onsdag 30. mars 2011

30.mars


Morgonfred og vinterstille på småbåthamna.
Onsdag 30-mars kl. 9.20 med minus 7 grader Celsius i sola.

tirsdag 29. mars 2011

Manns minne.

Ein høyrer og les ofte uttrykket "i manns minne."
Gjerne i samband med at det har vore mykje nedbør eller mykje vind.
Då kan ein høyre at det aldri har regna, snøa eller storma så kraftigt i manns minne.
Sjølv er eg ein del skeptisk til kor godt dette manns minne er.
Eg trur, og meiner å ha erfart, at det er heller kort.
Det gjeld ikkje minst i samband med den varsla klimaendringa. Det har vore både varmare og kaldare tidsbolkar i tidlegare tider enn det vi har i vår tid.
Sjølv er mitt manns minne heller kort. Eg veit korleis været har vore denne vinteren. Men når mi kjære spør meg om korleis marsværet var for nokre få år sidan, då vert eg svar skuldig.
Innanfor dei få åra eg har nytta digitalt kamera, kan eg leite fram eit foto som syner korleis det var, men utanom det er det ho som sit inne med fasiten i dagboka ho fører.

I dag har det vore solstreif, men det kom ei 10 cm med snø i natt også. Og det har vore normalen denne månaden i år. Snø, og lite som varslar vår. Og mange klagar over uvanleg mykje is på vegar og fortau denne vinteren.


Men korleis var det i slutten av mars månad i fjor?
På Lianest låg det enno snø ved vegen, og småfurene synte at hjorten hadde hatt vanskar med å finne mat gjennom ein snørik vinter.

Frå 2008 og 2009 har eg ikkje bilete som viser korleis været var, men mi kjære si dagbok fortel om snø og sluddbyer den 28.mars begge åra.


Den 18.mars i 2007 såg det slik ut på sørsida av huset vårt.
Det var full vår.


Men 23. mars 2006 var det framleis full vinter med mykje nyfallen snø.

Og medan eg har lagt inn dette, så har sola gøymt seg bak eit kvitt teppe av dalande snø.
Vinteren har ikkje slept taket enno.
Mars går nok ut med vinter i år, men vonleg så kjem våren ein gong i neste månad, i april. For i helga stilte vi klokkene over til sommartid.

mandag 28. mars 2011

Kvar vert våren av?


Er du vorten værsjuk, kall?
Ikkje fritt. Men i dag har vi bestemt oss.
Etter å ha feira 17.mai set vi kursen mot Madrid og Burgos.
Og så caminoen vestover mesetaen til Leon og Astorga, og om dagane rekk til så går vi også over Cruz de Ferro og ned til Ponferrada, før vi set kursen heim til gamlegrendi igjen.
Høyrest det ikkje lokkande ut?
Vonar berre helsa held.

onsdag 23. mars 2011

Ruskevær


Så fekk vi ruskevær igjen her vest.
Store mengder med regn. Vegar er stengde på grunn av ras, både av stein, snø og vassfonner - og liv har gått tapt i Sogn der eit hus vart teke av ei vassfonn. Men slik er kostnaden ved å bu under farlege fjell. Den kan ein ikkje gardere seg imot. Diverre.
I dag braut den elles stille fjorden seg opp med kvite bylgjetoppar, og bygda vart gøymd bak drivande regnbyer.
Det er innevær, men eg trassa vind og regn for dette biletet.

mandag 21. mars 2011

Ein våt dag.

Så er dagen godt igong, og skrivaren har fått i seg dei første to krusa med dagen sitt drivstoff. Svart kaffe, eller café americano som dei kalla det langs pilegrimsvegen.

Det er vårjamndøger i dag. Med andre ord, i dette døgnet er dagen og natta like lange.
Ein våt dag, og værmeldarane varslar at våt skal den verte. Det skal bøtte ned med regn ut på ettermiddagen og kvelden.
Det vert altså lite som lokkar ein ut denne dagen, anna enn det faste mandagsinnslaget. Kafevitjinga på Fru Svendsen.

I fylgje gamle værteikn skulle været denne dagen, her i midt- og nord-Norge, varsle været heilt fram til jonsok. Med andre ord: vått er det i dag og vått skal det verte i tre månader framover. Så no er det berre å avlyse den varsla kraftkrisa. Skal dette varslet halde seg oppe, vil snart vassmagasina fløyme over. Men denne karen som stundar etter sol og varme får berre tinge seg flybilett til syden snarast råd.

Skrivaren er nett heimkomen frå ein time på treningsstudio der han har drege jarn til muskelane i mage og skuldrar varsla at no var nok for denne gong.
Får tru det er bra for ein gamal kropp, når han tek ut på pilegrimsvegen seinare i år.


Om det vert i mai eller september er ikkje fastsett enno.
September byr på brunsvidde sletter, medan mai nok har både grønt gras og blomar i famn. Slik sett skulle valet vere enkelt, men så er der andre faktorar og som spelar med i valet.

Det er sletta - mesetaen - vest for Castrojeriz som ventar på desse vandrarane i år.
20 mil til Astorga med stort sett eit flatt landskap å gå.
Biletet over syner kva som ventar første vandringsdagen.

fredag 18. mars 2011

Solstreif


Solstreif over snøkledde tindar.

torsdag 17. mars 2011

Blå salme


Jeg synger meg en blå, blå salme
til deg, du Hånd som sanker og som sår
og senker deg med signing over jorden
med legedom for alle våre sår.
Som byr oss rette ryggen
stå opp og gå i strid.
med løftet hode skal hver sjel
gå inn i Herrens tid.
Så synger vi vår salme.

Erik Bye

Vårteikn


Det går mot vår.
Snøen minkar på marka og varmegradene er i lufta.
Sjølv om vinden bles kald frå aust i dag - så varmar den vesle tua med kvite snøklokker.
Ser ein godt etter, så er og dei første spirane av skvalderkålen på veg opp av molda.
Den gir ikkje opp om vinteren er snørik, og telen gjennom lange vintermånader held rota i sitt kalde grep. Ikkje mange vekene no, så er det den som er herre på denne plassen.

onsdag 16. mars 2011

Glede i det små


Desse dagane som fører oss så nær det tragiske og vonde som hende - og hender - i Japan - og i Libya, sit eg med ei undring i meg.
Kan dei som står midt oppe i desse hendingane finne noko som gleder, eller vert det berre dei vonde hendingane dei må slite med?
Kva gjer det med dei som står midt i hendingane som eg, gjennom TV´en sine flimrande bilete, berre er ein fjern tilskodar til?

Eg har fått med meg eit par TV-program som berørte meg siste dagane.
Det eine var ei norsk-tyrkisk kvinne som ville sende ein grøn ballong til Gud.
Det handla om kvinnene sine kår, og voner, innan den islamske verda.
Det andre, som eg såg i går kveld, handla om dei grøne dagane, fulle av von, rundt det siste valet i Iran, og korleis makta sine herrar knuste vona med hard vald.
Slik vi og ser det i Libya og andre stadar i den arabiske verda i dag.

Mange anklagar Gud for alt det vonde som hender i verda, og forlet han på grunn av det. Eg trur ikkje vi menneske kan seie oss fri for skuld i det som skjer.
Ein av profetane talar om våre harde hjerters skuld. Eg er redd han er inne på noko vesentleg der.

Midt i dette leitar eg etter det som gleder i det nære.
Det har stått ei grøn plante på kjøkenbenken i heile vinter. Men ein dag bryt mi kjære ut: "Nei sjå, her kjem det blomsterknopp!"
Vi såg han vaks seg større for kvar dag, og ein dag opna den første blomsterknoppen seg og spreidde lys i romet med sin sterke og varme farge.
No står planta på kjøkenbenken. Framleis med store grøne blad. Men i sollyset som kjem inn kjøkenglaset, lyser det som av eit lite bål i toppen av blomsterstengelen, der fleire fargesterke blomar stråler mot oss.
Det er ikkje alltid gledene treng vere så store for å fargelegge tilværet vårt med lys.
Dei er rundt oss heile tida, berre vi evnar å sjå dei - og fange dei.

tirsdag 15. mars 2011

Språk


Det vert hevda at norsk er eit vanskeleg språk. For ikkje å snakke om nynorsk. Det er då eit heilt håplaust målføre som det er totalt vekkasta å bruke tid på å lære. (Vert det hevda i norsk språkdebatt.)
Eg derimot tykkjer at både nynorsk og bokmål er lette og vakre målføre.
Men - spansk derimot, det er ikkje enkelt å få inn i hovudet.

Der er nokre som har noko som vert kalla eit språkøyre. Det skal visst tyde at dei har lett for å lære seg nye språk.
Det har ikkje denne karen.
Eg fekk så smått byrje å smake på engelsk i sjuande klasse på folkeskulen.
Gjennom eit langt liv har eg vel lært det så pass at eg no kan å gjere meg forstått på det målet, og å lese engelskspråklege bøker.

Eg prøvde i si tid å lære meg tysk, men det vart berre med å forsøket.
Resultat: eg skjønar nokonlunde kva som vert sagt og skrive, men trøyste og hjelpe dei som vert utsett for mine forsøk på å tale det.

Fransk?
I nokre veker, tre år på rad vandra eg i Frankrike. Det skulle vel gi som resultat at eg fekk inn ein del fransk ord og setningar. Men desverre. Resultatet vart heller skralt.

Men no er det spansk som står på programmet, og Isak sin besten puggar spanske setningar, verb og glosar i eit forsøk på - når vandringa kjem seinare i år - å kunne "hablo un poco de español"
Med ein spanjol som lærar, burde det vel vere ein viss sjangse for det.
Eller kva?

Og i kveld er det nye spansktimar, så her er det berre gripe boka.
Adios, amigos!
og - hasta luego.

mandag 14. mars 2011

Vårdraum


Ein fager dag er i ferd med å gå mot sin ende.
Tidleg morgon med ein time trening framfor vandringane seinare i år. Så mandagskafe med hyggeleg samvær på Fru Svendsen.
Vel heime stod valet mellom ein spasertur lang bygdevegen, eller å la latskapen sleppe til.
Det vart latskapen som sigra. Eg leitte fram den gode utestolen min og plasserte meg i vårsola.
For ei stund kunne eg narre meg med at no var våren komen.
Tida får vise om han er det. Det er i alle fall på tide.

lørdag 12. mars 2011

Sommarvandring


Ein av dei bloggarane eg fylgjer med på, denne ei kvinne frå Ny-Englandskysten i USA, skriv at no er våren komen der. Snøen smeltar, elvane fløymer over og trea står med bristeferdige knoppar.
Sjølv har eg dei siste dagane nytta snøfresen dagleg, også denne morgonen. Så her er nok våren enno på vent.

Men - han kjem nok , og etterpå kjem sommaren.
Og då skal mi kjære og eg ut på vandring nokre dagar, i Valdres.
Vi var der i 2009, men grunna dødsfall i familien vart det berre dei siste fire dagane av vandringa den gongen.
Når eg no på nyåret, såg utlysinga av 2011-vandringa, sende eg ein e-post og melde oss på for å ta strekninga vi ikkje gjekk i 2009.
Eg fekk svar eit par dagar etterpå, og då var vandringa omlag fullteikna.

Sist veke fekk eg ei ny melding. No var vandringa fullteikna.
Samstundes fekk eg lista over våre medvandrarar. 30 skal gå fellesvandringa i år, og av dei er det 8 menn.
Eg har sett det før, både her heime og under vandringane i Frankrike og Spania. Kvinnene er i fleirtal. Er det ikkje maskulint nok å gå pilegrimsvandring? Eller er det andre sider av vandringane som gjer at det appelerer meir til kvinnene enn til oss menn?
Godt for helsa er det, og ein fin og avvekslande måte å bruke nokre dagar eller veker i vakker natur på.


Nok om det.
1.juli startar vandringa frå Hedal gamle kyrkje for 22 kvinner og 8 menn gjennom skogen, over til Bagn i Valdres.
Dei to første dagane går med til det.
Så er det berre å tinge, og vone, på godt og lageleg vær.
Denne gongen har eg tenkt å bere med meg ein kopi av Hedals-madonnaen under vandringa.

Med bakgrunn i den store jordskjelv- og tsunamikatastrofa i Japan, kjennest det litt underleg å skrive om mine små saker.
Det er rystande å sjå bileta som rullar over skjermen desse dagane.

torsdag 10. mars 2011

Marsmorgon


Det snøa tett då eg kom heim frå kyrkja i går kveld. Store, og tunge snøflukser.
Då mi kjære kom heim vel ein time seinare, snøa det framleis.
Etter ei natt i draumeland, vakna eg og såg at ute lyste det blått mellom skyene.
Morgonvandringa etter avisa synte og at det hadde ikkje kome noko meir snø gjennom natta. Fara etter mi kjære sine føter sto klare i snøen utanfor døra.
Men landskapet lyste reint og kvitt av nyfallen snø, og på andre sida fjorden byrja fjelltoppane å verte farga av den stigande morgonsola.

Mars er den første vårmånaden, og no ventar eg på at våren skal bryte fram, men jammen kan det vere fagert når mars byr på litt vinter og.

onsdag 9. mars 2011

9.mars


Sydvestlege vindar og snøbyer. Men innimellom ei lita von om noko anna og betre.
Eg skulle nok ha vore ute og nytta skiene, men eg trur eg held meg inne og ser på kvinnene som nyttar dei i dei sibirske skogar (VM i 15 km skiskyting - svensk gull), og puggar spanske glosar.

tirsdag 8. mars 2011

Eg hyllar


8.mars. Kvinnedagen.
I dag vil eg hylle kvinna, kvinnene. Og eg gjer det med eit bilete av ein vakker blome.
Mi kjære skal feire dagen på den måten dei har gjort det her i bygda i mange år no. Med kvinnedagsgudsteneste, og med festkveld etterpå.

Likestilling og likeverd er verdt å kjempe for, og den kampen burde vi menn stø heilhjarta opp under.
Der er alt for mange kvinner på vår vesle jord som berre er til for oss menn, og ikkje for deira eigenverdi som frie og sjølvstendige kvinner. Det er djupt urettferdig. Ein slik tankegong krenkjer ikkje berre kvinna, men den krenkjer også oss menn som kan tenkje slik. Og den krenkjer Gud som skapte oss likeverdige, til kvinne og mann.
Men det må ikkje bety at dei skal verte menn, dei må få lov til å vere kvinner med den rikdomen dei er, og har å gi. Då først vert det likeverd.
Derfor ein blomst til alle kvinner på denne dagen.

Men denne blomen er og til mine kvinner. For vi har alle nære kvinner i våre liv.
For meg; mor og svigermor, døtre og svigerdøtre, og ikkje minst mi kjære kvinne som ein gong, år attende, fann meg og valde meg.
Takk for alt dei har gitt meg frå eg såg dagsens ljos første gong, og til denne dagen.

Eg gjer ei kvinne (Haldis Moren Vesaas) sine ord til si mor, til mine :

Dette: å vera i livet, open for alt ikring,
bunden med sterke røter til menneske og ting,
gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

mandag 7. mars 2011

Imponert

Mi kjære og eg hadde ein liten tur til Sogn i helga. Eg trudde at vårteikna her heime var dei same lenger syd, men fekk sjå at der var våren enno berre ein draum.
Frå Klakegg og sydover var det full vinter med meterhøge brøytekantar ved vegen og snø på hustaka.
På heimturen i går kveld fekk vi vintervegar der vi fredag hadde turr og fin vegbane.
Vel heime låg det 5-10 cm nysnø på markene, men i dag tidleg var den i ferd med å renne vekk, for ute er det plussgrader og regn.


Og ikkje nyttar det å drøyme seg vekk til pilegrimsvegen i Spania heller.
Eg har fylgt med på bloggen ei amerikansk kvinne, Jenny Anderson, som dei ti siste dagane har sprunge frå St. Jean Pied de Port til Santiago de Compostella. I dag kjem ho fram. Omlag 8 mil om dagen har vore distansen, og ho har hatt all slags vær under turen. Snø, sludd, regn og vind, og no våren vest i Galicia.
Sprekt gjort å fullføre desse 80 mila på 10 dagar. Ikkje minst når ho tillegg til dei daglege mila, har slite med ein vond ankel og gnagsår på føtene.
Eg let meg imponere.


