onsdag 6. mai 2009

Estaing 30.august 2007


Estaing er ein vakker og pittoresk middelalderby. Den har ikkje meir 600 innbyggararar, og ein brukar ikkje lang tid på å gå rundt den.
Men om den er liten, så har den sjarm der den ligg mellom elvane Lot og Caussane i vest og aust, og åsen i nord.
Mange og trange gater ligg under toppen der borga og kyrkja reiser seg.




Dette er heimstaden til familien d´Estaing.
Guillaume d´Estaing var saman med Richard Løvehjerte i Palestina under det tredje korstoget dit.
Borga, kyrkja og den gamle brua over Lot er frå 1500-talet.




Kl.18.00 deltok vi under messa inne i kyrkja, før vi hadde middag på ein restaurant like ved. Først grøn-salat med grønsaker, egg og skinke.
Bodil ville eg skulle ta svinkotelett til hovedrett, men eg valde fyllte pannekaker. Og så sikra eg meg med ein finare pannekake til dessert, medan ho tok is.


Været har vorte rett fint etter kvart. Er spent på morgondagen.

Torbjørg er den som har hatt arbeidet med å stå for tinginga av herbergeplass til neste kveld. Ho og Leif er våre fransk-kyndige. All ære til henne for det arbeidet. Ho greidde det i dag og.





Estaing

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar