søndag 8. oktober 2017

Santiago, og heim.

Ei medvandrar frå 2014 møtte oss i Sigüeiro og gjekk saman med oss inn til Santiago. Så vandra vi endå ein gong gjennom bogegangen, forbi sekkepipeblåsaren og inn på den store plassen framfor katedralen.  I Betanzos var det store motorsyklar samla på plazaen, her var det veteranbilar i mengd som møtte pilegrimane som kom. Endeleg framme etter dagar undervegs delte dei ut til kvarandre gratulasjonar, klemmar og kyss.

Litt tid brukte vin plassen for å samle litt inntrykk før vi vandra attende gjennom bogegangen og opp til klosteret bak kyrkja for å melde vårt kome og finne sekkane og roma våre, oppe på loftet under taket. Så venta katedralen og bygatene på oss.

Og pilegrimskontoret. Tidleg neste morgon sette vi kursen mot det for å gjere registreringa og få pilegrimbesviset. Der var det alt lang kø, og eg som ikkje hadde brydd meg om å samle stempel i passet var avvist i døra. Heilagdomen var stengd for meg.
Men katedralen var ikkje stengd. Sjølv om eg hadde vore der før nokre gongar, høyrer det med å vandre gjennom den, vitje kypta der Jakob si kiste står, vere til stades under messa og få sjå på når det store røykjelseskaret vert svinga.


Ved ei av messene vi skulle vitje var der lang kø framfor inngangen. I omlag ei time stod vi der og venta. Til slutt melde ryggen min at no var det snart nok, men endeleg byrja vi å sige framover og inn døra. Kyrkja var full då vi kom inn men mi kjære og eg fann oss ein gamal, sliten benk ved ein vegg og seig ned på den. Ikkje alle fekk det høvet, å sitje, så mange stod.

Messa gjekk sin gang, vi som sat fekk nøye oss med orda som vi skjøna lite av, men vi reiste oss og sette oss når dei andre gjorde det. Eg såg vel kanskje litt ukonsentrert ut, for under nattverdsliturgien då kyrkjelyden helsar  Guds fred til kvarandre, fekk eg brått ei real klem av ei kvinne i nærleiken.
Men då røykjelseskaret vart fira ned for å svingast, vakna brått heile mengda, og mobiltelefonar i hundrevis kom opp for å filme hendinga. Ein av dagane fann vi ut at vi måtte sjå noko vi ikkje hadde sett før, og då vart det ein gaida tur opp på taket av katedralen. Og der oppe var det vidt utsyn.




















Alt har ein  ende, også dagane i Santiago. Tidleg ein morgon sette vi oss i ein drosje for å flytte oss til busstasjonen og avreise til Madrid, og så fly heim.
Og der, på bussen merka eg at magen ikkje spelte på lag lenger. Eg måtte ha fått i meg noko som skapt opprør i den. Flyturen attende til Oslo vart ikkje god for meg, og vel framme der måtte eg ringe min son for å høyre om han kunne hente oss når flyet kom til Ålesund. Og det let seg ordne. På flyplassen stod eit barnebarn og tok imot oss, og køyrde oss heim før  neste dag kom.
Kva som var årsaka veit eg ikkje, men omlagt tre veker tok det før eg var på rett kjøl att.



lørdag 7. oktober 2017

Til Sigüeiro


Endeleg lysna det av dag, den heller lange natta i Ordes tok ein ende. Denne gongen let vi gater i Ordes vere i fred for oss, vinka farvel til kyrkja og tinga oss drosje attende til pilegrimsvegen.


I roleg tempo vandra vi vidare gjennom bygdene mot neste stogg, Sigüeiro.

Vegen var omlagd eit par stader. Eit stykke gjennom ein koseleg landsby var borte, istaden vart vi førde rundt eit større industriområde, noko som etter mi meining ikkje var eit pluss for opplevinga av etappa.

Seinare vart vi atter førde bort frå der vi vandra sist. denne gongen  kom vi inn i eit skogholt som var reint spøkelsesaktig. det bar visst namnet av å vere ein hekseskog. Det stykket var eit pluss då det førde oss bort frå ein trafikert veg.

