lørdag 30. september 2017

Til Pontedeume

Dei vel 15 km frå Ferrol til Neda vart slitsomme for meg. Årsaka låg nok i uhellet eg hadde på førsommaren då eg skulle bryte av ei lang fjøl ved å hoppe ned på henne, der ho låg mellom ein mur og bakken. Eg såg ikkje føre meg at det skulle verte som å hoppe på ei trampoline. Eg hoppa, og i neste augneblinken letta eg frå marka og landa under ei verkeleg trampoline med ryggen ned mot røret som var ein part av foten på den. Og der låg eg og måtte ha hjelp for igjen å reise meg, undrande på om eg hadde brote ryggen. Heldigvis var det ikje så galt. Gjer ikkje slikt, sa son min, men det vart litt for seint å høyre det. Eg var for det meste arbeidsufør resten av sommaren. Men no var det september, og eg hadde meint denne vandringa skulle gå bra, noko den ikkje gjorde dagen før, og årsaka var sekken. Tyngda av den takla ikkje ryggen min.

Men det er rart kva ei natts god kvile utfører på ein sliten kropp. Når morgonen kom merka eg ingen ting til problema eg hadde dagen før. Sekken sette eg frå meg då eg gjekk ut døra, berre den vesle Altus-sekken hadde eg på ryggen, og den kjende eg nesten ikkje vekta av. Mine to medvandrar let og sine sekkar stå att, overletne til det spanske postvesenet.


Vegen vidare gjekk utanom gatene i Neda, vi svinga av ned mot fjorden på ein fin gangveg mellom store skogar av strandsiv. Og dei mange møta vi gjorde der synte av denne strandvegen var populær også mellom dei lokale. Men etter ei stund svinga vi bort frå stranda , forbi kyrkja Santa Maria de Neda, og vidare vestover langs fjorden der vi i går gjekk austover på andre sida.





Ved Fenne byrja vegen å klatre oppover mot åsen  mellom Ferrol-fjorden og Ares-fjorden. Vandringa tok oss både på bygdevegar og skogsstiar  før det barst nedover att til den vakre Madanelastranda, og det vakre parkområdet vestover mot den lange brua over mot Pontedeume.
 Det er ei gamal bru, frå 1400-talet, den hadde opphaveleg 116 bogar, og eit kapell for vegfarande mellom den 21.og 22. bogen. Vel det var den gongen ein mektig mann, Fernan Perez de Andrade, rådde i byen. Ikkje mykje er att etter han , men byen si stoltheit, det mektige tårnet, Andradetårnet, står enno.









Elles er det ikkje mykje som minner om kva byen ein gong var. I dag ein moderne liten by ved elva Deume.
Denne gongen tok vi inn på hotell vi ser ved enden av den lange brua, og då sola kom fram, nytta vi ettermiddagen og kvelden til å sjå oss om.

fredag 29. september 2017

Frå Ferrol til Neda.

Morgonen kom og vi var klar for den første vandringsdagen.  Det var grå skyer over oss der vi sette kursen vestover mot merkesteinen ved apoteket, vest i hamna.   Etter å ha foreviga stunda, sette vi kursen austover att gjennom tronge gater, forbi kyrkja og så inn i meir trafikerte gater ut av byen.
Der ligg eit stort verft og marinesenter aust i byen. Forrige gong vi var her var gjerdet mot gata dekt av arbeidskle etter oppsagde arbeidarar. Litt hang der enno att av dei.
Framme ved industiområdet i Gandara byrja dei grå skyene og sleppe ut veske, men vi var heldige. Ved ei bilforretning var der eit overbygg ut mot gata, og der smatt vi tidsnok i ly medan regnet hølja ned.

Der byrja eg å merke at ikkje alt var heilt som det skulle med kroppen min.
Var det sekken som ikkje var heilt ok?  Eg fekk mi kjære til å sjå på den, men ho fann den grei nok.
Kyrkja San Marin de Xubia dukka opp, og som sist gjorde vi rast der. Men inn fekk eg ikkje kome denne gongen heller, berre inn i forgangen.
Men no byrja eg å skjøne at dette kunne verte ei lang vandring for meg. Eg fekk ei sterk kjensle av at noko var galt i ryggen, for eg måtte auke krafta eg brukte på den høgre staven, og likevel kjende eg at eg fekk ei slagside mot høgre sida.

Jarnvegsbrua kom. Ned, under og opp att på andre sida. Eg måtte henge nokre gonger på stavane, men det bar då framover. På gangvegen over motorvegen pausa eg igjen, og tanken kom, tenk om eg kunne teke snarvegen over her, då hadde eg snart vore framme. Men nei, det var enno eit stykke att å gå.

Det barst ned mot dammen,over fyllinga og inn mot byen og den vakre parken langs fjorden. Det hadde eg sett fram til, men nei, ikkje denne gongen. Inn i hovedgata på Xubia vart vi leidde.
Det viste seg seinare at der var eit større arbeid i gang på parkområdet.
No var ikkje ryggen god. Eg hadde ei kjensle av at eg gjekk i vinkel frå krossryggen, og høgre staven støtte stendig hardare mot gata for å halde meg nokonlunde bein.  Var der ein benk ved vegen seig eg ned på den for å få litt kvile.

Kor skal dette gå, tenkte eg, det er berre første dag, og det er mange dagar att til Santiago.
Dei to andre ville skaffe meg drosje, men ein stabukk let seg ikkje overtale til slike naudløysingar. Fram skal eg, punktum.
Endeleg var vi ute av bygata og brua over elva låg framfor meg. No såg eg endepunktet for vandringa denne dagen, Pension Maragoto . Berre ein liten bakkestump, så er eg framme.  På den vesle bakkestumpen må eg kvile tre gonger, siste gongen 10 meter frå døra.
Dei to andre er alt inne der eg slit meg opp trappa og inn, finn meg ein stol og sig ned i den.
Og vertinna ser på meg, det vraket av ein pilegrim som kjem inn, og ler.

Der rart kva litt kvile på senga, ein dusj og eit måltid god mat kan gjer med ein sliten kropp.

Utsyn frå Pension Maragoto mot byen Xubia, og parken langs fjorden.
Og løysinga for resten av vandringa kom. Sekkane våre overlet vi til det spanske postvesen. Vertinna ordna med adresser for alle dagane heilt fram til Santiago.  Sekkane vart henta om morgonen, og når vi kom fram til neste hospits,så stod sekkane der og venta på oss. Sjølve bar vi berre ein liten dagtursekk under vandringa.
Eg ein liten Altus som eg hadde kjøpt på O Cebreiro for nokre år sidan. Den gongen eg gjekk over ende på stien, og halta meg fram til Santiago.

torsdag 28. september 2017

Camino Ingles 2016, utreise

"Tida ho renn som elv mot os" står det ein fedrelandssalme. Det står ikkje å nekte for at der er ei sanning i den strofa. Ein sommar er over. Ute har det vorte haust. Blada på trea har byrja å få haustfargane, men desse siste dagane har vi hatt strålande vær med sommartemperatur. Og eg har fått gjort arbeid som har venta på opphaldsvær og varme. Fullført målinga av heimen utvendig. Det har vore mitt syssel denne sommaren å vere handtlangar for dei som har skifta tak og kledning på huset. Etter det har det vorte i mitt lodd å fullføre snikkarabeidet og målinga. Det er eg framleis i gang med, så det vart inga vandring på mi kjære og meg dette året.

Facebook har den siste veka minna meg på kvar eg og mi kjære var for eit år sidan. Då gjekk vi saman med vår pilegrimsvennine Camino Ingles frå Ferrol til Santiago.  For vel ei veke sidan kom ho heim etter å gått den vegen også i år.
Det var då eg byrja å minnest vandringa vi tre hadde i fjor. Ei vandring som for meg ikkje gir berre gode minne,  då første vandringsdag og heimreisa ikkje vart av dei beste. Årsaka ligg i eit uhell eg hadde på våren som skadde ryggen min, og under heimreisa vart eg råka av matforgifting. Men utanom det vart det ei flott vandring.

Vi flaug ned til Madrid og der fekk første problemet då vår og mange andre sin bagasje ikkje kom på bagasjebandet. Først langt over midnatt var det ein av flyplasspersonalet som tok tak i saka og vi endeleg kunne kome oss frå flyplassen. Men då var nattbussen til Ferrol, som vi hadde bilettar, til reist for lang tid sidan. Derfor vart det ei kort natt på eit hotell ved flyplassen, og drosje inn til Madrid og dagbuss mot nordvest neste morgon.
Det positive med det var at vi fekk sjå nye landskap på vegen mot nordvest, men det førde og til at vi ikkje fekk byrje vandringa den dagen vi hadde planlagt, men først dagen etter. Det var for så vidt greit då vi slapp unna mykje regn.

Vel framme i Ferrol var det store spørsmålet: Kvar er hotellet vi har tinga oss rom på? Etter å ha spurt mange som kom i vår veg utan å lukkast, ingen kunne fortelje  oss kvar vi skulle gå for å finne det. Så var det endeleg ein som kunne vise oss kvar vi skulle gå, og der på eit gatehjørne såg vi skiltet med hotellnamnet og vi kunne sjekke inn og få av oss sekkane.

Resten av dagen brukte vi til å gjere oss litt kjende i byen, mellom anna leitte vi opp steinen ved hamna, steinen som markerar starten på Camino Ingles frå Ferrol.
Og med god hjelp av hjelpsame byborgarar fann vi og ein bra stad til å få oss noko varm mat i kroppane.