onsdag 28. april 2010

Kva er å sjå?

Dei tre vandringane langs pilegrimsvegen gjennom sørvest-Frankrike var rike på inntrykk.
Både gjennom det å vandre langsomt gjennom eit ukjent landskap, vitje gamle og nyare byar og landsbyar.
Og ikkje minst av å kome inn i dei mange små og store kyrkjene, rike som fleire av dei er på kunstnarlege uttrykksformer.

Men der har vore eit sakn hjå meg.
Eit sakn som var sterkast første året, fordi eg då hadde svært lite kunnskap om kvar eg var i høve til eit større landskap enn det pilegrimsvegen snodde seg fram i.
Kva hadde hendt der før, i tidlegare tider?
Eit eksempel: I ein liten by bar torget namnet etter ein bestemt dato under verdskrigen. Det gjorde meg nyfiken på som hadde hendt den dagen, men eg fekk ikkje, og har ikkje fått svaret på det.
Og kva var det eg ikkje fekk med meg frå kyrkjekunsten?
Til dømes: Kva er soga til dei mange heilage menn og kvinner som prydar kyrkjene?
Lutheranaren i meg er heilt framand for denne delen av kyrkjesoga, men vandraren i meg ville gjerne ha visst det.

Dei to neste åra hadde eg kjøpt meg ei lita tysk pilegrimsbok som fortalde meg litt.
Men no er det vegen i Spania som ventar på ei sakte vandring vestover.
Og då har eg gjort eit grep for å fylle denne trongen min.
Rett nok er vekta av det ein ber med seg viktig. Den skal vere så lav som mogeleg. Og dette grepet mitt veg ein halv kilo.
Men eg vel å sjå forbi det. Eg får før la noko anna vere att heime.

Det er bok eg skriv om. Inga rutebok som fortel om kvar ein skal gå, men ei bok som fortel om kva som har hendt langs vegen i tidlegare tider, og om kva som er verdt å gi litt tid, stanse opp og late augene kvile på, på vegen vestover.

Eg har så smått byrja å lese meg opp, og kjenne på spenninga, forventinga til det som ventar av opplevingar langs Camino Frances til hausten
Boka skal få sin plass i sekken, slik at den er lett å få tak i.

torsdag 22. april 2010

Til Romsdal

Det teiknar til å verte ein fin dag.
Eg vaknar til sol, om temperaturen berre er litt over 0.
Denne dagen skal vi til fogderiet nord om oss, Romsdal.
Det er feiring av ein årmålsdag som ventar eit par dagar framme.


Ferga ligg klar på Festøya når vi er der. Det er bra vi ikkje er ute i siste minutt, for det vert fort mange bilar bak oss i køen.
Skyene som ei stund samla seg på himmelen, er i ferd med å verte borte, og det snødekte Skophornet ligg bada i sol.


Ørskogfjellet ligg bak oss. Det vart å ligge i kø frå Solevåg til Furneset, men køen var lang og heldt jamn fart, så det gjekk greit utan farlege forbikøyringar.
Men på veg opp på fjellet, passerte vi ein bil som nok hadde helde for høg fart.
Han stod i ein snøbarde, langt utanfor vegen, i ein sving.
Sjåføren stod på vegkanten og venta på redningsbil.

Så er vi på veg over Romsdalfjorden.
Frå bildekket på ferga ser eg inn over snøkvite tindar, lenger inne i fjorden.


Men utover fjorden, utover mot det opne havet mellom øyane og fastlandet, heng skyene over fjord og fjell.


Ferga rundar Moldeholmane, og sig inn mot Romsdalsbyen.
Han har vakse sidan første gongane eg kom med ferga over fjorden.
Den gongen var eg ung. Det var kjærleiken til ei endå yngre jente, som drog meg på ei ferd som den gongen tok ein dag med buss, ferge og mjølkebil, heimanfrå og fram til henne.

Fergene var og mykje mindre den gongen, enn dei store og moderne gassfergene som trafikkerar fjorden no.
Den gongen var Molde ein liten by ved fjorden. Han har auka i folketal sidan den gongen. I dag er det eit moderne hotell og ein stor fotballstadion som møter oss ved innseglinga.

Åra har gått sidan då.
No er det born og borneborn som dreg oss to attende til vakre Romsdal.


Så er vi framme.
Eg har vorte okupert av Helga, og må vere med i hennar dokkeleik.
Men eg får lov til ein liten tur ut på verandaen for å ta eit bilete mot søraust. Over fjorden og øya til tindane inne ved Innfjorden, og lengst bak Trolltindane.
Fjorden ligg blank og still framfor Den Heilage Øya, og over dei solkledde, kvite tindane, kvelver himmlen seg blank og blå.

Helga kjem og krev meg til bords.
Eg er visst litt treg, for stemma hennar er bydande når ho seier: Du må kome morfar.

mandag 19. april 2010

Erlerid


20.april 2007.

Det hender kvart år dette.
Vi trur at no er våren komen. Vårblomane spirer og blømer, og vi skiftar frå vinterdekk til sommardekk på bilane.
Men så er ikkje vinteren ferdig med oss endå.
Han kjem på nye besøk, både ein og fleire gonger.
I år, og for tre år sidan, kom eit av desse besøka på same tid.


19.april 2010

Men likevel, trass i kvite marker og snøtyngde tre. Våren er ikkje til å stogge.
Dette er berre eit kort tilbakefall til det som har vore kvardagen vår i fleire månader dette året.
Våren er her, og han let seg ikkje stanse, korkje av erlerider eller oskeskyer frå Island.

søndag 18. april 2010

Og Han sa

Fortellinga frå stranda ved Genesaretsjøen, der læresveinane igjen møtte den oppstadne Jesus Kristus, har eit framhald etter fiskefangsten og måltidet som eg fortalde om sist søndag.
Og det framhaldet er evangelieteksta ved gudstenestene denne søndagen.
Denne søndagen då erlerida held fram med å farge bygda kvit med nyfallen snø. Og oskeskya frå vulkanutbrotet på Island stenger luftromet over nord-Europa for all flytrafikk, og med all tydlegheit viser kor sårbart vårt moderne samfunn har vorte.


Utanfor Peterskyrkja på stranda ved Tabgha, står to skikkelsar mellom trea. Skikkelsane er forma i svart stein.
Den eine kneler ned med hendene halvvegs lyfte mot den andre, som på si side retter hendene velsignande ut over den knelande.

Johannes fortel at Jesus tok Peter med seg på ein spasertur etter måltidet denne morgonen.
Og at han under turen på stranda tre gonger spør Peter om han har han kjær, og Peter må tre gonger svare at det veit Jesus. Han veit at Peter har han kjær, trass i at han i øvstepresten sitt hus, tre gonger svor på at han kjende ikkje Jesus.

Trass i Peter sitt svik, er det Peter som av Jesus vert vald til å vere den første mellom dei tolv, og tre gonger får Peter høyre at han skal ta seg av dei som kjem til tru på Jesus som Messias. - Fød lamma mine - Gjet sauene mine - og - Fød sauene mine, er orda Peter får høyre frå Jesus, og i dei orda ligg grunnlaget for prestetenesta, hyrdetenesta i Kristi kyrkje. Og at den romersk katolske kyrkje har Peter som grunnvoll for si teneste.
Men endå eit ord gir Jesus Peter, og det er: Fylg meg.
Sentrum er og vert Jesus. Ikkje eg eller vi, med kva vi så tenkjer ut er ei betre retning å gå i for oss moderne menneske.

Det er mange, også prestar, som i våre dagar ikkje vil stå på den grunnen kyrkja har hatt sidan starten etter Jesus si oppstode. Helge Hognestad er ein av dei, men der er fleire enn han.
Dei presentarar ein annan bodskap som dei synst høver betre i vår "moderne" tid.
Men Jesus sine ord og liv er framleis den einaste grunnvollen kyrkja har å stå på.
Jesus sine ord til Peter er framleis den einaste retningsvisaren for han tenarar: Fylg meg. Og arbeidsinstruksen er framleis den same; Fød lamma mine, gjet sauene mine og fød sauene mine.

fredag 16. april 2010

Il Volto Santo - Det heilage Andletet.


Kristusikon. Moskvaskulen. 12.århundret.

Det er nokre som seier at dei mange ikonbileta , særleg dei eldste, har ei stor grad av samsvar når det gjeld utforminga av Jesus Kristus sitt andlet.
Langt hår, tynn bart og skjegg som er delt i to under haka, litt langt andlet og med litt skeiv nase.

Eg skulle gjerne vore i Italia no, i Torino.
Med bilett til romet der likkledet i Torino vert synt fram. Det skulle eg gjerne sett, men eg må nok vere nøgd med å sjå det på bilete.


Eg tykkjer det er ei spanande fortelling som vert utfolda omkring dette kledet.
Sjølv er eg like varsam som Vatikanet når det gjeld å vere sikker på kva sanninga om kledet er.
Men mange er skråsikre på at dette er likkledet Jesus vart sveipt inn. Andre er like sikre på at dette er eit kunstverk frå middelalderen, sjølv om Leonardo da Vinci nok er uskuldig i å ha laga det. Han var fødd rundt hundre år etter at den første skriftlege omtalen av kledet kom i 1357, då det første gong vart vist fram offentleg i den franske byen Lirey.
Men forskarane står på. Også norske.
Kanskje får vi eingong det endelege svaret på kor gamalt det er?
Kven personen på kledet er, får vi nok aldri vite.
Der er det berre den einskilde si tru som gir vedkomande svaret.


Men også to andre klede er omtala.
I ei legende tørka ei kvinne med namnet Veronika, sveitten av Jesus sitt andlet når han bar korset til Golgata. Då ho fekk duken attende, stod eit bilete av andletet hans prenta i den.
Og evangelia fortel at der låg ein sveitteduk over andletet hans i grava.
Det første skal visst vere i eit kloster i Spania, Santa Faz ved Alicante.
Medan det siste er i eit italiensk kloster, i Manoppello i Appeninnenfjella. Sjå biletet under.


Ser eg ein likskap i utforminga av andletet på desse gamle kleda, og dei eldste Kristusikona?
Er det desse to kleda som er grunnbileta for korleis Kristus vert skildra på dei gamle ikonbileta?

Korleis andletet har kome på kledet kan ikkje forskarane gi svaret på , korkje ved Torinokledet eller ved kledet i Manoppello. Men dei er samde om at målingsrestar finn dei ikkje. Og dei er frå ei tid då den fotografiske prossesen var ukjend.
Det skal verte spanande å fylgje med i kva forskarane finn ut om desse kleda i åra som kjem.
Men kanskje vil tru og overbevisning spele største rolla i svara den einskilde kjem fram til, i desse sakene og.
Slik vi har sett det demonstrert i Eia sin Hjernevaskprogram på fjernsynet.


Christos Pantocrator (Kristus allherskaren) Ikon frå Sankta Katarinaklosteret i Sinai. Omlag år 550. Det eldste kjende Kristusikonet.

torsdag 15. april 2010

Firenze

Det regnar ute.
Eg hadde venta kvit nedbør og erlerida, då værmeldinga melde kalde og nordlige vindar. Men det er framleis over 5 grader pluss ute, og som sagt regn.
Men det er kanskje eit surt regn, grunna oskeskyene frå vulkanutbrotet på Island som kjem inn over oss, og som har stengt luftromet over landet for all flytrafikk.

Så då får eg ta ein tur ein liten bildetur syd til rennesansebyen Firenze i dag.
Det var berre nokre få timar eg var der, på veg nordover til Verona frå Roma.
Men litt fekk eg sjå, og særleg dåpsbygget ved sida av katedralen fasinerte meg.



Torget ved rådhuset.


Det går mange bruer over Arno.


Men ei av dei er spesiell, nedbygd som ho er av hus.


Inne på brua ser vi at det er forretningar på begge sider av brua. Her selde dei luksusvarer. Mykje gull og smykker. Og her var det tett med folk.


Katedralen var mektig.


Eg har tidlegare, under vandringa i Frankrike, skrive om dei ulike tympanum på kyrkjene.
Her i Firenze møtte eg ei ny utforming av kyrkja sitt tympanum. Det var måla. Og anna kunne eg vel kanskje ikkje vente i denne byen.


Kyrkja hadde mengder av gravmele for kjende menn og kvinner, men og mange flotte måla scener.


Og tett ved katedralen låg det åttesidige dåpshuset.


Det hadde store metalldører inn, og dei var pryda med mange flotte relieffar.
På døra der ein kom inn, var mellom fleire, denne scena som viser Jesus sin dåp.


Inne kvelva det seg ein stor kuppel over romet, pryda med fantastiske mosaikkar.




Og dørene ut i dagen igjen, er og pryda med flotte relieffar. Eg tek med tre.
Ovanfrå syner det Kain og Abel, så Abraham og Isak, og til slutt Moses som får lovtavlene på Sinaiberget.

onsdag 14. april 2010

Ei mus

Eg sat ved verandadøra og las.
Ute skein sola inn over verandagolvet, og eg såg restar av fuglematinga i vinter ligge utover golvborda.
Det dukka opp ein tanke om at eg burde leite fram kosten og få dei vekk, men eg vende attende til boka. Det vert nok helst: -i morgon, i morgon, men ikkje i dag, som ein syng i ei vise.
Då dukka det opp noko som rører seg i utkanten av synsfeltet mitt. Og ute i sola på verandagolvet er der ein liten skapning som leitar etter mat i frørestane.
Ei lita mus spring der ute.
Eg sit ei stund og ser på den vesle, vakre, skapningen.
Kva vil skje om eg opnar døra og går ut?
Vil ho pile til næraste gøymestad?


Ho gjer ikkje det. I staden let ho seg lett fange, og eg står der med henne mellom hendene.
Skal eg gjer som katten hadde gjort med ei anna mus tidlegare på dagen?
Leike meg med henne litt, før eg endar livet hennar?
Eller skal eg fylgje jannitane i India si lov: Du har ikkje lov å ta sjølv det minste liv?


Eg vel det siste og slepper henne ned, mitt i restane etter fuglane sin solsikkefest.
Og der vert ho verande roleg og still, så eg får god tid til å feste henne på databrikka.

tirsdag 13. april 2010

Hestehov og kvitveis


Dei er ikkje komne opp her eg bur, enno.
Men når eg i dag, på mi vandring utover stranda, kom eit par kilometer lenger vest.
Så stod dei der og lyste i sola, både hestehoven og kvitveisen.
Då er det ikkje lenge før skogbotnen er dekt av eit kvit teppe av kvitveis, og grøftekantane er gule av hestehov.


Og ute på Lystad, endå eit par kilometer utover stranda, såg eg endå eit vårteikn. Der trippa linerla på gangvegen framfor meg.
Så er det vel berre å vente på erlerida då.

søndag 11. april 2010

Ein morgon ved Genesaretsjøen


Genesaretsjøen har vore ein fiskerik sjø, men idag er det ikkje lov å fiske der for nokre år. Det har i mange år vore overfiske, og det, saman med minkande vassmengde i sjøen, har gitt ein kritisk situasjon for fiskemengda. Styresmaktene vonar at tiltaket skal gjer at fisken igjen aukar i mengd.

Det var grekarane, som kom med Aleksander den store si erobring, som starta fiskeriverksemda på sjøen. For dei hadde med seg båtbyggarkunsten. Før hadde det berre vore strandfiske.


Betsaida der fleire av læresveine var ifrå, og Kapernaum der Peter - og Jesus - budde, var av dei store fiskarbyane. Men der var fleira rundt sjøen, og dei selde bearbeidd og kosher fisk til dei jødiske områda som ikkje hadde fisk sjølve, m.a. Judea og Jerusalem.
Der er teikn i evangelia som tyder på at far til Sebedussønene, og Peter, var ein slag fiskebåtreiarar, med mange menn i si teneste som fiskarar. Kanskje hadde dei fleire båtar også?
Og vi ser i evangelia at Johannes var godt kjent i Jerusalem.
Han hadde ikkje noko problem med å kome inn i øvstepresten sitt hus, og han fekk også Peter med seg.
Var han fast leverandør av kosherfisk til presteskapet ved tempelet?

Evangelia fortel om to spesielt eventyrlege fiskefangstar, der Jesus hadde ei hovedrolle.
Den eine vart starten på at Sebedeus-sønene, og brørne Peter og Andreas, forlet båt og garn for å fylgje Jesus som læresveinar.
"Kom og fylg meg, og eg skal gjer dokke til menneskefiskarar:", sa han til dei.

Den andre er evangelieteksta for denne søndagen. Og det er etter at Jesus var krossfest, død, og oppstaden igjen. (Joh.21,1-14)
Den fortellinga markerar starten på det neste steget for læresveinane.
Ut i verda med den gode fortellinga om Han som braut dødens makt, og stod opp frå grava sitt mørke igjen.

Dei hadde fiske heile natta, står det, men utan å få noko.
No er det i solrenninga, og morgondisen ligg over sjøen.
Båten er ikkje så langt utpå, berre omlag tohundre alner.(omtrent 100m)
Då er det ein mann inne på stranda, og han ropar og spør om dei har fått noko.
På deira nektande svar, ber han dei kaste nota på høgre sida av båten så skal dei få fisk.
Dei småler av hans ord. Her har dei streva heile natta utan å få noko, og så er der ein som seier: kast nota på høgre sida, så skal de få fisk.
Men dei kastar nota, og nota vert så full av fisk at dei klarer ikkje å dra den inn.
Då går det lys opp Johannes. "Det er Herren." seier han, og impulsive Peter bind kappa om seg og hoppar i sjøen.
Dei andre kjem etter i båten med nota på slep.
Og då dei kjem i land, ser dei ein glohaug på stranda, og Jesus som byd dei kome og få seg mat.


Det står ei enkel, lita, kyrkje på stranda ved Genesaret-sjøen, nokre kilometer sør for Kapernaum.
Mørk i fargen sidan den er bygd av lavastein, det er berre den lysare mørtelen mellom steinane, som bryt den mørke fargen.
Tradisjonen fortel at det hende her ved denne vesle kyrkja på stranda ved sjøen.


Inne i kyrkja stikk det opp i dagen eit berg. På dette berget lyste det i ein glohaug då læresveinane kom i land med sin eventyrlege fangst, 153 store fiskar.
Og Jesus bad dei kome og få seg mat, brød og fisk.

De trodde at Jesus var borte.
De trodde at Jesus var død.
Da kom han på stranden en morgen
som lyste rød.

Han stod midt i blandt som alltid.
Et bål lyste opp med sin glød.
Han lot dem få fisker i garnet
og gav dem brød.

fredag 9. april 2010

Om Gud vil?

Ei rar overskrift?
Kanskje det.
Men - i dag har vi tinga oss flybilettar til Barcelona, og lagt dagsetappane for vandringa langs Camino frances.
Frå Pamplona og til Castrojeriz, 4 mil forbi Burgos.
14 dagar med vandring, og vel 26 mil.
Så når sommaren er over, og første haustmånaden er komen, går turen mot sør til nord-Spania.
Denne gongen er vi fem saman på vandringa.
Om Gud vil?

Det er ikkje fritt at eg kjenner på ei gryande forventing på kva dei dagane i september har i famn.

Men først er det ein del som må førebuast.
Nye sandalar må kjøpast.
Sandalar som sit godt på foten utan å gi gnagsår.
Og ny ryggsekk.
Kor stor, eller kor liten kan den vere?
Eg har fylgt med på bloggen til ei kvinne som i vinter har gått frå Kiev i Ukraina til Patras i Hellas. Over 440 mil.
Ho greidde seg med ein sekk som tok 30 liter.
Eg trur eg nok må ha ein som er eit nummer eller to større. Men han må ikkje vere for stor heller, for då tek eg med for mykje.
Og erfaringa frå tidlegare vandringar er at det har eg lett for å gjer.


Første året kjøpte eg meg ein pilegrimsstav i Le Puy. Ein med god metallpigg i nedre ende. I dag svei eg inn på den, vandringa i fjor sitt start og endepunkt, med datoane til.
Vonleg får eg ein gong etter vandringa, i september / oktober, svi inn to nye stadnamn med tilhøyrande datoar.
Og så kan eg i den komande vinteren, sitje ved PC-en, sjå på bileta eg fekk med meg heim, og drøyme meg attende til spennande vandringsdagar over nord-Spania sitt sletteland.

Bilder frå Roma - 3


Ein kan vel ikkje reise frå Roma utan å vitje det store pilegrimsmålet. Peterskyrkja og Peter sin gravstad.
Det var påskedag vi kom inn på Petersplassen, men ikkje under messa om føremiddagen. Då var her nok stuvande fullt. No stod berre ei mengd med stolar att. Men likevel var det god plass for nokre pilegrimar frå nord.



Ein kan vel ikkje nekte for att dei ser litt antikvariske ut i sine uniformer, paven sine personlige gardistar. Sveitsergarden.



Vel inne kjenner eg på ei kjensle av andakt.
Det store romet med alt det vakre som fyller det fyller meg med kjensler eg ikkje trudde eg hadde.


Frå den store kuppelen fell lyset ned på det gyldne alteret over Peter si grav.



Kveldsdisen viskar ut detaljane når vi forlet Den evige stad, men med hjelp av mynten vi kasta i Trevifontena, har vi vona om at eingong - eingong - vil vi atter vere der.

torsdag 8. april 2010

Vår i fjøra

Mi kjære forlet meg nokre timar i dag, og eg nytta høvet til å bruke føtene litt.
Eg gjekk gangvegen utover stranda, så langt han rekk.
På heimvegen vart eg freista til ein liten avstikkar ned i fjøra.
Ein ven var komen i vårleg ryddelune denne vakre soldagen, og eg nytta høvet til å uroe han i ryddinga ved naustet, eller rorbua om ein vil nytte det ordet.


Det brann i grillpanna, og på fjorden glitra det i småbylgjene.
Ute på naustvoren sto to tjeldar og varma seg.
Ein får ro og fred i sjela, når ein kan sitje i fjøra og la tankane vandre sine eigne vegar.


Han har laga til ein fin plass i fjøra for seg og sine, denne venen.

Bilder frå Roma - 2


Frå Piazza Venezia, der det store kvite kremkakehuset (monumentet over kong Victor Emanuel II som samla Italia i moderne tid) ligg på Capitolhøgda, går det ei lang, brei og bein gata mot eit monument frå gamal tid, Colosseum.
Langs denne gata står dei på rekkje og rad, dei gamle herskarane som eg las om i mi skuletid.
Ein av dei stikk seg fram kvar gong eg les soga om då Jesus vart fødd.
Vi slår av ein liten prat, men han er ikkje av den pratsame slaget.


Det gamle Forum Romanum.
Det var her makta hadde sitt sete.
Men jammen kunne dei vere nokre store despotar, dei gamle keisarane.


Her låg dei på rekkje og rad, bygga som representerte Roma, opp mot ei av dei sju høgdene byen var bygd på. Palatinerhøgda.
I dag er det berre ruinar igjen av det som eingong var sentrum i eit verdsrike.
Herja og plyndra av erobrande hærar gjennom århundra.


I enden av gata ligg eit bygg som har sett mykje liding og utrent blod.
Colosseum.
Det var Vespasian som sette arbeidet i gong i 72, og det vart fullført under Titus i år 80.
Med sitjeplassar til 50.000 menneske.



Ikkje langt frå den store cirkusbygninga, ligg ein av byen sine triumfbogar. Konstantin den store sin triumfboge. Reist i 315 til minne om sigeren ved Ponte Milvio.



Det var ein annan triumfboge som eg særleg ville sjå.
Titus sin triumfboge.
Eg gjekk mange gonger rundt Konstantin sin, og granska relieffa med omhug, men fann ikkje det eg leitte etter.
Så måtte det vere "feil" boge eg var ved.
Då ser eg ein anna triumfboge oppe på Palatinerhøgda.
Kanskje var det den eg søkte?
Og det var det.
Titus sin triumfboge, reist til minne om sigeren over det første jødiske opprøret (66-70), og øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 7o.



Vi gjekk attende til kremkakehuset gjennom Forum Romanum.
Ved utgangen møtte vi endå ein triumfboge.
Septimus Severus sin triumfboge. Reist i 203 til minne om sigeren over araberane og parterane i Mesopotamia på 190-talet.


Men også vår tid sitt Roma har bygt sine "triumfbogar".
Monumentet over Victor Emanuel II, og den ukjende soldat si grav, er eit slikt.
Monumentalt er det. Om det er vakkert vert eg ikkje heilt samd med meg sjølv om.



Men oppe i bygget er det ei flott utsikt til byen, og til fleire av kyrkjekuppelane.