lørdag 31. mars 2012

Hogget. Ronda

Det er ikkje tyrefektararenaen som er den største grunnen til at Ronda er kjend. Det er hogget -el Tajo-. Det er ein liten spasertur frå tyrefektararenaen fram til kanten av hogget. Ei djup kløft som skil den gamle og den nye bydelen i Ronda. Omlag 120 loddrette meter på det djupaste.
Og det er vel denne kløfta som gjorde at Ronda vaks fram. Ei klippe omringa av ei halvsirkelforma kløft. Då trong ein berre forsvarsmur rundt halve  busettinga. Eit stykke nede i lia ser eg den nedre muren. Den andre er heilt oppe ved husa som balanserar på kanten av stupet.

Frå gamlebyen går der ein sti ned i botnen, Eg kunne tenkje meg den, men ikkje mi kjære, og då vart det ein roleg tur gjennom dei tronge gatene istaden.

Vi møtte mest lokalfolk, opptekne med sine daglege gjeremål. Ikkje så mange med kamera på magen, så vi var tydelegvis utanfor dei gatene dei ferdast i. Vi kom forbi ei kyrkje og brått dukke den gamle bymuren opp framfor oss. Det synte seg etterkvart at det var den lengst nede i lia. Førstelinjemuren. Vi vart samde om sjå kvar den leidde oss. Framfor oss dukka om litt kløfta opp, men vegane såg ikkje ut til å føre opp i byen att.Vi hadde med oss eit bykart, men var litt usikre på kvar vi var, og kvar vi skulle gå.  Der sat ein brunbarka mann i ei trapp. Vi helste og  prøvde på skrøpeleg spansk å få klarheit i kvar vi skulle gå for å kome opp att i byen.
Og han peika og forklarte utan at vi vart så mykje klokare. Men litt skjøna vi. Framfor oss, nede i kløfta, såg vi to bruer.

Den nedste, forklarte han, er den eldste. Det er romarbrua. Puente arabe, og ved sida av den ligg eit romarbad.
Den andre, lenger inne i kløfta, er gamlebrua, Puente Viejo, (frå 1616), og der skal de gå opp. Eg skjøna ikkje kvar vegen opp var, for eg kunne ikkje sjå noka opning ved kløfta, der det var råd å gå. Men vi takka pent for hjelpa, baud farvel, og heldt fram langs muren ned til romarbrua. Frå den og opp til gamlebrua gjekk der ei nedslita trapp, så nedslita at det knapt var noko att av trina.
Oppe ved gamlebrua kom vi inn bak den øvre muren, med byporten litt bortanfor. Men over på den andre sida av brua, opna det seg ein fint tillaga, hellelagt gangveg oppover på kanten av stupet, og med utbygde utsiktplassar med jamne mellomrom. 

Etter kvar som det vart for trongt i gamlebyen, vaks det fram ein ny bydel på den andre sida av kløfta, og då vaks trongen for ei ny bru fram. Over kløfta på det djupaste og smalaste.
Det er nybrua - Puente Nuevo- frå 1793. 40 år tok det å bygge den.
Hovedatraksjonen i Ronda. El Tajo og Puente Nuevo.
Der den reiser seg 120 meter opp frå botnen av hogget.

fredag 30. mars 2012

Toreadoren. Ronda

Ronda er ein av dei mest kjende av dei kvite byane der sør, med ei lang og til tider dramatisk soge. Hardt råka i eit muslimsk opprør på 1500-talet, og i borgarkrigen på 1930-talet. Hemingway let mellom anna noko av boka "Klokkene ringer for deg" gå føre seg i byen og fjella rundt. Lenge levde det landevegsrøvar i holer, oppe i fjella. Då turismen var i emning på 1800-talet var det framleis mange aktive røvarar. Både av det galante og av det meir brutale slaget. Det kunne nok vere ein del av spenninga ved å vitje Ronda, å kome ut for røvarar. Viss det var ein av dei galante, så hjelpte han gjerne damene på plass under skuggefulle tre, før han heldt fram med å røve mennene.  Kom dei så vel heim att, så hadde dei litt av ei soge å bidra med i salongane utover i mørke vinterkveldar. " Tenk, vi ble røvet i fjellene ved Ronda!" Men for dei som møtte dei meir brutale, kunne det gå ein del verre. Men dei kondisjonerte strøymde likevel til Ronda, for kanskje kunne dei og kome ut for røvarar. Turismen sine årsaker er mangfoldig.
Den siste røvaren døydde tidleg på 1900-talet.
Men Ronda er og kjend for at her vart det moderne Andalusia fødd, og her vart den moderne tyrefektinga skapt. Om det er noko å rose seg av då?
Spania si største arena ligg inne i nybyen. Ikkje langt frå Paradoren. Eg har sett at Catalonia har forbode sporten / kunsten.  For er det sport eller kunst eller brutal dyremishandling? Diskusjonen går i Spania. Men det kan ikkje vere enkelt å sette forbod. Der er ein sterk tradisjon som skal brytast, og ikkje minst; det må ligge store økonomiske interesser i tyrefektinga.
Der er eit lite men interessant museum i tilknyting til arenaen, mellom anna med figurar som viser toreadoren sine fargerike klesdrakter. Sjå på storleiken til toredoren i høve til oksehovuda bak.  Det som slo meg var kor små dei var, dei som utfordrar oksen. Som små konfirmantar.

Men sjølv eg ser at det er lagt mykje flid av kvinnehender i klesbunaden til han eller henne som skulle kjempe med tyren. Der var -og er - kvinner og, om ikkje så mange. Retteleg vakkert var broderiet på denne kappa.


torsdag 29. mars 2012

Inn til Ronda

Det vart kveld, og det vart morgon andre dagen, heiter det i Skrifta. Eg får vel omskrive det litt til : og det vart natt og det vart morgon ein ny dag ved havet i sør.
Eg vakna til ei susing som ikkje var der då eg gjekk til sengs kvelden før. Det var ikkje bilar eg høyrde, sjølv om strandvegen ikkje var langt unna.
Eg måtte opp og sjå kva det var. Nede ved stranda ruske vinden i dei store palmetrea og utanfor, på havet,  braut store bylgjer seg innover mot land.
Det skein inga morgonsol inn i frukostsalen denne morgonen. Himmelen var grå. og då bussen tok oss vestover mot Marbella, såg vi at fjella innanfor hadde skoddehattar på. Ved Marbella svinga bussen av mot nord, opp i desse skydekte fjella. Vegen steig raskt oppover. Det tok ikkje mange minutta før vi kunne sjå attende, ned på den kvite byen ved stranda. Ein stad oppe i lia sa guiden: Herifrå kan vi sjå Gibraltar ute i vest. Men alt vi såg var grå skoddedis.
Men det vi såg var på vegen. Smal og svingete. Inn i små dalsøkk og ut at på neste bergrygg. I nokre svingar la Juan sjåfør seg på hornet for å varsle at her kjem ein stor buss. Det vart komentert av ein sidemann at her er det bra det ikkje regnar for ofte, for berget var berre samanpressa stein og grus. Truleg gamal havbotn som hadde vorte pressa opp gjennom århundra. Med vårt  våte vestlandsregn hadde det ikkje vore langt mellom jordskreda
Ikkje alle stadar var det glidekantar heller. Berre nokre små og lave steinar skilde bussen på vegen, frå den stupbratte lia ned mot dalbotnen langt, langt der nede. Men han ved rattet var ein dyktig kar. Roleg og sikkert tok han bussen oppover og oppover, sjølv om motoren brumma tungt i dei brattaste stigningane. Det byrja verte lenger mellom trea etterkvart, og til slutt var vi oppe på snaufjellet med nakne bergrabbar bortover. Og då slepte skyene taket. På veg ned i dalen på andre sida dukka sola fram og varma dagen.
Og så, der, framfor oss i dalen dukkar dagen sitt mål opp. Den kvite byen inne i fjella. Ved kyrkja i nybyen set bussen oss av.

Ronda ligg på omlag 750 m.o.h. og har ei soge som skriv seg langt, langt attende i tida. Nok mykje på grunn av at staden, gamlebyen, var lett å forsvare.  

   

onsdag 28. mars 2012

Torre del Oro.Sevilla

Vi lever godt, vi norske, i eit hav av fattigdom og økonomiske kriser. For vi har det svarte gullet. Oljen. Opp frå havbotnen strøymer den uavbrote. Tilsynelatande utan ende. Og smører vår økonomi, både vår eigen private og den offentlege. Hadde den forsvunne, hadde vi og fått trongare tider.
Dei hadde det slik i Spania og, i nokre hundreår. Der var ikkje gullet svart, men gult og blenkjande. Det var Columbus si ferd over havet til landa i vest som var årsaka. Her fekk landet seg koloniar som fora dei med ufattelege rikdomar.

Ved elva ligg eit gamalt maurisk vakttårn. Det var hit rikdomen kom, Inn i tårnet Torre del Oro, Gulltårnet. Før den vart fordelt vidare utover landet.
Eg har alltid hatt i meg eit bilete av dei spanske som nokre som har god tid, litt bakoverlente i sin livsstil. Var det gjennom gullet som strøymde gjennom dette tårnet at den levemåten innarbeidde seg i folket?
Bør vi vere litt obs på det i vårt folk og, så vi ikkje hamnar i same fella? Vi med vårt svarte gull.

Google presenterar ei lang rekkje av kjende personar frå Sevilla, men at byen er poetane sin by, slik denne liggande kvinna fortel om, det visste eg ikkje. Eg kjenner ingen av dei, men det er nok helst eit teikn på ein brist i kunnskapen min.
Det er langt på kveld då er vi attende ved hotellet på solkyststranda.
Innover sanden ved havet bryt små bårer, og ute over horisonten i sør, skin ei stor fullmåne. Men eg er der åleine, det er ingen som let seg lokke til eit nattleg bad i det blenkjande havet.

Og bak den stille stranda og havbukta strålar lysa frå hotell og heimar i Fuengirola. Men for meg ventar middag, ein kaffikopp etterpå i baren, og så kvile i ei god seng. Ein lang og interessant dag i Sevilla er over.
Og i morgon, før sola er oppe, ventar ein ny dag med nye opplevingar i Andalusia.


tirsdag 27. mars 2012

Den norske prinsesssa. Sevilla

Eg hadde vore i kontakt med hennar soge tidlegare, men det var under vandringa vår frå Pamplona til Burgos ho steig inn i livet mitt på rett. Den unge norske prinsesse Kristina av Tønsberg. Dotter av kong Håkon Håkonson og eldste syster av kong Magnus Lagabøtar. Noregsveldet var på sitt største då, og det var vel derfor at kongen av Castillia og Leon, kong Alfonso X, såg eit høve til alliansebygging med den norske kongen.  Han ynskte kanskje å verte den neste tysk-romerske keisaren, kong Alfonso?
I 1257 landa ho i Catalonia, i Burgos, etter ei lang reise både over sjø og land, Juleaftan kom ho til Burgos der ho feira julehøgtida.
I kongebyen Vallodolid, møtte ho kong Alfonso og hans familie. Ho fekk fritt val mellom kongen ugifte brør, og ho valde den yngste. Ein presteutdanna don Felipe. Han var utsett til ei kyrkjeleg karriere, men det vart det ikkje noko av då han vart vigd til Kristina i Valladolid  31.mars 1258.
Og så kjem Sevilla inn i biletet, for det var dei busette seg, og det var her ho døydde, barnlaus, alt i 1262. Kristina sin lekam vert så frakta nordover til Covarrubias, ein liten by ikkje så langt frå Burgos. Der kviler ho i eit sarkofag i klosterhagen.

Dette var medan Castillia kriga mot det mauriske herredømet i Spania. Nokre år før hadde kong Fernando erobra Sevilla og landet rundt, og han hadde gjort den mauriske festninga i Sevilla til si kongeborg. Og det var i den, don Felipe og Kristina busette seg og fekk sine korte år saman.
Og då måtte eg sjølvsagt nytte høvet til å vitje Sevilla sitt Alcazar, når eg likevel var i byen.
Det er ikkje så mykje som er att av det alcazar som Kristina levde sine siste år i. Ut på 1500-talet byrja kong Pedro I å ombygge den mauriske festninga. Og den ombygginga har helde fram heilt opp til vår tid. Men litt er der enno. Mellom anna denne Patio de Yeso med si opphavelege mauriske utsmykking.
Vi fekk tilbod om å vere med på ei guida omvising då vi kom inn, men vår tid var litt knapp, så det vart til at vi gjekk på eiga hand innanfor festningsmurane. Gjennom bygningane og dei vakre parkane som er der.
Og ut gjennom porten, over plazaen til den vesle kyrkja inne i den store moskeen.
Sjølv om mykje er endra sidan Kristina sine dagar, så er grunnrisset der framleis. Og medan eg vandra rundt, såg eg henne for meg der ho vandra gjennom salane, eller ute under dei skuggefulle trea på det store grøne området, med blanke vasspeglar og rislande springvatn.
Tida vi hadde til rådvelde var i minste laget. Der er framleis mykje eg gjerne skulle ha sett. Så kjem eg attende ein gong, då står alcazar på prioritetslista.

mandag 26. mars 2012

Alcazar, Sevilla

Omvisinga inne i katedralen var over, og vi hadde eit par timar att før bussen skulle returnere over fjella og ut til kysten. Mange tok turen opp i klokketårnet Giralda for å nyte utsynet over byen. Andre rusla rundt i gamlebyen, vitja butikkar eller sette seg på ein kafe for å kjøpte seg noko godt.
Mi kjære og eg hadde eit anna mål. Eit som ikkje var med på omvisingsplanen til Nytt og Nyttig.

Ikkje langt frå katedralen. På andre sida av den store plazaen ruva tunge festningsmurar. Det var Sevilla si alcazar - festning. Staden for den gamle mauriske festninga. Det var her i frå det mauriske riket i Spania vart styrt i dei første åra av Umayyad-dynastiet, frå 712. Den første herskaren var frå Damaskus. Etter den castillianske erobringa, vart det starta ombygging av alcazar på 1500-talet. I dag er den residens for det spanske kongeparet når dei vitjar byen.
Det var dit vi styrde våre steg denne solvarme ettermiddagen. Fram til porten inn til eit stort område innanfor festningsmurane. Prega av gamle og nyare bygningar og store parkar.

Dei eldste er prega av mudejar-stilen som Peter I nytta då han starta ombygginga.
Inn her var det Fernando III reid ein dag i 1248, etter å sigra over den siste muslimske herskaren i byen, og hadde lagt landet omkring under den castillianske kruna.
Og det var her sonen hans, don Felipe, ein dag reid inn med si unge hustru.
Ho som var årsaka til at vi valde å vitje festninga, istaden for å gå opp i katedralen sitt klokketårn. Sjølv om vi etterpå fekk høyre om den flotte utsikte der oppe frå.


søndag 25. mars 2012

Tympanum. Sevilla

Det var under vårt første år av vandringa frå Le Puy  til Santiago de Compostela, at eg vart merksam på dette som er kalla tympanum.
Det har antikke røter, og er ei utsmykking av den bygningsdelen, bjelken, steinen, som ligg over dører og vindauge. Utsmykkinga er gjerne forma som ein trekant eller ein rund boge.
Det var høgt oppe i fjella midt i Frankrike, i ein liten by som heiter Conques, interessa mi for det vart skapt. På katedralen der er det eit godt bevart og flott tympanum, og presten heldt i kveldsmørkret eit langt foredrag om det, på fransk som eg ikkje skjøna eit ord av, men som vekte interesssa mi. Sidan har eg hatt eit auge for desse utvendige bileta over kyrkjedørene. Som i ei tid då ikkje alle kunne lese, formidla kunnskap gjennom bilete til folket. Og kanskje har dei ein funksjon i dag og, som formidlar av den store fortellinga gjennom noko anna enn tala og skrivne ord. Det er visst mange som har vanskar med lesekunsten, også i vår tid.

Og i dag, på Maria bodskapsdag, legg eg ut to av tympanuma frå katedralen i Sevilla, den som er Santa Maria sitt sete. Så får dei få fortelje si forteljing utan at eg komentarar kva dei fortel.

lørdag 24. mars 2012

Columbus. Sevilla

Inne i eit kapell i katedralen står fire rørslege karar. På skuldrane lyfter dei ei kiste.
Det er Christofer Columbus, eller Cristobal Colon som han heiter på spansk, som kviler her.
Han var ein rastlaus mann i livet sitt.  Etter mykje strev fekk han overtale kong Ferdinand, og motvillig Isabel, til å sponse sjøreisa hans for å finne vegen over havet til India. Mot vest.
Den fann han ikkje. Istaden fann han dei vestindiske øyane i Amerika i 1492. Hispanola som han kalla det.
Han vart guvenør over øyane der vest, og tre gongen gjorde han ferda over havet.
Men til kongen kom det rykte om at guvenøren dreiv med hardstyre. Kongen sende menn for å etterrøkje saka, og i 1500 kom han heim i lekkjer.
I vreide erklærte då Columbus at etter sin død skulle han aldri kvile i spansk jord.
Han fekk seg ein fjerde tur over havet, men vart aldri guvenør meir, og heller ikkje gav kongen han del i all rikdomen som strøymde aust over havet.

I 1506 døyr han i Spania, og vert gravlagd i Valladolid, den gamle Calstillianske kongebyen.
Men sjølv etter døden er Columbus ein rastlaus mann. For ikkje lenge etter vert han flytta hit til Sevilla. Men her kviler han heller ikkje lenge, for i 1542 gjer han si femte reis over havet, til Santo Domingo, i det som no er Den dominikanske republikk. Det er sonen Diego som ynskjer det.
Så i 1576 gjer han endå ei reis. Til Havanna på Cuba.
Der vert han verande i 300 år. Men i 1898 misser Spania herredømet over øya. Cubanarane vert sjølvstendige. Og då dei spanske troppene trekkjer seg ut, tek dei Columbus med seg attende aust over havet, og til Sevilla. Og etter Columbus sitt ynskje om ikkje å kvile føtene på spansk jord etter døden, står fire rørslege menn, lyftande kista hans opp på skuldrane sine.
Men så er det det store spørsmålet. Er det Columbus som kviler i kista, eller er det ein annan?
Og han, kviler han framleis i Havanna på Cuba?
Det undrar historikarane og forskarane seg storleg på. og ingen kan gi svaret for då må det det DNA-testar til, og det har vorte nekta. Så langt.

fredag 23. mars 2012

Katedralen.Sevilla

Catedral de Santa María de la Sede - Santa Maria sitt sete - er ei mektig kyrkje. Den tredje største kyrkja i verda, og det største gotiske gudshuset.
Opphaveleg stod her ein stor moske. Då den vart skada av eit jordskjelv, bestemte dei nyrike kristne herskarane å reise ei kristen kyrkje på staden. Og sidan dei hadde mykje gull frå gullandet vest om havet, skulle det verte ei stor kyrkje. Det vart med tida ein mektig katedral, sterkt prega av gotikken sin byggestil.  



Inne i den store bygninga ligg "Patio de los naranjos", appelsintreplassen. Den er frå den store moskeen si tid, og vart nytta av dei truande til undervising,  kvile og til den rituelle vaskinga før dei gjekk inn til bønetimen.
                                          

Og så er vi inne i katedralen. Mektige søyler lyfter seg opp mot det vakkert dekorerte taket, 42 meter over oss. Og langs veggane, kapell etter kapell.
Sakte går eg gjennom skipet. Let augene gli over vakre retablo, skulpturar og målarstykke. Det er flott, vakkert, storslagent.
Men grip det meg?  Fyller det meg med andakt?
Det vert for stort, for veldigt. Eg grip meg i å sakne det enkle, det stillfarande, det lite prangande.
Eg høyrer ei stemme ved sida mi. "Eg er lei av desse store kyrkjene. Eg har sett for mange av dei."
Vel, eg er ikkje der, men eg grip meg å tenkje på andakta som fyllte meg i ei enkel mørk trekyrkje i heimlandet.
Då stansar stega mine. Framfor meg , inne i eit lite kapell, heng eit enkelt krusifiks på veggen.
Kontrasta er stor frå det mektige bygget, og ned til han som er avbilda framfor meg. Men likevel. Det var han dei ville lovprise og takke, dei som gjennom århundra reiste denne mektige kyrkja. Endå om det vart gjort med røva gull frå andre sida havet. ( Men der er det vel berre sosialisten i meg som stikk hovudet fram)

torsdag 22. mars 2012

Santa Cruz og La Giralda. Sevilla

Eg tykkjer det ligg ein bisarr ironi i at den gamle bydelen der jødane eingong budde, idag heiter Santa Cruz. Då det katolske kongeparet Isabel og Ferdinand hadde fullført kampen og sigra over muslimane i 1492, bestemte dei seg raskt for at jødane i riket anten måtte verte katolikkar, eller forlate landet. Dei fekk valet mellom omvend dykk eller reis, eller miss livet her. Det vart opphavet til dei sephardiske jødane, spanske jødar som rømde Spania og busette seg i dei andre landa rundt Middelhavet.
Kva var det regentparet ville med det?
Jødane hadde alltid vore eit trakasert folk i Spania, både i kristne og muslimske område. Det fortel dei skriftlege kjeldene. Sjølv om det i dei siste åra av emiratet Granada var ein kulturell gullalder med relativt stor fridom.
Var det eit land med berre ei tru dei ville ha? Muslimane fekk då halde fram med si gudsdyrking. Kanskje var den sterkaste grunnen til utvisinga økonomisk.
Krig kostar pengar, og kongeparet hadde lånt mykje hos jødane. Ved at jødane vart borte, forsvann og gjelda.
Den løysinga kunne nok ein del gjeldstyngde land innan EU og hatt bruk for i våre dagar. Men då er det kapitalistiske bankar som burde forsvinne.
Jødane vart borte, men bydelen ligg der endå, berande namnet til den heilage krossen. Isabel og Ferdinand gav innbyggarane sin kross å bere.
Trange gater, Strekker eg ut hendene når eg godt begge sider av gata. Men når eg går forbi ei opa dør, ser eg inn i ein open patio med springvatn midt på, og med skuggefulle tre og blomar i krukker utover steinhellene.


Det dukkar opp eit firkanta tårn framfor oss. Det er Giralda, den gamle moskeen sin minaret. Moskeen er borte. Den vart omgjord til ei kyrkje ved erobringa i 1248, og etter kvart utvida til det den er i dag. Den største gotiske katedralen i Europa.
Men minareten fekk stå som den stod, med den forskjela at no kom det klokker i tårnet, istaden for den islamske muezzin sine bønerop.
Tårnet er 104 m høgt, og istaden for trapper innvendig, har den rampar slik at muezzinen, bøneutroparen, kunne ride opp gjennom tårnet.


onsdag 21. mars 2012

Famne eit tre. Sevilla

"-store tre og runnar" skriv gamle Ivar Aasen om.
I den store parken i Sevilla var der sjølvsagt mange tre, og ulike sortar tre. Nokre av dei var av normal storleik etter heimlege tilhøve, medan andre var kjemper. Vår guide, Katarina, hadde stogga ved ei av desse kjempene og fortalt oss om dei, medan vi stod andaktsfulle omkring henne og høyrde på. Så hadde ho sagt det ho ville og lyfta flagget for å gå vidare.
Vent litt, sa eg, kan du ikkje gå bort og famne det medan eg tek eit bilete. Då kjem det fram kor stor det er. Eg såg for meg eit bilete av ei spe kvinne, med flagg i handa, som stod på ei av dei store røtene, kjærleg famnande ein liten bit av den mektige stamma.
Det kan eg, svara ho, men vi guidane har ei lita konkuranse oss i mellom om kor mange som må til for å nå rundt. 10 er beste resultat så langt.Skal vi sjå kor mange vi treng i dag?
Brått løyste gruppa seg opp. Gråhåra pensjonistar klatra over det lave gjerdet ved vegen og opp mellom røtene på treet. Strekte armane ut for å  den neste i rekkja.
Etter litt lått og fumling var resultatet klart. Det måtte åtte til av vår gruppe.

tirsdag 20. mars 2012

Berre vakkert. Sevilla

 Av det som gledde auget under vandringane våre i Andalusia, er det to ting eg hugsar som særmerkte seg. Det eine var alt det vakre smijarnet. Som i portar, gjerde og anna utsmykking både inne og ute.
Det andre var all utsmykkinga med keramiske fliser. Overalt var dei der. Både gamle og av nyare dato. Også det både inne og ute. I maurisk stil som på huset over desse linjene, eller som dekorasjon på denne brua under.

 Men og i form av bilete på ein vegg, også det innramma av vakker dekor. Alt i keramiske fliser.
Biletet viser ei hending i Alicante si soge.

mandag 19. mars 2012

Plaza España. Sevilla

 Lenger inne i den vide parken Marie Louisa i Sevilla, ligg den store Plaza de España, omkransa av ei stor halvmåne-forma bygning. Framfor den går der ein brei kanal med bruer over, kledde med vakre blå-kvite fliser. Den og er ein del av verdsutstillinga i 1929

søndag 18. mars 2012

Kvite duer. Sevlla


I 1929 vart det helde ei latin-amerikansk / spansk verdsutstilling i Sevilla. I det høvet vart det reist mange vakre pavilliongar. Etter at utstillinga var over, vart ikkje desse bygningane rivne, men tekne i bruk til andre formål. Mellom anna til ambasader for mange land, endå byen ikkje er hovedstad i Spania.
Denne utstillinga låg i eit stort parkområde i byen.
Det var her bussen sette oss av. I gata Paseo de las Delisios, som vel kan omsettast med Den frydefulle spaserturen, for her ligg desse vakre bygningane på rekke og rad.
Der vi gjekk inn i parken ligg ein Plaza de America, og som biletet viser hadde denne plassen store mengder av kvite duer som meir enn gjerne let seg fore.

Det var den mauriske kulturen eg hadde ein draum om å møte på denne turen, eller restane av han, 500 år etter at maurarane vart vist bort frå landet. Men i 800 år sette dei sitt preg på Andalusia, og noko er der att, enno i dag.
Maurarane var på ein heilt annan måte enn sine samtidige kristne rike, opptekne av det vakre. Og her høyrde vatnet med. Rennande vatn, og vatn som speglar omgjevnadane.