mandag 24. juni 2013

Heite dagar


Det må erkjennast. Endå eit av mine sterke prinsipp har falle. Denne gongen gjaldt det kva eg skal gjer under ein tur til varmare egne enn våre våte kystar. Å ligge på ei solseng ved eit basseng og berre drage meg meinte eg var heilt usannsynleg kom til å hende. Men no har det hendt. I ei veke har mi kjære og eg vore saman med son, svigerdotter og tre små på bade og solingstur i Tyrkia. Og det vart heite dagar, og varme (og klamme) netter. Når eg vakna om morgonen viste temperaturen 28 grader+, som så steig til 38+ ut på ettermiddagen. Og når det var sol frå klår himmel, og knapt nok eit vinddrag i lufta, då vart min aktivitet avgrensa til å finne skugge, og avkjølingsturar i bassenget med jamne mellomrom. Der var temperaturen trass alt berre 29-30gr+. Jau, eg prøvde stranda og bylgjene i Middelhavet sitt vatn, men det vart mest på solsenga ved "poolen" eg heldt meg. Helst utan å måtte sole meg, om det var råd.
Og det må også erkjennast. Eg naut desse late dagane i fulle drag. I stille ro og fred? Tja, det kan nok diskuterast. Med mengder av barn, og vaksne, i aktiv badeleik i bassenget, var det nok alt anna enn stilt. Lydnivået var så høgt at varsel om innkomande mobilsamtaler nådde ikkje fram til gode øyrer. Og våre tre små gjorde store framsteg i sin omgang med det våte elementet. Dei byrja litt prøvande i det minste bassenget, avanserte oppover til bassenget med vassklia, til dei var klar for det store med sitt yrande liv.
Og  når kvelden kom, og vi drog oss attende til husværet, så sat vi i dei varme kveldane på den vesle verandaen, høyrde på sirissane sin musikk frå palmekronene, og såg utover restaurantdelen av hotellet, og det blå bassenget., høyrde på susen av bylgjene mot stranda lenger nede, medan den veksande månen hekk over havet i sør.
Kva har eg så sett av Tyrkia. Ingen ting. Mørkt var det når vi kom, og mørkt var det når vi drog. Berre denne vesle bukta Pascha Bay, omkransa av sine badehotell har eg sett, men her hadde vi gode, om enn heite dagar.
Mi kjære og eg skulle igrunnen gått pilegrim frå Kinn til Selja, men vi måtte avlyse den. I staden vart det varmen i Tyrkia for å sjå om eg klarte å betre helsa mi, og verte kvitt ein trasig hoste.
Varmen gjorde godt, men hosten dukka opp att når eg var attende i vårt kjølegare og våtare klima.
Men endå eit av mine bastante prinsipp har ramla saman. Akk ja, det må vere alderen.
 

lørdag 15. juni 2013

Vindruekrossen


Det var tidleg morgon etter Via Podiensis i Frankrike. Vi hadde overnatta oppe på åskanten i Le Pech, og denne dagen skulle vi gå til Cahor. Vi hadde vel gått omlag ein time då det stod eit smijarnkross i vegkanten. Og denne krossen skilde seg ut frå dei mange krossane vi tidlegare hadde sett på vår vandring. Det er i mitt minne så mange fleire av desse krossane langs pilegrimsvegen i Frankrike enn i Spania. Det stod gjerne eit, gamalt eller nytt, i mest kvart vegskilje synest eg å minnast. Men denne krossen, eller krusifikset, skilde seg ut. I det litt flate og kontrastlause morgonlyset frå sola kjem det ikkje så godt fram på biletet. Men krossen er som ein vinstokk der nye skot har slynga seg om han og dekt han, og drueklasane heng frå krossarmane.
Symbolikken er klart bibelsk, men den kunne vel berre vore reist i eit vindistrikt. Eller kva?

fredag 14. juni 2013

K-damer på tur

I dag var det K-damene sin tur til å drage på utflukt. Til Nordfjord og Stryn. Og sidan dei var litt reduserte i tal, fekk eg lov å vere med. Noko som var svært triveleg. Været var ikkje av det aller beste. Men heller ikkje av det verste. Det regna til tider lite grann, og så mykje sol vart det heller ikkje.
Første stopp var museumet for Anders Svor sine skulpturar på Grodås, og medan ein venta på at dørene skulle opnast vart det oppstilling for fotografering saman med Peter Wessel Tordenskiold.
Inne var der ei rikhaldig utstilling av hans kunst. Vel verdt å bruke tid på.
Som dette av bestefaren som lærer barnebarnet sitt å skrive. Eller dette av kvinna og den døyande mannen. Eg tykkjer han har vore flink til å fange livet i sine mange skiftingar.

Etter  museumsvitjinga gjekk turen vidare til Stryn sentrum, med kafe og butikkvitjing. Før vi tok bakkane fatt opp til hyttebyen oppe i fjellet over sentrum, og Bøsetra der. Der har ei av K-kvinnene ei hytte av gamlesorten. Ikkje desse store og moderne som no vert reiste i nabolaget. Der vart det kaffi, kaker og drøs nokre timar, før vi tok fatt på bakkane ned, og så attende til heimbygda. Ein triveleg dag på tur, trass i kjøleg vær, og stundom litt regn.                                                                                                                                                              
                                                                                                               

torsdag 13. juni 2013

Eit blømande kors

I Hornindal kyrkje på Grodås er der ei vakker altertavle, skora i tre. Det er Dagfinn Werenskiold som har skore og fargelagt den. Ein kopi av den er i Sørkedalen kyrkje ved Oslo. Den var det soknepresten i Hornindal, Jon Jonson, som skar etter løyve frå Werenskiold. Jonson ynskte å få originalen til kyrkja si, men fekk ikkje det. I staden fekk han låne den for å lage ein kopi. Og så enda det med at Hornindal kyrkje fekk originalen, medan Werenskiold tok kopien med attende til Oslo og fullenda den. Seinare hamna kopien i Sørkedalen kapell.

onsdag 12. juni 2013

Ein blomedekt kross

Men så var det desse krossane som blømer. Ikkje slike som dei lagar til i Amerika og andre reformerte kyrkjer. Desse krossane som dei dekkjer med blomar på langfredag for å ære krossen som bar Jesus då han sona verda si synd, men blømande krossar som ein finn på altertavler og anna kyrkjekunst.
Dei kan eg ikkje minnast å ha sett i meir enn to kyrkjer, og begge her i landet. Verdsveven gav heller ikkje noko utslag på mine søkjeord, korkje i form av bilete eller tekst.

Men to har eg sett. Det eine er eit gamalt alterskåp med ein kross framfor. På krossen heng eit gamalt krusifiks frå 1200-talet. Midt på 1700-talet fekk ein bygdekunstnar i oppgåve å måle alterskåpet og krossen. (Kanskje var dette ei overmåling av tidlegare katolske bilete som ikkje vart tolerert i det luthersk pietistiske Danmark-Norge? Det veit eg ikkje.) Og bygdekunstnaren dekte alterskapet og krossen med vakre blomar. Og slik lyser det i dag opp på alteret i den gamle stavkyrkje i Hedalen i Valdres.

tirsdag 11. juni 2013

Forbanna er den...

Krossane har vanlegvis utsjånad av ei fint tilskora stamme, med eit like fint forma tverstykke, eit stykke ned frå toppen av stamma. No har eg lite tru på at romerane gjorde seg så mykje føre når dei fann seg materiale til krossane dei reiste. Til det hadde dei nok for mange krossfestingar gjennom året. Og der var nok mykje gjenbruk. Kanskje stod stamma der, medan tverrbjelken var fest først når krossfestinga vart gjort. Og krossfestinga var nok ikkje så "vakker" som vi ser på den "normale" kyrkjekunsten ned gjenom tidene.

                                                                                                På vår vandring har eg sett krusifiks den den krossfeste er påkledd eit vakkert og kostbart stykke knesidt lendeklede. Eg trur nok at dei krossfeste ikkje fekk noko slik påkledning. Romerane ville nok heller ha ei total audmjuking av den dei feste opp, så offera var nok utan klednad i det heile.
Paulus refererar ei utsegn frå 5.Mosebok som han endrar litt. "Forbanna er kvar den som heng på eit tre." skriv han i Galatarbrevet. I Carrion de los Condes såg eg eit krusifiks der dette med treet var teke bokstavleg. Den krossfeste Jesus hang på ei grov trestamme der det var berre stubbar at av dei avsaga greinene. Kristologien i Paulus si utsegn utelet eg her, sjølv om den er viktig nok.