Ein annan eg er imponert over er eit av barnebarna i Sogn. Han og ein av kameratane i barnehagen har på eige initiativ sett igong med trening i break - som han kalla det - og held dei fram vert dei reine break dance ekspertane. I tillegg har dei lært seg å stå på hovudet, og å slå bru.
Min yngste bror kunne slå bru, men eg kom aldri i nærleiken av den kunsten - og å stå hovudet, det vart nok berre ein draum for meg.
Men her har dei to smågutane vorte reine ekspertane, og i tillegg har interessa deira smitta over på dei andre borna.
Tøft.

fredag 4. mars 2011

Tourogrino


Pilegrim - pèlerin - pilger - peregrino.
Det er det det handlar om på vegen mot Santiago de Compostela.
Eg har vore mellom dei nokre dagar kvart av dei siste fire åra.
Mellom desse som går pilegrimsvegen mot vest gjennom Frankrike og Spania med sekk på ryggen og stav i hand.

Eg har kjent at vekta av sekken på skuldrar og rygg, har vorten tyngre og tyngre etter som dagen lid og kilometerane svinn bort under fotsolane.
Og for kvart år har eg prøvt å minke vekta av den, frå 12-14 kilo første året, ned til 8-10 kilo i fjor. Men framleis vil eg prøve å minke vekta endå meir, sjølv om det tyder at eg må vere meir kresen på kva eg tek med.

Samstundes som eg har kjent på vekta av sekken på min rygg, har eg sett med undring, og litt misunning, på desse som fyk forbi med berre ein liten dagtursekk på ryggen.
Er dei rette pilegrimar tru?

Eg kjenner ordet busspilegrim. Desse som vandrar berre korte stykke kvar dag, men som elles vert frakta fram med fylgjebuss frå hotell til hotell, og gjer heile Camino Frances på ei veke.

Eg møtte eit nytt ord i dag.
Tourogrino.
Det er det dei er, ikkje peregrino men tourogrino.
Desse som sender bagasjen med bil til neste overnattingsstad, og sjølve vandrar så lett avgarde med berre ein liten og lett sekk på ryggen.
Ikkje nokon sovesal med snorkande medvandrarar på pilegrimsherberge ventar på dei, men pensjonat eller hotell med eige rom, gode senger, eigen dusj, og oppdekt frukost om morgonen.
Kan dei vere rette slags pilegrimar?

Eg må tilstå at både ryggen, og alderen min, er freista til å verte tourogrino vidare mot vest.

torsdag 3. mars 2011

Naust ved ei fjøre


Ein gong rådde tre og runnar grunnen åleine her ved fjøra.
I min tidlegaste barndom.
Med ein oppumpa sykkelslange rundt livet, lærde eg meg å symje her.

Min far var glad i sjø og fiske, og då han fekk råd til å kjøpe eigen båt, ein 15-fots linoljegul færing frå Hardanger. Så fekk han og kjøpe seg litt grunn her ved fjøra for å setje opp eit lite naust.
To av brørne hans hadde og sine naust her, men dei gamle nausta til Sæss-gardane låg lenger vest, i fjøra nedfor tuna.

I dag ligg det fleire naust her, og dei viser korleis utviklinga har endra seg over tid. Frå små naust, store nok til ei færing og litt vegn, til våre dagars store naust med plass til ein større båt som står klar på ei båtvogn. Klar til å sjøsetjast den dagen eigaren finn at båtsesongen kan byrje.

Mi barndoms fjøre har endra seg. Berre småbårene sine skvulp mot steinane er som før.

onsdag 2. mars 2011

Tid for sjøbad?


Ute skin sola, og vårkjensla stig i kroppen.
Er det snart tid for å starte badsesongen tru?
Ein test av sjøtemperaturen viste at det nok må gå nokre veker enno.
5 grader pluss viste mi måling, og det er nok litt for kaldt for denne kroppen. Sjølv om han likar litt utfordringar, er eg redd det hadde vorte året sin kortaste dukkert.
Kanskje like raskt som han slektningen som hamna i sjøen fullt påkledd, og som kom så fort opp frå det våte element igjen, at han etterpå sa om hendinga: " eg vart ikkje våt eingong."