søndag 5. september 2010

Søndag kveld.

Dagen var varm og solrik. Og om kvelden når son vår køyrde oss til nattbussen. rodna himmelen i vest. No er vi på bussen alle fire. Framfor oss ligg ei natt. undervegs mot Gardemoen. Og i morgon ventar flyet til Barcelona og Spania. Og så byrjar vandringa mot vest på tysdag.
Published with Blogger-droid v1.5.8

lørdag 4. september 2010

Gud.

Eg har hatt nokre tankar om våre gudsbilete tidlegare på denne sida mi.
Eit par program på fjernsynet, og ei omtale om ei bok av den britiske professoren Hawking, fører meg inn på emnet igjen.


Stephen Hawking kjem snart ut att med ei bok der han hevdar at skaparverket ikkje trong nokon gud bak for å starte skapingsprosessen.
Det er ikkje nye tankar frå hans side å hevde at frå ingenting kjem ikkje ingenting, men eit heilt og komplisert univers.
Det forkjem meg at Hawking må ha ein tankebrist i sin logikk. Men det må vel til for å kunne hevde fråveret av ein skaparvilje og ei skaparkraft bak alt det skapte.
For meg synest det bortimot umogeleg å forklare, eller bortforklare, Gud eksistens gjennom fysikken verd.

Eit program på fjernsynet, "Eksistens" heitte det, tok opp dette med gud og gudsbiletet. Det hadde sin bakgrunn i den svenske systerorganisasjonen til Human-etikarane. Leiaren der er ateist. For han er der ingen gud. Medan andre i organisasjonen står for ei meir agnostisk trusverd, med andre ord er dei opne for spørsmålet om der er ein gud eller ikkje.


Det minner meg på fortellinga om Peter Dass som kom til Køpenhavn for å halde ei preike over eit ukjent tema. Temaet skulle han finne på eit papir på preikestolen.
Peter Dass kjem opp på preikestolen og finn arket. Tek det og ser på framsida og seier; Intet. Snur det og ser på baksida og seier igjen ;Intet.
Etter ein liten tankepause, byrjar han preika slik: Av intet skapte Gud himmel og jord.

For å halde meg til nokre bilete frå vår skapte verd. Bilete der vatn får lov å teikne døme på våre gudsbilete.


Korleis ser Hawking og ateisten sitt gudsbilete ut?
Er det ein utturka vassdam, tom for alt det den eingong inneheldt?
Medan agnostikaren sitt bilete av gud er annleis. Her er vatnet framleis tilstades. Sjølv om dammen kan vere liten, så kan den framleis spegle av ein himmel.


Sjølv hadde eg eit bilete av Gud der Han hadde sine klare grenser.
Ikkje ulikt det bilete av Gud som eg får når eg les korleis gudsbiletet er hjå jødar og muslimar, og truleg også i nokre kristne miljø.
Det er som det landskapet eg ser når eg står inne i fjordbotnen av Ørstafjorden. Vender eg augo vestover fjorden så ser eg eit vatn, stengt inne av fjell og åsar rundt. Ingen stad ser eg fjorden opne seg utover mot ei større verd.
Dette gudsbiletet mitt fortalde meg også korleis Gud ville eg skulle leve livet mitt. Innanfor Guds klare grenser.


I dag har mitt gudsbilete opna seg frå dette mitt avgrensa biletet av Gud.
Gud synte meg at Han er mykje, mykje større enn dei grensene eg plasserte han innan for.
Og at Han er uendeleg og grenselaus. Både i sin kjærleik og i si omsorg.
I dag vil eg heller bruke eit bilete av havet for å teikne mitt gudsbilete.

Eg kan sette meg i ein båt og segle ut frå ei strand mot vest. Alltid mot vest. Og dersom eg aldri let båten sin kjøl gli opp på ei anna strand, vil eg eingong kome attende til stranda eg la utfrå. Og heile tida har eg vore på havet, seglande mot vest.
Slik er mitt bilete av Gud i dag.
Uendeleg, open og utan grenser.
Uansett kvar eg er, kva livet mitt byr meg, så er eg i Gud og hans kjærleik og omsorg.

Og der har eg ikkje bruk for ateisten eller agnostikaren sine, for meg, meininglause spørsmål om gud.
For fysikkens lover kan aldri forklare Gud, sjølv om Gud kan forklare fysikkens lover.
Forstår eg den som syng i Salme 139 rett, så kan vi ikkje røme bort frå Gud. Han er alle stader, for det er i Han vi lever, rører oss og er til, som Paulus legg til,
Kvar slags gudsbilete vi enn har skapt oss. Gud er meir, mykje meir enn vi forstår å ta til oss.

Men eg må og ta med noko meir av mitt gudsbilete. For samstundes som Gud er uendeleg, så er Han og intim og nær. Han er ingen fjern Gud langt borte. Tusen lysår her ifrå, som det vert sunge i ein song.
Denne nære Gud kjem synleg fram i Jesus Kristus, som er Guds synlege bilete på jord, som det står i NT.
Men biletet av Jesus Kristus er like mektig for meg som biletet av Gud.
For biletet av Jesus kan vere som ei elv med rennande vatn, så grunn at det er ikkje noko problem å vade den.
Men når eg prøver å trenge djupare inn i biletet av Kristus, så finn eg at den grunne elva brått har vorte til ei mektig flod, så djup at eg ikkje kan sjå nokon botn. Her nyttar det ikkje vade, her må eg berre la kroppen min flyte i vatnet, og la Anden føre meg dit Han ynskjer.