torsdag 7. mai 2009

Sagrada Familia, Barcelona 7.september 2007


Der er ein byggeplass i Barcelona.
Ei kyrkje, ein katedral er under oppføring. og det har den vore sidan 1882.



Det var den kjende arkitekten Gaudi som leidde arbeidet fram til sin død.


Så overtok Subirachs og heldt fram arbeidet etter Gaudi modell.


Sotoo frå Japan er den tredje, og han overtok etter Subirachs.

Kvar av dei har sett sitt preg på katedralen, noko som kjem fram på bileta.
Frå det overdådige hos Gaudi, og til vår tids Sotoo's enkle, nesten kubistiske former.
Etter planen skal den vere ferdig i 2026.

Sagrada Familia tyder Den Heilage Familien.
Mange av kyrkjene, katedralane vi har sett under vandringa, har eit tympanum over hoveddøra inn.
Sagrada Familia er eit einaste stort tympanum der Jesus liv gjennom barndom. ungdom og vaksne liv er avbilda.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar