søndag 24. juni 2012

Jonsok

Jonsokkveld med jonsokbål.
I år ein varm og lun kveld med sol over grenda.
For omlag femti år sidan byrja dei då unge i ungdomsforeininga å skipe til jonsokkveld med leik, matsal og bålbrenning for bygdefolket. Femti år seinare er dei ikkje lenger unge, og grendalaget har teke over. Men framleis har kvinnene ei hand med. Å setje opp mjølkeringene og å stå tombolaen har dei ikkje slept taket i. Enno.
Siste åra er det skuleplassen som har vore staden. Skulen er nedlagd, men staden er ein fin stad å samlast for eit sosialt samvær i bygda, nokre timar ein midtsommarkveld.

Og i dag er det Jonsokdag. Minnedagen for Johannes døyparen. Han  som sa om seg og sin slektning Jesus. Han skal veksa, eg skal minka.
Jonsok med dei mange tusen små og store bål utover sommarkvelden og natta.
Men har bålbrenninga noko tilknyting til Johannes? Eller er det ei gamal leivnig frå heiden tid si feiring frå midtsommarblotet?

fredag 22. juni 2012

Opptrening

Når september er her, og dagane har vorte mykje kortare, er det tid for den siste pilegrimsetappen gjennom Galicia fram til Santiago de Compostela.
Då gjeld det at forma er der for dagar med vandring. Både for føter og rygg. I fjor mangla det noko på førebuinga, så då gjekk eg meg på ei bra gangsperre første dagane.
Men no er eg igang.  Ikkje med vandring i skog og mark med sekk på ryggen, men litt annleis trening.
Saka er at eg har teke på meg eit arbeid eg har lite erfaring og kunnskap for. (Som så ofte før) Vonleg har eg ikkje heist større segl enn båten toler.
Eg skal denne sommaren reise ein mur av betongstein langs vegen ned til heimen. Så no går det på graving, flytting av pukkstein, støyping og løing av tung stein. Det har medført, ikkje berre gangsperre i føtene, men stive musklar i mest heile kroppen. Så dette må vere topp opptrening til vandringa når sommaren er over, og vonleg - muren oppkomen.

søndag 17. juni 2012

Hjelmelandsdalen - Stårheim

Det regna denne morgonen då min eldste bror og eg skulle avgarde på 3.etappe av kvinnegruppa Embla si pilegrimsvandring mot Selja. Frå Kilsfjorden i Volda,  over Bjørkedalsbrekka til Hjelmelandsdalen i Nordfjord. I dag gjekk vandringa vidare frå Espe i Hjelmelandsdalen, over til Remmedalen og ned til Stårheim. Før etappen vart avslutta i Orheimtunet.
Men regnet for vidare mot nordaust, og då vi var samla til start kl.12.00 ved Espe bru, var det opphald med fin vandringstemperatur. 30 personar var med denne gongen. Dei fleste frå Volda og Eid, men nokre hadde og andre heimstader. Mi kjære heiv seg og rundt på morgonen og vart med.

Fleire lokale var med, og dei kunne fortelje om gardsnamn, personar og hendingar i bygdene ved vegen.
Det var jordbruksbygder vi gjekk gjenom med velstelte og moderne gardar. Men her var og minne om tidlegare tider, som dette gamle nordfjordtunet. No under restaurering attende til gamal prakt. Men sjå på den flotte steingarden i bakken bak husa. Her har det vore rulla og lyfta ein del stein i eldre tid.

Men ikkje alle hus er like heldige. Nokre går sin tunge lagnad i møte når dei ikkje lenger er til nytte. Forfallet.
Det gjekk mest nedover. Men nokre moter kom vi ikkje unna. Om ikkje så lange og bratte.  På veg opp her, ligg Remmedalen bak oss. Vi skal opp i Kleiva for ein rast med mat og drikke. Og utsyn over fjorden, eller fjordane, syd for Stårheimbygda nede ved fjorden.
I syd grånar det til med regn, og før vi bryt opp for siste bakkane ned til fjorden, må regnkleda på.
 Ved fjorden svingar vi av inn mot den kvite Stårheimkyrkja.
Stårheim var under borgarkrigstida på 1100-talet sete for ei av dei mektigaste ættene i landet vårt. Stårheimsætta. Arne til Stårheim vart gift med ei svensk gøtakvinne, Ingrid,  som i tidlegare ekteskap hadde vore gift med både ein dansk og ein norsk konge. Arne var hennar fjerde mann. Ein av sønene deira heitte Nikolas, Han vart biskop, og kom til å vere mellom dei fremste motmennene til Sverre og baglarane under borgarkrigen.

Men Stårheim fostra og ein landskjend mann  nærare vår tid. Framleis er det mange her i landet som hugsar han. Den blinde sjåaren Matias Orheim som reiste landet rundt som forkynnar. Trass i sitt handikapp. Forkynnar og songskrivar. I tillegg spelte han både på fele og glas. I si tid ein omstridd, og høgt verdsett mann.

Difor var det naturleg å avlutte denne vandringa i heimtunet til Matias og Marie Orheim, og høyre eit av deira barnebarn fortelje frå livet deira. 
I august held Embla fram med si vandring mot Selja. Då frå Bryggja og over fjellet til Selje.

torsdag 14. juni 2012

Grøn årstid

For ein varmkjær mann er ho god denne grøne delen av året.
I sær når viden susar lint i grønt lauv og gras, og sola varmar ein kropp som har lagt nokre år bak seg.
Når ein i tillegg har høve til å nyte dei, då er dagane gode.

mandag 11. juni 2012

Skrivetørke.

Endå nokre dagar med sol og varme kom og reiste. Dei vart bytt bort i nye grå dagar. Men enn så lenge, utan regn.
Eg sjølv har vore råka av noko som kan kallast skrivetørke. Då er det freistande å legge føtene på verandarekkverket og la humla suse. Men eg kan ikkje det heller. I allefall ikkje heile tida.  For inn i mellom må eg ta på meg gummistøvlar og klede som tåler skit, leite fram spade og hakke, og bøye ryggen over molda. For eg har byrja på eit arbeid som krev både sin mann, og si tid. Så får tida vise om eg har heist eit større segl enn båten toler. Eller om om eg klarer å kare meg i hamn før vinteren bankar på.
Men innimellom er det godt å kvile ryggen og legge føtene på rekkverket. La sola varme frå ei blå himmel, og drøyme seg vekk. Drøyme seg år attende. Til Via Podiensis der den snirklar seg fram mellom Frankrike sine åsar.
Kvifor slike draumar no?
Der er ein engelskmann som er på veg frå Le Puy i desse dagar, og han har ein blogg. Eg må ofte innom for å fylgje med i vandringsdagane hans. I dag var han på veg ut og opp frå Conques, og målet var Decazeville. Etter same ruta som vi fire vandrarane gjekk . Bileta, og det han skreiv, førde meg  år attende.