mandag 31. oktober 2022

Solstreif

Dagen byrja så fint med klår blå himmel, men  over fjella i syd og vest varsla lave bankar av skyer ei komande endring,og det kom snøgt, snøggare enn venta. Det blå vart endra til grått. Men ut på ettermiddagen opna det seg små revner i det grå som sola fekk høve til sende sine varme strålar igjennom og skape liv og lyskontrastar i landskapet.

søndag 30. oktober 2022

Vår Frues Kirke

Første kvelden i Trondheim gjorde vi eit forsøk på å kome inn i domen, men det var til fånyttes. Den var stengd. Kva gjer ein då ?  Ein tek seg ein liten gåtur i nærområdet. Som til den gamle og mykje omsyngne bybrua. Noko som skal vere særs romantisk, men romantikken glimra nok med sitt fråvær den kvelden. Ikkje so med eit større tog av ukrainarar som demonstrerte mot krigen i heimlandet med plakatar, flagg og kraftige rop.
Men kva er meir å sjå på ein heller kjøleg kveld i trønderhovedstaden? Vår Frues kirke låg på vegen vår mot parkeringsplassen ved torget. Der var lys innafor vindauga. Er ho opa? Det kom då ein mann ut. Då prøver eg og ser om vi kan kome inn. Det lukkast. Ho var opa, ikke for omvising, men Kirkens Bymisjon heldt den opa for gatas frosne sjeler. Der høyrde ikkje vi heime men fekk kome inn likevel.
Eg kom i prat med ein kar som heldt på rydde fremste kyrkjeskipet for stolar. Og mitt skryt av kyrkjeromet fekk han til å auke lysstyrken, og til fortelje meg om kyrkja si soge  og om det eg såg for augo mine.
Galleriet var for dei kondisjonerte, ikkje for almuen i eldre tid, fortalde han.

Harald Hardråde bygde ei Mariakyrkje på 1060-talet. Ho vart reva på seint 1100-talet. I staden kom der ei stavkyrkje.Men 1206 under borgarkrigen kom det til ei massakre på baglarar som hadde søkt tilflukt i kyrkja, og kyrkja vart delvis øydelagd i det angrepet. Kort tid etterpå vart det reist ei steinkyrkje på staden.
Altertavla, fortalde han, er den største i landet, og ho ruva godt framme i koret.  Ho var frå 1744 og stod opphaveleg i domen. Til denne kyrkje kom ho i 1837. Og så fortalde han noko som gjorde meg ekstra nyfiken.

I kyrkjeveggen, på utsida, bak koret og altertavla, er der i ein stein hoggen inn ei tekst frå 1200-talet på gamalnorsk. Ikkje med runer men med latinske bokstavar. Og han fortalde meg kva som stod der. Det måtte eg finne og sjå.
Eg hadde vanskar med å tyde dei 800-år gamle bokstavane, men der står:
"hin:helga:maria:a:mik:
bjorn:signarsson:gjerde:mik"
På mitt mål tyder det: Den heilage Maria eig meg. Bjørn Signarsson gjorde meg.
Med andre ord; Kyrkja var vigsla til jomfru Maria. Og Bjørn Signarsson var truleg byggmeisteren, ein gong tidleg på 1200-talet.

lørdag 29. oktober 2022

Nidarosdomen

Sist eg var inne i domen var det nok lyst nede på golvet der vi var, men oppe i kvelva og bogane var det heller skymt. Ikkje slik denne gongen. Eg vart overvelda over den flotte lyssettinga eg fekk sjå. Eg har tidlegare nemnt at eg har vore i mange store katedralar i Frankrike og Spania dei siste åra, men aldri har eg opplevd dei store domkyrkjene så flotte når det gjeld å framheve arkitekturen i kyrkjene inne med lys. Her var det kvelv over kvelv og boge over boge, lys over lys på små og store detaljar av kyrkjeskipet.Det var berre å finne seg ein stol, setje seg ned og nyte, ta inn i meg synet av den vakre nasjonalheilagdomen vår. Trondheim by har noko å vere kry av.
Men etter ei tid måtte eg opp frå stolen for å  få med meg meir av det domen hadde å by på som alter, sidekor, døypefont og mykje meir. Og mobilen vart flittigt brukt, eg måtte sikre meg fotominne  til å kunne nyte domen seinare, heime.





fredag 28. oktober 2022

Nidarosdomen

I oktober var eg så heldig å få meg ein Trondheimstur saman med mi eldste dotter. Vi skulle vitje henner eldste barn og mitt barnebarn. Og då fekk eg og høve til å vitje Nidarosdomen igjen, med henne som guide. Det er mange år sidan eg sist var i kyrkja, då saman med kyrkjekoret vårt som deltok i gudstenesta med song. 
Vestfronten av domen var slik eg har sett den på mange foto gjennom åra.
Men denne gongen var eg heldig og hadde med meg mobilen min som har eit godt kamera. Og med den fekk eg nærbilete av utsmykkinga høgt oppe på vestfronten. Rett nok måtte eg ha hjelp av mitt barnebarn då det kjølege været gjorde at eg ikkje greide å halde mobilen still nok med så stor zoom som eg trong.
Over inngangsporten er det Jesus på krossen som er motivet, med Maria og Johannes på kvar si side.
Men over Rosevindauget er motivet eit anna.
Det kjenner eg att frå dei mange katedralane eg har vitja under vandringane mine på pilegrimsvegane i sørlegare lende. Det er domens dag, der dei til venstre går til paradis, medan dei til høgre ikkje er like heldige.Og midt mellom dei står Mikael og veg syndene deira, som det heiter i Draumkvedet.
Der er endå ei skildring heilt oppe i spissen på gavlen. Det fekk eg ikkje med meg, så det får vere til neste gong eg vitjar domen.
Og dotter mi lurte seg til å ta eit bilete av oss to der eg instruerer henne som skal hjelpe meg om kva ho skal gjer, som om ho ikkje kan det like godt som eg.











torsdag 27. oktober 2022

Haust

Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og Fader!
Ja, det er eit fagert land vi har fått, fagert ikkje berre her i mi heimbygd men mange stader i vårt vidstrekte land. Langt som det er frå nord til sør, frå aust til vest. Frå kysten med fjordar, øyer og skjær og bratte og ville fjell, til rolegare former i innlandet med lange dalar mellom fjell og vide vidder, til eit flatare lende med vide skogar og grøderike bygder.
Men om der er mange fagre bygder i dette landet mot nord, så har nok heimegrendene ein særleg stor plass, kvar ein no er fødd og hadde sin  barndom, ungdom og sin heimstad i livet. Og dette er mi heimbygd, ein solfyllt haustdag.


mandag 24. oktober 2022

Stjerneteikn

I mi heimekyrkje vart laga eit nytt teppe inne i alterringen då kyrkja feira 90 års jubileum. Eit grått teppe med tolv ringar som inneheldt tolv ulike symbol. Då ei konfirmantklasse eingong knelte ved alterringen, utbraut ein av dei. Kvifor er alle stjerneteikna der på teppet? Eg kunne ikkje svare, men måtte prøve å finne svaret, utan å lukkast. Sidan har eg erfart at det er ikkje heilt ukjent at ein i mange eldre kyrkje kan finne stjernekretsen i utsmykkinga av kyrkjene. Seinast såg eg det til mi undring i Nidarosdomen. På golvet framfor eit av altera. Rett nok berre seks av teikna. Men likevel. Kva har astrologi å gjer i kristne kyrkjer er mi undring.

søndag 23. oktober 2022

Haust

Det er stille sundagsmorgon i Sogn. Over skylaget kan eg skimte blå himmel, men sola glimrar med sitt fråver.  Dei grøne furuliene over gardane sine grøne bøar har flekkar av gulfarga lauvtre inn i mellom. Noko som fortel at no er seinhausten her dette året og. Noko gradstokken og fortel. Kuldegradene er ikkje langt borte ute og i dag skal eg køyre over fjellet til Nordfjord og heim. Vinteren med kulde og snødekte vegar er nok ikkje langt borte, så dette vert nok mi siste vitjing i fagre Sogn dette året.