Så, på ein bakketopp ved eit industriområde, dukka Sigüeiro opp  nokre kilometer lenger framme. Vi hadde god tid så vi rasta der og let andre pilegrimar gå føre oss. Ein hund hadde vore vår fylgjesvein i lengre tid, men då vi held fram mot byen, greidde vi å stanse vårt firbeinte fylgje.

Inne i byen leitte vi oss fram til vårt hospits, eit nytt og moderne på elvebredden. Der hadde vi ein roleg ettermiddag og kveld. Klar for siste stykket fram til Santiago.

fredag 6. oktober 2017

Til Ordes

Med hjelp av Antonio i Mesa Novo kom vi etter ei stund inn pilegrimsvegen frå Ferrol igjen, og kunne trøstig vandre vidare mot Santiago. Men denne dagen hadde vi planlagt ein avstikkar frå vegen, inn til ein by med namnet Ordes. Årsaka var at vi ynskte kortare dagsetapper då vi sat og planla vandringa.
Etter nokre timar kom vi fram til Buscàs og der var baren open, og då var det sjølvsagt tid for ein kopp kaffi.

Kyrkja på andre sida av gata var stengd sist vi var der, men denne gongen synte det seg at ho var open. Årsak. Der skulle vere gravferd, og ein mann var igang med å gjere kyrkja klar til det. Då vi kom inn forsvann han inn i eit anna rom og overlet kyrkjeromet, for ei stund, til oss pilegrimane.




Frå Buscàs var det ikkje så langt fram til at vi måtte ta av til Ordes, og eg fekk mannen bak bardisken til å forklare og teikne vegen fram til Ordes. Men då vi kom inn i gatene var det ikkje berre berre å finne gatene fram til hotellet. Mange vart stogga og spurde, men ingen visste kva gater vi skulle gå. Men endeleg, etter mykje spørjing og leiting, dukka det opp.



Det bles kaldt i Ordes, og ein stad å få seg mat var det heller ikkje enkelt å finne, Men den som leitar han finn, heiter det. Det og lukkast til slutt.


Ordes?
Var avstikkaren vert gåinga og leitinga?
Eg trur ikkje eg kjem til å vitje byen igjen om eg kjem på dei kantar.  Såleis var det ikkje verd vandringa dit, men på andre sida, eg har då vore der.

Kva vi såg av særleg interesse der?
Nokre veggmåleri, vandra i ein fin park og vitja ei kyrkja.
Elles ein heilt ordinær by lik mange andre byar.

Men natta vart ikkje av dei beste. rett utanfor vindauget var det eit trafikert gatehjørne. Bilar ramla forbi, og lydsignala ved ein fotgjengarovergang peip heile natta. Så det vart ei heller lite søvn på meg den natta i Ordes.

torsdag 5. oktober 2017

Opp frå Bar Julia.

Morgonen etter vart vi køyrde attende til Bar Julia for å gå den bratte lia opp på åsen og vidare attende til Antonio sin stad. Bakken opp lia er for mange ei utfordring då den eit stykke går rett opp, men ved øverste husa i lia går det i svingar vidare oppover til ein tek av inn i skogen resten av lia. Men lia kan nok koste litt sveitte under solrike og varme dagar på vegen opp. Sjølv for oss som er vande med brattare og lengre bakkar heime.

På vegen opp får ein eit vidt utsyn over dalen nedanfor, men det vert borte når ein kjem inn mellom trea.



Vel oppe på åskammen står der ein gamal kross. Sist vi var for eit par år sidan, var det berre krossen som stod der, men
denne gongen var det det uflidd rundt den.
Vandrarane, eller pilegrimane, som hadde kome forbi, hadde lagt att mykje skrot der, desverre. Eg tykkjer det er ein uting av pilegrimane å lage slik naturforureining etter seg. Men eg har sett mykje av det på pilegrimsvegane i Spania. Det burde vere unødvendig å late etter seg forsøpling som eit bevis på at her var eg.

Så var det berre å fylgje pilane vidare innover åsen , forbi små landsbyar og landbruksverksemder. Sidan herberget vårt ikkje låg ved pilegrimsvegen, hadde Antonio sin son dagen før, køyrt oss den ruta vi skulle gå for å kome fram. Det gjorde at når vi kom fram til pilegrimshospitset i Bruma, så visste vi kvar vi skulle gå vidare fram til vårt hospits. Det låg ved pilegrimsvegen som kjem frå La Coruña.

Ved å dele denne etappen frå Betanzos fekk vi såleis to netter  med det hyggelege vertskapet Anonio med kone.

onsdag 4. oktober 2017

Sørover

Etter dagar med vandring langs fjorden som kjem sørover frå Biskayabukta, og over åsar til neste fjordbukt, sette vi no kursen sørover inn mellom åsar og grender på bondelandet i Galisia.  Det er eit drygt stykke å gå frå Betanzos og til neste overnattingsstad, nær på tre mil, og ikkje nokon pub på strekninga før ein når Bar Julia. Trudde vi.

Men på den lange strekninga sydover dukka det opp ein ny serveringsstad. Og det er alltid kjærkome å kunne sette seg ned ved eit bord og få seg ein kopp kaffi, og å finne eit toalett. Noko mine to medvandrar alltid sette stor pris på. Vi har det litt enklare der vi menn.










Staden låg idyllisk til  med eit fint uteområde, og under taket var det dekorert med flotte veggbilete.






Vandringsvegen går ikkje så langt frå motorvegen sydover, og nokre gongar måtte vi krysse den. Heldigvis var det bruer over så vi slapp å møte den store og hurtige trafikken på vegen.

 Det er eit vakkert stykke å gå, vekslande mellom små landsbyar og stiar gjennom små skogar. Der luktar det av eukalyptus og nokre stadar står kastanjetrea tett, og under dei var stien dekt av kastanjeneter. Ei eldre kone gjekk på ein av desse skogstiane og plukke kastanjeneter, og ho synte oss korleis dei skulle knekkast.



Vi hadde ein lengre rast ved kyrkja i Leiro, før vi vandra siste stykket fram til Bar Julio der rekna vi med å få kjøpe oss kaffi med noko attåt. Men nei, Bar Julio var stengd.

Vi hadde tinga rom hjå Antonio nær Bruma, og han hadde lova å henta oss her ved baren, så han vart kontakta. Etter ei bel kom sonen hans og henta oss, og vi vart køyrde fram til hospitset. Og der fekk vi ein varm velkomst. Ut på kvelden vart det og eit gasta måltid på oss.

mandag 2. oktober 2017

Betanzos

Døra inn til kyrkja San Pantáleon  das Viñas
Så var vi komne fram til den siste fjordbukta etter å ha vandra omlag ei mil over åsen frå Miño. På andre sida av brua låg Betanzos. Her skulle vi bruke nokre timar på å syge inn bylivet.
Men først var det leite seg fram til hotellet vi hadde tinga rom på, og der var det endringar sidan sist. Det hadde oppgradert vestibyla og hadde fått nytt namn.
Men å få mat der var det framleis ringt med, så det var berre å vandre ned i sentrum att.

På det store torget hadde det samla seg ei mengd med store motorsyklar, og tilstrøyminga av nyfikne motorsykkelelskarar i alle aldrar var stor. Eg høyrer ikkje med til dei, men det var moro å sitja der å sjå på livet som falda seg ut framfor oss.





Betanzos sin variant av Tortilla de España
Men så var det mat. Eg hadde lese ein som skreiv noko om at byen hadde ei spesialutgåve av den spanske potetomeletten. Den måtte eg prøve, og greidde å overtale dei to andre til  vere med på å prøvesmake.

Då det var mange i byen denne dagen var det ikkje lberre enkelt å finne ledige plassar, men på ein bar i ei trang sidegate fekk vi endeleg bord og gjorde vår bestilling.
Og etter ei tid kom den på bordet.  Eit stort fat med ein stor og gul tortilla españa.
Så fekk vi ein tallerken, kniv og gaffel kvar, og då var det berre å ta til seg etter behag. Den var ikkje så velsteikt som vi var vande med, egget var midt mellom flytande og fast, så mine to medvandrarar vart nokså snøgt forsynte og overlet restane til meg. Noko eg ikkje sa nei takk til.

Galisiske husfasader
Vandrarguiden fortalde om eit par kyrkjer som var verde å sjå, men det måtte litt gatevandring til for å finne dei. Det vil sei, det vart berre med den eine, San Francisco-kyrkja. Den andre fekk vente til neste gong, om det vert ein neste gong då? Det vart for langt å gå.
Men på vegen fekk vi sjå meir av den gamle galisiske byggekulturen. Med innbygde glasverandaer mot gata.
Så var kvelde komen og vi måtte leite opp hotellet. Ei god natts kvile venta. Dagen etter forlet vi fjorden og byrja på vegen sydover mot Santiago.



søndag 1. oktober 2017

Til Miño

Det er ikkje så langt til Miño, berre omlag ei mil, men vi hadde på førehand funne ut at denne gongen skulle vi ta det roleg og gi oss tid til å vere litt turistar under vandringa. Og der kan vere mangt å sjå, om ein berre let augene leite litt, og ikkje berre er oppteken av det som ligg beint fram for føtene.

Derfor hadde vi god tid  då vi gjekk ut gjennom gatene i Pontedeume og opp bakkane mot den neste åsen vi skulle over på vår veg mot vest. Og som dagen før var det både skogsstiar, kryssing av motorvegar og gjennom små grender der hundane varsla oss lenge før vi var framme.

Men til slutt bar det ned bakkane til gatene i Miño. Litt leiting måtte til der og, men ein lokal eldre mann viste oss ein bar der vi kunne få byens beste churro. Og god var den.

Så var det å finne overnattingshospitset. Etter litt leiting fann vi gata, og langt om lenge var der nokre som visste litt om kvar det var.
Vi var framme, men der var det låste dører. Kva no?
Igjen var det ein lokal som vart til hjelp. Vertinna budde ein heilt annan stad, og vart tilkalla og kom etter ei tid så vi kom oss inn. Til nokre knøtt små rom og bad. Her vart det nattelege og ingen ting anna. Det var berre å kome seg ut att og utforske omgjevnadane.

Inn til byen igjen for å finne eit matmarked, sokalla supermercado.
Men kvar var det?
Vi gjekk gate opp og gate ned, ikkje noko slikt å sjå. Eit eldre par kom og skulle inn ei dør. På eit stotrande spansk spurde eg om hjelp, og dei peika nedover gata vi var i.
Ok. Eg kunne ikkje sjå ei slik forretning nokon stad, før eg med eit såg ein inngang inn til ei forretning i ein kjellar som kunne tyde på at der var det kolonialvarer innanfor.
Det er ikkje alltid like greit å vere i framandt land når ein ikkje skjønar så mykje av språket. Paret hadde fortalt meg det, men eg hadde ikkje skjøna dei.


Utover mot husværet vårt hadde vi gått forbi ei bukt med ein fin sandstrand ved fjorden. I trappene ned dit var der ein liten bar. Der slo vi oss til i ettermiddagssola og tinga oss kaffi.
Der var ikkje nokon stor trafikk forbi oss, heller ikkje inn på baren, men nede på stranda var der fleire som tok solbad, men lite av bading.

Etter kaffien var  ferdig nytt, rusla vi og ned trappene og bortover strandpromenaden. Her var fint tillaga med med benker til å sitje på om ein ikkje ville ned på sanden.


Då sola byrja å nærme seg ute horisonten, vandra vi utover mot nattelega medan himmelen raudna i nordvest.

lørdag 30. september 2017

Til Pontedeume

Dei vel 15 km frå Ferrol til Neda vart slitsomme for meg. Årsaka låg nok i uhellet eg hadde på førsommaren då eg skulle bryte av ei lang fjøl ved å hoppe ned på henne, der ho låg mellom ein mur og bakken. Eg såg ikkje føre meg at det skulle verte som å hoppe på ei trampoline. Eg hoppa, og i neste augneblinken letta eg frå marka og landa under ei verkeleg trampoline med ryggen ned mot røret som var ein part av foten på den. Og der låg eg og måtte ha hjelp for igjen å reise meg, undrande på om eg hadde brote ryggen. Heldigvis var det ikje så galt. Gjer ikkje slikt, sa son min, men det vart litt for seint å høyre det. Eg var for det meste arbeidsufør resten av sommaren. Men no var det september, og eg hadde meint denne vandringa skulle gå bra, noko den ikkje gjorde dagen før, og årsaka var sekken. Tyngda av den takla ikkje ryggen min.

Men det er rart kva ei natts god kvile utfører på ein sliten kropp. Når morgonen kom merka eg ingen ting til problema eg hadde dagen før. Sekken sette eg frå meg då eg gjekk ut døra, berre den vesle Altus-sekken hadde eg på ryggen, og den kjende eg nesten ikkje vekta av. Mine to medvandrar let og sine sekkar stå att, overletne til det spanske postvesenet.


Vegen vidare gjekk utanom gatene i Neda, vi svinga av ned mot fjorden på ein fin gangveg mellom store skogar av strandsiv. Og dei mange møta vi gjorde der synte av denne strandvegen var populær også mellom dei lokale. Men etter ei stund svinga vi bort frå stranda , forbi kyrkja Santa Maria de Neda, og vidare vestover langs fjorden der vi i går gjekk austover på andre sida.





Ved Fenne byrja vegen å klatre oppover mot åsen  mellom Ferrol-fjorden og Ares-fjorden. Vandringa tok oss både på bygdevegar og skogsstiar  før det barst nedover att til den vakre Madanelastranda, og det vakre parkområdet vestover mot den lange brua over mot Pontedeume.
 Det er ei gamal bru, frå 1400-talet, den hadde opphaveleg 116 bogar, og eit kapell for vegfarande mellom den 21.og 22. bogen. Vel det var den gongen ein mektig mann, Fernan Perez de Andrade, rådde i byen. Ikkje mykje er att etter han , men byen si stoltheit, det mektige tårnet, Andradetårnet, står enno.









Elles er det ikkje mykje som minner om kva byen ein gong var. I dag ein moderne liten by ved elva Deume.
Denne gongen tok vi inn på hotell vi ser ved enden av den lange brua, og då sola kom fram, nytta vi ettermiddagen og kvelden til å sjå oss om.

fredag 29. september 2017

Frå Ferrol til Neda.

Morgonen kom og vi var klar for den første vandringsdagen.  Det var grå skyer over oss der vi sette kursen vestover mot merkesteinen ved apoteket, vest i hamna.   Etter å ha foreviga stunda, sette vi kursen austover att gjennom tronge gater, forbi kyrkja og så inn i meir trafikerte gater ut av byen.
Der ligg eit stort verft og marinesenter aust i byen. Forrige gong vi var her var gjerdet mot gata dekt av arbeidskle etter oppsagde arbeidarar. Litt hang der enno att av dei.
Framme ved industiområdet i Gandara byrja dei grå skyene og sleppe ut veske, men vi var heldige. Ved ei bilforretning var der eit overbygg ut mot gata, og der smatt vi tidsnok i ly medan regnet hølja ned.

Der byrja eg å merke at ikkje alt var heilt som det skulle med kroppen min.
Var det sekken som ikkje var heilt ok?  Eg fekk mi kjære til å sjå på den, men ho fann den grei nok.
Kyrkja San Marin de Xubia dukka opp, og som sist gjorde vi rast der. Men inn fekk eg ikkje kome denne gongen heller, berre inn i forgangen.
Men no byrja eg å skjøne at dette kunne verte ei lang vandring for meg. Eg fekk ei sterk kjensle av at noko var galt i ryggen, for eg måtte auke krafta eg brukte på den høgre staven, og likevel kjende eg at eg fekk ei slagside mot høgre sida.

Jarnvegsbrua kom. Ned, under og opp att på andre sida. Eg måtte henge nokre gonger på stavane, men det bar då framover. På gangvegen over motorvegen pausa eg igjen, og tanken kom, tenk om eg kunne teke snarvegen over her, då hadde eg snart vore framme. Men nei, det var enno eit stykke att å gå.

Det barst ned mot dammen,over fyllinga og inn mot byen og den vakre parken langs fjorden. Det hadde eg sett fram til, men nei, ikkje denne gongen. Inn i hovedgata på Xubia vart vi leidde.
Det viste seg seinare at der var eit større arbeid i gang på parkområdet.
No var ikkje ryggen god. Eg hadde ei kjensle av at eg gjekk i vinkel frå krossryggen, og høgre staven støtte stendig hardare mot gata for å halde meg nokonlunde bein.  Var der ein benk ved vegen seig eg ned på den for å få litt kvile.

Kor skal dette gå, tenkte eg, det er berre første dag, og det er mange dagar att til Santiago.
Dei to andre ville skaffe meg drosje, men ein stabukk let seg ikkje overtale til slike naudløysingar. Fram skal eg, punktum.
Endeleg var vi ute av bygata og brua over elva låg framfor meg. No såg eg endepunktet for vandringa denne dagen, Pension Maragoto . Berre ein liten bakkestump, så er eg framme.  På den vesle bakkestumpen må eg kvile tre gonger, siste gongen 10 meter frå døra.
Dei to andre er alt inne der eg slit meg opp trappa og inn, finn meg ein stol og sig ned i den.
Og vertinna ser på meg, det vraket av ein pilegrim som kjem inn, og ler.

Der rart kva litt kvile på senga, ein dusj og eit måltid god mat kan gjer med ein sliten kropp.

Utsyn frå Pension Maragoto mot byen Xubia, og parken langs fjorden.
Og løysinga for resten av vandringa kom. Sekkane våre overlet vi til det spanske postvesen. Vertinna ordna med adresser for alle dagane heilt fram til Santiago.  Sekkane vart henta om morgonen, og når vi kom fram til neste hospits,så stod sekkane der og venta på oss. Sjølve bar vi berre ein liten dagtursekk under vandringa.
Eg ein liten Altus som eg hadde kjøpt på O Cebreiro for nokre år sidan. Den gongen eg gjekk over ende på stien, og halta meg fram til Santiago.

torsdag 28. september 2017

Camino Ingles 2016, utreise

"Tida ho renn som elv mot os" står det ein fedrelandssalme. Det står ikkje å nekte for at der er ei sanning i den strofa. Ein sommar er over. Ute har det vorte haust. Blada på trea har byrja å få haustfargane, men desse siste dagane har vi hatt strålande vær med sommartemperatur. Og eg har fått gjort arbeid som har venta på opphaldsvær og varme. Fullført målinga av heimen utvendig. Det har vore mitt syssel denne sommaren å vere handtlangar for dei som har skifta tak og kledning på huset. Etter det har det vorte i mitt lodd å fullføre snikkarabeidet og målinga. Det er eg framleis i gang med, så det vart inga vandring på mi kjære og meg dette året.

Facebook har den siste veka minna meg på kvar eg og mi kjære var for eit år sidan. Då gjekk vi saman med vår pilegrimsvennine Camino Ingles frå Ferrol til Santiago.  For vel ei veke sidan kom ho heim etter å gått den vegen også i år.
Det var då eg byrja å minnest vandringa vi tre hadde i fjor. Ei vandring som for meg ikkje gir berre gode minne,  då første vandringsdag og heimreisa ikkje vart av dei beste. Årsaka ligg i eit uhell eg hadde på våren som skadde ryggen min, og under heimreisa vart eg råka av matforgifting. Men utanom det vart det ei flott vandring.

Vi flaug ned til Madrid og der fekk første problemet då vår og mange andre sin bagasje ikkje kom på bagasjebandet. Først langt over midnatt var det ein av flyplasspersonalet som tok tak i saka og vi endeleg kunne kome oss frå flyplassen. Men då var nattbussen til Ferrol, som vi hadde bilettar, til reist for lang tid sidan. Derfor vart det ei kort natt på eit hotell ved flyplassen, og drosje inn til Madrid og dagbuss mot nordvest neste morgon.
Det positive med det var at vi fekk sjå nye landskap på vegen mot nordvest, men det førde og til at vi ikkje fekk byrje vandringa den dagen vi hadde planlagt, men først dagen etter. Det var for så vidt greit då vi slapp unna mykje regn.

Vel framme i Ferrol var det store spørsmålet: Kvar er hotellet vi har tinga oss rom på? Etter å ha spurt mange som kom i vår veg utan å lukkast, ingen kunne fortelje  oss kvar vi skulle gå for å finne det. Så var det endeleg ein som kunne vise oss kvar vi skulle gå, og der på eit gatehjørne såg vi skiltet med hotellnamnet og vi kunne sjekke inn og få av oss sekkane.

Resten av dagen brukte vi til å gjere oss litt kjende i byen, mellom anna leitte vi opp steinen ved hamna, steinen som markerar starten på Camino Ingles frå Ferrol.
Og med god hjelp av hjelpsame byborgarar fann vi og ein bra stad til å få oss noko varm mat i kroppane.


tirsdag 30. mai 2017

Olden gamle kyrkje

Kykjer er mellom dei husa som fasinerar meg. Dei fleste har noko som berre dei har, og som det er interessant å sjå for meg. Men så er der nokre som skil seg ut. Der kan vere både gamle og nyare kyrkjer mellom dei. Eg har sett mange av dei både under åra med pilegrimsvandringane eg har vore med på i sørlegare land, og her heime.  No søndag fekk eg høve til å vitje ei av dei gamle kyrkjene i Nordfjord.

Det er Olden gamle kyrkje.
Ho stod i fare for å verta riven i byrjinga av 1930-talet då bygda ville ha ny kyrkje, men vart berga, og er i dag ein stor kulturskatt for bygda å ha. Det er Olden gamle kyrkje frå 1757.
 Ei krossforma tømmerkyrkje.
 

                            















Det første augene mine fell på når eg stig inn døra til ei kyrkje er korleis kyrkjeromet (kyrkjeskipet) er forma, og det neste er koret der framme med alteret.
Seinare er det tid for å sjå nærare på kva kyrkja elles har å by på.

Ikkje har eg før sett slike "hattekrekser" som stod på alle benkevangane på karasida.


Eller så vakkert pryda dører som desse inn til nokre av benkane.


Der var sjølvsagt meir ein kunne teke med. Som ein gamal botsbenk, gamle måleri og andre bilete. Men det får halde med dette frå ei gamal Nordfjordkyrkje.





torsdag 23. februar 2017

Munk?

Den skulle vel ikkje ver her i vinter, men denne har valgt å prøve å overleve  i kulde og snø.
No har den nok vore heldig med forsøket. Det har ikkje vore så mykje av kulde og snø, og han har hatt tilgong til matfat ilag med sporv, meiser og raudstrupe. Men i dag sat han ute og såg noko frosen ut. Men er han heldig så overlever han resten av vinteren og, og kan lokke på ein make når det grønkast ute. Kva slags fugl det er? Eg trur det er ein munk, og enkelte av dei kan prøve seg på overvintring.

onsdag 15. februar 2017

Costa del Sol

Etter ein vinter som vi førebels har sett lite til, forlet vi heimegrenda  og sette kursen mot sydlegare egne for ei veke. Og medan dei her heime fekk ei veke med klårvær og litt lavare temperaturar, fekk vi syndenfararane både sol og regn, men med lite høve til bading av bleike kroppar i varme solstrålar og vatn. Temperaturen låg der den er på lavgir i vår heimlege summar.  13-18 grader +
Men hyggeleg var det å vere gjestar i Calahonda, Nokre toppturar, byvandring, kafeliv, strandvandring, kyrkjebesøk og litt øving i det spanske målet.
Dei første dagane då det var klårvær og sol såg vi både Gibraltar og fjella i Marokko stige opp overfjorden i det fjerne. ( Det er vel Middelhavet det heiter, men hjå meg vart det omtala som fjorden) Det var litt moro å sjå det for denne karen.
I slutten av veka var det heller gråvær og regn, og då vart ikkje sikta den same, men slik ser det ut i ein turistmagnet på Solkysten. Store busetnadaer heilt til topps på åsane bak kyststripa,

Men hyggelege dagar går fort, og no er vi attende i vår milde og snølause vinter.