fredag 8. mai 2009

Livinhac-le-Haut. 11.september 2008


Frå søndagsskulekyrkja går vegen nedover att. Vi skal ned til, og over Lot, og så opp til Livinhac-le-Haut på andre sida av elva.
Haut er eit lokalt namn på Olt eller Lot.

Eit stykke framme forlet pilegrimsvegen bygdevegen, og held fram som ein litt sleip skogssti ned mot elva.


Og der stien byrjar er det reist eit lite hus for ein liten, kvit St. Roch.
Etter alle kyrkjer, kapell og heilagstatuettar vi har møtt av han, så må han vere ein svært populær heilagmann.


Så går vi over Lot, eller Haut, for siste gong på nokre dagar. Neste gong vi møter elva er vi komne til Cajarc.
Hit opp til Livinhac kom båtane frå Bordeaux med stokkfisk. Og tilbake førde dei med seg tømmer til å lage vintønner av.
Vi går over brua og ser opp mot byen.
No treng vi ein kaffipause.
Ein mann kjem ut av ein butikk og går føre oss oppover.
Så merkeleg stilt her er. Stengde butikkar alle vegne.


På torget ved kyrkja finn vi oss ein benk under eit stort tre.
Alt er stengt. Dei opnar ikkje før om 2 timar.
Det siestatid.
Mannen som gjekk føre oss er engelsk.
Dei stengde døra bak han, då han gjekk ut av butikken.
3 andre vandrar dukkar og opp, 2 unge kvinner og 1 mann med hund.
Den eine kvinna har gått på seg store gnagsår.
Ho får etterkvart hjelp inne på ein kafe.


Ein tur inn i kyrkja høyrer med. Ho er lik mange andre langs vegen.


Vi nyt roa og freden. Vi skal ikkje vere i Montredon før kl.16.00


Vi kjem inn i departementet Lot

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar