torsdag 29. desember 2011

Romjul

I dag er det stille på fjorden. Der er inga båre som reiser seg med sin kvitskummande topp. Vinden og stormen er reist vidare innover fjella mot aust.
For mange her ute mot nordvestkysten vart det ei heilt annleis romjul enn forventa.
Juleorkanen utretta stor skade med si vindfulle framferd utover kvelden og natta første juledag.
Hus vart øydelagde, skog lagt ned, båtar knuste, kraft og telenettet forsvann. Mange har enno ikkje fått kraft og telefon att, endå det i dag snart er 4 dagar han rasa forbi oss. 

Denne løa stod i nabogarden til der eg vaks opp.  Den har stått over mange stormar før, men denne gongen måtte ho gi tapt. Ho vert nok ikkje bygd opp att på nytt. Og då er dagane for Jørnløda over. Eit landemerke på Sætre er på veg inn i soga.

Media diskuterar denne juleorkanen som om den skulle vere den første i lang rekke av stormar med aukande styrke. Med årsak i forverra, og menneskeskapt, klima.
Men eg trur folket her ute mot storhavet veit at dei sterke stormane alltid har vore her, og vil alltid kome att. Med jamne, eller ujamne, mellomrom. Denne gongen gjekk det 20 år sidan siste gong ein slik orkan for over oss. Det var nyårsorkanen, 1.januar i 1992.
Men det rare er kor raskt vi i vår mediatid, gløymer dagane som var for nokre år attende. Og gløymer å ta med oss dei erfaringa vi vann sist uværet for over oss. I staden trur vi, og meiner, att alt skal gå på glatte skinner inn i framtida. Og vert overraska når det ikkje gjer det.
Meg synest årsaka til  alle straum og telebrota å ligge i at nokre etatar har teke litt for lett på kva som kan hende når uvær bryt inn over landet. Har dei vore så opptekne av å tene mest mogeleg av pengar at dei har gløymt å sikre leidningsnettet mot det som kan øydelegge linjene? Til dømes fallande tre.

tirsdag 27. desember 2011

Juleorkan

Tredje juledags morgon.
Normaliteten er attende, og takk for det.

Værmeldarane melde uvær  i julehelga, og dei fekk rett.
Julekvelden gjekk med gudsteneste, god julemat og familefest for store og små.
Juledagen rann. Framleis med bra vær og julemiddag og familiekos i vår vesle stove. Ekstra triveleg å ha vesle Ramona Mariell i mellom oss, i hennar første jul.
Men når mørkret seig på, og gjestane forlet, auka vinden på. Ut på kvelden vart lyset brått borte, og vi måtte tenne lys i alle våre rom.
Resten av kvelden  sat vi i blafrande og koseleg gult lys. Over fjorden lyste det enno ei stund av elektrisk lys, men så slokna det også der. Det siste vi såg vart borte, var lysa inne i sentrum. Så forsvann også dei og mørkret låg over bygda i julenatta. Berre svake lys frå mange stovevindauge  tindra ut i kvelden.
Ute auka vinden på. Lyden av den vart sterkare, men mørkret gøymde kva den førde med seg. Berre otten for kva den kunne gjere var der.
Det vart nokre turar ut om døra for sjå om garasjen framleis hadde taket på. 

Det vart nokre rare timar. Alt det som ein har rekna som sjølvsagt var borte. Elstraum, radio, telefon og internett. Eg var isolert i mi stove utan den moderne tid sine kontaktmuligheiter ut. Og ute rådde møkret. Berre lysa frå bilar som køyrde att og fram etter vegane var å sjå.
Juleorkanen var over oss. 20 år ettar att nyttårsorkanen herja  nordvestlandet. 
Over midnatt roa vinden seg, og når dagslyset kom andredagen, kunne vi sjå kva den hadde utført kvelden før. Hus som var flytta frå sin stad og øydelagde, tak som hadde vorte skadde, og rotvelte tre. Men heldigvis, ingen personskade.
Elstraume kom først ut på ettermiddagen, og telenettet først seint ut på kvelden. Då fekk eg endeleg kontakt med mine døtre i nord og sør, og fekk høyre kor stoda var hos dei.
Denne morgonen låg eg i senga og høyrde på ulinga frå ein ny storm fare forbi, men normaliteten er attende i stova.
Radioen er oppe og går, avisa er i hus, og morgonkaffien er kokt.
Og dei siste, ute på øyane, fekk elstrumen attende desse morgontimane.
Dei har hatt ein stri jobb dei som har reparert elnettet, desse juledagane.
Sjølv sit eg og pikkar bokstavar inn på bloggen, og undrar meg på kor sjølvsagt vi tek, og kor avhengige vi har vortne av desse moderne hjelpemiddela på nokre få generasjonar. Og kor lite det skal til før vi står der hjelpelause. Nokre har ikkje eingong ein omn til å fyre opp i mot kulden, om straumen brått vert borte.


  


søndag 25. desember 2011

Tre kongar kom

Det er jul, eller jol som det i grunnen heiter på mitt skriftmål.
Eg likar nok betre det engelske Christmas då det fortel om kvifor vi feirar jul. Men eit tilsvarande ord har vi desverre ikkje på norsk.
Ei vindfull julenatt er over, og juledag er her som ein kviledag før neste storm kjem inn over kysten utanfor. Ekstremvær talar dei om. Verste uværet på 30 år. Det er vel berre å stålsette seg og vente.  Men, dei har teke i miss før og. Vi får vente og sjå kva morgondagen har å fortelje.

Men det var dagen i dag. Juledagen. Inkarnasjonsdagen då Gud vart menneske av kjøt og blod.
Kven kan skjøne det mysteriumet? Kyrkjefedrene hadde lange diskusjonar om det, og etter eit par hundreår enda dei opp i det som vi idag kjenner som den nikenske trusvedkjenninga.
Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider. Gud av Gud, lys av lys, sann Gud av sann Gud. fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen, ved han er alt skapt.

Slik skriv Johannes om det:
I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til.                                    
Og Ordet vart menneskev og tok bustad mellom oss.

Og med dette biletet frå katedralen i Leon, som syner vismennene frå aust som kjem med sine gåver til barnet, ynskjer eg mine lesarar ei God Jul. 

lørdag 24. desember 2011

Eit barn er fødd


Så er dagen komen som så  mange har sett fram imot med glede og forventing, julekvelden. Berre nokre timar at no, så. Men enno står det nok litt att å ordne for dei fleste.
Hjå  mi kjære og meg er det meste klart. Og vi skal ha det lettvint i kveld. Julekvelden skal feirast hjå dotter Berit. Då skal vi og ha den nyfødde veslejenta med i vår midte. Det vert kjekt.
Men først er det familiegudsteneste i ei fullsett Ørsta kyrkje. For det er då bodskapen frå Betlehem som er grunnlaget for at vi feirar jul år etter år.

Eg har kvart år lagt ut ein versjon av korleis evangelisten Lukas fortel om den første jula. Slik dei ulike bibelutgåvene på nynorsk har attfortalt den.
I år er det omsettinga frå 1905 eg legg ut.


Men det hende seg i dei Dagarne, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keisar Augustus, at heile Heimen skulde verta innskriven til Skatt. Dette var den fyrste Innskriving den Tid, Kvirinius var Landshovding i Syria. Og alle gjekk til aa verta innskrivne, kvar til sin eigen By.

Men Josef gjekk og upp fraa Galilæa, fraa Byen Nasaret, til Judæa, til Davids By, som heiter Betlehem, avdi han var av Davids Hus og Ætt, til aa verta innskriven med Maria, si Festarmøy, som var med Barn.

Men det hende seg, medan dei var der, daa vart Tidi fullkomi, at ho skulde føda; og ho fødde sin Son, den fyrstefødde, og sveipte honom og lagde honom i ei Krubba; for der var ikkje Rom aat deim i Herbyrget.

Og der var Hyrdingar der i Grendi, som var ute paa Marki og heldt Vakt yver si Hjord um Natti. Og sjaa, Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Klaarleik lyste ikring deim, og dei vart storleg rædde.  Og Engelen sagde til deim: “Ver ikkje rædde! for sjaa, eg forkynner dykker ei stor Gleda, som skal timast alt Folket: for i Dag er dykker ein Frelsar fødd, som er Kristus, Herren, i Davids By. Og dette skal vera dykker til Teikn: de skal finna eit Barn sveipt, liggjande i ei Krubba.”

Og samstundes var det med Engelen ein himmelsk Herskare, som lovad Gud og sagde:  Æra vere Gud i det Høgste, og Fred paa Jordi, og Hugnad med Menneskjom!”
Og det hende seg, daa Englarne var farne ifraa deim til Himmels, sagde desse Hyrdingfolk til kvarandre: “Lat oss daa ganga til Betlehem og sjaa  denne Ting, som hev hendt, og som Herren hev kunngjort oss!”


Og dei skundad seg og kom og fann Maria og Josef og Barnet, som laag i Krubba. Men daa dei saag det, fortalde dei deim det Ord, som var talat til deim um dette Barnet. Og alle dei, som høyrde det, undrad seg yver det som Hyrdingarne talad til deim. Men  Maria gøymde alle desse Ord og grundad paa deim i sitt Hjarta. Og Hyrdingarne vende um atter og prisad og lovad Gud fyr alt det, dei hadde høyrt og seet, so som det var talat til deim.

torsdag 22. desember 2011

Nullpunktet


Så nådde sola nullpunktet tidleg i dag morgon. Heretter går det oppover att.
Mot vår og sommar. Sjølv om hardaste vinteren framleis ligg på vent.
Men om været står meg bi og det er klårvær når eg leitar fram den nye årskalendaren den 1.januar, vil sola kike fram ei lita stund der trea møter Sandhornet i venstre biletkant, når klokka går mot 2 på ettermiddagen.

Vel, det er kanskje ikkje sola som når nullpunktet, men jorda si bane rundt sola som er årsaka til solsnu eller vintersolverv som det i grunnen heiter.
Dette vendepunktet i årssyklusen har vore feira av menneskeætta langt attende i tida. Kanskje var det denne feiringa som er årsaka til at kyrkja i si tid valde å legge feiringa av inkarnasjonen sitt under til denne tida. Og det endå ingen kan tidfeste når det hende, at Han som er Guds bilete på jord, Jesus, Maria sin son, vart fødd i Betlehem.
Inkarnasjon, det at den evige Gud, ikledde seg kjøt, og vart menneske i barnet i krubba.
Det er nok svært sannsynleg at det ikkje hende ved solsnu, men heller ved ein av dei to stor jødiske høgtidene, påske eller lauvhyttefesten.
Men når tidspunktet ikkje er kjent, kunne kyrkja valgt eit betre tidspunkt enn nettopp solsnu?
No når heile naturen, ja alt,  vender seg mot lyset som kjem med aukande kraft for kvar dag.

"Ein kvist skal skyta opp  frå Isais stubbe, og eit skot frå hans røter. Herrens ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren. ---- Den dagen skal Isais rotskot stå som eit banner for folka. Folkeslag skal søkja han, og hans bustad skal vera herleg."  Jesaja 11.

mandag 19. desember 2011

Maria og engelen Gabriel


Dersom det første av dei fire bileta eg viser frå katedralen i Leon, syner Elisabet med sonen Johannes, så burde nok dette ha kome først. Men sidan eg trur at det er Anna og Maria det handla om, så let eg dette kome som nummer to.
At eg trur det er Anna og Maria, er grunna i eit pseudo-evangelie (eit uekte evangelium) som skulle ha Matteus som opphav, og som var mykje utbreidt i mellomalderen. Det handlar om Maria og foreldra hennar, Anna og Joakim. Maria sin oppvekst og truloving med Josef.  Jesus sin fødsel og flukta til Egypt.
I det skriftet er og denne scena med. Engelen Gabriel som kjem til Maria med bod frå Herren om at ho skal verte med barn ved Den Heilage Ande.
Dei to har kunstnaren teke med  oppe på biletet.

Pseudo-evangeliet let dette hende i Jerusalem.
Barndomsfortellinga i Matteus-evangliet seier ikkje kvar Maria var då ho fekk vitjing av engelen Gabriel, men at Maria og Josef busette seg i Nasaret då dei vende attende frå Egypt.
Det er Lukas som fortel at Maria budde i Nasaret og at ho der fekk bodet om at ho skulle føde ein gut, ein frelsar, ved Guds Ande.

lørdag 17. desember 2011

Maria sin fødsel


I Leon er det reist ein vakker katedral på det området der den romerske byen låg. Eg går inn forbi dei gamle eikedørene, som er pryda med vakre, om enn værslitne bilete frå påskedramaet, og kjem inn i kyrkja. Rett framfor meg  ligg koret sentralt i det mektige kyrkjeromet. Nede på korveggen som vender mot meg, ser eg fire bilete lyse i  elfenbeinskvitt og gull
Eg går nærare for å sjå kva hendingar som er motivet på bileta, og ser at dei har med jula å gjer.
Tre av dei klarer eg å plassere, men det fjerde, finn eg inga referanse til i mitt minne. Og teksta under er på latin, og då i noko som må likne vår tids tekstmeldingar, forkorta som orda der ofte er.

Oppe på relieffet er der ei scene med ei liggande kvinne, og tre andre hos henne. To av dei har med seg fat med mat.
Nede på hovedmotivet er det to kvinner som held eit barn mellom seg, og to andre som står som glade tilskodarar. Mellom dei er ei skål med mat.
Er motivet oppe ei kvinne som føder barnet sitt? Det barnet som nede har vorte hovedpersonen?

I tilfelle: Kven er kvinna og barnet?
Eg finn eit inga tekst i Bibelen som knyter seg til dette. Er det ei tekst frå eit apokryft evangelium tru? Har det noko med underet då Anna, Maria si mor, fekk henne? 
Eller er det Elisabet med sonen Johannes, og nabokvinnene som gleder seg med henne?
Det må ha noko med jula sine personar å gjer, sidan dei andre tre bileta er tilknytt den høgtida.

Bileta vart laga i 1577.

Eg vil legge ut dei andre tre bileta i løpet av dei komande dagane, men er det nokon som har ei meining om kva hending dette biletet syner til, så skriv nokre ord om det i kommentarfeltet og publiser det. Kommentarfeltet kjem fram om ein trykker på kommentarar under her. Helsing vandraren. 


fredag 16. desember 2011

Våre born

Mi kjære og eg har fått ha gleda av å ha to smårollingar hos oss medan far deira har vore ute frå heimen på arbeid, og mor deira er inne i dei siste dagane før hennar tredje barn finn tida inne for å kome til verda.
Eg ser at å ha borneborn hos meg no, er annleis enn då våre born var i den alderen. Då var mine dagar, i motsetning til no, fyllt av arbeid utanfor heimen. Det var mi kjære som fekk oppleve den nærleiken til borna som eg får oppleve no. Eg kjenner at eg tapte noko den tida.

Eg fann desse visdomsorda om born i boka "Profeten" av den libanesiske forfattaren Kahil Gilban, ord som det er verdt å tenke over og ta med seg.

Deres barn er ikke deres barn.
De er livets sønner og døtre som lengter etter seg selv.
De kommer gjennom dere, men er ikke fra dere.
Og selv om de er hos dere, tilhører de dere ikke.

Dere kan gi dem deres kjærlighet, men ikke deres tanker.
For de har sine egne tanker.
Dere kan huse kroppene deres, men ikke deres sjeler.
For deres sjeler bor i morgendagens hus, og det kan dere ikke besøke, ikke engang i deres drømmer.

Dere kan strebe etter å bli som dem, men forsøk ikke å bli som dem.
For livet går ikke baklengs og dveler ikke ved i går.
Dere er buene som barna blir skutt som levende piler fra.
Bueskytteren ser målet på uendelighetens bane,
og Han spenner deg med sin kraft, slik at Hans piler kan fly langt og raskt.

Gled deg over å bli spent i bueskytterens hånd, -
for liksom Han elsker pilene som flyr, elsker Han også buen som er i ro

onsdag 14. desember 2011

Blåtimen


Framleis er det mørkret som rår utanfor mi stovedør. Sjølv sit eg i i lunt innanfor døra, medan det er vinden og regnet som rår grunnen ute. Men eg kan sjå at dagen er på veg. Over lysa frå hus og veg kan eg skimte at fjellbryna er på veg til å stige ut av nattemørkret. Den blå timen er på veg, slik at han var der i går kveld då eg festa denne augneblinken til databrikka.

Då dukka det opp dette vesle verset om stunda, eller "Stønna" som det heiter på av Hans Ludvig Fredheim sit mål. Kven han er veit eg ikkje, men etter orda å døme, må han høyre til på dei flate bygdene austanfor.
Eg tykkjer han har noko viktig å seie oss i vår travle førjulstid.

 "STØNNA"
Ta vare på stønna, slæpp a inn når'a banker på.

Rødd plass åt dekk midt i søktna, før stønna er her og nå.

Læt a sætta seg litt nedpå, uansett åssen a er.

Nåe har a å gi deg, det er dæffer hu er her.

Ta godt vare på stønna, og takk før den tida hu satt.

Før akkurat dænna ene, hu kjæm æller att.

Du trudde lenge at stønna var nåe du skulle få - bære du engong vart færdig med dæ du drev på med.

Du fekk æller tid tell å åpne de gonga da hu banke på, og skjønte før sent at stønna støtt er her og nå....

tirsdag 13. desember 2011

Teskjeipilegrimar


Dei hadde vandra over flate vidder i dagevis. Lang støvete og solsvidde vegar,  med sekk på ryggen og stav i hand. Som pilegrimar i framandt land. 
Vel framme i den store byen fann dei på å byte roller for ei tid.
Nok med enkle hospits for eit par netter.
Her må det skikkeleg standardheving til.
Ikkje noko mindre enn eit ærverdig Parador hotell er godt nok må vite.
Og så ut  i gatene. Pilegrimen vert raskt bytt ut med turisten.
Men det skulle dei ikkje ha gjort, for brått - ute på det store torget vert dei små som teskjeier.
Så små at dei må strekkje seg på tå for å sjå over krukkekanten.
Her er det nok forseint å kome med vasskanna.
Tru om det er eit av byen sine attgløymde juletre.
Turt og bladlaust står treet i krukka si på den solvarme plassen.
Liknar litt på heimlandet sine turre og nållause juletre, som dukkar fram utandørs når vinteren vert bytt ut med vår og sommar.

søndag 11. desember 2011

Heldige eg.

Tredje søndag i advent. Endå ei veke er lagra ein stad i minnebanken.
Ho kom med våt og tung snø natt til mandag, men heldigvis ikkje store mengder. Berre omlag 10 cm. Nok til at eg måtte starte snøfresen for første gong denne vinteren. Men så fekk vi ei fin veke vidare med austavind utan meir nedbør, og med temperatur nokre grader under nullen.

I går forlet sola våre vindauge for dette året. Og ho sa takk for seg med eit glødande lysshow nokre minutt, før alt slokna av mot kveld og natt.

Då er han der tanken på kor priviligert eg er.
Eg som dagleg får oppleve å bu i same hus som små borneborn. Det er berre ei trapp som skil dei frå meg, og det hender rett ofte at dei to "beste" i kjellaren får besøk. Kjekt å få fylgje med i dagane deira. Og kanskje er det kjekt for dei små og. " Ein farfar skulle alle ha", er det ikkje slik han syng Odd Nordstoga.
Berre synd at det vert litt for skjeldan eg får sjå resten av den yngste delen av familien, dei som bur timar med bil nord og sør for oss. Skulle så gjerne hatt same nære kontakta med dei og foreldra deira.

onsdag 30. november 2011

Grå førjulsdagar

Kva er det med desse førjulsdagane?
"Mørkt og kaldt og lite sol, soleis er det fram mot jol" heitte det i ei songstrofe eg hugsar frå barndomen.
Og det stemmer for denne førjulstida, med unntak av kulden.
Mørkt har det vore  med korte dagar og gråbrune lier og fjell, men det med kulden har ikkje stemt så langt. I staden hjar det vore mildt. Herleg mildt for ein varmekjær og gisen kar.
Men no ser det ut for å vere endring på gang.
Eg var inne på Yr og kika på kva som vart spådd av vær framover. Og då synte dei fram snøkrystallar som nedbør frå søndag og vidare i dei etterfylgjande dagane. Og gradstokken ville krype ned på minustala.
Akkurat dei varsla hugar meg ikkje mest, men, det  positive er at det vert lysare ute når alt vert dekta av den kvite vinterdyna.
Så er det berre å vente og sjå om varsla slår inn. Dei har teke i miss før og, værprofetane.
Kva mi kjære les i almenakka, er eg ikkje oppdatert på, men eg har ofte erfart at hennar lesing av månefasane kan stemme overraskande godt når det gjeld det store oversiktsbiletet.
Uansett, ein nå berre takke og ta imot det som kjem, om ein likar det eller ikkje.
Men ute er det framleis blomar som lyser opp i desse grå førjulsdagane.

søndag 27. november 2011

Beste fikse

Kråkenes fyr under uværet "Berit" Biletet henta frå smp.no

Det var laurdag. Ei vindfull natt hadde gått over i grålys morgon.
Eg sat i godstolen ved døra ut til terassen. Avisa var lagt bort. Der skulle vere ei til denne morgonen, men den hadde nok ekstremværet "Berit" hindra i nå fram til mi postkasse. Nok vind til å vekkje meg av søvnen eit par gonger hadde det vore, men det vert skjeldan det heilt store her inne i fjorden.  Då rasa det nok mykje meir ute på kysten, som biletet frå Kråkenes fyr viser.

Eg sit med kaffikoppen min og ser restane av været kvittoppe bylgjene på fjorden, men inne har eg det lunt og godt.
Då høyrer eg døra ute på gangen opnar seg og smell i att.
Eg snur meg for å sjå om kjøkendøra og vil opne seg, men nei det er stillt ute på gangen.
Ombestemte han seg og gjekk opp att til far og bror, guten?
Eg vender meg mot den grålyse morgonen ute igjen, medan eg nyt den varme drikken.
Då går kjøkendøra opp, og inn kjem mi kjære, heller lett nattkledd.
"Er du oppe alt? Så tidleg på morgonen likar ho å nyte sengevarmen enno ei stund.
Ho smiler og viser meg at ho har eit stykke stoff mellom hendene. Kva det er oppfattar eg ikkje i farta, for rett etter henne kjem vesleguten, og han forklarar; "Beste fikse", og så forsvinn dei inn på bakromet, og det vert stillt der inne.
Etter ei stund får nyfikna overhand og eg ruslar etter.
Der ser eg mi kjære ved symaskina, og guten ved sida hennar. Han strekkjer seg opp på tå for å få med seg alt ho gjer.
Over symaskinarma er det komen ein sokk, og no driv ho og let nåla fara att og fram over sokken.
"Beste fikse" forklarar guten, då eg nyfiken spør kva dei driv med, men det er knapt han har tid å snu seg mot meg når han forklarar.
Etter ei stund kjem dei to ut att, og no er det han som stolt ber sokken i hendene, og dei forsvinn ut kjøkendøra att. Han opp trappa til far og bror, og ho attende til senga enno ei lita stund.
Når ho seinare kjem påkledd attende forklarar ho at det var faren, vår son sin sokk som hadde eit hol.
"Å var  det han som sende sonen ned," tenkjer eg. Men seint på kveld får eg høyre sanninga. Det var vesleguten som hadde sett holet i faren sin sokk og teke tak i den for å dra den av. Og så skunda seg mot kjellardøra med orda; "Beste fikse". 


fredag 25. november 2011

"Berit"

Det melde ekstremværet "Berit" gav ikkje den store vindstyrken her inne i fjorden. Men floa var rimeleg høg. I nokre naust kunne ein rodd rett inn.

Pilegrim

År attende i tid, var eg med på ei ferd, som busspilegrim, til dei kystane som forfedrene herja så hardt for vel 1000 år sidan, Men som og gav folket her vest trua på Kvitekrist i retur.
Det var ei spanande reise inn i dei gamle keltiske områda. Det gav meg ein vedhaldande fasinasjon for den keltiske trusverda. Og for ei kyrkjeordninga som ikkje var så toppstyrt som den romersk katolske ordninga som vi protestantane har vidareført.

Tidleg i fjor haust vart eg beden om å halde eit innlegg på ein mannskveld om pilegrim og pilegrimsvandring.
Eg gjorde det med ein power-point-serie. Sidan har eg vist den serien fire gongar til, og kvar gong har det medført ein del revisjon av innhaldet.
No er 6.utgåva klar etter mange timar med revisjon, og eg er spent på responsen når den vert framførd.

Under timane med tenking omkring pilegrim og pilegrimsvegar, dukka turen til Skottland opp i minnet.
Om avtrykka etter føtene våre som vi sette i sanden då vi vandra over til Lindisfarne, eller The Holy Island, på austkysten av Northumbria. Øya som vart herja fleire gonger av nordmenn på 8-900talet.
Vi sette spor etter oss i sanden, men snart ville tidevatnet igjen fløyme inn i sundet, og ved neste fjøre ville havbotnen igjen dukka opp utan spor etter våre føter.
Pilegrim tyden ein framand. Som det står i den gamle songen:
Eg er framand. Eg er ein pilegrim. Berr ei kveldstund er eg her.
Eller sagt med orda av den spanske poeten .

Vandrer, dine fotspor er veien.
Intet mer.
Vandrer, det finnes ingen vei.
Veien blir til mens du går.
Mens du går blir veien til,
og ser du deg tilbake,
ser du stien du aldri mer skal følge.
Vandrer det finnes ingen vei,
bare runer i havet.


onsdag 23. november 2011

November


Dei stutnar fort dagane, no som vi er i slutten av november. Sola greier seg med knapt fire timar når ho glytter over fjella i sør.
Om ho i det heile får lov å kike fram då. Det får ho ikkje i dag.
Ute leikar vinden om novene. Ikkje nokon storm her inne i ein bortgøymd fjord, men nok til at gjengløymt lauv losnar frå greinene og flyg i vindrossene.
Og så er det regn i lufta. Det har vore litt i mesta laget av det denne hausten.
Du får ta det som kjem og ikkje syte, trøystar mi kjære. Som om det er noko trøyst for ein som ynskjer sol og varme for sin frosne kropp.

Vel, ein skal ikkje berre klage heller, for fram til no har det vore ein mild haust. Snø har vi enno ikkje sett her nede ved fjorden. Til sorg for dei som gjerne vil ha ski på føtene, men til glede for ein som ikkje akkurat ser fram til snømåking og kulde.
Men no kan den vere ventande seier dei som spår veret. Til neste helg kan det ha kome kvit nedbør.

Sola ja.  Ho var framme så vidt i går, mellom jagande skyer. Men dei minkar fort soltimane hennar i dagane framover. 10. desember vert ho borte bak toppen av Sandhornet på andre sida av Voldsfjorden, og då kjem ho ikkje att før vi skriv 2012.

Kva fyller denne karen dagane med då, utan om å vente på neste solglytt, og lese litt spansk?
Ja, det undrar eg meg over kvar kveld når eg kryp under dyna.
Har du gjort noko vetugt i dag då?
Vart det berre TV og data?
Som oftast må eg tilstå at det vart det heller smått med det andre.
Litt vert det då. Når eg får puffe meg i siget. Men når sant skal seiast, så er det vel heller mi kjære som må skubbe meg igang. Ho er vand at skal noko verte gjort her i garden, så må ho vere med. Berre synd ho er så alt for snill mot karen ho gifte seg med.

Det er i grunnen litt rart dette. Dagane går utruleg fort, sjølv om det syne heller lite att av dagens dont.
Ein kan vel ikkje nekte for at ein har det sytalaust og godt som pensjonist, sjølv om innkoma i form av ”cash”  ikkje er på same nivå som den var i mitt yrkesaktive liv.
Men set ein tæring etter næring, så går det også rimeleg bra.
Og då får eg og mi kjære pusle oss gjennom dagane på vår måte. Eg er iallfall takksam for at ho har helde ut med denne karen i 46 år, og vonleg held ut i nokre år til.
Og om ein månad har sola snudd. Då går det mot lysare dagar igjen.
Men først ventar vi på eit nytt barnebarn. Ei lita jente har vi frett. Det vert stas.

søndag 20. november 2011

Guds namn(6) Guds synlege Eg

                    Guds namn på altertavla i Seljord kyrkje. Denne gongen med volkalteikn,
så her står det Jehova, Og Moses og Aron er og med.
Kan eg sjå Gud anna gjennom Hans gjerningar?
For Moses var Gud ei røyst ut av ein brennande busk i øydemarka, men for Moses og noko meir. For så langt eg kan lese, så er Moses den einaste som har sett Gud åsyn til åsyn.
Elia fekk og sjå Han, men berre attanfrå. Ikkje andlet til andlet.
Jesus reknar eg ikkje med då han var – og er - eit særtilfelle.

For Israelsfolkt var Gud ein som ikkje let seg sjå, uten at dei måtte døy, men som likevel  hadde sitt sete på jord i ei lita gullkledd kiste i tabernakelet og seinare i tempelet.
På Jesus si tid var kista borte, og då den heidne herskaren tvinga seg inn i romet for å sjå den jødiske guden sitt bilete, fann han eit tomt rom.
Han som heiter EG ER, let seg ikkje sjå.
Men så stig han fram, han som er Guds bilete mellom oss.
Han som sa om seg sjølv at ” Eg er Han.”
I same ordskiftet  med dei skriftlærde sa han: Når de får lyft Menneskesonen opp skal de skjøna at EG ER.

Det står ingen stad at Gud synte seg for Jesus, men trong Han det når Gud og Jesus var eit, som Jesus sjølv ordla seg: ”Eg er i Far og Far i meg.”
”Den som ser meg, ser han som sende meg.
Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal verte verande i mørkret.
Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg.”
Og før sitt siste måltid med sine vener seier han:
”Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at EG ER,”At Jesus er beraren av dette Guds namn.

Når det hender:
Eg står på andre sida av dette som skulle hende.
At Jesus vart lyft opp tre gonger. På krossen, ut av grava og så attende til det uskapte lyset der Guds bustad er.
Det hende for også eg skal tru at Han som kom, Han som Johannes kallar Ordet, Jesus, er eit med Gud. At Han er Guds synlege bilete på jord.
Kvifor det måtte hende slik, det er langt utanfor mi forståing. Eg kan teologien om det, men eg må nok erkjenne at Guds tankar er langt høgre, og djupare,  enn eg nokon gong klarer å kome i mi enkle tankeverd.
Og takk for det. Eg treng ikkje å forstå, for meg er det nok å ta imot - og å tru Ordet.

I dag er det siste søndagen i dette kyrkjeåret. Den søndagen då tekstene talar om ein siste dag då vi alle igjen skal sjå han, åsyn til åsyn.
Ein dag då Gud nyskaper himmel og jord, og vi skal stå fram for han med heile vårt liv på godt og vondt.
Og denne veka med tankar omkring Guds namn, utløyst av ei gudsteneste der preiketeksta var hendinga ved den brennande busken,  har og nått sin ende.

lørdag 19. november 2011

Guds namn (5) Eg, i Gud?

Guds namn på altertavla i Slidredomen, Valdres
Å leve i Gud  har eg lært er eit ord for å høyre Gud til gjennom tru på Guds frelse ved Jesus Kristus. Og for meg er det ein konkret realitet.
Men kan det og ha eit anna innhald?
Eit innhald knytt til Guds namn?
Gjennom fleire års undring over Guds ord og Guds vesen, er eg kome til det.
Eg har fått ei tru på at Gud er så uendeleg mykje, mykje, meir enn eg nokon gong vil vere i stand til å forstille meg.

Eg tenkjer meg at om eg sette meg i ein liten seglbåt ute på yste øyane, kasta loss og segla mot vest. Heile tida mot vest utan å nokon gong å gå i land. Då ville eg eingong,  år fram i tida, kome attende til stranda der eg eingong segla ut ifrå. (Eller for den del, gjer ei reise til yste grensene av himmelromet og attende.) Gud er alltid endå større.
Og, det er det sentrale i mine tankar, at heile seglasen har vore innanfor Gud.
Desse tankane har eg grunna gjennom orda i Salme 139  der salmisten prøver å røme frå Gud utan å lukkast. Kvar han enn søkjer tilflukt, så er Gud der og. ” Bakfrå og framanfrå omgjev du meg – Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatte det.”

Det er vel litt av dette Paulus er inne på i si tale til dei atenske menn på Areopagos ,  der han seier at Gud viser kven han er gjennom sine synlege gjerningar, han som alltid ER.
Og så utvida Paulus dette Guds namn til noko som er meir enn eit avgrensa EG ER i tida sitt no.
For Paulus plassera også meg innanfor dette EG ER, innanfor Gud.
Gud er ikkje lenger noko utanfor meg som eg kan stille meg som tilskodar til.
Eg vert innlemma i dette Guds ER med heile meg,  når han seier at Gud ikkje ein Gud langt borte for nokon av oss. 
Og legg til: For i Han, i den Gud som heiter EG ER,  er det vi lever, rører oss og er til i.
Korleis kan eg då meine at Gud er meg likegyldig. At Han er ein Gud som eg kan stille meg på tilskodarplass til.

Somme vil nok sei at dette er panteisme. Men det ser eg ikkje, for panteismen seier at alt er gudar.
Men det Paulus seier er ikkje at alt er gudar, men at alt er i Gud. Og då vert Gud uendeleg stor, utan grenser. Han vert den som fyller alt i alle, som det heiter i ein song.  Og det betyr og at eg, med heile mitt liv, er i Gud.
Og eg spør meg sjølv: Vert det då noko grense for kva Gud er, gjennom Hans namn EG ER? Er ikkje det i tilfelle eg som set dei grensene for Gud?

fredag 18. november 2011

Guds namn (4) Alfa og Omega

Guds namn frå taket av Tresfjord kyrkje
Eg kjenner meg bunden av tida.
”Gårsdagen er forbi, morgondagen kjenner ein ikkje, men dagen i dag er NO”, heiter det i ei ordspel, ( - eller kanskje var det noko som liknar?)
Det er dette eg kjenner meg bunden av, for gårsdagen er det ikkje meir att av enn minna om det som var, og det kan eg ikkje gjere noko med.
Eg kan ikkje endre på gjerningar eg gjorde, eller let vere å gjere. Heller ikkje kan eg endre på ord som vart sagt, eller som eg ikkje sa.
Gårsdagen står der sementert og bolta fast.
Sjølvsagt kan eg i dag, i denne augneblinken då det heiter NO, prøve å rette opp mine mistak. Men om eg klarer det, vil gjerningane frå gårsdagen likevel stå der i si eiga kraft.
Og morgondagen veit eg lite om. Eg kan ynskje, tenke, drøyme om kva den skal bringe. Men kva den gir, veit eg berre når også den har vorte gårsdag.
Eg er bunden av tida sitt NO.
 
 
Guds namn ”EG ER” fortel meg at Gud ikkje er bunden av tida sine lekkjer, for i Guds æve er det alltid NO.
I Openberringsboka seier Gud:
Eg er Alfa og Omega,  han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.
Alfa og Omega er den første og siste bokstaven i det greske alfabetet. Gud er altså både byrjinga og slutten. Han som var og som kjem. Gud kjenner inga grense. Heller ikkje tida si grense.
Men der stod noko meir; han som er. Midtbokstaven som skulle symbolisere NO, manglar.
 
 
Her ville ein jødisk skriftlærd for å synleggjere at Gud både var, er og kjem, nytta tre bokstavar frå det hebraiske alfabetet: Den første, den i midten og den siste bokstaven i sitt alfabet. Alef, mem og tav. Den første, den i midten og den siste. Han som var, er og kjem,
Men samstundes er desse tre bokstavane, grunnbokstavane i ordet ”emet” som tyder sanning.
Gjennom sitt namn, -- der Gud lovar å halde det han har lova, -- viser Gud at Han også er ei personifisering av sanninga med stor S., Han er den Allmektige.
Var det ikkje det synlege biletet av EG ER på jord, Jesus, som sa: EG ER vegen, sanninga og livet.
Han er ein Gud som eg kan legge all min tillit, heile mitt liv i hendene på.
 
 
For meg smeltar desse orda frå Gud;  Eg skal vise meg å være kva eg skal vise meg å være -  saman med Eg er Alfa og Omega,  han som er og som var og som kjem, Den Allmektige, i det namnet som Moses  fekk  høyre; Eg er den eg er, til eit rikt og innhaldsmetta bilete av kven Gud er.

torsdag 17. november 2011

Guds namn (3) Gud er i sine gjerningar

Guds namn på altertavla i Giske kyrkje
Ei tidsperiode hadde eg mange vitjingar av Jehovas Vitner. Kanskje låg årsaka i at eg var open for å samtale med dei. Kanskje dei og vona at eg skulle la meg overbevise om det var dei som hadde den rette trua. Men dei gav meg nok opp til slutt. Det er  lenge sidan sist dei ringde på døra. Men eit minne har eg frå dei. Ein Bibel.  Ein ”Ny verden-oversettelsen av De Hellige Skrifter.”

Eg visste dei hadde fått si eige norske omsetting, og den ville eg gjerne kjøpe. Og ein gong dei kom, hadde dei med eit eksemplar til meg, Gratis. Betale den fekk eg ikkje lov til.
Eg nyttar den ofte for å sjå korleis dei har omsett Ordet, kontra min eigen nynorske Bibel.
Her i 2.Mosebok, 3,14  omset dei dette Guds namn, med nokre fleire ord enn som normalt er.  JEG SKAL VISE MEG Å VÆRE HVA JEG SKAL VISE MEG Å VÆRE.

Eg skreiv sist at Guds namn ”EG ER” for meg er ein beskrivelse av  kven Gud er, meir enn eit eigennamn.
Gjennom Jehovas Vitner si tolking av namnet gjennom: EG SKAL VISE MEG Å VÆRE KVA EG SKAL VISE MEG Å VÆRE vert Guds namn for meg synleg gjennom dei gjerningar Gud gjer.
Gjennom det EG ER -- VISER SEG Å VÆRE.
Og er det ikkje det Bibelen fortel om frå første til siste ord korleis Gud er synleg gjennom sine gjerningar.
Den eine tolkinga kan vere like sann som den andre, for JHVH kan tolkast med begge løysingane.
Og eg tykkjer dei utfylle kvarandre i mi forståing av kven Gud er.

Det er noko tidlaust over Guds namn, for i tillegg til å fortelje noko om Gud, -- som er ein Gud som handlar, -- så fortel det også om ein Gud som alltid er .
Der er aldri - eit var - eller noko som enno ikkje er -- i Gud, --  for i Gud er  det alltid eit no.
Også i det som var  og i det som kjem,--- like mykje som i dette no som vi er i.
Alltid nyskapande.
Og slik Gud seier gjennom Moses til sitt folk Israel: Eg vil vere med deg, alltid. Gud er aldri fråverande, aldri borte.

onsdag 16. november 2011

Guds namn (2). Og namnet er, Gud?

Mynt 1 mark, frå Kongsberg,1644
Tekst: "Rettferdig domar + Guds namn; JHVH"
Det ringde på døra. Utanfor stod eit par menn frå Jehovas Vitner.
Om eg hadde tid til ein liten prat?
Den dagen enda vi opp i ei samtale om Guds namn, og om å halde det heilagt.
Dei hevda at ein alltid skal nytte ”Jehova” når ein tiltalar Gud, og ikkje ”Gud” som eg gjer.
Vi vart ikkje samde innan eg fekk eit par nummer av Vakttårnet og dei forlet meg. Sidan har dei ikkje vore her så ofte. Dei har vel gitt meg opp.

Undrande stod Moses berrføtt framfor ein brennande busk, og høyrde ei røyst som bad han om å vende attende til Egypt for å føre si slekt, hebrearane, ut av landet som hadde vore deira heim i 400 år.
Kven er du som ber meg om dette? spurde han
Eg er dine fedre sin Gud,  Abraham, Isak og Jakobs Gud,  var svaret han fekk.
Men kven var det?
Egypt sine gudar kjende han, visste kva dei ulike heitte, og her i øydemarka hadde han lært å kjenne namna på midjanittane sine gudar.

Kva er namnet ditt?
Kva skal eg svare brørne mine når dei spør kven det er som har sendt meg?
Og røysta svarer han:
EG ER DEN EG ER. ,
EG ER, det er namnet mitt til evig tid. Dette namnet skal de kalle meg med frå slekt til slekt.
Det  skal du svara dei. EG ER har sendt meg.
Gå no!
Så sloknar logane i busken, og røysta tagnar.
Moses stig ned i sandalane sine igjen og går, truleg noko forvirra og uroleg derifrå.

EG ER.
Er det eit namn?
Er det ikkje meir ein beskrivelse av ein tilstand?
Likevel seier Gud at det skal vere Hans namn til evig tid.
Og kanskje, når vi tenkjer etter, så er denne beskrivelsen av ein tilstand, det beste namnet som Gud kan ha.
EG ER.
Det er noko tidlaust over dette namnet som Gud seier skal vere Hans namn til evig tid.
Uansett til kva tidsepoke mennesket er i, så har Gud alltid vore der med sitt EG ER.
Ikkje som ei myte i fjern fortid, eller som noko der framme som eg skaper i mitt eige bilde. Men den Gud som er akkurat NO, og som seier til meg;
- EG ER no, slik eg alltid har vore og alltid vil vere.
Alltid no, og heilt uavhengig av dine tankar om meg menneske.
For EG ER din skapar, livgjevar og oppretthaldar. -
Kan eg då anna enn bøye meg i undring og tilbeding for Han som ER?

tirsdag 15. november 2011

Guds namn.(1) Gud i den brennande busken

Prinsen av Egypt, Moses, hadde, etter å ha myrda ein egyptar, rømt aust til øydemarka i midjanittane sitt land.. Her vart prinsen gjetar for sin svigerfar Re´uel sine dyr.
Ein dag, ute i øydemarka, får han sjå eit underleg syn. Ein busk står i logar, men den brenn ikkje ned og sloknar. Logane er der heile tida like sterke og klåre. Undrande går han bort til, og då kjem det ei røyst mot han ut av logane.
”Moses, ta av deg skorne for du står på heilag grunn.”

I motsetnad til mange i vår tid, som anten avskriv Gud som ei gamal myte, eller som skaper seg ein gud i sitt eige bilete, så er eg bergteken av den Gud som stig fram frå Bibelen sine skrifter. Han facsinerar meg. Og då er det Gud slik vår kristne tru teiknar han, eg tenkjer på. Den Gud som er tre i ein, og ein i tre, Faderen, Sonen og Den Heilage Anden.

Med desse orda til Moses entrar Gud scena.
Jau, han hadde vore der før og, i Abraham, Isak og Jakobs tid, men Jakob si ætt hadde no vore 400 år i Egypt, og mellom Egypts gudar. Kor mykje var då att i minnet deira om  ættefedrene sin Gud? Det teier Bibelen om, men heilt gløymd kunne han ikkje ha vore.
For på Moses sitt undrande spørsmål om kven som talar frå logane, er det med  Moses sin far og ættefedrene sine namn Han presenterar seg: ”Eg er din fars Gud, og  Abraham, Isak og Jakobs Gud.”

Moses står i ein trussamanhang. Gud er ikkje berre fortid for 400 år sidan, men han er og faren sin Gud, og med det og Moses sin Gud.
Eg kjenner at det er Gud for meg og.
Eg er og ein lekk i ei lang, lang rekke. Som byrja for 1000år sidan, ja kanskje endå lenger attende, sidan vi ikkje veit når folket her vest tok imot kristentrua. Men frå den dagen mine forfedre tok imot trua og let seg døype til Kvitekrist, har Gud vore mine fedre sin Gud. Slik Han og var mine foreldre sin Gud, og gjennom det og vart min Gud.

lørdag 12. november 2011

Skyer

Skyene over oss har vore spanande å sjå på siste dagane. Det har ikkje vore det vanlege grå teppet, men dei har synt seg i mange ulike  former.
Slik og sist mandag.
Kl.15.30 var sola borte bak åsen i sør, og på den seine ettermiddags-himmelen skapte skyene seg om i stendig nye mønster.
Over åsen var der eit lysa felt, og der byrja det å syne seg eit lyseraudt strek austover.
Ein halv time seinare hadde det svakt rosa streket vorte til fleire lysande raud band, som spegla seg av i den kveldsstille fjorden, før dei og sovna av i den mørknande kvelden.

Sæl er du pilegrim, om du manglar ord til å takke for alle dei gåvene som vegen byd bak kvar sving.

torsdag 10. november 2011

Bienaventurado eres, peregrino


Sæl er du, pilegrim, når du får sjå at vegen opnar augo dine for det du ikkje kan sjå.
Sæl er du pilegrim, når du ikkje er så mykje oppteken av å nå fram, som det å nå  fram saman med  andre.
Sæl er du, pilegrim, når du ser at vegen er full av namn og daggry.
Sæl er du, pilegrim, når du ser at vegen byrjar der den endar.
Sæl er du, pilegrim, når  ryggsekken din held seg tom av ting, og hjartet ditt  ikkje veit kvar det skal henge  alle kjenslene.
Sæl er du, pilegrim, når  du skjønar at eit steg attende for å hjelpe einkvan, er meir verdt enn tusen steg framover utan å sjå seg til sides.
Sæl er du pilegrim, om du  manglar ord til å takke for alle dei gåvene som vegen byd bak kvar sving.
Sæl er du, pilegrim, dersom du søkjer sanninga og fyller vegen din med levd liv, og livet ditt får vere ein veg i leiting etter han som er Vegen, Sanninga og Livet.
Sæl er du, pilegrim, dersom du på din veg får møte deg sjølv og ikkje gløymer å ta vare på ditt hjarte.
Sæl er du, pilegrim, når  du oppdagar at vegen handlar om å vere i stilla, og stilla om å vere i bøn, .og bøna om å møte Far som alltid ventar på deg.
                                            * * * *
Bienaventurado er spansk og tyder - heldig eller lukkeleg - eller ordet som min nynorske Bibel let Jesus opne si bergpreike med, i Matteus kap.5: sæle.
Eg fann denne sæleprisinga på verdsveven, og tykte den gav vandraren i meg mange tankar som det var verdt å ta med seg vidare på "vegen".
Så då har eg prøvt å gjere ei omsetting frå spansk til mitt eige mål.
Og for dei som har lyst å sjå om omsettinga mi samsvarar med den spanske originalen, så fylgjer den her:

Bienaventurada eres, peregrina, si descubres que el camino te abre los ojos a lo que no se ve.
Bienaventurado eres, peregrino, si lo que más te preocupa no es llegar, sino llegar con los otros.
Bienaventurada eres, peregrina, cuando contemplas el camino y lo descubres lleno de nombres y de amaneceres.
Bienaventurado eres, peregrino, porque has descubierto que el camino comienza cuando se acaba.
Bienaventurada eres, peregrina, si tu mochila se va vaciando de cosas y tu corazón no sabe donde colgar tantas emociones.
Bienaventurado eres, peregrino, si descubres que un paso atrás para ayudar a otro vale mas que cien hacia adelante sin mirar a tu lado.
Bienaventurada eres, peregrina, cuando te faltan palabras para agradecer todo lo que te sorprende en cada recodo del camino.
Bienaventurado eres, peregrino, si buscas la verdad y haces de tu camino una vida y de tu vida un camino, en busca de quien es el Camino, la Verdad y la Vida.
Bienaventurada eres, peregrina, si en el camino te encuentras contigo mismo y te regalas un tiempo sin prisas para no descuidar la imagen de tu corazón.
Bienaventurado eres, peregrino, si descubres que el camino tiene
mucho de silencio; y el silencio, de oración; y la oración, de encuentro con el Padre que te espera




onsdag 9. november 2011

Tur til Bjørke

I fjor vart eg beden om å take opp temaet "Pilegrim" på ein mannskveld på Kjeldsund leirsenter. Eg laga då ein biletserie frå vår vandring mot Santiago de Compostela, og la i tillegg inn ein del pilegrimssoge og nokre pilegrimstekster.

I haust vart Torbjørg og eg utfordra av "Formiddagstreffet" her i bygda til fortelje frå våre vandringar. Det vart til at Torbjørg hadde eit lite kåseri om vandringa, og eg synte ei revidert og forkorta utgåve av mitt bidrag på Kjeldsund.
Det enda med at vi vart bedne om å gjer det same på Sæbø og Bjørke sine treff. Og min biletserie har kvar gong fått ei ny og revidert utgåve.

Og i dag gjekk turen til Bjørke. Bodil og diakon Knut var og med på turen.
Grunna raset inne i Austefjorden, vart vegen noko lenger til Bjørke enn vanleg er, då vi måtte ta ferge over fjorden og køyre sørsida innover til Fyrde.
Men vi hadde god tid og kunne nyte turen i det vakre været.

Bjørkevika med Kammen og Nessethornet ute i fjorden.
Det var mange samla på bedehuset til kaffimat og pilegrimsvandring denne tidlege ettermiddagen, og vi fekk ei triveleg stund der. Utanfor bedehuset låg Bjørkevika blank og still. Sola var borte bak dei høge fjella der inne i fjorden, men lenger ute skein sola på fjella og skodda som var i ferd med å legge seg mellom fjella.

På veg heim låg dalen i skuggelandet, men lenger vest lyste Langvasshornet enno i sollyset, og Saurevatnet spegla gardane med bøar og hus,  og bratte fjell,  i det stavstille vatnet.

Saurevatnet, med Langvasshornet lengst bak



søndag 6. november 2011

November

Endå ei veke har vorte lagt i minna si bok.
Ei mild veke har det vore der gradstokken har vist opp mot 17 grader pluss. I solveggen endå høgre.
Ei veke som opna med sol og blå himmel , men i slutten av veka skya det på og kom med regn igjen.
Men mildt har det vore heile veka.
Og med så lune kveldar at ein skulle tru det var midtsommars.


 Desverre har det vore ei veke med sjukdom hjå ungfolket, og då har det vore bra for dei å finne eit par besten / besta i huset.
Særleg besta har vore god å ha, men han har no vore litt god å ha besten og.

Les då, besta
(i den kunsten er ho vesentleg betre enn besten)
Og idag skal det avgjerast kven som vert cupmeister i fotball, om det vert dei raudkledde, eller dei oransje og blå.
Det betyr vel igrunnen ikkje så mykje for meg.
---men eg vonar vel litt på dei siste. Litt lokalpatriot må eg vel gi meg lov til å vere.

mandag 31. oktober 2011

Grattis!!

Gullfesten vart utsett ei stund i Molde igår, men så vart det Brann i rosenes borg, og då kom gullskjortene fram i rosenes by.
Gratulerer til MFKdelen av familien, og til Brann-delen for sigeren over Rosenborg.

PS: Berre for ordens skuld. Eg er ingen fotballtilhengar,  men...... neste helg vonar eg på oransje ....og ikkje raudt. Til glede for svigerson her i bygda. Sorry svigerson i sør.

søndag 30. oktober 2011

Sommartid slutt

Siste søndag i oktober, og i dag er sommartida over.
Veka sitt himmelbilete er noko nær svart/kvitt
Om veka byrja med vakre haustdagar, så enda ho i grått, og vått.
Ute er det sydvest og regn, og vel 10 grader pluss.
Men gårsdagen var varmare. Heilt opp mot 15 grader ved midnatt. Og utan regn.
Ut på ettermiddagen opna det seg ei lys stripe over fjella i syd. Der var skylaget så tynt at sola gjorde stripa lys gyllen, i kontrast mot dei mørkare skyene og fjella under. Og der kom nokre vakre sjateringar i skyene over.
For ei fager verd vi har fått å leve i, med alle sine spanande skiftingar i natur og klima.

Bots- og bededag i dag.
Kanskje er det og eit bilete for dagen då preiketeksta opnar slik:
"Idag om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt...."
Hebr.3.7-11

lørdag 29. oktober 2011

Sorg

Sorg. Vi kjenner den, og veit at den gjer vondt.
Men nokre av oss har sterkare erfaringingar av kva sorg er, og kva den kan gjer med liva våre.
Når sorga råkar, treng vi ofte hjelp for å kome igjenom den.
Salmisten skriv i Salme 4.
”Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud.
Du viser meg veg ut av nauda.
Ver meg nådig og høyr mi bøn.”

Under vandringa vår i mai gjekk vi saman med ei kvinne med sorg i hjartet.
Dei dagane vi var saman med henne fekk vi sjå kva tapet av ei dotter, som
hadde valt å ende livet sitt, kosta henne som mor. I form av tunge dagar, anger, tårer og vreide mot Gud.
Men vi fekk og høyre henne fortelje at ho kjente at Gud var der hos henne under vandringa, gjennom menneske som kom nær hennar såra hjerte med si varme omsorg.
I går kveld var mi kjære og ei av våre vener avgarde og høyrde henne fortelje om ”Sorg”, og mi kjære kom heim, full av inntrykk og tankar.
Sjølv veit eg lite om kva det er å verte råka av slike smertefulle tap, og sorga som fylgjer.
Eg har vorte spard for det, om andre i nær familie har fått opplevd det.
Men det har eg skjøna, at å misse eit barn er noko av det mest smertefulle ein kan oppleve.
 
Eg sat for nokre dagar sidan ved vindauget og såg på den skydekte himmelen i sør.
Det var langt ut på dagen, og det var skymt grunna skyene som låg over bygda.
Brått opna dei seg skyene og strålar frå sola, som enno var oppe, braut seg veg ned i det halvskyme romet under skylaget.
Det kom for meg at slik kan også Gud vere for oss.
For meg vart det eit bilete av at Gud er der saman med oss, sjølv om det ikkje kjennest slik.
Ofte kan livet  kjennast både mørkt og tungt for oss av ulike grunnar. Då er det godt å vite seg både sett og omgitt av Gud, og få oppleve at han sprenger mørket og let sitt lys trenge inn til oss.

Kvinna på pilegrimsvegen fekk oppleve at Gud var, at han både høyrde og såg hennar smerte og tårer, og at han ville vere med henne på vegen hennar.

fredag 28. oktober 2011

Isak (5)

Kven var du, Isak?
Du hamnar, på eit vis, midt mellom dei to store. Abraham, far din, og Jakob, son din. To handlinga sine menn.
Men du er så tagal, og levde så stilt.
Du bøygde deg og valde freden når sterke menn reiste seg mot deg.

"Mi redsle" kalla du din fars Gud, som utfordra Abraham til å legge deg på brennofferalteret.
Likevel tykkjest det meg at du med åra, også kom nærare Han.
At Han vart også din Gud, ikkje berre di redsle.

Det vert fortalt at du syrgde mykje då mor di gjekk bort, men at du fekk hjelp i sorga av den nye og unge kvinna som då kom inn i livet ditt.
Rebekka, kona di.
Henne du elska, og som likevel sveik deg i din alderdom.
Som narra deg til å gi di velsigning til Jakob, og ikkje til Esau som du hadde kjær.
Kjende du deg djupt såra då? 
Då du for andre gong i livet vart sviken, narra, av ein du hadde kjær.
Eg trur det.

Eit langt liv fekk du og rik på gods vart du, men det er så lite fortalt om livet ditt i boka.
Kven var du Isak, du tagale og fredsæle mann?

torsdag 27. oktober 2011

Isak (4)

Spjelkavik kyrkje i Ålesund er ei oktogon kyrkje, og oppe under taket i kyrkjeskipet er der ei vindaugsrekkje rundt heile romet. I 2005 vart Håkon Bleken bedt om å fylle desse 96 vindauga med glasmåleri, og han valde å bruke Bibelen sine forteljingar, frå skapinga til nyskapinga.
Så hende det at biskopen i Møre, Odd Bondevik, sette foten ned for eit av bileta. Det var for sterkt, meinte han.
Det synte ei hand som heldt ein kniv over eit barn, og ei anna hand som kom ned og rørte ved knivhanda.
Seinare endra han sitt vedtak, og glasmåleriet kom opp også i det til då tome vindauget.
Leitar eg på verdsveven etter bilete der Isak er motiv, finn eg nokre få av Isak og Rebekka, nokre få av Isak som velsignar Jakob, og mange av når Abraham er i ferd med ofre han.
Og dei gir sterke biletinntrykk.
Ofringa av Isak - Spjelkavik kyrkje
Forteljinga vidare er enkel. Gud går inn i Abraham si handling og stansar kniven. Isak vert løyst, og ein ver som har sett horna sine fast i kjerret like ved, vert teken til offer i staden. Så kjem Guds røyst  endå eingong inn og velsignar Abraham for hans tru og lydnad.
Etterpå, står det, vende Abraham attende til tenarane sine og dei drog heim til Beer-Sjeba.
Slik fekk forteljinga ein lukkeleg ende.

Eller gjorde den det?
For kvar vart det av Isak?
Det står ikkje at han fylgde med faren attende.
Ville han ikkje det?
Gjekk han i staden bort, ut i øydemarka, for å tenke igjenom det faren nær hadde gjort med han?
Eller vart ikkje kniven stogga, og ofringa derfor fullførd?
Hebr.11.19 kan tolkast til at Abraham fullenda sitt ærend på Moriafjellet, sikker i si tru på at etter ofringa hadde Gud makt til å vekkje opp Isak opp frå døden  så han fekk sonen igjen.
Det siste får eg ikkje til å samsvare med resten av fortellinga om Isak.

Både Abraham og Sara lo då dei vart varsla om sonen dei i høg alder skulle få.
Abraham leid vondt då han måtte sende sin eldste son, Ismael,  bort.
Korleis kunne han då få år seinare vere villig å ofre Isak?
Protesterte ikkje Sara med både nebb og klør mot Abraham sin galskap?

Og korleis var tilhøvet mellom  far og son etter hendinga på Moria fjell?
Var det etter den at den milde, fredsame og stillfarande Isak vart fødd?
Det kan synest som om Isak heldt avstand til faren etter hendinga. Han bur ikkje lenger i faren si storfamilie, men held seg i øydemarka i Negev. Og når Rebekka dukkar opp, så fører han henne inn i mora sitt telt, som han har arva.
Det er med sorg han i høg alder opplever striden mellom dei to gutane sine.
Men når han døyr, vert han sameint med faren i hans gravstad i Hebron.

Abraham vert ofte rosa for si tru og tillit til Gud.
Formuleringa Abraham, Isak og Jakobs Gud går ofte att.
Men kva med Isak åleine? Står det noko om hans forhold til Gud?
Ein stad får vi ei lita aning av at det var ikkje så heilt enkelt.
Det er sonen, Jakob, som gir eit lite glimt.
Det kjem når svigerfar Laban når han att, etter at Jakob rømde frå han med heile si familie,
Dei vert samde dei to, og så skal dei ofre ilag. Då er det ikkje ”Abraham og Isaks Gud” Jakob viser til, men Isak si redsle.
Hendinga hadde sett sine spor hos Isak.

Det står ikkje så mange orda om Isak, men dei som står, synest eg teiknar eit bilete av ein mann som vart merkt av den sterke opplevinga han gjekk gjennom i sine ungdoms år.
Isak tyder ”Han lo” og viser til at foreldra lo då dei fekk bodet om sonen dei skulle få.
Kanskje Isak, gjennom opplevinga, fekk ei rik glede over livet som han fekk i gåve, då Herren stogga kniven?
Vart han ein mann med eit lyst sinn, ein som lo?

onsdag 26. oktober 2011

Isak (3)

Den har frå dei tidlegaste tider vore ein snublestein for teologane, den sterkaste hendinga i Isak sitt liv. Fortellinga om det som hende på Guds fjell, Moria berg, som tradisjonen tidleg peika ut til å ligge i / ved Jerusalem. Der tempelet seinare vart bygt, eller der krossen vart reist på Golgata. Men i forteljinga er Isak nesten stum. Det er Gud og Abraham som er aktive i handlinga.

Det er Abraham som er gjenstand for mest hovudbry.
Abraham som ikkje så lenge før hadde gitt seg i forhandling med Guds sendebod, då dei var på veg til Sodoma og Gomorra for utslette byane.
Men no aksepterar han, uten nokon motstand, ser det ut for, Gud påbod om å dra til Moriafjellet for å ofre sonen som brennoffer.

Korleis kunne Abraham gå med på eit slikt krav? Og hadde Gud verkeleg kravt dette av han?
Rekna Abraham med at Gud ville vekkje Isak opp frå dei døde igjen, sidan han hadde lovt Abraham ei talrik ætt? Eller var det Abraham som tok etter skikkane mellom folka han budde hjå, og ikkje noko Gud kravde av han?
Det er nokre av dei store spørsmåla teologane har tumla med.

Vi har eit bilete av Isak som ein liten gut då det hende, men det kan ikkje vere rett.
For, står det: Då dei kom fram bad Abraham dei to tenarane vere att hjå eselet, og så leste han på Isak all offerveden, medan han sjølv bar elden og kniven.
Det var vel ikkje berre nokre vedpinnar som trongst for å få nok eld og varme til offerbålet? Truleg var Isak tenåring. Kanskje endå nokre år eldre. 20 til 37 år har nokre rekna seg til.

"Akeidat Yitchak - The binding of Isaac" av Marc Chagal

 Medan dei er på veg kjem Isak med sitt einaste spørsmål: Far, her har vi veden, elden og kniven, men kvar er brennofferlammet?
Så bygger dei to alteret og legg veden på.
Legg Isak seg opp på veden frivillig  og let seg binde på hender og føter utan motstand, då han skjønar at det er han som er brennofferet? Eller måtte Abraham bruke makt for å få han på plass oppe på alteret?
Det fortel teksta ikkje noko om.

For jødane har denne teksta, som vert lesen i synagoga under minnedagen for alle jødiske martyrar, vore ein snublestein gjennom århundra.
For oss kristne vart fortellinga tidleg ein profeti om Jesus sin offerdød gjennom Abraham sitt svar til Isak: Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.
Men det er nok også dei mellom oss som helst såg at den ikkje var med i Bibelen.
Koranen har og hendinga med i Sura 37: ”Vi lova ham ein  son. Då han var stor nok til å gå han til hande, sa Abraham. Min son, eg såg i ein draum at eg skal ofre deg. Tenk over kva du syns. Han svara. Far, gjer det du er pålagd”
Seinare har dei islamske teologane funne ut at det ikkje var Isak men Ismael som skulle ofrast.

 Så legg Abraham handa på Isak sitt hovud og bøyer det bakover så strupen vert spent, grip etter kniven og lyfter den.
Skal tru om Isak var  like roleg då som det Koranen seier?