onsdag 6. mai 2009

Conques 2.september 2007

Vi fekk oss rom i herberget, i Abbaye St.Foy, rett bak katedralen, sjølv om vi kom ein dag for tidleg.
Eige 4-mannsrom første natta.
Neste natt kom vi på sovesal med 16 senger på romet. Vi innstalerte oss, og så ut for å få oss litt mat.


Conques er frå 1100-talet,ein viktig pilegrimsby på vegen til St.Jakobs grav i Santiago de Compostella.
Ein prest i kyrkja her, stal i år 303 eit relikvie i Agen etter ei 12 år gamal jente som hadde vorte martyr. St.Foy . Det førde til at tilstrøyminga til klosteret og kyrkja auka , og det vaks opp ein liten by rundt kyrkja.
Både karolinerane og Ludvig den fromme sette byen og klosteret under sitt særlege vern.

Byen er ikkje stor, men har sjarm, der den heng midt i den bratte lia over elva i dalbotnen, med katedralen og klosteret som det sentale midtpunktet.
I dag er det ein by som står på FN si verdsarvliste.





Bileta viser utsynet frå herberget mot katedralen.



Conques

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar