lørdag 2. mai 2009

6,5 km til Espalion 29.august 2007

På grunn av Leif sine vonde føter ville Torbjørg og Leif ta drosje til Espalion. Sidan Bodil sine kne heller ikkje var bra, overtala eg henne til å fyljge dei andre.

Det er 6,5 km frå St-Côme-d'Olt til Espalion så eg ville gå.
Dei tok med seg sekken min i bilen, så eg kunne gå lausreipa.
Drosje vart tinga i turistkontoret like ved kyrkja, og eg byrja å leite etter dei kvite og raude merka, men fann dei ikkje.
Til slutt var eg ved hovedvegen til Espalion.
I ei forretning ved vegen måtte dei kunne fortelje meg kvar pilegrimsvegen gjekk?
Men dei peika berre på den sterkt trafikerte bilvegen.
Eg får gå attende til turistkontoret.

Der var drosjen klar til å køyre, og både sjåføren og ho på kontoret var meir enn hjelpsame til å vise meg på rett veg.
Forbi kyrkja, sving til venstre, ned bakkane, over brua, og så til høgre.
Snart stod eg på andre sida av Olt, og merka fortalde meg at eg skulle fylgje elva nedover.


Det gjekk radigt.
Eg gjekk i godt driv på ein skuggefull veg.
Og tett ved vegen flaut elva stille vestover.
Reine idyllen var det.

Framfor meg såg eg ei kvinne. Henne skulle eg snart nå att.
Det var lett å gå utan sekk på ryggen, og sidan det var varmt solskin då eg starta, hadde eg berre T-skjorte, shorts og sandalar på meg.
6,5 km til Espalion skulle gå som ein leik.

Men kor lenge var Adam i Paradis?
Brått synte merka bort frå vegen langs elva, og opp lia.
Eg gjekk forbi.
Men så dukka skurken i paradis opp.
Skulle ikkje du gå pilegrimsvegen, Harald?
Jau, men han såg så bratt ut opp lia, og eg vil raskt fram til Espalion.
Å, trekkjer du deg?
Synst du dette var god nok grunn til å ta ein snarveg?

Det enda med at eg snudde attende og slo inn på stien med dei raude og kvite merka.
Det stig bratt oppover.
Stien er våt og sleip etter regnet, og eg ser meir etter kvar eg set føtene enn kva som er i hovudhøgd.
Brått går eg ned i kneståande og gnir min bankande skalle.
Då eg lyfter augene, ser eg årsaka til smellen i hovudet.
Ei stor trestamme ligg tvert over stien.


Stien går i bratte slyng oppover.
Eg prøver å gå så raskt eg kan.
Pusten går tungt etter kvart, men endeleg er eg oppe dei vel hundre høgdemeterane.
Vel heime, hugsar eg denne oppstiginga, som mi hardaste prøving under vandringa.

Oppe på åsen flatar det ut bortover, og eg får fin utsikt over Lot-dalen.


Men kva var det?
Det buldra i det fjerne.
Vert det meir torevær og regn?
Det er eg ikkje kledd for.
Her gjeld det å skunde på.
Vonar det ikkje har retning mot min kant.

Endeleg går det nedover igjen.
Eg når at Marie og held fylgje med henne ei stund.
Ho skal avslutte i Espalion.
Skuleferien er snart over, og ho må attende til lærargjerninga i Lyon.

Toreværet ser ut til å ha retning mot oss, så eg set opp tempoet igjen.
Sidan det går nedover kan ikkje byen vere så langt borte.
Men nei.
Endå ein gong tek vegen av oppover lia, forbi eit stort steinbrot og opp på åsen.
Dei første store dråpane treff meg og her er det berre kratt. Ingen store tre å gøyme seg under.

Torebraka og lynglimta går mest i eit, og eg er alt våt til skinnet.
Eg prøver å verne fotoapperatet som best eg kan under den våte T-skjorta.


Då stig ho brått ut av regnet.
Heilt framme på stupet over dalen står ho og lyfter sine hender velsignande over byen og dalen der nede.
Madonnaen på Vermus-berget.
La Vierge Notre-Dame-de-Vermus.

No går det bratt nedover men stien er sleip.
Brått kjem ein springande mot meg.
Ein joggar.
Like tynnkledd han som eg.

Eit stykke nede må eg gøyme meg under eit stort tre for eit nytt styrtregn.
Ein tanke dukkar opp.
Det er ikkje klokt å stå under store tre når det er torevær.
Men eg vert ståande.


Så lettar det litt og eg skundar meg vidare ned mot elva og byen.
Pilegrimsvegen går forbi fotballbana, før den kjem ned til elva og parken.
Ungdomen som er i full gang med trening, ser heller ikkje ut til å bry seg om været.

Det er berre dyvåte eg, som hastar avgarde for å kome i hus.
I parken ved elva, tett før bygatene, må eg igjen søkje ly under eit tre. Men det er ei spinkel lauvkrune å stå under. Det er like mykje dråpar frå lauvet som regn som væter meg der.

Mot himmelen i sør ragar borga, på toppen av åsen, opp som ein mørk siluett mot dei regntunge skyene.


Og tett ved flyt Lot stille forbi, med overflata merka av regnet som plaskar ned.
Og litt lenger nede, inne i byen, ser eg den gamle brua over elva..



Kvar er dei andre?
Eg prøvde å ringe men får ikkje kontakt.
Eg skundar meg bort frå parken og inn i gatene.
Nokre andre vandrarar går inn på den kommunale giten. Men der skulle ikkje vi vere.

Inne i byen, på eit gatehjørnet, må eg igjen søkje ly.
Ei melding kjem med gatenamn og husnummer, men kvar er det?

Der er ein avis og tobakk-kiosk på hjørnet der eg står.
Eg får prøve å få hjelp i kiosken.
"Kan eg snakke engelsk?"
Eg er så våt at det renn av meg Det vert ein dam på golvet rundt føtene mine.
Mannen ristar på hovudet; "No,no."
Eg leitar fram telefonen, "Adresse, adresse," og gir han telefonen.
Han ser på meldinga, peikar på brua og seier noko.
"Over brua?" spør eg.
Han peikar igjen på brua og seier noko for mine øyre uforståeleg.
Eg får telefonen attende og takkar, "Merci, merci."

Då får eg prøve då.
Over brua.


På den andre sida av brua, litt opp i gata, har Bodil hengt ut av vindauget og vinka.
Dei har sett meg lenge.
Verten dukkar opp i det eg kjem fram til døra.
Kven eg er?
Eg prøver å forklare, og han nikkar og fylgjer meg opp.
Så får eg av meg dei våte kleda og får gå inn under ein varm dusj.

Det vart nokre lange og våte 6,5 km frå St.Come-de-Olt til Espalion.



Espalion

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar