mandag 9. mai 2022

Sorgen og gleden (2)

Livet kan til tider kjennast å vere i meste laget å røyne.To dødsfall for mine kjære på under to månader kan kjennast so. Først var det mi kjære Bodil som sovna inn av kreftsjukdomen, og eit 58 år langt samliv var over. Så var det min gode bror som hadde eit alvorleg uhell. Miste truleg balansen i ei betongtrapp og fekk fleire brot i hovudskallen og med det store hjerneblødningar. Fem dagar fekk vi sitje ved sjukesenga hans og fylgje hans siste levedagar før han drog sine siste andedrag og var borte.
Sorg, kva er det? Gråt og tårer i mengd? Det er det nok og. Men for meg har det vore eit stort vemod over noko som er borte, noko som er tapt. Ja visst har eg minner i mengd over dei to som ikkje er her lenger, men minna dekkjer ikkje tapet.
Vona om å møte dei att når eg sjølv har sovna inn har eg, men det dekkjer heller ikkje tapet av dei to som døden tok. Det vart så tomt, så veldig tomt hjå meg  etter dei to som ikkje er her lenger, det er ein realitet i mi sorg som eg kjenner på kvar dag. Men sorga er og fysisk. Den gjer meg sliten og trøytt. Og den får meg til ubevisst å høyre og sjå ting som ikkje er der, eller er det der likevel? Sorgen og gleden de vandrer til hope, skreiv Kingo. Og han hadde nok erfart det i sitt eige liv. Slik eg og får erfare det i desse vårmånadene. Sorga over det tapte vil nok vere med meg vidare lenge enno, så får eg plukke gledene ned når dei dukkar opp.


torsdag 5. mai 2022

Sorgen og gleden

Tomas Kingo skreiv ei salme der han let sitt  livs gleder og sorger kome til uttrykk. Etter mi kjære kone sin sjukdom og dødsfall har opningsorda på salmen ofte tona igjen hjå meg : Sorgen og gleden de vandrer til hope, lukke og ulukke gange på rad. 
Det er ikkje mange vekene sidan eg fylgde mi kjære kone til grava, og no sit eg ved min eldste bror sitt  sjukelege etter eit tragisk uhell og veit at eg om ikkje lenge og må fylgje han til hans siste kvilestad på kyrkjegarden. Då er det  kanskje ikkje så underleg at Kingo sine ord  stendig tonar igjen hjå meg.

Sorgen og gleden de vandrer til hope, lukke og ulukke gange på rad. Medgang og motgang hinanen anrope. Solskin og skyer de følges og ad. Jorderiks guld er prektig muld, himlen er ene av salighet full.