen at Gud tok bustad mellom sitt folk? To gonger i form av ei sky, men tredje gongen fødd inn i vår verd som eit lite menneskebarn.
Vil han i så fall kome att fjerde gongen også under lauvhyttefesten, men då som allherskaren, Herren over himmel og jord.  Ikkje veit eg. Kanskje, kanskje ikkje?

Ja, ja, mykje tid kan ein kaste vekk på nyttelause funderingar, men nokre er slik laga.
Då er det vel best å avslutte mine funderingar omkring temaet. Dett var dett, som han sa ein TV-figur for nokre år sidan. Og snart er jula her med fest og glede i heimen for store og små., sjølv om det denne morgonen er lite av julestemning ute med sørleg vind og 10 grader pluss. Men emnet jul går ikkje av mote. For tida går det varmt i media. Der er spørsmålet om vår jul, ikkje Odin og Tor si, har kristne eller heidne røter. Debattantane tykkjes ikkje verte samde.

mandag 16. desember 2013

Forspel til Herrens kome (5)

Men den andre store pilegrimsfesten då? Shavuot kallla på hebraisk. Pinse på vårt mål, eller kvitsundag i eldre dagar.
Vekefesten er den også kalla, sidan mosebøkene fortel at festen skal byrje 7 veker + ein dag etter påska si byrjing. Desse femti dagane heng att i namnet Pentecoste.
Opphaveleg ein jordbruksfest for starten på kveiteskurden. Men då romarane la tempelet i grus, fann rabinarane at dei måtte knyte festen til noko utover jordbruksfesten, då den var knytt til tempelet som ikkje lenger var der. Og då enda dei opp med eit framhald på utvandringa frå Egypt. Omlag femti dagar etter utvandringa var Moses og folket legra under Gudsfjellet på Sinai, og Moses hadde gått opp på fjellet for å møte Herren, og få lovtavlene. Og det vart festen sitt nye innhald. Lova, thoraen som folket fekk gjennom Moses. Gjennom denne hendinga skapte Gud seg eit eigedomsfolk, og han stadfesta si pakt med dei.
Der er mange likskapar mellom lovgjevinga på Sinaifjellet, og pinsehendinga i Jerusalem. Både ved ytre hendingar og innhald. Ved Sinai skapte Gud seg eit eigedomsfolk av hebrearane. I Jerusalem vart dette eigedomsfolket utvida ved at også heidningefolka vart innpoda i det same eigedomsfolket. Heidningane fekk og barnerett ved trua på den salva og oppstadne Messias, og Guds Ande vart utrent over dei.
Og som påske har både ei opphaveleg hending, og ei fornya hending i seg, - og ei framtidig og til no ukjend men endeleg og oppfyllande hending med seg.  Slik er det truleg og med pinsehøgtida. Eg trur at Gud, historia sin herre, har ei endeleg oppfylling av pinsehøgtida i ermet. Vi er inne i ei adventstid fram til Guds fullending av den tida vi lever i. Kanskje har den framtidige pinsedagen noko å gjer med at då vil Gud kalle dei avsovna fram til eit nytt og evig liv?

fredag 13. desember 2013

Morgon raud

Det skifter fort været her vest. Etter stormen som drog mot aust i går, lyste denne morgonen raud over fjella i aust.
Og dei 13 gradene pluss i går, er endra til 0 denne morgonen.

onsdag 11. desember 2013

Forspelet til Herrens kome (4)

Den vart kortvarig denne vinterrida vi fekk. I dag er snøen borte og markene er atter grøne. Og ute er det vårleg temeratur med  11 grader pluss.

Opphaveleg var det ein innhaustingsfest for byggkornet, påska. Men då Moses tok folket med seg ut frå trelekåra i Egypt, fekk påska eit nytt innhald. Påske tyder å gå fobi, og det var Herrens engel som gjekk gjennom landet for å ta livet til alle førstefødde,men hjå hebrearane i Gosen var det smurt blod på dørskeidene, og dei dørene gjekk han forbi. Etter denne hendinga har påska namnet sitt. Den natta baka dei i all hast usyra brød, og gjorde seg klare til å dra når dagen rann. Og nokre dagar seinare stod på bredden av vatnet som stengde vegen vidare fram, og bak dei kom farao med si hær. Då opna Gud vatnet for dei, og dei gjekk over på turre botnen. Frelste frå døden som kom bak.
Med Jesus sitt liv og død - oppstode - fekk påskehøgtida eit nytt og utvida innhald.
Blodet på dørskeidene, det usyrde brødet, og ferda på botnen frå døden til livet fekk i den påska eit nytt innhald. Og no er vi i adventstida. Ei ventetid mot noko som enno ikkje er her.
I Bibelen kan eg lese mange fortellingar om kva som skal hende, ein gong i tida der framme. Eg trur at Gud som er historia sin Herre, gjennom desse fortellinga fortel oss kva som ventar ein gong i ukjend framtid. Kanskje er påska si soge ikkje ferdig skriven. Kanskje ventar det endå ei påske med "blod på dørskeidene, usyra brød, hausting av bygg og ferd frå død til liv", då påska sitt neste kapittel vert skrive. Men kva, korleis og til kva tid er det så mange tolkingar av at eg vil ikkje våge meg ut på med mi eiga. Den er uansett like feil som alle andre si. Men den dagen då han kjem attende til jord veit vi det, og då skal alle få sjå at det hender.

søndag 8. desember 2013

Forspelet til Herrens kome (3)

2.søndag i advent. Ein vinterdag her i fjordbygda. Så langt. I morgon er det varsla varmare vær og regn. Då vert den nok borte, snøen, for denne gong.
I dag las eg i Hebrearbrevet om Gud som står ved sine lovnader, og det gir oss ei von som når heilt inn bak forhenget, inn til Gud.

Eg høyrer til dei som trur at i Guds verd er der ikkje noko som skjer heilt tilfeldig. Gud er trufast mot sine forsett, og når tida er der vert dei gjennomførde. Eg trur og at i Bibelen kan vi sjå denne Guds trufastheit mot sine forsett, kjem til uttrykk i handlingar gjennom menneska, og då særleg i Guds utvalde folk, Israel, si soge.
I israelfolket si tidlege soge fekk dei tre store høgtider å feire årleg. Opphaveleg var dei grødefestar, knytt til byggskuren, kveiteskuren og innhaustinga av dei andre fruktene av jorda si grøde. Men etter utferda frå Egypt, og opphaldet under Gudsfjellet i Sinai, fekk dei og eit anna innhald, knytt til Guds handlingar med dei. Og desse tre festane kom på sine faste datoar gjennom året, knytt til månefasane.
Deira månader byrjar alltid med når nymånen syner seg, og festane kjem når månen syner seg full, og dei varer ei veke.
Den første festen er påska som kom i det som opphaveleg var første månaden i året. Den femtiande dagen etter påske kjem vekefesten, vår pinse. Og eit halvår etter påska kjem lauvhyttefesten. Dei to første har den kristne kyrkja også sine tradisjonar knytt til, men den siste står vi kristne utan tradisjonar for. Og det tenkjer eg er litt underleg, og undrast kvifor. I desse førjulstankane eg har byrja på, ynskjer eg å sjå lite grann på kva desse festane ber med seg, og litt om kva dei jødiske Messias-truande ser i dei.

torsdag 5. desember 2013

Forspelet til Herrens kome.(2)


Lukas fortel vidare at då Elisabet var i sin sjette månad vart engelen Gabriel send til Nasaret, til den unge Maria, for å gi henne same bodskapen. Ho skulle verte med barn ved Den Heilage Ande, og føde ein son til verda. og han skulle få namnet Yeshua, som tyder Gud frelser.
Så kan ein undrast på kva " i sjette månaden" tyder. Er det i byrjinga, midt i, eller i slutten? Det fortel Lukas ingen ting om, men det skal godt gjerast at vi kjem fram til 25.desember. Kvar vi så byrjar å rekne veker. Det er for mange faktorar i dette reknestykket som vi ikkje kjenner, så då er det like greit å feire jul på den tida den kristne kyrkja alltid har feira Jesus sin fødedag. Heilt frå den tid dei byrja å feire den, 25.desember. Den har i alle fall ein svært lang tradisjon, omlag 1700 år. 25.desember, etter den gamle julianske kalendaren, kom etter kvart til å ende på den 6.januar (på grunn av kalendarfeil), men vart her i landet igjen flytta fram til 25.desmber då ein på 1700 talet gjekk over til den gregorianske kalendaren. Austkyrkjene nyttar den gamle julianske kalendaren, og feirar Jesus sin fødedag den 6.januar. Namnet "Gamal jul" hekk her i landet lenge ved 6.januar, som eit minne om denne endringa.
Så, i byrjinga av desember, eller i slutten av mai er det Maria får overraskande vitjing av erkeengelen Gabriel. "Høyr! Du skal verte med barn og få ein son, og du skal gi han namnet Jesus....Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar og ein son på sine gamle dagar... Ho er alt i sjette månaden."
Så mykje har ein av skriftlege kjelder til å fastsetje kva tid Jesus vart fødd. Ikkje mykje. Ein har to tider på året å velje mellom, og datoen kan variere etter kva tid ein seier at Elisabet vart på veg med Johannes, og kva tid i hennar sjette månad engelen Gabriel kom til Nasaret og Maria.
Kven kan ha vore kjeldene som Lukas hentar sine ord frå? Sakarja, Elisabet og Johannes var nok borte, men der var familie rundt dei, og fortellinga om kva som hadde hendt med dei i samband med Johannes sin fødsel vart nok fortalt vidare i landsbyen der dei hadde levd.
Når det gjeld Maria sine opplevingar, var nok ho ei kjelde for Lukas, saman med Jesus sine syskjen, og deira nære familie. Fortellinga vart nok fortalt om att ikkje så reint få gonger rundt grua i mørke kveldar.

tirsdag 3. desember 2013

Forspelet til Herrens kome (1)

Kyrkjeåret og det sekulere året samsvarar ikkje heilt, for 1.s.i advent er kyrkja sin nyårsdag, og ikkje 1.januar. Tekstene denne dagen er om kongen, Messias, som kjem. Men adventstida er og ei førebuingstid for jula, kristmessa som snart kjem. Eingong på slutten av  300-talet vart den fastlagd til 25.desember. Kvifor veit eg ikkje heilt, kanskje hadde det med at då byrjar sola å stige på himmelen att. Og himmelsola var og eit bilete på Messias, Kristus.  Og ein dato måtte kyrkja velje då dei byrja å feire Jesus sin fødsel, og ein ikkje hadde skriftlege datoar, eller tradisjonar, å setje sin lit til.
I vår tid har vel jula vorte den mest feira, om ikkje den viktigaste, kristne høgtida.
Men er det råd å finne noko meir i skriftene om kva tid Jesus sin fødsel skjedde? Ikke mykje, men ein liten peikepinn finn vi i Lukasevangeliet, og den peikepinnen er det Sakarja, Johannes døyparen sin far som gir. Han var prest i tempelet, og høyrde til det tenesteskiftet som var namngitt etter Abias, ein av sønesønene av Aron. I tempelet delte prestane året inn i 51 tenesteveker, slik at kvart skift hadde ei veke i halvåret etter påske og ei i halvåret etter lauvhyttefesten. Men i dei tre pilegrimshøgtidene som kvar varde ei veke,tenestegjorde alle skifta samstundes. Og Abias skift var det åttande skiftet. (1.Krøn.24.10)
Så fortel Lukas at presten Sakarja, den veka han tenesgjorde i tempelet, fekk vitjing av ein Herrens engel, og engelen fortel at Elisabet, kona til Sakarja, skulle få ein son på sine gamle dagar. Dette hende i den åttande veka etter lauvhyttefesten. Eller etter påska. Om det var etter påskehøgtida, så fekk Sakarja vitjing i den niande veka etter påske.(8veker + pinseveka)
I år enda den jødiske påska og vår påske på same tida, 2.april, og reknar vi 10 vekar vidare fram,( då kom han heim til Elisabet) så kjem vi til midt i juni som tidspunkt for at Elisabet vart med barn.
Men dersom det var under Lauvhyttefesten Sakaja fekk vitjing, så er han heime att hjå Elisabet den 9ande veka etter høgtida. Og då kan Elisabet vert svanger siste veka av november.
Men dette handla om Sakarja og Elisabet og son deira, Johannes døyparen, så kva har det med Maria sin son, Jesus, sin fødedag å gjer?


søndag 1. desember 2013

Vindfull natt

Han vaknar ved natt av eit brus utom vegg, og uroleg han spør: Kva er det som skjer?
Ikkje noko, svarar ho som ved sida ligg, Det bles om nov - og straumen for. Men det lyser bortom fjord.
Så ligg han der under dyna varm. Høyrer bruset av vind, og bårer på fjord, medan natta lid.
Godt mildt det er, tenkjer han, om snø det var, og ikkje regn skyene bar, då snart han hadde med snøfres slite. Men no, godt og trygt han kviler i seng.
Der kom straumen att, seier ho, berre timen den borte var. Så sovnar han av att og let regn vere regn, og vind vere vind, medan stormen susar av garde mot aust. Til den når Østersund i Svealand når det dagast, og bles bort skiskytarrenn i rennefok og drev.

torsdag 28. november 2013

Det bles

Eg skreiv sist at eg rekna ikkje med mykje vind her inne i fjorden, men denne gongen tok eg i miss for det vart det. Rett inn fjorden kom han, og sterk var han i vindkasta, stormen som for austover fjella. Regnet kom meir i byger, men når det kom var det høve til å verte godt våt om ein var ute. Noko mi kjære og eg fekk erfare då vi skulle i kyrkja ut på kvelden.
Eg hadde meg nokre runder ut utover kvelden for å sjå til at vinden ikkje gjorde skada, men tilslutt kraup eg under dyna og let vind vere vind, sjølv om det i vindråsene ula godt utanfor veggane.
No har vinden dreia litt meir mot nord, så sjølv om fjorden endå går kvit, er vi komne litt meir i le for den. Men nettavisene no på morgonen har mange meldingar om stengde vegar og ferger som er innstilte.

onsdag 27. november 2013

Det skifter fort

Så er snøen som kom før helga borte. Det skifter fort her på kysten. I byte har vi fått regn og vind. Storm lovar værmeldarane, men den vert nok ikkje så sterk her inne i fjorden. Eg har hatt nokre ykter med å spa unna litt singel slik at det vert parkeringsplass til ein bil. Slik den no står sperrar den for å kome fram med snøfresen, så det må eg verte ferdig med til neste snørid. Diverre har kreftene minka siste åra, så det vert ikkje så lange yktene før eg må kvile.  Men no siste ykta med spada måtte eg kaste inn handkledet av andre grunnar. Drivgardane stod tett etter bøane, og vinden byrja å flytte på leiker nede ved huset. Og no er det så grått av regn at eg knapt ser over fjorden lenger. Eg kunne heller tenkje meg ei himmel lik den på biletet. Det er ikkje så mange dagane sidan den synte seg fram slik då sola vart borte bak åsen i sør.

onsdag 20. november 2013

Morgon raud

I går morgon vakna eg til denne vinteren sin første snø. Snøelingane kom jamt utover formiddagen, men ut på dagen klårna det av. Og i dag tidleg loga austhimmelen opp og farga morgonen raud.
I tillegg fortell mi kjære meg at under vandringa langs Olavsvegen i Spania komande mai, vert eg åleine mann mellom fem kvinner. Det kan verte spanande.

lørdag 16. november 2013

Det bles og regnar

Lavtrykka står i kø inn mot kystane våre i desse dagar. I går kveld og natt for eine stormen nordover. Ikkje så mykje vind hjå oss her inne i fjorden, men regn vart det nok av. 90 mm siste døgnet, noko som gav store jord og steinras fleire stader. Jamvel hus vart truga, og mange fekk ei natt på trygge stader utanfor heimen. Været var betre i dag. Lite vind og ikkje så mykje av regnet, men elvane gjekk flaumstore. No til kvelden er vinden i ferd med å ta seg opp att. Eit nytt stormsenter er på veg inn mot kysten lenger nord, men sjølv i fjorden her sør merkar vi at noko er på gang. Det kan verte ei uroleg natt for mange.

mandag 11. november 2013

Det dagast

Eg sit med det yngste barnebarnet i hendene. Det er tidleg morgon. Over fjellranda i aust byrjar ein varsam raudfarge å syne seg. Den aukar i intensitet, så eg leitar fram kameraet. Etter ei stund når den topppunktet. Den gyllenvarme raudfargen lyser opp dei grå skyene. Men brått byrjar fargen å tone ned, og snart er den borte. Berre ein grå vinterhimmel er att. Ikkje lenge etter ser eg snøfoket står opp og ut frå dei høgste toppane. Det teiknar til å verte ein vindfull og grå dag, men mogonhelsinga den kom med var fager.

fredag 8. november 2013

Oi!

Det er ikkje så ofte posten ringer på mi dør, men her ein dag hende det. Då eg opna fekk eg ei pappøskje i handa. Frå Amazon i England, må vite. Den fjerde boka i ein serie på fem. Om kristent opphav og Gud. Eg tinga den på våren ein gong, då eg såg at den var på veg. For eit par veker sidan vart eg varsla om at den ville kome til meg den 5. nov. Og den dagen ringde posten på døra mi. Eg venta ikkje lenge med å opne pakken for å ta boka i augesyn. Då var det ikkje berre ei bok, men to. Så no har eg arbeid ei tid framover. Omlag 1500 tettskrivne sider om Paulus, hans samtid og teologi, vil kreve si tid. Når det i tillegg er på engelsk må eg nok til tider og opne ordboka. Det vert nok mindre tid til å sjekke kva kanalane på TV'en har å by på framover. Og det er kanskje berre bra.


mandag 4. november 2013

Det kveldar

Det mørknar mellom fjella. Kvelden legg seg over bygda og natta stundar til. Dagen gav sol frå blå himmel og 13 grader pluss på det meste. Men inn frå vest ruller tunge skyer. Kva har dei i famn for morgondagen?


søndag 3. november 2013

Helgemessesøndag

Det er tidleg morgon helgemessesøndag. Dagen som talar om at der er noko meir på andre sida av vår siste fiende, døden. Ute har naturen skifta let siste dagane. Lauvet er for det meste borte frå trea. Att står nakne greiner. Bygda har fått ein annan fargetone. No er haustens raud, gul, brune fargar borte. Liene har kledd seg i brun og grått. Berre bøane lyser enno opp med sin grøne let.
Øvst oppe under dei grå skyene har fjelltoppane kledd på seg ei kvit drakt. Eit varsel om at vinteren nærmar seg. Det er på tide å sette bort det som høyrde sumaren til, og sjå til at snøfresen er klar for det første snøfallet.
Men helgemesse talar om ein ny vår. Når vintertida er over, vil det igjen grønkast i liene. Nytt liv vil spire fram.  Det veit vi av erfaring. Kva som hender når vi forlet dette livet, veit vi heller lite om. Ingen har vendt attende for å fortelje. Men Guds Ord talar om at også der ventar ein ny vår etter "vår vinter."


torsdag 31. oktober 2013

31.10.2013

Siste dagen i oktober vart mild i år. 12 C+-grader har gradstokken synt på det meste. Og været? skiftande mellom opphald og regn. Nokre solstrålar har og lurt seg inn vindauget. Eit lite glimt fekk vi i det sola vart borte bak Melshornet, og drivande regnskyer frå sørvest. Det merkast at dagane vert kortare. Med sommartida sin ende kom kveldsmørkret brått mykje tidlegare. Men om to månader har sola vendt og er på veg opp over fjella att. Heldigvis er bilen klar for vinterføret når det kjem. Ein tur til Sogn for eit par veker sidan gjorde at eg la om før tida var koma.
Dagen elles har elles vore roleg. Spansksamling med litt hyggeleg drøs. Litt anna lesing, og mykje kaffi. Og så har vi fastsett at i slutten av mai vert det vandring i Spania att. Så no byrjar månadane med førebuing Det er Camino de St. Olav og Camino Ingles som ventar på oss fire vandrarane, orsak; pilegrimane.. 

lørdag 26. oktober 2013

Vegg - veg


Underleg kva berre ein bokstav kan utgjere. Legg ein bokstav til eit ord, eller ta bort ein, og du får eit heilt anna ord med ein heilt anna tyding. Som  veg - vegg. Vegen er open, fri, og strekkjer seg ut i det uendelege. Om ein vil nytte den fullt ut. Veggen stenger inne, og lukkar ute. Uten opningar i veggen vert det mørkt i romet bak den, men eit vindauge kan sleppe lys inn bak veggen. Men for å kome inn eller ut av romet bak veggen, må ein ha ei dør som opnar opp veggen.Gir ein høve til å gå gjennom den. Møter eg veggen i livet, då er det stopp. Då må eg finne ein veg rundt veggen for å kome vidare.
Som pilegrim - vandrar - har vegen vore det som har fasinert meg mest. Kvar byd han meg, kvar fører han meg og kven møter eg der? Men dei mange veggane vegen har ført meg langs har og gitt meg mange tankar. Ved sida av den opne vegen har dei reist seg og stengt meg ute frå romet bak dei.  Eg har undra meg; Kva skjer der? Korleis ser der ut? Kven er dei som lever og bur der bak veggen?
Og dei der inne, kva tenkjer dei når dei ser meg gå forbi?
Veg - vegg.
Er desse tankane overførbare til våre liv - trusliv?
Meisteren sa ein gong at han var vegen som førde til Gud, vår Far. Og dei første som kom til tru på han, kalla seg: dei som går på vegen. Og - dei levde sitt trusliv i stor grad på denne vegen. Noko som vart sett, lagt merke til, og førde til at fleire kom til tru og byrja gå på same vegen. Sjølv om det både storma og bles der. Eg har ei tru om at det var gjerningane deira, saman med orda, som skapte etterfylgjinga.
I dag høyrer vi ofte at vi som trur stenger oss inne bak veggane. Vi er inne i det trygge romet og seier: kom inn til oss og vert som oss. At vi lever som det står i sangstrofa, Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst. Eg er redd for at då tagnar og det vitnemålet vi skulle vere ute på vegen der folket ferdast. Og flokken der inne bak veggen minkar, og vert eldre for kvart år som går.
Nei la oss fylgje Paulus sitt råd om ta på oss Guds fulle rustning og kom oss ut på vegen igjen, om det både stormar, regnar og bles der. Vere vandrande pilegrimar på Vegen med stor V.
 
 

onsdag 23. oktober 2013

"Gudsfrykt med nøisomhet."

Eg les i avisene om kva inntekt ein må ha for å ikkje kome under fattigdomsgrensa. Og eg ser at mi kjære og eg nok høyrer til i den gruppa som vert rekna som fattige. Men no har vi fått ny regjering, og ny retning på politikken i landet. Kanskje det er ei von om betring? I mellomtida må eg nok leve i vona om den store lottovinsten. Undrar meg på om eg har lodd, forresten?
Eit par sundagar sidan vart eg i gudstenesta sine skriftlesingar mint på noko Paulus sa til sin læresvein Timoteus, og som tidlegare tider lydde slik;  "Gudsfrygt med nøisomhet er en stor vinding." I dag, i den siste omsetting til mitt mål, lyder det: "Å frykta Gud og vera nøgd med det ein har, er ei stor vinning."
I det fattige Norge, for 50-100 år sidan fortalde det noko rett inn i folks kvardag. Men i dag, når dei fleste har meir enn nok, både av pengar og materielle ting? Sjølv eg som høyrer til under fattigdomsgrensa. Har ordet noko å sei oss?  Har det vorte heilt utdatert, uaktuelt? Og kva gjer rikdomen med oss, som folk? Har vi vorte lukkelegare av den - eller har vi vorte meir egoistiske? Kanskje det er på tide å lyfte fram att Paulus sine ord. Få dei opp på stoveveggane igjen. Brodert med gullbokstavar, og pent innrama. Slik våre besteforeldre hadde det på veggane i sine stover. Det er ikkje alt som kan kjøpast for pengar.


tirsdag 15. oktober 2013

Og så?

Eg fann att det runde ChiRho-symbolet då eg kom fram til Santiago. Oppe på ei søyle ved ein av portane inn til katedralen stod det, vokta av to dyr som eg ikkje skjønar kva er. Men symbolet var greit nok.  XP som er dei to første bokstavane i det greske ordet for Kristus, ΧΡΙΣΤΟΣ. I tillegg hadde symbolet  på katedralen i Santiago, også fått med seg ei horisontal linje gjennom sentrum. Krossen var fletta inn. Men noko var ulikt dei eg før hadde sett.  Alfa og Omega var der, men dei hadde bytta plass. Omega hadde fått førsteplassen framfor Alfa. Den siste hadde vorte den første. Kva var det steinhoggaren i si tid hadde hatt i tankane? For noko må då ha vore grunnen til denne endringa. Var det ei påminning til alle pilegrimane som etter si lange vandring endeleg var framme ved målet, om at de kan ikkje legge ned vandringsstaven enno.  No står vandringa attende til utgangspunktet att. No kan de byrje på vandringa heim att.
Men kva seier det til vår tids pilegrimar. Dei som, når dei er framme, ikkje vender om og tek fatt på den lange vandringa heim, men set seg på buss, tog eller fly, og er heime på nokre få timar. Og ikkje etter veker, månader og år. Seier det at no ventar nye vandringar, nye vegar, nye heilage mål? Du er ikkje framme enno.
Eller låg der teologiske tankar bak? At etter livet her er over, så byrjar eit nytt? Er der eit æveperspektiv bak den endra rekkefylgja på dei to bokstavane? I tilfelle så er det ei ukjend framtid, sjølv om skrifta , og Jesus, gir oss nokre bilete av den framtida. Biletet som ofte vert brukt i mange kyrkjelydar, og av mange forkynnarar, som bilete på himmelen sine "gleder" rett etter vårt jordliv er over. Og bilete brukt på ein måte som eg ikkje trur samsvarar heilt med det skrifta fortel. Ein britisk teolog skriv om "life after life after death". Det tyder i så fall på ei lengre "vandring" - på den andre sida - fram mot den nye jord der fred og rettferd bor - enn det vanlegvis vert sagt. Men det har ingen hast å få vite det.
I staden tolkar pilegrimen i meg den ombytte rekkfylgja av bokstavane som at Santiago er ikkje endepunktet men meir ein av mange delmål for meg, for nye vegar å vandre ventar, som pilegrim på jord. Medan eg enno er her.


lørdag 12. oktober 2013

I mål?

Eg fall for denne utgådde vandrarstøvelen som stod på ein stein då vi kom over brua ved Puenta del Reina. Vel, kanskje ikkje berre støvelen, men saman med  snegelen som hadde gått til ro på den.
Slik hadde eg ei ei tru på at livet som pensjonist skulle verte. Når eg vel hadde teke av meg yrkeslivet sine slitne sko, då skulle få eg nyte roa og freden som denne snegelen.
Men det er vel igrunnen bra at ein kan ta feil. Resultatet hadde nok ikkje vorte av det beste for meg, om så vart røyndom.
Kanskje er det mi eiga skuld, men eg har så lett for å setje meg nokre mål som kan vere slitsomme å nå, som den tidlegare omtala muren ved vegen ned til huset. Den eg har streva med i mange år alt. Eg trudde det var eit lite og overkomeleg prosjekt då eg byrja, men det vaks meg nesten over hovudet etter som arbeidet gjekk fram. Og endå er eg ikkje komen i mål, men det nærmar seg, sjølv om eg ikkje er heilt nøgd med resultatet.
Men i dag kom eg i mål med eit anna av prosjekta. Å få ny grus på vegen ned til huset. Det er mange år sidan sist, og no trongst det ny grus på den. Det er godt å kome i mål med det. Då får det våge seg om ryggen protesterte svært så kraftig etter kvart. Men det er vel nok eg har skuld i sjølv. eg har vel nytt sofalivet for mykje siste året. Vandraren skulle nok snørt skoene på og teke føtene fatt, så hadde nok ryggen og tolt meir. Så det får vere eit nytt mål utover seinhausten; å ta med meg mi kjære ut å gå nokre dagar i veka.


tirsdag 8. oktober 2013

Å oppdage ei symbolverd

Frå langt attende i min ungdom har eg sett dei, symbola, men igrunnen utan å legge dei noko særleg på minnet. Så fekk eg meg eit yrke som førde meg i nærkontakt med kyrkjeromet, og eg byrja å legge meir merke til dei.  Men det var først under dei to siste dagane på vår første vandring etter Jakobsvegen, at dei steig retteleg fram. Og den utløysande faktoren var tympanumet i Conques. Den seine kvelden eg stod på plassen utanfor kyrkja og høyrde presten legge ut om bileta over kyrkjedøra. Endå eg ikkje skjøna eit ord av hans franske mål. Men det kveikte noko hjå meg. Ei nyfikne på kyrkjekunst og kristne symbol, og den har vakse seg alt sterkare for kvart år sidan. Kanskje er det pilgrimen i meg som stikk hovudet fram?