mandag 10. juni 2013

Tau-kors

Eg har hatt ståande eit arbeid i heile vinter, i vent på at arbeidslyst og initiativ skulle dukke opp hjå meg når snøen forsvann og våren kom. Men med mai vart eg teken av noko som sette meg nesten heilt ut. Kreftene vart borte, og med det som kravde litt meir enn å sitje på ein stol, så var det ikkje lenge før eg berre heiv etter pusten.   Men smått om senn har det betra seg, og eg har fått byrja på utearbeidet mitt. Men pilgrimsturen, øyhoppinga, frå Kinn til Selja som mi kjære og eg melde oss på, den måtte eg berre avlyse denne gongen. Kanskje kan vi prøve oss på den eit anna år.Vandringsleiaren ynskte oss velkomen til det. I staden vert det ei veke i Tyrkia. Så får eg vona at varmen der har ein postiv verknad på meg.
Men når eg har hatt mine korte ykter i molddungen min desse siste dagane, så vil ikkje tankane alltid halde seg til spade, trillebår og mold. Det dukkar gjerne opp emne som er fjernt frå det kvardagslege. Som ulike korstyper. Årsaka til det er Grodåsturen som "dei vise menn" (Y's Men's Club) med fylgje hadde for ei veke sidan. Der vi fekk sjå Dagfinn Werenskiold si altertavle i Hornindalskyrkja med det blømande korset. Mine søk på verdsveven har gitt lite resultat, korkje i form av bilete eller tekst, så truleg er motivet heller skjeldan.
Men medan mine tankar har krinsa rundt kors og korsformer, så har det dukka opp nokre kors, eller krusifiks, frå mine vandringar, som ikkje har hatt den forma vi finn i vanleg bruk rundt om i den kristne verda.
Eit slikt kom vi forbi i Castrojeriz, vest om Burgos. Der stod det eit Tau-kors ved sida av bygata. 

Eg hadde før sett det som smykke på nokre kvinnlege medpilegrimar. Og ei klosterruin nokre kilometer før Castrjeriz, var og merka med det. Eg som hadde trudd at det var eit slags nyåndeleg teikn, måtte til å undersøkje kva dette var for slags kors.                                                                           Korset har gamle røter attende til Egypt, og til det hebraiske alfabetet. Den siste bokstaven i det vart tidlegaste teikna med eit kryss eller eit kors, og det var alfabetet sin siste bokstaven, og den var kalla tav, eller tau. Som den siste bokstaven representerte den oppfyllinga av Guds ord. Profeten Esekiel omtalar den billedleg i kap 9,4, når Gud seier til ein mann med skrivesaker at han skal gå gjennom Jerusalem og sette eit kryss (tav) i panna på dei som er trufaste mot Guds ord.
Så kan ein fundere litt over samanhangen mellom bokstaven tau (tav) si tyding og det som hende ved Jesus sin krossdød. Og Esekiel sine ord om merkinga i panna - og kanskje katolikkane si krossmerking på panna oskeonsdag.

Det er dei som meinar at Jesu kors var forma som eit tau-kors. Frans av Assisi nytta og taukrossen rwqvtfi sin orden..

lørdag 8. juni 2013

Livskraft


I byrjinga av veka hadde vi nokre solrike dagar, og då opplevde vi ein liten storm av seljefrø i lufta. Men så kom det regn desse siste dagane. I kveld ropte mi kjære på meg og ba meg kome og sjå. Og ute på dei våte terasseborda hadde det kome ei teppe med grønt. Frøa hadde byrja å spire på dei våte borda. Det er visst ingen ting i vegen med voksterkrafta i vårt våte klima.

tirsdag 4. juni 2013

Hornindal kyrkje

Volda og Ørsta Y's Men's Club avslutta møteåret 2012/13 med ein tur gjennom Kviven til Grodås. Det som vi før trong både ferger og mange mil med køyring for å nå, har no vorte våre nære naboar. Ein god halv times køyring  med bil, så er vi der. Grodås ligg lengst aust ved Hornindalsvatnet, nord-Europa djupaste innsjø.
Vi hadde tinga oss eit måltid mat på Raftevold Hotel, før vi sette kursen mot Hornindal kyrkje. Omvisaren vår i kyrkja, Jon Ytrehorn, var med oss også ved måltidet på hotellet.
Kyrkja , som er den tredje kyrkja på staden, er frå 1856. Etter at ho var ferdig vart gamlekyrkje teken ned og seld til ein bonde på Nordfjordeid. Ved vestenden av Hornindalvatnet. I dag er der berre att ei dør frå den gamle kyrkja.






Omvisaren vår byrja ved kyrkjetrappa, før han tok oss med inn. Og han hadde mykje å fortelje, både om kyrkja og kyrkjekunsten som kyrkja har. Jon Ytrehorn er frå bygda, og har vore både lærar, kateket og prest her før han gjekk over i pensjonistane sine rekkjer.


Kyrkjeromet er stilreint og enkelt. Og ikkje høgt under taket som eg vand med frå heimekyrkjene. Før var veggane måla, men no er den malinga fjerna til fordel for dei trekvite furuveggane.
 
Hornindal er ei rik kunstnarbygd. Særleg innan spelmannstradisjonen har det vore, og er mange utøvarar. Men og innan biletkunst og biletskulptur. Anders Svor er bygda sin store bilethoggar med eige museum i bygdesentrumet, Grodås.
Men den som har laga altertavla er Dagfinn Werenskiold. Den er skora i tre og syner den blømande krossen, livsens tre. I bogen over ser ein Jesus under bergpreika.