Viser innlegg med etiketten Camino Frances 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Camino Frances 2012. Vis alle innlegg

søndag 11. november 2012

Chi Rho

Då vi gjekk gjennom Bierzo-landet og kom til Tempelriddarbyen Ponferrada, såg eg på veggen ved døra inn til kyrkja som er tileigna Santa Maria i eika, eit  symbol som eg ikkje hadde lagt merke til tidlegare, eller rettare to symbol knytt saman i eitt.  .
Her på kyrkjeveggen var det  krossen og dei to greske bokstavane alfa og omega som var knytt saman. I ei moderne utforming.
Soga om korleis Jomfrua i eika dukka opp i byrjinga av 1300-talet, er ei soge med drag av legende over seg. Men sjølv om soga er 800-år gamal, så vert ho framleis årleg feira i byrjinga av september. Restane av blomepynten hekk framleis ved kyrkjedøran då vi var der.
Eg tykkjer det er spanande å gå i eit landskap der så gamle tradisjonar framleis er levande, og vert feira gjennom årlege festar. Kontrasten til vår heimlege arena når det gjeld levande soge synest meg vere stor.
Å sjå desse to symola knytt saman var nytt for meg, men vel heime att ser eg på verdsveven at det er ikkje så eineståande. Men det er oftast saman med Kristussymbolet Chi Rho  at Alfa og Omega er å sjå. Som her på på søyla mellom dørene inn til katedralen i Santiago. Her er i tillegg eit tredje symbol med, krossen.
Ei lita symbolforklaring. Chi Rho er dei to første bokstavane i det greske namnet på Kristus - XP, og Alfa og Omega er første og siste bokstav i det greske alfabetet. I slutten av Johannes Openberring seier han som sit på den himmelske kongsstolen: "Eg er alfa og omega, byrjinga og enden".
Krossen er nok ikkje ukjend for nokon.
Her er symbolet i tillegg vakta av to underlege skapningar.

Dette symbolet har dukka ofte opp hjå meg etter at eg "såg" det i enden av vår lange vandring. Og let eg alfa vere starten langt oppi nord-aust, i Le Puy, då må omega symbolisere slutten på vandringa. Vi var i mål då kom fram til Santiago. Men det eigentlege målet er ikkje Jakob si "grav", men Chi Rho - Kristus.
Ein slik tankegang kan høve når eg ser på symbolet frå Ponferrada.
Men kan det stemme med kva eg ser på katedralen?
Her har då alfa og omega bytt plass. Omega, slutten står først.
Kanskje har han rett den tyske pilegrimen som skreiv. "No når eg er komen fram til enden av vandringa, ser eg at desse  siste vekene berre har vore ei etappe i den lange livsvegen mot Gud. Det er her eg verkeleg kan sei til Sankt Jakob; " Syn meg Herren, og vis meg min veg til Han."

Så har vegen vore ei vandring mot Kristus. No byrjar ei ny vandring med Kristus. Ei vandring som først endar når eg er framme hjå Han.
Gå vi i ring då?
Frå alfa til omega og attende til alfa. Og heile tida omslutta av Kristus??
Chi Rho, krossen, og Alfa og Omega.

Ei siste natt i Santiago, og så heim.
Kjem eg attende nokon gong?
Eg ser at det er mange som går vegen både to og tre gonger i livet. Vegen har ei underleg dragning i seg.  Men åra mine på jord minkar raskt når ein er over dei 70. Likevel, det er endå år att, om ein får ha helsa og levedagane. Nokre sykesøstre eg las om gjekk  vegen i sommar, og den eldste av dei var over 80. Så kven veit. Kanskje, om det byd seg slik, så får eg endå ei gong stå ved Jakob si grav.  Den som lever får sjå. Då skal eg ikkje vere nyfiken turist men pilegrim, og be med den tyske vandraren: Syn meg Herren, og vis meg min veg til Han.

lørdag 10. november 2012

Justitia (Santiago)

Så er vandringa over, både den eg brukte føtene til, og den eg har vandra opp att i minnet her på bloggen. No er det tredje fase som byrjar. Den som i ein stille time kan føre meg attende til vegen og vandringa sine små og store opplevingar. Det er noko som liknar på kva desse dyra som jortar gjer. Dei et først, og sidan fordøyer dei maten endå ein gong. Så derfor er eg nok ikkje ferdig med vandringa. Den vil nok dukke opp att med jamne og ujamne mellomrom, og då gjerne i form av ein liten refleksjon over noko frå den lange vandringa vår.
Men før eg avsluttar frå Santiago de Compostela, nokre tankar til eit par symbol eg såg der.
Der er vel helst slik vi er vane med å sjå fru Justitia, den romerske rettferdsgudinna. Med eit sverd og ei skålvekt i hendene, og med bind for augene. Eit symbol for lov, rett og rettferd, der vekta står for den dømande verksemda, sverdet for utøvinga av domen og bindet for augene fortel om upartiskhet. Slik vår lovgjevande og dømande rettsstat skal fungere.
 
Eg har ei kulturell og historisk vegvisarbok om pilegrimsvegen gjennom Spania. Dei som har skrive boka forslår at ein bør ha med ein liten kikkert under vandringa, slik at ein også kan få med seg dei små detaljane høgt oppe, inne og ute i dei mange spennande bygningane. Dei detaljane ein elles ikkje ville kunne sjå. Og det er ingen dårleg tanke.
 
Denne siste dagen då vi vandra gatelangs i Santiago, dukka denne skikkelsen opp på ei bygning. Det er fru Justitia, men ho manglar sverdet og skålvekta. I staden har ho fått ein kross og teiknet for underet på O Cebreiro, kalken og brødet, i hendene.
Ho er ikkje lenger den romerske, heidne, fru Justitia, men den kristne trua si rettferdsdronning. Og den rettferda er ikkje lik verda si rettferd, for her er rettferda grunna på at i trua på Jesus Kristus sitt soningsverk, vert syndaren dømd rettferdig. Ikkje ved eiga rettferd, men ved at han gjennom trua får del i Kristi rettferd. Og det er rein nåde over nåde for meg.
Slik seier Paulus det i brevet til Filipparane.
"Eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt; å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus  og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gir, men den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua."
Slik er mine  tankar til det første symbolet frå Santiago.

fredag 9. november 2012

Ut i gatene (Santiago)

I morgontimane denne mandagen var gatene framleis våte av regn,  og då var dei overbygde bogegangane gode å finne. Inne under bogane var der ly  både for regn og vind.  Men då vi kom ut att frå katedralen noko seinare på dag, kunne vi sjå blå himmel over byen, og varme solstrålar fann vegen ned i gatene.
Der er alltid noko freistande å sjå inn i gatene sine butikkvindauge. Men det tok ikkje lang tid før mi kjære hadde fått sine små suvenirfingerbjør, og sidan eg fort vert lei av å sjå på utstilte freistingar, så lokka den blå himmelen  oss ut av gatene og inn i ein stor park ikkje langt unna.


Der møtte vi nokre lokale som vi prøvde å slå av ein prat med. Men dei var visst av det tause slaget, det var ikkje mange orda vi fekk frå dei nei. Dei fargerike kvinnene ville berre peike ut vegen attende til gatene og katedralen for mi kjære. Men ikkje eit ord.  Og eg hadde ikkje større lukke på benken, eg heller. Men det var kanskje ikkje så rart. Dei skjøna vel ikkje kva møringar sa, vil eg tru.
 Men som eg sat der på benken ved sida av den elegant kledde borgaren, fauk fotoapperata fram rundt oss, og eg høyrde ein ytre at dei var ikkje heilt ulike, desse to. Akk ja, eg må då sei at tykte han hadde finare sko enn eg, han langskjegga ved sida mi.
Men det varde ikkje lenge før vi såg at det tjukna til att i vest, og åsane der vart borte i komande regn, så då då var det berre å haste attende til gatene for å finne ly der.

Så var dagen over, den siste i Santiago de Compostela. Apostelen Jakob sin by. Tidleg neste morgon kom den tinga drosja for å køyre oss to ut til flyplassen for å byrje på heimreisa.
Og heim skulle vi kome seint om kvelden. Trudde vi. Men slik gjekk det ikkje. Vi kom for seint til å nå det siste flyet heim, og då vart det istaden nattbuss over fjellet.

torsdag 8. november 2012

Ecco homo

"Ecco homo!" let Johannesevangeliet Pilatus sei då han stiller den tornekruna og hudfletta Jesus fram for anklagarane hans. Ecco homo, sjå det mennesket. Kven var han? Det var det store spørsmålet for kyrkjefedrene i nokre hundreår framover etter dei tunge dagane i Jerusalem. Og kva var ærendet hans? Dei vart samde etterkvart om kven han var og kvifor han kom. At han som kalla seg Menneskesonen, han var Gud, komen i kjøt, for å bygge ei bru attende til vår skapar og Far. Ei bru over den djupe kløfta som vårt syndefall hadde skapt. Ved å gi sitt eige blod og døy, sona han vår skuld, og opna brua attende til Gud, vår far, for oss. Slik enda dei opp kyrkjefedrene, og vi fekk ei samlande trusvedkjenning i det store kyrkjemøtet i Nikea.
 

 
For meg er eit av dei vakraste orda i Bibelen, det han sa like før han gav opp anden sin og døydde. Då sa han, "Det er fullført." Det fulle innhaldet i desse orda anar eg ikkje, men eg har etterkvart skjøna at høgda, breidda og djupna av dei er mykje større enn eg nokon gong kjem til å skjøne. Og det sjølv om eg gjennom mine år på jorda har høyrt det "enkle" svaret forkynt, ikkje så reint få gongar.
Sjølv sa han: "Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Den oppgåva fekk eg av Far min."
For meg er svaret på kva "Det er fullført" tyder ikkje så enkelt lenger, det har meir og meir vorte eit mysterium som er gøymt hos Gud.



Eg fann og eit kapell i katedralen der slutten på den lange dagen i Jerusalem var skildra. Der er Jesus er død, og hans døde lekam er teken ned av krossen.
Men noka skildring av påskemorgonen si glede og lys fann eg ikkje.
Det som kastar lys over eit anna av mine kjæraste ord. Eit ord der oppfyllinga av det ligg inne i framtida ein stad.
Den  dagen då Han reiser seg frå kongsstolen og seier: "Sjå, eg gjer alle ting nye:"
Det høyrer og med oppdraget han fekk av sin Far. Trur eg.

 
Eg går ut av katedralen for siste gong. Ut på den store opne plassen utanfor.
Der vender eg meg og lyfter augene oppover mot San Tiago høgt der oppe.  
 Ein katedral bygt til Den heilage Jakob si ære. Det er han som har beste plassen, endå han berre var ein liten fiskar frå Betsaida ved Genesaretsjøen. Men her har han erobra førsteplassen. Rabbien hans er der og, men eg tykkjer ikkje han har fått like stort rom, endå det var Han som var Menneskesonen.  Eg er no ikkje så sikker på at Jakob sine bein kviler i sølvkista i krypten heller. Eg trur nok helst at han kviler i Jerusalem si jord. Men det betyr ikkje så veldig mykje for  meg om beina hans er her eller der.
Igjen fell eg i undring over noko eg ikkje skjønar: Kva er det med desse heilage menn og kvinner i romakyrkja som gjer at dei får så stor plass i kyrkjene etter pilegrimsvegen? Og som forviser hovedpersonen til ein meir beskjeden plass i kyrkjeromet. Men det er vel berre lutheranaren i meg som ikkje skjønar, så fjerne som vi protestantar er frå alt det alle desse heilage menneska har å fortelje oss.
 




onsdag 7. november 2012

Møy Maria


Maria Møy har vore vår trufaste fylgjesvein på vandringane våre, både i Frankrike og i Spania. Og då møtte vi henne både ute i friluft, og inne i kyrkjene der ho ofte hadde eit eige altar i eit sidekapell. Eller ho hadde fått ein sentral plass i retabloet over hovedalteret. Som oftast møtte vi henne som madonnaen med barnet på fang.

Oftast var ho med lys hud, men alt i starten av vandringa vår, i Le Puy katedralen møtte vi den mørke madonnaen. Der var det ein kopi av den opphavelege og undergjerande svarte madonnaen, sidan originalen vart knust og brend av mobben under den franske revolusjonen. Den var gitt til katedralen av Ludvig IX (den heilage) i 1254, etter eit krosstog. Ei anna undergjerande svart madonna møtte eg eingong i Montserrat-klosteret, høgt oppe i stupbratte fjell utanfor Barcelona. Der såg eg og mengder av votivgåver frå dei som hadde fått hjelp.
Der er nokre fleire undergjerande svarte Madonnaer rundt om i verda, men dei eg har møtt på vandringa vår har ikkje fått det stempelet. Dei er berre mørke. Og eg undrar meg kvifor, og kvar kjem den tradisjonen frå?
I katedralen her i Santiago fann eg to stykker med noko ulik utforming.  


Om det ikkje er så mange av det svarte slaget, så er det fleire av den kruna Maria Møy med barnet. Då er ho ungjenta som fødde Gud, og er kruna som himmeldronning. Her har og barn Jesus glorie. Ikkje som ein krans, men av strålar som går ut frå hovudet. Slik vi ofte ser Moses framstilt, men der strålane ser ut som to horn i panna hans. Noko som visstnok skriv seg frå ei feil omsetting av eit hebraisk ord.

Men Maria framstilt som her ved sida har eg sett få av under vandringa, og eg er ikkje sikker kva det fortel. Er det eit bileta av ei Mariaopenberring? Eller er det Maria si himmelfart? Eg trur vel helst at det er det første sidan der og er ei knelande og tilbedande kvinne. I Fatima i Portugal var det tre born so møtte henne, men Bernadette var åleine då ho møtte Maria i ei hole i Lourdes i Frankrike. Kan det vere dette møtet som er avbilda?
I ei nisje i ein vegg ute, fann eg og Maria, denne gongen som "Mater dolorosa", smertene si mor, i ei "pieta" liknande framstilling.

Desse glimta av framstillingane med Maria Møy, frå Santiago de Compostela, avrundar eg med eit tympanum, og då ikkje frå ei kyrkje.

tirsdag 6. november 2012

Matamoros

 Han er ofte å finne langs pilegrimsvegen, han Jakob. Oftast er det som pilegrim med kamskjel på hatten eller kappa. Her står han over ein av portane på katedral i Santiago, saman med sine to disiplar.
 Men han har ei anna side og den gode Jakob'en. Ei meir voldsom side. Den sida av han er ikkje like ofte å sjå, men då sit han på ein stor kvit hest. Med eit lyfta sverd i eine handa. og banneret i den andre. Då er det Santiago Matamoros som stig fram. Og under føtene på hesten ligg drepne maurerar.  Matamoros tyder maurardrepar.
Santiago dukka opp då kampen for å presse bort det islamske herreveldet på den spanske halvøya byrja på 800-talet. Etter at dei islamske styrkane vart slegne attende langt oppe i Frankrike, i 732 av Karl Martell sine styrkar i det store slaget ved Poitiers, tok det nokre tiår før syd-Frankrike var frigjort og frigjeringa kunne byrje syd for Pyreneane. I nord-Spania kom der nokre små kristne kongedøme, og dei tok opp kampen for å presse maurarane sydover. Det er i denne tida Jakob si grav vert funnen i vest i Galisia.
I 844 er styrkane til den asturiske kongen hardt pressa ved Clavijo. Ein stad noko sør for byen Logrono i La Rioja provinsen, aust på den store høgsletta. Då får kong Ramiro I eit syn der han vert lova hjelp. Og under slaget kjem det ein ryttar på ein kvit hest. Oppeldna av han, greier dei kristne styrkane å snu kampen. Slik dukka Santiago Matamoros opp. Ein skikkelse som eg tykkjer har mange samanfallande trekk med ein annan stor helt. Ein som dukkar opp eit par hundre år seinare, og fekk tilnamnet El Cid. Og hans liv er historisk. Om Matamoros og slaget ved Clavijo er sanning eller legende, det får dei som granskar soga finne ut av.

mandag 5. november 2012

San Tiago

Etter endå ei natt med klokkeklang og høge stemmer utanfor vindauget, lysnar det til ein ny dag i Santiago de Compostela. Og vi er attende i katedralen til morgonmesse. Denne dagen er det romslegare i benkane, og prestane i koret er kledde i raudt, ikkje grønt som i går på søndagsmessa. Og det store røykjelseskaret får henge i ro.
Men det er apostelen Jakob Sebedeusson vi er komne til Santiago for. Han var fiskar saman med far og bror Johannes. Tordensønene kalla Jesus dei. Alt i  år 44 vart han avretta av Herodes Antipas.  Han skulle i fylgje legenda ha virka her i Spania nokre år, før han vende attende til Jerusalem og sin bane.

Men etter sin død vart han frakta ned til kysten og lagt i ein båt. Og på underfullt vis vart båten førd ut Middelhavet og opp langs kysten av Spania til han stranda vestanfor her. Så vart han førd desse mila inn frå kysten og gravlagd her. Og grava vart gløymd i 800 år til den vart attfunnen i 813.  Jakob sin dag er 25.juli. (Hos oss er han kjend som Jakob våthatt) Dei åra då 25.juli fell på ein søndag er det heilagt år i Santiago, og då vert denne døra opna så folk kan gå gjennom den og få full avlat for sine synder. Ute er døra stengd av ein solid smijarnsport. Bileta på døra syner Jakob sitt liv, martyrium og ferda til Galisia. Skikken med det heilage året og døra skriv seg frå 1500-talet.

Sidan det ikkje var heilagt år dette året, var døra stengd for oss. Men krypta med sølvkista der Jakob sine leivningar kviler er opa. Og etter gudstenesta denne dagen er køen overkomeleg lang, så vi stiller oss opp for å vente på vår tur. Krypta ligg i rotunden bak høgalteret, og vi må opp ei lita trapp for å kome inn i romet, og så ned ei ny trapp. Eg ser korleis dei knelar på benken framfor eit smijarngitter. Korsar seg og lyfter hendene i stille bøn. Så er det min tur og eg kneler ned og ser inn på sølvkista der inne bak smijarnet. Over den heng ei stjerne av sølv. Korsar eg meg og ber? Nei, eg kjenner eg er ikkje heime i den tradisjonen med å be til helgenar. Fleire hundre år med luthersk rasjonalisme ligg tungt forankra i meg. Legenda om at her kviler Jakob gir ingen atterklang i meg, slik det gjer hos kvinna som knelte framfor meg. Her framfor sølvkiste er det ikkje pilegrimen som kneler, men den nyfikne turisten, og eg lyfter kameraet før eg reiser meg og går vidare, opp ei ny trapp og ut i kyrkjeromet att. 

No har køen av dei som vil ned i krypten vorte lenger. Eg går sakte langs den langs veggen i rotunden. Då kjem eg til å sjå inn eit vindauge i veggen, Det strøymer varmt lys ut gjennom det, og eg ser to raukledde prestar der inn. Dei står i bøn ved eit altar.
Er dei i bøn for dei som kneler i bøn inne i krypten framfor dei? Turisten lyfter igjen kameraet, men no dukkar pilegrimen også opp i meg. Eg vert ståande ei lita stund framfor vindauget i tankar over ei trusutfalding som er meg så totalt ukjend og framand som denne merksemda som vert  desse  heilage til del.
Eg sit i kyrkja sist søndagen og høyrer han på preikestolen sitere Leonard Cohen om desse sprukne kara, og lyset som får kome inn gjennom sprekkene. Så heldt han fram med å fortelje om ei lita jente som sat og kjeda seg i ei lang gudsteneste, og såg på glasmåleria oppe i vindauga. Kven er dei? undrast ho.
Det er helgenar, får ho til svar. Ho sit still ei stund i tankar, så kjem det; Då veit eg kven helgenane er, det er dei som lyset fell inn gjennom.
Kva var det du røva frå oss, Matin Luther?

søndag 4. november 2012

Pilegrimsmuseet

På sørsida av katedralen ligg Praza Quintana, med ei stor fontene midt på plassen. På austsida av plassen ligg bygninga som i dag inneheld Museo das Peregrinacions. (det med bogegangar) Og  sidan det ikkje var så langt opphald mellom regnelingane denne søndagen, vart det til at vi brukte mykje tid innandørs, i ly for regn og vind.
Der var mykje forvitneleg å sjå inne på pilegrimsmusset. Men først litt soge.
Ved utgravingar under katedralen har ein funne restar av busetnad så langt attende som til visgotisk og romersk tid. Mellom anna eit alter for den romerske guden Jupiter. Men det var funnet av grava med beinrestane etter tre personar. Sankt Jakob, og hans to læresveinar, Atanasio og Theodoro, omlag i år 813, som førde til at den første vesle kyrkja vart reist. Og på 900-talet var alt pilegrimsvandringane i gang mot Santiago. Og med pilegrimane kom rikdomen til byen, og med det og freistinga for røvaråtak på byen. Normannarane var her 968, og maurarfyrsten Almanzor i 998. Ved begge åtaka vart byen og kyrkja lagt i ruinar. Men nye kyrkjer, og større kyrkjer vart reiste på ruinane. Og med aukane pilegrimsstraum, måtte kyrkja stadig utvidast til slik katedralen står idag.
Inne i musset er der bilete som viser utviklinga av byen og kykja frå den spede start på 800-talet og fram til i dag. Og ein stor modell av katedralen.
Her sett frå nordvest mot Praza Obradoiro. (praza er plass på gallisisk)
Og her frå søraust, mot Praza Quintana.
Det var tusenvis i middelalderen som kvart år vandra mot Santiago. Santiago var det tredje største pilegrimsmålet. Berre Jerusalem og Roma var større. Men med reformasjonen sette nedgangen inn, og midt på 1800-talet var det berre nokre få hundre i året som kom til byen. Og pilegrimsvegen kom i forfall. Heilt til nokre eldsjeler på 1970-talet byrja å arbeide for å skape nytt liv i pilegrimsvandringane til Santiago. Og i år, ved utgangen av oktober, har det kome 187.000 pilegrimar til byen. Både gåande, syklande og ridande. Nokre 10-tal brukar jamvel rullestol. Hovedvegen er nok den vi gjekk. Den som er kalla Camino frances. Men der er og mange andre vegar som fører fram til det store pilegrimsmålet, langt nordvest i den spanske regionen Galizia.

lørdag 3. november 2012

Eit tympanum fortel

 Der er fleire portar inn til katedralen sitt indre, og alle har dei eit tympanum over dørene.
Kva eit tympanum er for noko, oppdaga eg på rett under første vandringa vår i 2007. Siste dagen kom vi kom fram til den vesle byen Conque, oppe i fjella midt i Frankrike. Ein liten by med ein stor katedral. Over porten inn i kyrkja var der eit stort og rikt utstyrt tympanum, der restar av fargane figurane hadde hatt, framleis var å sjå. Og med ein biletrikdom som tok meg til fange.
Etter det har eg hatt ein fasinasjon for kyrkjene sine tympanum. Frå dei heilt enkle på dei små kyrkjene, til dei store og bilderike på dei store katedralane. Kva eit tympanum er? Ei trekanta eller oval utsmykking over ei dør eller eit vindu. På kyrkjene er det over dørene.
Og dette er tympanumet over porten på sørveggen av katedralen. Her er utsmykkinga utvida også til veggen over dei to tympanuma. Kyrkjene sine tympanum var, i ei tid med lite lesekunnskap mellom folk, ein del av kyrkjene sin billedbibel. Saman med bileta og skulturane inne i kyrkjeromet.
 

I det venstre tympanumet er det freistinga av Jesus som er hovedmotivet, Jesus og "Diabolo" er namngitt, og rundt dei er ei mengd med demonar.
I det andre er det piskinga av Jesus i Pilatus si borg som er hovedmotivet, men heilt til venstre ser vi Jesus lækje den lame, og så kjem Pilatus sitjande på domsstolen. Og oppe til høgre sit Maria med barnet på fang. 
Over dei to tympanuma er der to rekkjer med personar i ulik storleik som eg ikkje kjenner. men i sentrum er der to kjende. I midten står Kristus Pantokrator, Kristus allherskaren, men handa lyfta til velsigning. Og ved sida hans står apostelen Jakob, eller som det står skrive i glorien. Jakob Sebedeusson.
På vår vandring i 2008, kom vi til ein liten by. På kyrkja der var det eit enkelt lite tympanum med berre ei scene. Det var Eva som gav Adam av frukta på treet i hagen.
Her, heilt nede i venstre hjørne av utsmykkinga over tympanuma, såg eg att Eva og Adam. Men her er scena då dei vart drevne ut av hagen.

fredag 2. november 2012

Inn til messe

Over trappene opp frå Praza do Obradoiro lyfter den mektige katedralen til Sankt Jakob si ære, sine mektige tårn og spir seg, med dei mange skikkelsane oppover veggen.


.Men idag forlet vi den vind og regnfulle plassen ute og går inn i det fredfulle kyrkjeromet innanfor. Det første som møter er eit forrom, med ein port vidare inn i kyrkja. Det er Portico de la Gloria, herlegdomens port.
 Då vi var der var tympanumet over porten gøymd bak stillas og plast. Berre midtsøyla med Kristus forløysaren øverst, og Jakob nede på søyla var synleg. Tidlegare brukte pilegrimane og ta på søyla når dei gjekk inn gjennom porten, men det er det ikkje lenger lov å gjere.
 
Vi trudde vi var ute i god tid då vi kom inn i kyrkja ein time før messa. Men der tok vi i miss. Her var alt mange samla. Det var knapt sitjeplassar att. Og etter som det skreid fram til messetid, auke det endå meir. Tilslutt var det stuvande fullt. Berre framfor koret var det eit ope rom, for der var det sperra av.
Og midt i det opne romet ned for koret, hekk det store røykjelseskaret, Botafumeiro, i ei tjukk trosse ned frå taket høgt oppe.


Folk stod tett i tett. Nokre vakter prøvde å halde nokre opne rom slik at ein kunne forflytte seg om det var trong for det. Men det varde det berre ei lita stund, så var dei roma tetta at igjen.
Mi kjære og eg enda opp mot veggen i eit av sideskipa. Der hadde vi ei opning mellom nokre søyler fram mot koret og høgalteret.
Messa gjekk sin gong. Eg undra meg litt på korleis dei skulle greie å dele ut messebrødet i denne trengselen. Men dei hadde nok øvinga på det, for det gjekk greit. Så var messa slutt. Då byrja det å hende noko utanfor vår synsvinkel, for vi såg dei framste i folkehopen vart opptekne av noko i romet framfor koret. Og så såg vi det store røykjelskaret kome svingande fram bak søylene. Litt varsamt med det same, men det auka på, og snart svinga det mest heilt opp under kyrkjekvelven. Så minka svingane av igjen, og tilslutt kom den ikkje fram bak søyla meir, og då braka aplausen laus. Showet som mange hadde venta på var over for denne gongen. Så kom prestane og mennene som svinga karet, i prosesjon forbi oss og ut av kyrkjeromet. Messa var over og kyrkja tømdest for det meste av folket.



torsdag 1. november 2012

Søndag morgon i Santiago

 Det vart ei lang natt i Santiago. Husværet vårt låg ikkje langt frå katedralen, og nede på gata var der ein bar på hjørnet. Så etter den natta er det to ting som står meg i minnet. Det eine er klokkene i katedralen. Dei slo høgt og sterkt heile natta. Ikkje berre ein gong ved kvar heile time. Men - Kvart over timen, eit slag. Halvtimen, to slag. Kvart på timen, tre slag. Fem på full time, fire slag, og så ved timeskiftet kom slaga som fortalde kva time som no var full, og då med ei anna klokke som hadde djupare drønn.
Kvar gong eg var i ferd med å gli inn i svevnen kom nye klokkeslag. Heilt til eg ut på morgonsida var så trøytt at svevnen overmanna  klokkeklangen.
I tillegg til klokkene var folkelivet rett under vindauget ikkje av det stille slaget, og det stilna ikkje av før klokkene hadde sendt sine tre dumpe timedrønn ut i natta.
.



Etter denne lange natta, vakna vi til ein ny dag. Det var søndag, og vi skulle vere turistar i byen. Men då vi såg ut vindauget, var det ikkje blå, men grå himmel over byen. Og det regna vassrett i den sterke sørvestvinden
 
Våre medvandrarar ville nytte høvet til ein bedre frukost på Hotell Parador National denne søndagsmorgonen, før vi alle skulle gå til messe i katedralen.  Eg kom til at det vart i meste laget å betale den kostnaden for mine to brødskiver og den eine kaffikoppen eg brukar å nyte om morgonane. Så mi kjære og eg valde eit rimlegare alternativ.
Vi skulle møtast på den store plassen ein time før messa byrja inn  i kyrkja. I går då vi kom inn, var han full av folk. Denne morgon, i vinden og regnet, var han mest folketom.
Så var dei ferdige med frukosten sin og kom bortover den regnvåte plassen, og vi kunne klatre opp trappene og inn dørene til kyrkjeromet innanfor.


onsdag 31. oktober 2012

Kva no?

Framme. Kva no?
På den store plassen er det oppstilt ei mengd med gamle bilar, og mange går rundt mellom dei og kikar, og beundrar. Særleg ein gamal jeep frå krigens dagar, med eit par karar i amerikanske uniformer, er omsverma. Det er mange som vil ha bilete av seg saman med dei.
Bak oss, ved rådhusbygninga, står mange pynta til fest og ventar på eit par som er inne og vert vigde til ektefolk.
Borte ved Hotel Parador, bak bilane, står flagga rett ut i den stive vinden, og sanneleg er der ikkje eit norsk flagg og.
Inn på plassen kjem det heile tida nye pilegrimar. Både syklande og gåande. Så skal det klemmast og kyssast og gratulerast med vel endt vandring, Og fotoapperata vert flittigt brukte for å feste stunda til minnebrikka.
Og eg? Eg kjenner på ei stigande kjensle i meg. Kva no? No er eg her. Vandringa er over. Målet er nådd. Er der ikkje meir? Er det berre å snu og gå heim att?
 Men så er det meir. Vi må nå pilegrimskontoret før dei stenger. Registrere oss, og få våre bevis på at vi har vandra pilegrimsvegen til Santiago de Compostela. Og det må skrivast på latin, må vite.
Nede i ei gate, ikkje langt frå katedralen finn vi kontoret. Skiltet forkynner på mange språk at her, innanfor porten, er staden. Og langt nede finn vi det og på vårt eige mål.


 Men å komen inn er verre. Her er lang kø av ventande pilegrimar som alle skal for inn for registrering og utskriving av pilegrimsbeviset.
Så her er det berre å stille seg i køen og vente. Sakte sneglar køen seg fram. Inn porten til gardsromet innanfor, inn døra til første etasje, gjennom romet og opp ei trapp til andre etasje. På gangen opp for trappa står ein mann og ordnar køen. Fire om gongen får sleppe inn i roma til dei som ordnar med registreringa.
Langt om lenge er det min tur, og ved skranken må eg vise fram pilegrimspasset mitt, som vert grundig sjekka, før ho stemplar det. I mellomtida har eg fått eit skjema å fylle ut. Namn, kjønn, alder og nasjonalitet. Kvar eg starta og grunnen til at eg gjekk. Var det av religiøse, kulturelle eller andre grunnar? Ja, kva skal ein skrive der tru? Der var så få som hadde kryssa av for det første, så eg melde meg, under tvil, på der. Sjølv om eg nok ofte har kjent meg meir som ein kulturell turist enn ein religiøs pilegrim. Så var det namnet mitt då, når det og skulle vere på latin. Kva det vart? Haraldur? Er det latin? Eg tykkjer det ser meir norrønt ut eg.

Det hadde tatt si tid å stå i den køen,  men mat må ein og ha, og katedralen må og få si første vitjing. Det halla på dagen då vi kom inn dørene til kyrkja, så det vart berre ei rask runde gjennom det store romet. Det var fredeleg og godt å kome inn i stilla frå vinden ute på plassen. Inn gjennom vindauga høgt oppe kom det solstrålar og lyste opp figurane oppe på veggen. Men borte bak høgalteret, var det kø. Lang kø av dei som skulle ned i krypten der sølvkista med Jakob sine levingar står.
Så vi kom til at det fekk vente til neste dag, søndag. Var vi tidleg ute, så var kanskje ikkje køen så lang. Då skulle vi og til messe i katedralen. Så då vart det ut i vinden att, og krysse opp gatene bak katedralen til vårt vesle, men sentrale hotell. To dagar skulle vi vere i byen, før mi kjære og eg, grytidleg ein morgon, ville la oss frakte ut til flyplassen for å byrja reisa heim.

tirsdag 30. oktober 2012

I mål!

"Vi må videre frem, her er ikke vårt hjem", heiter det i ein gamal vekkelsessong. Og Monte do Gozo er ikkje vårt endemål, Det er plassen framfor Jakobs-katedralen inne i byen, og dit er det knapt 5 kilometer att. Så vi byrjar på bakkane ned frå gleda sitt berg, ned til gatene vestover, inn i byen.  Vel nede går vi høgt over den breie motorvegen, der bilane susar avgarde i travel aktivitet, på kraftige plankar i gangbrua og inn i gatene.  Eit par kilometer lenger vest dukkar det opp eit kyrkjetårn over hustaka. Vi nærmar oss målet.
Tårnet aukar i storleik til nærare vi kjem. Og når gata opnar seg mot Praza de Inmaculada, ser vi store bygningar omkranse plassen, og i sør er der ikkje lenger berre eit tårn, men fleire, der benediktinarklosteret og Catedral de Santiago de Compostela ruvar mot oss. Her sit raske Reidun og ventar på etternølarane. Vi skal gå samla inn på plassen framfor katedralen.

Frå ein stad framfor strøymer det sekkepipemusikk imot oss. Er her skottar, undrast eg. Nei, ikkje skottar denne gongen. Inne under bogegangen inn til den store plassen, står ein galisier i nasjonaldrakt og spelar på sekkepipa si, i von om at nokon vil legge att nokre myntar i instrumentkofferten . Til dei klagande tonane frå sekkepipa kjem vi laurdag 22.september, klokka 12.38 inn på Praza de Obradoiro. Vi er framme. Vandringa er over.
Rundt den store plassen ligg dei store bygningane til Hostal de los Reyes Catolicos, no hotel Parador nacional, det galisiske parlament og byen sitt rådhus, og Colegio de San Jeronimo, Men den bygninga som samlar mest merksemd er fasaden av katedralen til Sankt Jakob av stjernemarka, Catedral de Santiago de Compostela. Stor og mektig ruvar vestveggen av den over plasaen med sine tårn og spir.

Inne på plassen kjem Ottar og Leif oss i møte, og det vert eit hjarteleg møte mellom våre medvandrar og deira ektemakar. Og så er det oppstilling for fotografering av oss som har gått pilegrimsvegen i Spania, Men også Leif må vere med. Han som var med då vi byrja langt oppe i Frankrike, 1535 kilometer, og 84 vandringsdagar attende. Men som måtte kaste inn handkledet etter Pamplona, då ryggen ikkje ville meir. Og inn kom Reidun i hans stad. Ottar er fotograf ved dette høvet.
Santiago de Compostela