Vi fekk husrom hjå eit eldre ektepar nede i fransk baskarland, og fekk eit triveleg opphald der. Heimen deira låg oppe i ein åskant eit stykke frå landsbyen. Vi rusla ein tur inn dit i kveldinga for å sjå oss rundt, og vitje kyrkja. Men der var det stengde dører. "Det er ikkje noko problem", sa verten, "Nøkkelen ligg ved portstolpen. Det er berre å ta den og låse seg inn." Og det gjorde eg.
Kyrkja mangla litt på vedlikehaldet. På golvet låg der bitar av murpuss som hadde falle ned frå taket. Dei har vel ikkje så alt for mykje til vedlikehald, små kyrkjelydar på landsbygda i Frankrike heller? Men utanom det, så var det mangt der inne som fanga meg. I koret mellom anna to vakre og fargerike glasmåleri. Det eine fylgjer orda mine her.
Vi ser kvite duer over ein font. Er det ein døypefont? Og på toppen fleire logar som lyfter seg. Begge deler er symbol for Guds Ande. Men mellom duene og logane er eit symbol eg fann att mange stader på vegen mot Santiago. Eit ChiRho teikn, eit symbol forma av dei første bokstavane i det greske ordet for Kristus. Men der er to greske bokstavar til. Ein A og O, den første og siste bokstaven. Starten og slutten. Vert då alt omslutta av dei, alt so er mellom dei to, slik ringen rundt dei viser? Kva er i såfall att utanfor?
Og ein formasteleg tanke. Kva skil i så fall vandraren ifrå pilegrimen?
Er det rett det Maxim Gorki eingong skreiv: " Alle er vi pilegrimar på denne jorda. Eg har jamvel høyrt sagt at i himmelen er sjølv jorda ein pilegrim."


lørdag 5. oktober 2013

Vegen ved krossen

Vi hadde fått ei seng og mat  i den vesle landsbyen oppe i fjellet. Vegboka mi fortalde at landsbyen ei tid hadde vore folktom, at husa forfall og ramla saman. Men no hadde grenda så smått byrja å vakne til liv att. Den hadde opplevd ei oppstode frå ruin og død.
Det var tidleg morgon då vi kom ut i landsbygata, klar for å vandre vidare opp mot toppen på fjellet. Då ser eg, litt attende i landsbygata, krossen teikne seg mot den lysare austhimmelen som raudna av lyset frå den stigande sola, endå var under himmelranda.
Ein pilegrimsveg, ein kross, ein landsby som opplevde ei oppstode, og ein komande ny dag. Der i den mørke landsbygata,  steig dei fram for meg som symbol metta med innhald.
Krossen, det mest kjende av alle kristne symbol. Krossen som fortel om han som fullenda all rettferd, med å gi sitt eige liv som ei soning for all vår urettferd. Til det er eg komen, sa han, det er mi oppgåve.
Landsbyen der dei fleste av husa framleis låg i ruinar, men som så smått hadde byrja å reise seg til eit nytt liv. Og den raudfarga lysstripa i aust som fortalde om at snart byrja ein ny dag for oss.
Den tredje dagen , i solrenninga, vart grava hans tom. Berre likkleda låg att. Oppstoda hans er grunnsteinen i vår kristne tru. Den lovar ein ny start. Etter død og ruin.
Og vegen vi hadde kome vandrande, og som vi snart skulle gå vidare på. Jakobsvegen. Pilegrimsvegen. Eg er vegen, sa han. Gå meg. Gå med meg.
Eg vender meg om og går oppover den mørke gata. Eit stykke lenger oppe når eg att mine medvandrar, og saman går vi opp mot fjellet medan det lysnar av dag rundt oss.

Vandrar eller pilegrim? Vandrar, ja. Framfor ligg mange mil fram til Santiago. Men pilegrim? Jau, også pilegrim. Kvifor? Fordi når vandraren i meg også tek med seg på vegen, Han som sa; Eg er vegen. då skaper Han vandrarvegen om til ein pilegrimsveg. Og vandraren i meg, slik eg tenkjer,  vert omskapt til ein pilegrim som vandrar saman med Han på den lange livsvegen, men og på den kortare vegen til eit heilagt jordisk mål.

Sakte steig vegen oppover mot fjellet der skodda omkransa vegen, skogen og den store røysa under jarnkrossen på Cruz de Ferro. Og medan sola sine strålar braut gjennom skodda, vart tankane mine bytt bort i handling. Ta bilete av oss, høyrde eg frå mine medvandrar oppe ved krossen på den store røysa.

torsdag 3. oktober 2013

Inn i det ukjende

Det var vel heller ikkje heilt i samsvar med sanninga det andre eg skreiv om den lange vegen. At vi kan sjå langt framover på vår vandring. Anten det er etter Jakobsvegen, andre vegar, eller livsvegen, så ser vi ikkje så veldig langt fram. Det kan nok liknast litt med å vandre i eit skoddelagt landskap. Vel kan vi kjøpe  bøker som fortel kva som møter oss framanfor, men likevel så klarer ikkje bøkene å gi eit fullstendig kjennskap til kva som er rundt neste sving eller over neste bakketopp. Erfaringane som vegen byd får vi først nyte i etterkant. Det trur eg vi skal vere glade for. Det er det ukjende som skaper spenninga i vandringa. Det uventa. Det motsette kan lett verte ei bør. Eg har ståande i bokhylla mi Gabriel Scott si bok; Det gyldne evangelium. Den skildrar ei vandring Vår Herre og Sankt Peter gjorde på jord, og der Peter får høve til å prøve ut endringsforslag på Vår Herre sitt skaparverk. Mellom anna får han prøve ut å kunne sjå framover i tid til kva som vil hende. På den måten vil han vere førebudd når det hender. Det går heller dårleg, og det endar med at Peter ber Vår Herre om å verte friteken for den evna. Eg trur vi skal vere glade for at vi ikkje har ei slik evne til å sjå framover, og at det istaden er når vi ser attende at vegen opnar seg i si fulle lengde for oss. Med alt det den gav oss under vandringa. Både dei tunge motbakkane, og dei opne flate viddene.

tirsdag 1. oktober 2013

Motbakkar

Lyg eg ikkje litt når eg påstår at vandringa mi har vore utan motbakkar? Jau, det er nok ikkje heilt i tråd med sanninga. Vandringa etter Jakobsvegen var nok ikkje utan tunge motbakkar. Heller ikkje steineste  og utfordrandre stiar. Slik er det nok også når det gjeld livsvandringa. Den går ikkje berre etter flate landevegen. Eg kjenner dei som har fått oppleve både tunge og steinete motbakkar på si vandring. Både i eige liv og i nær familie. Og eg møtte menneske etter Jakobsvegen som hadde ei vandring i tårer. Livet er ikkje alltidt like enkelt for alle.
Dei siste månadane har vi både sett, lest og høyrt om prøvingar på verdsarenaen som for meg syneste uoverkomelege, og eg må spørje meg" Kvar kjem all vondskapen frå?". Mykje av det grufulle vi ser hender, kjem frå menneske som trur seg å handle på guds vegne. Er gud vond, som mange hevdar, eller er det menneska som har gløymt gud, og gjer seg sjølv til gud? Til herre over andre sine liv og død.
Nei, sanneleg. Pilegrimsvegen er så visst ikkje utan motbakkar.

fredag 27. september 2013

Den lange vegen

Vi har hatt nokre vakre haustdagar her på vestkysten i det siste, med sol og stavstill fjord. Det har vorte lite med meg utanom å nyte godværet. Men litt har eg då gjort. I går fekk eg opp rota av ein prydbusk. Eit arbeid eg har kvitt meg lenge på å byrje med. Men i dag hamna den på ruskedungen.  For ei veke sidan vart mi kjære og eg besteforeldre for 13 gong. Denne gongen til ei lita jente, og i dag fekk eg halde henne for første gong medan ho sov i armane mine. Stort. Ei lita jente som nettopp har byrja på den lange vegen. Livsvegen. Og vonleg vert han lang og god å vandre for henne, men lite veit vi om det. Vi kan vel sjå ( det er vel rettar å bruke ane her, enn å sjå) vegen bukte seg eit stykke framover, men snart vert han borte for augo våre. Vi veit berre at om levedagane kjem, så held han fram, om vi ikkje kan sjå det. Sjølv er eg langt der framme ein stad. Eg nærmar meg endepunktet, utan at eg veit noko om når eg er der. Dei som har forstand på slikt, meiner at det ligg i genane mine. Kva no det tyder? Ser eg meg attende, så har vegen min vore mykje lik den på bilete. Den har ikkje bydd meg på store utfordringar så langt. Lite sorger, men mange gleder.
I luthersk tankegang er det vandringa vår etter denne lange vegen, livsvegen, som er vår pilegrimsvandring. Ei pilegrimsferd som er - eller som skulle vere - ei vandring med "Den Heilage."


onsdag 25. september 2013

Undervegs


"Jau, visst er du pilegrim", sa dei til meg når eg ytra mine tvil andsynes det. Men eg ser ingen ulikskap mellom vandraren og pilegrimen når det gjeld å vandre langs ein veg mot eit "såkalla" heilagt mål. I alle fall ikkje slik vi syner oss fram i det ytre. Men kva så med vår indre personlegdom? Er det der pilegrimen dukkar fram? Og korleis ter han seg då? Er det der eg i tilfelle finn pilegrimen i meg?
For mange år sidan mottok eg nokre brev frå ein organisasjon i Italia. Dei ynskte pengegåver til eit stort pilegrimssenter dei var i fred med å reise i ein by heilt sør i Italia. Over ein Padre Pio. Han var fødd i 1887, og døydde i 1968. I 2002 vart han erklært heilag av pave Johannes Paul II. År seinare på ein tur i Italia, såg eg fleire vogntog som hadde bilete av Padre Pio måla på utsida av førarhuset. I dag er pilegrimssenteret reist og tusenvis valfartar dit årleg. Eit av dei mange "nye" pilegrimsmåla som har dukka opp dei siste par hundreåra. Ein slik pilegrim kan eg nok ikkje kalle meg. Å valfarte til heilage mål i den "katolske" meininga gir ingen respons hjå meg. Då er eg berre ein nyfiken turist, eller vandrar. For meg er det heilage å vandring mot den Heilage. Og den slags pilegrim kan eg like godt vere heime i mitt eige landskap. Eg treng ikkje reise nokon stad for å vere det. Men likevel så gav eg meg ut på å vandre vegar mot heilage mål. Når eg no, etterpå, ser attende. Fann eg far etter pilegrimen i meg under vandringa mi? Kva slags far var det i så fall?

lørdag 21. september 2013

Snegelen

Ein snegel att. Ein grå snegel på grå sand. Ikkje er det han har på ryggen så særmerkt heller. Kva er det med den?  Ingen ting. Det er ein snegel som kryssa  min veg ved Logroño.
Jau, kanskje der er noko likevel.  To ting. Det eine er farta.
Den er ein "slow walker", som eg er. Når eg er ute og går, så vert eg oftast forbigått av andre med raskare føter. Eg er ein "snegelvandrar" med roleg gange. Eller kanskje ein skilpadde-vandrar som nokre kallar seg. Men eg kan ikkje sjå at pilgrimen skil seg frå vandraren når det gjeld gangfart.

Det andre er børa snegelen ber på, huset. Under vandringane mot Santiago har også det vore eit emne for samtale. Kva er det vi ber på? Treng vi ha med alt, eller ber vi på for mykje? Der er eit råd for kor mykje ein skal bere med seg. 10% av eigen kropsvekt. Eg har aldri kome dit ned.
Dei første pilegrimane hadde ikkje med seg meir enn at dei greidde seg med ei veske over skuldra. (viser gamle teikningar av dei) Utifrå det er det er klårt at eg har bore på alt for mykje. Men kva skal ein legge att heime? Kva er det ein ikkje treng? Det er det ikkje enkelt å kome til rette med. Det er mykje som kan vere greit å ha. I tilfelle at ein skulle kome til å trenge det.
Heller ikkje her tykkjest det meg å sjå noko ulikskap mellom pilegrim og vandrar.
Har eg då funne om eg er ein pilegrim eller ein vandrar? Nei, når det gjeld det ytre kan eg ikkje sjå nokon skildnad. Skilnaden må difor ligge på eit anna plan. Om der i det heile er ein skilnad?
Men det vert nok ei anna soge.


onsdag 18. september 2013

Kven er eg?

-Kor det går. Finn du ut om du er ein pilegrim? Eg er spent. - Omlag slik fall orda frå ein av mine medvandrarar.  Ho har ofte, gjennom 6 år med vandring, fått høyre meg bale med spørsmålet. Ja, eg undrast sjølv. Eg undrar meg på kva det er eg har gitt meg ut på. Og kvar det fører meg. Men det er vel på tide å prøve å finne svaret etter å bala med spørsmålet i mange år. For mange kanskje eit heilt uviktig spørsmål. Men. Svaret kan nok ha sine fylgjer, anar det meg.
Og deå er det vel på tide å kome til rette med det. No når eg har passert dei 70, og er igang med nedtellinga. Tidlegare, då dagane sine krav stod i kø, hadde eg ikkje så mykje tid å fundere på slike "marginale" spørsmål. Då var det andre saker som kravde mi merksemd. No har eg tid til å la tankane flyte fritt, i tidlege morgonstunder medan dagan vaknar, eller i seine kveldar, i senga før svenen fangar meg.
Nokre bitar av kven eg er har funne sin plass i puslespelet mitt.  Eg er nyfiken, ikkje gul eller blå som eit par svenske filmar for mange år sidan, knytte nyfikna til, men på kunnskap. Eg merka det dei gongane eg har vore med på vandringa gjennom Valdres. Det stimulerte meg alle sogene om folket, landskapet og bygningane som eg fekk høyre undervegs. Og under vandringane i Frankrike og Spania var noko av det som fengsla meg mest, nettopp  sogene som landskapet, stadane, kyrkjene og kyrkjekunsten hadde å fortelje. Og etterpå, når eg les om vegane vi gjekk, får eg  lyst til å legge ut på ny vandring same vegen, for å få sjå og oppleve det eg ikkje såg, men gjekk forbi. Men her arbeidar nok tida imot meg.
I tillegg til nyfikna på historie og geografi, er eg nyfiken på teologi, læra om Gud. Eg les heller slike bøker enn krim. Krimbøker les eg på skrått, Då hastar eg fram til siste side og løysinga på gåta. Men når det gjeld teologien då er eg ein snegellesar. Eg likar å vite, og då har eg god tid. Kanskjer finn eg her eit samanfall med vandraraen kontra pilegrimen? 

mandag 16. september 2013

Kvifor gjekk dei?

I avisa "Vårt Land" held ordskiftet om pilegrimsvandringa i vår tid fram. Bakgrunnen for ordskiftet er ei gamal latinsk bøn til Heilag Olav som vart framførd under Olavsdagane i Trondheim. Og då er med ein gong spørsmålet om katolsk mot  reformatorisk innhald hjå den moderne pilegrimen / vandraren aktualisert. Og det åleine er interessant nok. Eg har sjølv fundert mykje på det sidan eg gav meg ut på pilegrimsvegen.
På bakgrunn av det kan det vere interessant å sjå på kva som var grunnen for dei første pilegrimane. Dei første århundra veit vi vel lite om, men der var nok alt då truande som gjekk til dei stadane dei les om, eller fekk fortalt om, der Jesus levde sitt liv og leid sin død. Då mor til keisar Konstantin kom til Palestina for å leite opp desse stadane, fann ho ein levande tradisjon. Trass i at romarstaten hadde gjort sitt for å radere ut alt som kunne knytast til Jesu liv og oppstode. Men når romarstaten gjorde kristentrua til staten si tru, auka nok mengda av reiser til desse stadane. Ei av dei første som skreiv om ei slik reise, var ei kvinne frå Galisia, Egeria. Ho gjorde ei ei treårig ferd midt på 300-talet, og skreiv reisebrev attende til sine "systre".
Eg trur nok at dei første pilegrimane drog, ikkje for bøn og bot, men for å sjå og å oppleve. Og det er vel kanskje ikkje så veldig ulikt med flesteparten av våre dagar sine pilegrimar. Det vere seg katolikkar, protestantar eller dei ikkje religiøse vandrarane.
Først seinare fekk slike "katolske" element som botsreiser, og forbønsreiser ein sterkare plass. Og her skil nok den katolske og protestantiske tradisjon og fortolking av pilegrimsvandringa seg frå kvarandre.
Så sit eg att med mitt spørsmål. Kva er innhaldet i vandringa for pilegrimen i dag? Er det den katolske forståinga slik den utvikla seg gjennom tida. Med hovudvekta på bøn, forbøn,( - og kanskje og litt bot?) Eller er det den opphavelege, der ein stor porsjon nyfikne på vegen og heilagstaden spelar med? Er det der den protestantiske pilegrimen hamnar?


lørdag 14. september 2013

Den gode farta

Den gode farta. Kva er det?
Gjennom den lange vandringa får eg  høve til å møte meg sjølv. Når dei mange krava mine er borte, og eg har berre nokre få grunnleggande behov att. Mat og drikke, ei seng å sove i og vatn til skylle bort støv og sveitte.
Når media ikkje lenger krev mi merksemd, då kan eg kjenne at eg er tilstades i eit anna rom enn eg brukar ferdast i, og då kan det og hende at eg kan kome til å kjenne angen av det heilage nær meg, i meg. Men eg måtte lære det før det gjekk opp for meg kva som er det viktige i mi vandring. Når det ikkje lenger var målet der framme (kva så enn målet er) som hadde fokuset, men vegen og vandringa. Når det å vere i augneblinken, i det som heiter no, fyller vandraren. Då kan det skje at vandraraen i meg trår attende og pilegrimen overtek.

Vi møtte eingong tre unge franske jenter, og vi spurde kor langt dei planla å gå for dagen. Neste dag skulle dei gå 36 km, var svaret. Eg vart imponert, men første året av vår vandring trudde eg og at 30 km burde vere målet for ein dags vandring. Og med denne mi målsetting stressa eg mine medvandrarar. Diverre.
Når eg les mi utgåve av den gamle vegvisarboka for pilegrimsvegen, Codex Calixtinus, ser at eg den reknar med 13 dagsetapper frå St.Jean Pied de Port til Jakob si grav. Det er 70-75 mil. Det vert mellom 5 og 6 mil for dagen. Eg skal vere i særs god vandrarform for å gjennomføre ei slik vandring, Det vert ikkje tid til mange pausar med slike dagsetappar.
Ein betongstolpe aust for Astorga bar desse orda; "Good speed is you speed." Den gode farta er di fart.
Dersom det var heilagstaden der framme som var målet, og vegen var underordna det, då hadde eg nok prøvt å gå så raskt som mogeleg var. Men då eg etter kvart skjøna at målet der framme er underordna vandringa etter vegen, forsvann og stresset med å gå så langt og fort som råd. I staden fekk eg tid til å sjå kva vegen hadde å by, tid til ettertanke, tid til kvild. Den gode farta var mi fart, ikkje den andre hadde.
Det tok litt tid å lære det, men då hadde eg og skjøna at det er ikkje kor mange kilometer for dag som er det viktige. men at ein har ro og fred i sjel og kropp, og er mottakeleg for det vegen byd. Om det vart 8 eller 20 km på ein dag, spelte igrunnen inga rolle lenger.
Etter at eg vart pensjonist har eg skjøna at det gjeld også dagane mine no, Slik mi kjære alltid har fortalt meg. Hugs å leve no, medan du lever. Hugs det er fleire av dei "små" gledene enn dei store.











torsdag 12. september 2013

Kvifor?

Kva er er det eg har gitt meg ut på, tru? Eg byrjar å undre meg på kvar eg hamnar med desse små funderingane mine over pilegrimen og pilegrimsvandringa. Ber det heilt ut på viddene, eller kjem eg eingong fram til ein ende, eit mål? Har eg eit mål framfor meg, eller vert også den vegen skapt etter kvart som eg skriv?
Eg undrast.

Han kom inn på romet seint, fann seg ei ledig seng og byrja å gjere henne klar for nattekvila. Andletet hans synte at han hadde røter langt i aust. Rundt halsen bar han ein kross, og nyfiken spurde eg om han var ein kristen. Nei, det var han ikkje, fekk eg til svar. Men, kvifor går du då på Jakobsvegen, vart det spurd. Eg går for å finne ut kvifor eg går, var svaret.

Vi stod i eit vegdele mi kjære og eg. Kva veg skulle vi velje? Den eine vegen var skilta med ein snegle. Det tydde vel at den var av det lettare slaget. Der kunne vi nok og glede oss over store tre som kasta skuggar over vegen, denne heite dagen. Den andre var hovedvegen, hadde eg lese. Den skulle over ein ås med fin utsikt, og det siste stykket gjekk frå ein landsby og opp ein steinet prosesjonsveg til eit lite kapell på toppen. Og det stykket var uten eit einaste tre som vi kunne finne ly for den sterke solvarmen ved. Overkomeleg meinte eg, trass i den dirrande varmen. Berre ei to/tre hundre meter opp, og så ned att på andre sida av åsen. Prøvinga sitt berg kalle eg den etterpå.

Er der ikkje enklare måtar å finne svaret på kva vandringa etter vegen gir, enn å utsetje seg for slik galskap i nær 40 grader pluss? Kanskje ikkje. Kanskje er svaret gøymt nettopp i vegen sine utfordringar. For eg skal ikkje nekte for at vegane eg har gått, mange gonger hadde sine utfordringar til meg. Men dei var ikkje umogelege å kome igjennom, og så, etterpå kunne eg oppleve det positive i å ha meistra utfordringane.
Å gå for å finne ut kvifor ein går. Det svaret er det berre vegen, og vandringa etter vegen som gir. Men då må eg og stille meg open for det vegen og vandringa har å gi. Det tok meg litt tid å erfare, lære, det.



onsdag 11. september 2013

Pilegrim likevel?

Så kan eg ikkje, har ikkje samvet, til å kalle meg pilegrim slik katolikkane og dei ortodokse kyrkjene gir ordet innhald. Det er ikkje det at eg ikkje har vore på fleire av deira pilegrimsstadar.  Her, i biletet, var vi ein søndag, og i hovedkyrkja litt lenger attende i fjellveggen var det mykje folk. Der var det ei svart madonna over høgalteret, og køen opp dit var lenger enn lang. Sjølv under messa. Truleg var ikkje alle nyfikne turistar. Kanskje var dei fleste pilegrimar som kom for å be i kyrkja, og framfor madonnaen. Ved kyrkja her var det stillare, men her fekk eg for første gong sjå mengder av, ikkje så gamle, takkegåver av svært ulik art. Var dei eit synleg prov for svar på bøn? Truleg. Likevel, for meg har ikkje desse stadane vore viktigare bønestadar enn mi eiga heimekyrkje, eller morgonstilla heime i mi eiga stove. Det var nok ein av grunnane til at eg ikkje fann meg ein plass i køen forbi madonnaen der oppe. Når heilagstadane, som Jakob si grav i Santiago, for meg ikkje er meir heilag enn alle andre kyrkjer, reiste til Guds ære. Kan eg då kalle meg ein pilegrim? Fyller eg i så fall ordet med eit anna innhald, eit utvida innhald, der vandringa, og vegen, får ei større rolle enn i den opphavelege tydinga?

mandag 9. september 2013

Pilegrim?

Det syner kanskje litt av mitt tvisyn på kven eg var, dette at eg gjekk mot Santiago på ein veg som både var vandrarvegen GR65 og pilegrimsvegen Via Podiensis. Om eg ikkje var så veldig oppteken av spørsmålet det første vandringsåret, så dukka det etter kvart opp nokså ofte. Er eg ein vandrande turist, eller er eg ein vandrande pilegrim? Rett nok har eg på biletet ikledd meg ei kunstig pilegrimsstafasje frå gamal tid, men mi vanlege utrustning, også tankane mine, var nok meir "moderne". Men ein møtte vi som hadde ikledde seg ei slik vandringsdrakt. Ein ungdom frå Austerrike.
Eg ser på nettsider eg las at eg er ikkje åleine om å bale med spørsmålet om kva som skil pilegrimen frå turisten. Eller omvendt. Seinast i dag har avisa Vårt Land to stykke som er inne på spørsmålet.
Ved mi kjære og min sin seinsommarferie dukka spørsmålet igjen opp i ei samtale. Eg prøvde å forklare kva eg meinte skilde turisten og pilegrimen, og fekk motbør. Nyleg var eg inne på ei nettside der bloggaren la fram sitt syn, og då var det eg som ikkje kunne seie meg samd. For henne var det målet som var det viktige. Og det kan det nok vere for den truande som enno er i helgen tradisjonen. Eg er ikkje der, har aldri vore der heller.  For meg har både indre og ytre opplevingar langs vegen like mykje verd som målet. Men dette spørsmålet er nok like aktuelt antan ein går, syklar eller rid vegen. Ja endå om ein reiser på landjorda, over havet sine bylgjer eller sit i eit fly oppe over skyene. Kven er eg på mi ferd? Kva er det som skil pilegrimen frå vandraren? Eller som ein spurde i Vårt Land. Kan ein protestant vere ein pilegrim i den opphavelege tydinga det hadde i førreformatorisk tid, og kanskje enno har i dei eldste kyrkjene?

lørdag 7. september 2013

GR 65

Var eg budd på den lange vandringa? Både ja og nei. Eg trur nok eg helst var ein vandrande turist første året vi gjekk, og lite pilegrim.
Vi kom med fly til Paris, og så hurtigtug sørover til Lyon. Toget gjekk ikkje med same farta opp til St. Etienne. Der bytte vi til eit saktegåande lokaltog vidare inn i fjella til Le Puy en Velay. Pilegrim? Ja, vegen vi skulle gå var den gamle pilegrimsvegen som ein biskop Godescals av Le Puy  gjekk i 950. Eg trur nok at det var lite gåing med han og fylgjet hans. Truleg gjekk ferda på hesteryggen eller med vogn, og dei overnatta nok godt i dei mange klostera undervegs. Men han er rekna for å vere den som opna denne pilegrimsvegen til Jakob si grav på stjernemarka, vest i Galisia. Men vi skulle gå tjue mil det året, og med altfor tunge sekkar på ryggen. Det er ikkje gjort over natta å kome inn i pilegrimslivet. Alt må lærast, så første året av mi vandring var eg nok turist,. Andre året byrja nok pilegrimen å stikke hovudet fram.
Den har mange namn denne vandringsvegen. Dei tyske kallar han Der Jakobweg. På fransk er det Chemin de St-Jacques, dei engelske The Way of St.James, og på spansk Camino de Santiago. Men sidan der er fleire utgangspunkt for vegar til Santiago i Frankrike, har han og namnet etter startbyen, Le Puy Route. Latin var nok det språket som biskopen nytta, og då heitte han Via Podiensis.
Men i vår tid er vegen ein del av eit større nettverk av langvandrarvegar i Europa, noko som på fransk lyder Grande Randonnée, og dei har kvar sitt nummer. Vår veg byrjar i Geneve i Sveits , og ber nummeret GR 65. Og i Le Puy en Velay koblar GR65 seg saman med Via Podiensis. Den var godt merka med eit raudt og kvitt merke som synte oss både kvar vi skulle gå rett fram, svinge, eller kvar vi ikkje skulle gå. Og for ein nybyrjar på pilegrimsvegen gjorde merka det til ei god oppleving å vandre i eit vakker landskap. Kanskje det vakraste av alle dei ulike landskapa på vegen til Santiago.
Dei var gode å ha desse merka i eit framandt landskap. Det hende eg miste dei av syne. Då måtte eg gå attende til eg fann dei att, og slik på kome på rett veg igjen. Om vegen var gamal, så var det godt å finne merka som synte leia vidare mot målet. Kanskje vi kunne trenge å sjå etter merka som viser kvar den gamle vegen går i mange tidsaktuelle spørsmål og, ikkje berre når det gjeld vegen til Santiago. Eg har ei kjensle av at i vår tid er det mange som ikkje er så interesserte i slike vegmerke. Dei vil helst gå på den vegen som er inn i tida. Vegen der folkestraumen går. Den flate og breie. Ikkje den smale, svingete og bratte. Men kanskje vi burde lytte til den gamle profeten Jeremia når han seier: Spør etter dei gamle stiane, etter vegen til det gode. Ferdast på den, så skal de finna kvile.



torsdag 5. september 2013

Til fots på "stjernevegen".

Santiago de Compostela tyder Sankt Jakob på stjernemarka. Kanskjer er der mange stjernemarker rundt om. Det gjeld berre å å sjå dei der vi møter dei på vår vandring gjennom livet.
Angen av det heilage møtte meg ofte der eg var med på vandringa etter det eg kalla "stjernevegen" gjennom Valdres. Stjernene var alle dei kvite skogstjernene som blømde langs vegkanten gjennom heile vandringa sine 8 dagar. Angen av dei heilage fekk eg i alle dei gamle kyrkjene eg kom inn i. Dei bar med seg ein eigen fred, skapt av mange hundre år med bøn og lovsong, av sorg og gleder, og eit stille Gudsnærver. Ved vandringa si byrjing og ende var det to kyrkjene med kvart sitt vesle relikvieskrin. Kva som eingong låg i dei, er løynt idag, men dei minte meg om ei tid som kvarv på 1500-talet. Eg byrja å gå frå ei kyrkje reist på 1200-talet, og som var vigd til møy Maria. Hedalsmadonnaen har endå sin plass i kyrkjeromet. Og vandringa enda i ei ny kyrkje vigd til St. Thomas sitt minne. ErkebiskopThomas Becket  frå Canterbury som vart drepen ved alteret av kongens menn. Her stod det eingong ei gamal kyrkje frå 11-1200-talet, men den vart teken ned på 1800-talet. Av ein prest som ikkje likte livet som gjekk føre seg der den eine gongen i året då der var messe inne på stølen i  fjellet.
Angen av det heilage frå det jødiske, det keltiske og frå det heimlege, gjorde at det vaks fram ein draum om å gå til Jakob si grav i Santiago. Med vandringa i Valdres var eg klar for den lange vandringsvegen dit.

tirsdag 3. september 2013

Keltiske røter

Den andre kjelda for den vaknande pilegrimen i meg opna seg i vesterleid. Trua på Kvitekrist kom ikkje med kong Olav Haraldson si kristning med sverd. Den kom mykje før over havet til den norske vestkysten. Den kom med trelar. Med menn som kryssa havet i sine opne skip. På handelsferd eller på hærferd, og som på øyane i vest møtte den nye trua. Eller den kom med menneske som sette ut på havet i sine små båtar frå dei keltiske områda, og let straum og vind - og Gud - fører dei til nye kystar. Seljemennene og Sankt Sunniva er eit av den arven hjå oss. Deira trusriter var annleis enn romakyrkja sine. Dei var merkte av straumdrag frå ørkenfedrene i Egypt, og det gav seg andre utslag i deira trusliv.
Eg vart eit år med på ein tur til dei gamle keltiske områda vest i Skotland og nordaust i England, og møtte fortellingane om dei gamle trusheltane, i sær på Iona og Lindisfarne. Turen gjorde meg nyfiken på den nyvakna keltiske spiritualiten, og eg kjøpte med meg eit par bøker om dei gamle songane og bønene som var innsamla på 1800-talet. Der fann eg ei rausare og meir heilskapleg trusform enn den eg vaks opp med. Ei trusform der alt var inkludert, både natur, dyr og menneske. Eg vart ikkje urørd av dei tankane. At det skapte ikkje er Gud, men at alt det skapte er tilstades i Gud. var ein av grunntankane. Eg opplevde litt av denne tanken både på Iona og på Lindisfarne, og det gav meg ein ange av det heilage. Den russiske forfattaren Maxim Gorki skal eingong ha sagt; "Alle er vi pilegrimar på denne jorda. Eg har har jamvel høyrt sagt at i himmelen er sjølv jorda ein pilegrim."
Slike tankar skaper draumar i ein liten pilegrim, og hjå meg ligg der ein draum om eingong å få gå St. Cuthberth's veg frå Melrose og aust til kysten, og så endå eingong å gå over fjøra til The Holy Island, Lindisfarne.
 

søndag 1. september 2013

Jødiske røter

Når eg leitar etter røtene til pilegrimen i meg, så må eg attende til byrjinga av 1990-talet. Før det finn eg ikkje at eg såg meg sjølv som pilegrim, utan som eit indre og åndeleg omgrep. Eg kjenner meg mykje att i det Tom Wright fortel om sin barndom og ungdom. Sjølv om han vaks opp midt i det gamle keltiske kjerneområdet i Northumbria, med fleire stadar som i dag er valfartsstadar for vår tids pilegrimar, så betydde dei ikkje noko spesielt for det åndelege livet. Det var i kyrkja, ved kjøkenbordet og på kne ved senga at kontakten med det heilage gjekk føre seg. Ikkje på dei gamle heilagstadane. For han endra det seg under ei reis i Canada. For meg kom det med ei reis til dei bibelske områda, i det som idag er Israel og Palestina. Det vart for meg ei sjelsrystande oppleving. Eg kan ikkje fingeren på kva som vart så sterkt for meg, men eg veit at det var ikkje landet, eller dagen strid og politikk som var utslagsgjevande. Det tok meg månader å kome attende til normaliteten att. Kanskje var det ein ange av det Heilage som møtte meg der. Vel heime att forsvann eg inn i bøker om jødisk tru og tradisjon. Eg måtte vite meir om mi tru sine jødiske røter. Det undra meg at eg fann så mykje som eg syntest måtte ha ei kristen forklaringsramme i det jødiske tradisjonstoffet, uten at det vart forklart slik. Men no les eg om nokre jødiske forskarar som reiser tvil om teorien som seier at den rabinske jødedommen er kristendomen sin eldre bror. Dei hevdar tvert om at den rabinske jødedomen kom som ein motreaksjon på den messianske trua på Jesus som Guds Messias. Dette sidan den messianske trua vaks seg så stor at den truga med verte einerådande i det jødiske folket. Interessante , og revolusjonerande, tankar.
Den turen, og seinare turar dit, var med på å endre, og utvide mi tru. Der fekk eg nokre gonger ein heilt uventa ange av Det Heilage. Under reisene dit vakna pilegrimen i meg. Og i pilegrimsdraumane mine ligg også ein draum om å ein gong få gå pilegrimsleiene i det bibelske landskapet. Ikkje berre busse frå stoppestad til stoppestad.

fredag 30. august 2013

Ange av det heilage

Alltid på heimveg, men framleis undervegs.
Det vekte mi undring då eg byrja på langvandringa mot Santiago de Compostela.Kven var alle desse desse eg såg bilete av i kyrkjene sine glasmåleri, hengande på kyrkjeveggane, og ståande i altertavlene, og seinare i dei store alterveggane i Spania. Kven var dei, og kvifor hadde dei fått sin opphøgde plass inne i kyrkjene. Nokre av dei lærde vi å kjenne sidan dei var med oss langs heile pilegrimsvegen, både ute og inne, heilt frå starten. Men mest vart det undring der eg måtte spørje meg sjølv; Kva var det for fortellingar Matin Luther og reformasjonen hans hadde røva frå oss protestantane? Ei lita aning fekk eg då eg kom til den spanske delen av vandringa. Då kjøpte eg meg ei bok som fortalde om historie , kunst og kultur langs vegen mot vest. I den fann 16 tettskrivne sider om alle desse heilage, og litt av deira soger. Desse som eg ville møte i store og små kyrkjer.
Ein duft (ange) av det heilage, er det ei bok som heiter. Eg kjende ikkje så mykje ange, til det var eg for uvitande. Det var nok meir ei aning av ei framand og ukjend godlukt.
Eit par, utanom Møy Maria og den krossfeste Jesus, var trufaste fylgjesveinar frå byrjing til slutt. Begge er og å finne på norske alterskåp og tavler. Den eine var sjølvsagt han Jakob (som eg såg på altertavla i Leikong kyrkje, då eg var prestevikar der), og den andre bar namnet St. Roche i Frankrike, men i Spania hadde han endra namn til St. Roque. Han såg vi med eit blottlagt lår, og ved føtene ein hund med eit brød i munnen. På ei av dørene til det gamle alterskapet i Hadsel kyrkje var det eit bilete av han, men dørene er diverre komne bort.
Ein stad oppe i fjella i Frankrike, kom vi til ei lita kyrkje som var vigd til han. Tett ved var det ei kjelde med friskt vatn. Det såg ikkje ut for der var noko meir på lang lei. Folk kom dit med 5-liters kanner for å ta med seg heilagt vatn heim. Over kjelda stod han, St. Roche, i ei nisje og fylgde med, og kanskje han sende ei velsigning med på vegen? Vi nytta høvet til å fylle våre flasker. Ein liten ange av det heilage.

onsdag 28. august 2013

Alltid på heimveg

Ein pilegrim er alltid på heimveg, er det sagt. Biletet minner meg om ei tid nokre år attende. Då høyrde eg mange gongen ei sterk forkynning om ei fager framtid, himmelen sitt gyldne land. Og eg var med i eit musikklag der songen om himmelen høyrde med." Å, hvor skjønt det i himmelen er", song eg og kjende kor orda og tonane fyllte sinnet mitt.. Den dåverande soknepresten fortalde etter ei slik stund at det var tett før han venta å sjå oss lette og dra. Eg høyrer ikkje om himmelen og himmellengten så ofte lenger. Kanskje er årsaka å finne hjå meg sjølv. Eg er ikkje lenger så mykje tilstades i dei samlingane der ein kan vente å finne slik forkynning. Der eg no har min plass er det meste andre sider ved kristentrua som vert vektlagt. Men kvar vi enn har vår plass, vi er alle pilegrimar, og vi er alle på heimveg. Sjølv nærmar eg meg bakkekanten. Det fortel alderen min meg. Men kva som ventar når eg når fram og får sjå inn i den gyldne morgonen der framme, veit eg ikkje, sjølv om Bibelen sine bilete av det evige er både spanande og vakre. Pilegrimsvandringane og møte med andre kristensamfunn har endra mine forventingar også på det punktet. Det får vente til eg er der, og så la Den Heilage få lov å overraske meg. Men framleis er pilegrimen i meg på veg heim.

mandag 26. august 2013

Den lengste vegen

Den lengste vegen?
Sidan eg sjølv gjekk til Santiago de Compostela, har eg hatt glede av å lese om andre sine vandringar. Ei av dei som eg har fylgt med, er ei vever amerikansk kvinne som går langt. Etter mitt syn svært langt. Den siste vandringa hennar er ho nett ferdig med. Den tok 331 dagar, og gjekk frå Buenos Aires og til Mexico by. Eg er imponert.
Det er noko med desse langvandringane som fasinerar meg. Likevel, eg er komen til at der er ei anna vandring som er vel så viktig å gå, og som kanskje er mykje lenger for mange av oss.
Ein ting er å gå desse mange mila, det andre er det som hender etter at gåinga er over, og eg er komen attende til mi eiga stova. Når bearbeidinga byrjar sin korte - eller hos meg - lange veg. Eg har frå barneåra vore medlem i ein organisasjon som likar å sei at vi står i trekanten sitt teikn, At vi menneske er samansette av kropp, ande og sjel, og at alle tre skal ha sin del av våre dagar.  Kroppen og anden (livsanden) får absolutt sitt under ei langvandring. Det får og dette udefinerbare som er kalla sjela. Men hjå meg er det når eg komen heim at ho rett byrjar på si lange vandring. Og der er eg ikkje komen i mål enno.
Når eg har vore ute og reist langt - og raskt - hender det at eg kan vakne om morgonen og ikkje vite kvar eg er. Eg brukar for moro skuld å sei at sjela har ikkje vunne å nå att kroppen. Eg er framleis undervegs.
Dag Hammarskjøld skreiv eingong;  Den lengste vegen er vegen innover. Etter å ha lete kroppen få erfare dei mange mil etter pilegrimsvegane, har eg byrja å sjå sanninga i desse orda. At den lengste vandringa er sjela si vandring, og den vandringa gjer mykje meir med meg enn dei mange mil som kroppen gjer. Den har endra mi trusverd, og den har opna meg for det heilage - den Heilage - med erfaringar som var ukjende for meg tidlegare. Og på den ferda er eg nok ikkje i mål enno.
Den lengste vegen er vegen innover, sa Hammarskjøld.

søndag 25. august 2013

Å, hur saligt at få vandra

På pilegrimsvegen fall det heilt naturleg å vitje kyrkjene vi kom forbi. Dersom dei var opne då, det var det ikkje alle som var. Men det er dei ikkje her heime heller. Det høyrer vel til det skjeldne at ein finn ei opa kyrkje dersom der ikkje er ei eller anna form for samling i kyrkje. Gudsteneste, gravferd m.m.  Det meiner eg er eit stort tap. Opne kyrkjer burde vere regelen, ikkje unntaket. Men det har vel noko med kostnad og tryggheit for kyrkje og inventar å gjere. Og personar som er villige til å stille opp som kyrkjevertar.
Opnar vi salmebøker og kristelege songbøker er der eit motiv vi ofte finn, og det er pilegrimsmotivet. Ikkje i form av å traske landevegar mot heilage mål, men der sjølve livet er pilegrimsvandringa, og målet er himmelen og Jesus. Eg har etter kvart innsett at der er store likskapar mellom desse to typene av pilegrimsvandringar. Og då har eg og sett at der er ikkje berre langvandringar, men og to korte vandringar tilstades. To korte vandringar som mange opplever som lenger enn ei langvandring etter landevegane. Den ein handlar om å gå til kyrkje og delta i gudstenestefeiringa der. Vere tilstades i kyrkjeromet. Å late romet, songen, liturgien fylle det udefinerbare i oss som vert kalla sjela.Vi har ofte mange og ulike orsakingar for ikkje å ta del i denne korte vandringa. Men den aller kortaste, frå kyrkjebenken og fram til alterringen for å delta i Herrens minnemåltid, nattverden, den vert for mange den vanskelegaste og lengste av alle vandringar.
Å gå på langvandring etter vegane er på mange måtar ei ytre vandring i naturen. Vandringa til kyrkja, og å gå fram til alterringen, er derimot ei indre vandring. Og den krev nok for mange meir av oss enn vi klarer å gi.



lørdag 24. august 2013

Gå! - sa Kirkegaard

Det var ikkje i mine tankar at eg skulle starte på ei langvandring. Og i alle fall ikkje med utgangspunkt i ein liten by i Frankrike, som eg aldri hadde hørt namnet på.
Korleis kom eg på noko så framandt, for meg i mine tankar? Det første puffet fekk eg av ei nær vennine som hadde gått eit par gonger fram til Santiago, og hadde lyst på ei ny vandring.
Tanken var fødd, men kvar skulle vi byrje å gå i Spania? Det neste puffet gav ei bok av ein lokal forfattar. Han og kona hadde gått frå denne vesle ukjende byen i Frankrike, Le Puy en Valey. Eg  fann boka interessant, og foreslo at vi kunne starte der. Så fekk vi prøve å sjå kor langt vi kom.
Og Kirkegaard han sa, berre gå. Gå deg frå alle sorger og bekymringar. Kunne eg ha tiltru til slikt?  Rett nok. Mange kjem i god form etter som dagane går, men det og dei som får varige skader av ei slik langvandring. Sjølv kom eg heilskinna fram, men så gjekk eg heller ikkje heile strekninga i eit. 6 år tok det  å nå målet.
Vi var fire, to par, som drog til Fankrike  og Le Puy for å starte å gå. Eg trudde at 3 mil om dagen var ingen kunst. Der tok eg grundig feil. Men vi kom 20 mil sydvestover på dei 10 dagane vi gjekk. Det vart ikkje berre med det året. Neste år var vi der vi stogga første året, for å gå nye mil. Og slik heldt vi fram til vi var framme ved Jakob si grav i Santiago.
Pluss minus 150 mil er det frå Le Puy til Santiago. Tala varierar ein heil del etter kvar ein hentar opplysingane. Men det er langt og variert. Fjell, dalar og sletter. Kroppen får prøvt seg undervegs.
Mellom 2-3 månader tek vandringa om ein går i eitt, avhengig av kor fort ein går.
Vår heimlege pilegrimsvandring frå Oslo til Trondheim, og Olav den heilage si grav, er berre på 60 mil, men ein treng nok ein månad på den.
Undervegs møtte vi fleire som gjekk mykje lenger enn vår plan var. Vandrarar som hadde gått ut døra heime i Danmark, Nederland og Tyskland, og byrja å gå.
Eg tenkjer det er ei form for galskap å gi seg ut på noko slikt, men eg opplevde at vegen byrja å leve i meg, og at han lokka og drog meg til å halde fram å gå vidare. At vegen fekk førsteplassen, og ikkje målet langt der framme. Framleis kjenner eg at han lokkar og dreg. Så kanskje, ein dag, så er eg igjen der, vandrande.



torsdag 22. august 2013

Gleden sine sletter

Om ein får erfare både ettertanken og angeren sine vegstykke under ei langvandring på pilegrimsvegen, så det ikkje dei som set djupaste merke. Det er tvert imot gledenene. Det er dei det flest av, og det er dei som gjer at eg ser attende på vel 150 mil med vandring med takksemd og glede.
Ikkje leit oppe i fjelltoppane eller ute i dei fjerne horisontar etter gledene i livet. Det er dei små, daglegdagse, dei som ligg framfor føtene dine som er dei sanne gledene, har mi kjære ofte sagt til meg. Eg har byrja å sjå at ho har hatt rett.
Det var desse små stundene som gjorde dagane og vandringa så rike på minne. Fellesskapet og omsorga frå mine medvandrarar. Kaffikoppen ved eit bord på fortauet utanfor ein liten bar.
Morgonstundene etter ei god natts svevn, då ein kjende at kroppen hadde fått den kvile han trong. På veg inn i ein ny dag. Framleis mørkt, men ein raudnande austhimmel varsla at snart stig sola oppå over horisonten. med sitt lys og sin varme. Vegen og stiane sin variasjonar Frå mjuke skogstiar og grasgrodde vegkantar, til steineste, djupe far i liene. Grus, asfalt og betong. Blomane ved vegen. Skuggen inne mellom høge tre. Lukta av furu og eukalyptus. Bylgjande kornåkrar og gule solsikkeåkrar. Vinrankane sine lange rader. gulbrune,nakne og avhausta åkrar. Dei små landsbyane med kuskit i gatene. Sjå etter kvar du set føtene. Små lavlofta kyrkjer, og høglofta katedraler. Så ulike i si utsmykking. Nokre enkle, andre så  mektige i si utsmykking. Setje seg ned i ein benk i stillheit, og la freden, roa og det evige fylle sinn og sans. Dei breie elvane, og dei solsvidde slettene. Rastane ved vegkanten, då sekken vart opna og medboren mat, brød og pølse, kom fram. Vasspostane der dei tome vassflaskene fekk nytt, kaldt, vatn i seg. Middagane om kvelden, etter å ha fått seg ei seng, og dusja av seg sveitte og støv. Mange, mange mil og dagar til fots. Dagar og vegar som endra meg. Utvida min horisont og mi tru. Dei var der både ettertanken og angeren sine vegstykke, men det var gledene sin vegstykke som sit mest att i minnet.