fredag 8. mai 2009

Ned til Decazeville. 10.september 2008


Ut på ettermiddagen ser vi byen Decazeville under oss. Der vonar vi å få oss husrom for natta.
Vegen byrjar å halle nedover mot byen i dalbotnen. I ein sving kjem nokre franske damer mot oss og går inn på ei sti bort frå byen og inn i ein trong elvedal, medan dei seier noko om å ha gått feil. Der er eit raudkvitt merke ved inngangen til stien og ingen raudkvite kryss som fortel at her skal vi ikkje gå. Så vi tek same veg i den tru at stien berre går rundt elvedalen.

Men nei, slik går det ikkje. Langt om lenge er vi igjen oppe på åsen vi forlet tidlegare, og forstår at no er vi på avvegar.
Kvar er vi ?
Ein landsby og ei kyrkje dukkar opp, og på eit opplysningsskilt finn vi ut kvar vi er.
Trøyte og slitne av vandringa i varmen, set vi oss ned i skuggen av kyrkja.
Kva gjer vi no?
Det er alt langt ut på ettermiddagen, og vi har ikkje fått oss husrom for natta enno


Redninga for slitne vandrar vert drosje.
Kvar skal vi? spør kvinna ved rattet.
Vi må berre tilstå at vi har ikkje husrom for natta. Då ristar ho på hovudet, og grip telefonen.
Snart står vi utanfor det herberget vi hadde tenkt oss til.
Er der plass?
Ein av dei andre vandrarane, ein vagabondtype, seier at han er åleine på romet, og der er plass til fleire.


Så har vi husrom og seng, og kan setje oss ned i det fredfulle gardstunet og kvile trøytte føter. Takka vere ein hjelpsam kvinnleg drosjesjåfør.


Den natta søv vi for opne dører, på eit hospits midt i ein mellomstor by, og med ei erfaring rikare; fylg ikkje andre vandrarar sine vegvalg. Sjekk vegen og vegmerka sjølv.

Kor langt vi gjekk den dagen, veit eg ikkje. 2o km er avstanden mellom Conques og Decazeville, Feilgåinga var vel omla 5km, men det talet usikkert.

Conques ligg på 280m.o.h. Så stig det opp til Chapelle St.Roch på 600m, deretter fell det ned til Decazeville på 210m. Så no er vi ute av fjella i Sentralmassivet. Her etter er det mest åsar vi skal over.



Decazeville

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar