søndag 20. februar 2022

Ei hustavle

 For mange år sidan no kjøpte mi kjære og eg ei keramikkplate der Arnulf Øverland sine tre korte vers var skrive på. Tre korte vers men likevell så sterke og til ettertanke. Då vi flytta til eit mindre husvære overtok vår yngste dotter plata, og eg har ofte stansa framfor desse tre versa nå vi har vore på vitjing hos henne. Og kvar gong har eg inne i meg høyrt Arnulf Øverland si karakteristiske røyst lese orda.    Og no ei av dei siste nettene låg eg våken ei stund og då dukka dei igjen opp i tankane mine.


                                                     Det er en lykke i livet

                                               som ikke vendes til lede:
                                               Det at du gleder en annen
                                               det er den eneste glede

                                               Det er en sorg i verden
                                               som ingen tårer kan lette:
                                               Det at det var for sent
                                               da du skjønte dette

                                               Ingen kan resten av tiden
                                               stå ved en grav og klage
                                               Døgnet har mange timer
                                               året har mange dage












                                                                                                                                                     

fredag 18. februar 2022

Inn i skodda

 Blå time var tittelen eg brukte sist for vel ein månad sidan. No er det vel heller skodda som dominerar.


For livet si framtid og mine draumar om det har endra seg for meg. Framfor jula i 2020 fekk mi kjære eit bryst som ikkje var godt, og på nyåret 2021 vart det fjerna ein kul i brystet saman nokre lymfeknutar. CT-undersøking viste spreiing til bekken og lever, men fekk vi høyre: " dette går bra, vi har gode hjelpemiddel til lækje dette"  Ho byrja på medisinen, men grunna svakt imumforsvar vart dosane redusert ned til svakaste styrke. Så før jul i 2021 var blodverdiane for dårlege så ho vart sett på ein ny medisin. 3 dosar med 14 dagars mellomrom og det førde til ei gradvis forverring av livssituasjonen hennar, før legane igjen braut av behandlinga og sette henne på cellegift, først ei dose eine veka, så ein halv neste veke og då var det slutt. Levera toler ikkje meir, og cellegifta gjer vondt verre var konklusjonen, så i går fekk vi meldinga om at dei bryt av behandlinga av henne. Så sit ein att og undrast; kor lang tid har vi att saman vi to før ho dreg inn i solnedgangen ein dag der framme, og eg står att åleine. Vel åleine vert eg ikkje, eg har born og borneborn, slekt og vener, men mi kjære gjennom mange år vil ikkje vere der lenger. Heller ikkje er eg åleine om å oppleve dette. Det er mange, mange som har vore, og vil kome i same situasjon som eg er i no, at krefta  bryt inn, og bryt ned ein som ein var uendeleg glad i. Men dette gjer at eg føler at no går eg ikkje i solnedgongen sin blå time, men i skodda, inn i ukjende dagar. Men endå har eg henne hjå meg, vonleg i mange, mange veker, ja månader framover.