søndag 29. november 2009

Advent

1.søndag i advent og starten på eit nytt kyrkjeår.
Frå gamalt var det inngangen til ei fastetid. Ei førebuingstid til festen som kom når minnet om Jesus sin fødsel skulle feirast med fest, god mat og drikke.
Fasteperspektivet har vorte borte for oss i vår travle førjulstid. På mange måtar tek vi festen på forskot i mange veker før julefesten er der. For meg synest juledag å ha vorte avslutninga på juletida, i staden for starten slik det var i tidlegare tider. Vi er stinn mette på jula før ho har vunne å starte.

Men likevel. Trass i at fasteperspektivet har vorte borte. Adventstida er framleis førebuing til jul, med alle dei spenningar, gleder og strev det fører med seg.
I dag har vi tent det første lyset i adventskransen, med song til.
Eg har ikkje noko eigenproduserte bilete med i dag. Alle er plukka frå nettveven.
Men eg har prøvt å setje dei saman for å fortelje om mi advent-oppleving og mi advents-forventing.


Det første viser to på vandring i øydemarka. Han først, leiande på et esel som ber kvinna. Ei ung kvinne som skal verte mor for første gong.
Eit uvanleg par fordi kvinna, Maria, ber eit barn som ikkje har mannen, Josef, til far. Barnet sin far er den evige Gud, ved Guds Andes kraft. Derfor ber kvinna eit barn som er både Gud og menneske.
Og kor vanskeleg dette enn kan vere å forstå og godta for mange, så er dette ein berebjelke for den kristne trua. Utan dette fell botnen ut for kristendomen.
Derfor er det så mange gamle ikonar der Maria og barnet er motivet. Slik det andre biletet viser.


Eit lite apropos til kven som var Jesus sin far. Vårt Land fortalde om ei lærebok der forfattarinna hadde slått fast at Josef var faren. Ho var human-etikar, og dei står på skansen for at læringa i skulen skal vere nøytral. Men denne kvinna bak lærebok stod ikkje på den skansen då ho slo fast at Josef var faren. Ho forkynte si eiga tru, og at det dei kristne hevdar er feil. Ville ho vere nøytral, så burde ho ha skrive at den kristne trua seier at Gud var far til Jesus.
Det er ikkje alltid så lett å vere nøytral. Sjølv ikkje for human-etikarar.

Det andre perspektivet på advent, var framme i tekstene for gudstenestene i dag.
Om Han som skal kome.
Jesus si andre kome var mykje framme i forkynninga i min barndom og ungdom. Eg hugsar det iallefall slik. Det er skjeldnare no. Sjølv om ein av dei mestselgande romanseriane i USA handlar om det som vil skje då. "Left behind" bøkene. Dei er visst også oversett til norsk.
Perspektivet er tilstades i Bibelen, og i adventstida sine tekster. Eg trur den dagen må handsamast edrueleg, for den tida, eller dei dagane, er gøymde for oss.
Vi bør ikkje sleppe fantasien laus i dramtatiske utleggingar på noko vi veit så lite om.
Nettveven har tallause bilete som teiknar fantasifulle bilete av dagen som kjem, slik dette bilete under.


Eg trur vi heller skal ha Luther sitt perspektiv i hovudet: Om Kristus kjem att i morgon, så plantar eg likevel mitt epletre i dag. Heller det enn å skreme ved å måle dramatiske bilete gjennom ord eller "søt" kunst.
For Han som kjem, Han kjem med forløysing, frelse og nyskaping til ei jord, trelbunde i alt det vonde som herjar oss.

Då har eg personleg større sans for den enkle fortellinga om når Jesus kjem att, som dette gamle, greske, ikonet frå 1700-talet fortel.


Så har vi tent det første lyset i dag.
Tre lys står enno att før juledagen er der.
Fire søndag inneheld adventstida.
Fire søndagar der gudstenestetekstene har ulik fokus. Men alle skal dei vere med på å førebu oss til når Han som kom, og Han som kjem, skal minnast.
Måtte Han verte fødd på ny og på ny i våre liv, fram til den dagen då Han kjem att. Synleg for alle som Herren, Allhærs Gud. Som kongen, den herlege.

lørdag 28. november 2009

Camino Frances 2010

Fase 1 er opna. Planlegginga av neste års vandring.
Første planleggingsmøtet har vore. Startskotet har gått.
Er ikkje det tidleg?
Det vil då gå både vinter og vår, og truleg sommar med før med vi kan fylle sekkane med det aboslutt nødvendige av kle og toalettsaker. Det gjeld å få ned vekta på sekken til eit minimum når den skal berast på ryggen gjennom mange dagars vandring.
Idealvekta på 10% av eiga kroppsvekt når eg nok heller ikkje under 2010-vandringa.

Men først er det mange ting som må avklarast.
Startpunktet er klart. Det er Pamplona.
Men korleis kjem vi oss dit?
Er det Barcelona, Madrid eller Bilbao vi skal velgje å ta fly til?
Og skal vi satse på tog eller ekspressbuss vidare til Pamplona?
Vi må nok ha ei overnatting før start i Pamplona. Kvar skal vi ta den?

Eit anna viktig spørsmål som må avklarast er; Kva tid tek vi vandringa? Vår eller haust? Sommaren vert kanskje i varmaste laget for oss nordvestlendingar.
I tillegg er 2010 eit heilagt år for pilegrimsvandringa mot Santiago og Jakobs grav.
Då er det det venta ekstra mange pilegrimar på vegen. Kva vil det bety med omsyn til overnattingplassar? Vonleg er ikkje trykket så stort der vi skal gå som lenger vest, nærare Santiago de Compostella. Og vonleg er også hovedstimen komne lenger vest, over høgsletta, i slutten av vandringsesongen. Det vil i så fall gjere det enklare å få seg overnattingsplassar ut i september enn tidlegare på året.

Eit tredje spørsmål er; Kor langt skal vi gå neste år? Og kor mange dagar skal vi setje av til vandringa? Og vi må ha ein kviledag. Kvar skal vi ta den?
Vandringsbok er innkjøpt frå Tyskland. Denne er på engelsk, ikkje tysk eller fransk. Det gjer den lettare å forstå for denne vandrarar.

Planen er å dele dei vel 70 mila fram til Santiago på tre år. Det vi sei 20 mil + i året. Det beste er å avslutta kvart års vandring i ein by som har buss eller togforbindelse ut. Då avgrensar det seg. Og for 2010 vert det Burgos.

Og det høver godt, for den ligg på grensa til den flate, trelause og endelause høgsletta. Messetaen. Den får vente til 2011.

Eit fjerde spørsmål er; Er det ein pilegrimsveg med store høgdeforskjeler? Vert det slitsomme bakkar undervegs?

Eit bilete frå internett viser veldige utfordringar. Men der er dei vel 70 mila trykt saman på nokre få centimeter. Dreg vi det ut og fordeler toppane og dalane undervegs, utover heile strekninga, vert det ikkje så voldsomt.
Der er nokre fjell å gå over med høgder opp mot 11-1200 m, men når utgangspunktet er 5-600 m, er det overkomeleg, sjølv for gamalt folk med sekk på ryggen. Og det er ikkje bratte sunnmørsfjell det er snakk om. Dei to høgste, Cruz de Ferro og O Cebereiro får vente med sine utfordringar, enn så lenge.

Og er vi like heldige i 2010 som vi har vore dei tre vandringsåra i Frankrike, får vi mange varme og fine solskinsdagar, og lite av dei regnfulle.
Vandraren har byrja å gle seg, sjølv om det er mange månader att med fase 1 -førebuing- enno.

fredag 27. november 2009

Treng vi ei ny kyrkje?

Så har vi fått endå ei kyrkje(kyrkjesamfunn)i Norge.
Vi trong kanskje det?
Men likevel. Eg har ein liten tvil inne i meg. Har vi verkeleg bruk for å splitte Guds kyrkje endå meir?
Kvifor må vi vere slik samansette at når små meiningar skil oss, då må vi forlate vårt tidlegare kyrkjesamfunn for å skipe eit nytt for dei rettruande?
Bagetaliserar eg problemområda no?

Det har fylgt Kristi kyrkje som ei mare frå dei tidlegaste år, dette.
De må vere eit, sa Jesus, men --.
Først var det dei med jødisk rot, grunnstamma, som måtte ut.
Så var det dei i aust, dei austortodokse, som ikkje trudde rett nok og vart kasta ut av det gode selskap. Så kom turen til dei gresk-ortodokse og dei romersk-katolske som skilde lag over eit ord. Men det var først med Luther og Calvin det vart skikkeleg fart på skilsmissene.
Er det eit Tuppen og Lillemor-syndrom som rir oss?
Kva er det for eit vitnemål alle våre skilsmisser, all vår ueingheit, gir?

Eg undrar meg på korleis det vert i Guds rike eingong, når vi ikkje kan vere saman i trua medan vi endå er her på jorda?
Vert det kanskje slik som vitsen fortel, om han som kom til himmelen og vart synt rundt av St. Peter. Og då han undrast på kvifor røystene som strøymde ut gjennom dei stengde dørene inn til dei mange roma, var så ulike. Så fortalde Peter at grunnen var alle dei ulike kyrkjene. Dei kunne ikkje vere saman om ein lovsong, men måtte ha kvar sin.

Den koptiske biskopen Matta Al-Misskin har skrive ei lita bok som heiter "Einskap gir liv". Der han ber om at vi truande må byrje å arbeide for å få bort det som skil. Arbeide for einskap mellom kyrkjene igjen, slik at Jesus sine ord om at vi alle må vere eit, igjen må verte røyndom.
Desverre er det visst enno ein lang veg å gå før vi er der.

onsdag 18. november 2009

Eit augekast attende.

Det å reise på ein tur har tre fasar.
Slik også med våre, vandrarane, sine pilegrimsvandringar etter Jakobsvegen i Frankrike og, om ikkje lenge, i Spania.
Fase 1 er førebuinga.
Fase 2 er vandringa.
og fase 3 er etterarbeidet, bearbeiding av minna.
Det er den fasen som varer lengst.
Kanskje tek den aldri slutt så lenge vi er i stand til å minnast.

No er vi vandrarane i starten av ei ny fase 1.
Førebuing til ny vandring vidare mot vest frå Pamplona, ein gong neste år.
Men først eit lite augekast over skuldra på det som var.

Først pilegrimsvegen i Frankrike. Vegen med dei mange namna.
Via Podiensis, der Jacobsweg, Jakobsvegen, Le Puy-ruta. osv.


Dette oversiktskartet viser dei viktigaste pilegrimsvegane mot Santiago de Compostella, med startpunkt i Frankrike.
Den eldste av dei, Via Podiensis, startar i Le Puy-en-Velay. Det er vår veg.
Etter vegboka mi, er det 76,5 mil frå Le Puy til Roncesvalles på sydvestsida av Pyreneane. I Spania.
Så er det 4,5 mil vidare til Pamplona.
Dit kom vi i 2009.


Men ved starten i Le Puy, fekk vi, ved morgonmessa i katedralen, kjøpt oss kvart vårt lite hefte med plass til stempling av pilegrimsmerke.
Heftet er kalla eit Créanciale.


Mitt er på det næraste fullstempla, og ber tydeleg merke av å ha vore med på ei 80 mil lang vandring.

Første året gjekk vi berre med vegmerka som fylgjesveinar. Det gjekk greit sjølv om vi ikkje hadde kart å gå etter. Men eg sakna å vite litt om kvar vi var i landskapet.
Eg kjende det på mange måtar som om eg gjekk i eit slags tomrom, der alt utanfor det augene såg, var tomt og ukjent.
Andre året hadde eg derfor skaffa meg ei lita tysk bok.
Lita nok til å få plass i den bukselomma eg hadde på låret.
Det var ein vandringsguide med små kart, opplysningar om vegen, og litt historikk om bygder og byer vi gjekk gjennom.


Sliten har den vorte etter to sesongar med vandring, men boka har hjelp meg med å fylle ut tomromet eg kjende på første året.
Sjølv om eg nok har streva litt med eit framandt språk. Det er likevel underleg kor langt ein kan kome i tydinga av noko framandt, med litt vilje til å forstå.

Det var eit lite augekastet over skuldra til det som har vore.
Det som no er minne.
No er det fase 1 for vandringa 2010 som bankar på.

søndag 8. november 2009

Farsdag

Det er morgonfred i stova. Ute er himmelen speglande klår, men sola let vente på seg nokre timar enno. Ho er etter kvart koma så lavt at Melshornet stenger for henne på morgonen.
Eg har leita fram pc'en medan eg ventar på songtimen i radioen. I dag er det ein av bygda sine eigne som skal vere gjest. Arne Ola. Det skal verte triveleg høyre han og songvalga hans.



Og i tillegg er det farsdag. Så tillukke med dagen, alle fedre.
Vi får nyte han så lenge vi kan, for etter som eg les i bladet, er det ikkje sikkert kor lenge våre fagre medvandrar gjennom livet har bruk for oss til å vere fedre. Dei vil greie seg sjølv utan vår medverknad, stod det skrive.
Skal tru om det vert ei betre verd, då?

Mi tru er no at vi treng både ei mor og ein far.
Nokre tv-program siste åra der born, som har leita etter sin ukjende far, har fortalt om sitt sakn etter å vite kva røter dei er runne frå, har styrkt meg i den trua. Det har ikkje noko med at dei ikkje har hatt gode heimar, men meir ei kjensle av at der er røter som treng å finne sine feste.

Du som fekk dei store syner
av dei bratte fjell og brynér
og av vide ville hav.
Austpå i den stille skogen
vart din tanke djup og mogen
som du meg i hugen gav.

Dine store syner slokna
medan sjølv du kvarv og krokna
under livsens tunge krav.
Når di von i røyning rakna,
nye voner vaks og vakna
som du meg i hugen gav.

Gjeve Gud eg kann med æra,
tanken fram i livet bera
som du sjølv i barmen bar.
Under bør av år du bogna,
just fordi eg kunne mogna;
takk og æra, gamle far!

Kvar ei von som i deg veiktest,
atter ny ho i meg kveiktest;
evig ung din tanke var.
Kvart eit hugsviv som du hyste,
longe i mi åsyn lyste;
takk og æra, gamle far!

Så i dag vil eg ære mine fedre. Min farfar kjende eg såvidt. Han døydde då eg var sju år. Han var småbrukar på ein liten sunnmørsgard der son hadde fulgt far så lenge ein kjenner til. Min morfar var og odelsgut på eit lite småbruk, men han måtte amputere ein fot i ungdomen, og med det var det over og ut for bonden. I staden vart han lærar. Utdanna i Tromsø. Var så lærar i Alta før han kom attende til heimbygda. Først som omgangsskulelærar før han vart lærar i heimegrenda. Diverre døydde han frå kone og ein stor barneflokk medan mi mor endå var ungdom.



Min far var yngste son, så han vart skreddar, og seinare møbelarbeidar, i tillegg til å vere ektemann og far. Hjartesjuk vart han tidleg, men trass i fleire infarkt gjennom åra fekk vi ha han mellom oss til han var 80 år.
Og det er eg djupt takksam for.
Det er ein rikdom å ta med seg i livet å kjenne si ætt, vite kven dei var, dei som gjekk føre og vite kva deira liv og erfaringar var.

Og snur eg meg andre vegen og ser framover, ser eg nye ættleder vekse opp. Born som vaks opp og sjølv vart mødre og fedre til nye ættleder. Dei som i dag er våre borneborn.
Så til lukke med dagen fedre. Gi dine born det beste du har å gi dei, deg sjølv, så vil dei minnast deg med glede og takksemd.



Biletet er av min far, og versa er Tore Ørjaseter sin hyllest til sin far som kom frå bratte Geiranger til skogane i Sjåk.

onsdag 4. november 2009

Blømande lyng

Der er mange teikn i naturen som fortel at årstidene har sine vekslingar.
Eit desse teikna står lyngen for. Når lyngen byrjar å raudne i toppen, veit vi at sommaren er på hell og hausten står for døra.
Og når den etter nokre veker misser den skarlagsraude fargen og vert brune i toppen, då er det klart for ei ny veksling i årstidene. Då er det vinteren som snart bankar på.



Naturen har mange blømande ansikt. Kvitveisskogen, dei gule løvetannmarkene, dei fiolette engkarseengene. Men ettersomaren og hausten sine raudnande lynglier står ikkje noko attende for dei andre.
Når lyngen lyser i sola med sin skarlaksraude farge, då er det mellom det vakraste eg kan sjå.

Vår første vandring på pilegrimsvegen gjekk om hausten, og vi var oppe i fjellet.
Og der, langs vandringvegen i Frankrike, blømde lyngen.
På veg ned til Roncesvalles på sørsida av Pyreneane, blømde lyngen jamvel i fleire fargar.



Sist søndag gjekk vi mellom gravene på kyrkjegarden. Mange av gravene hadde vorte stelte for Helgemesse, Alle helgens dag. Og igjen var det blømande lyng som pynta gravene.
Åse Marie Nesse fortel om si mor og lyngen, og orda henner minner meg også om mi eiga mor.
Ho framheva ikkje seg sjølv. Ho valde heimen og familien som sin karriereveg i livet.
Ho var ei kvinne som likna "lyngblomen som berre veks i naturleg velvilje
år etter år, uvitande om sitt eige verd." Ho var mor.
No kviler ho på kyrkjegarden.

Av alle blomar valde du lyngen
ein bruksblome, trufast og iherdig
tett som eit teppe under foten

aldri høgrøysta som rosene
hofferdig som liljene
eller sårbar og sart som fiolen
og utan tusenfrydens rosa koketteri

lyngblomen
berre veks i naturleg velvilje
år etter år, uvitande
om sitt eige verd

Av alle blomar likna du lyngen
i seinsommartider
og nå, i din tidlege vinter
har du ein aura
av lilla og sølv

søndag 1. november 2009

Tankar ved helgemesse

Mi kjære og eg gjekk på kyrkjegarden etter gudstenesta i dag. Mine foreldre kviler her. Hennar kviler på ein annan kyrkjegard. Der var mange på kyrkjegarden i dag. Mange som bar med seg erfaringa av døden sin smerte. Mange som har kjent at saknet, tomromet etter deira kjære kan vere tungt og sårt.
For mange var den særleg nær i dag, sidan dei i dag, inne i kyrkja, høyrde namnet på ein som stod dei nær verte lest opp. Ein som døden hadde teke frå dei i det siste året.

Helgemessesøndagen har smerten av saknet i seg, men den kan og ha noko som er heilt annaleis; og det er Håpet.
Håpet om at døden er ikkje det siste, håpet om at der er noko meir, at vi ein dag skal møtast igjen, vi som døden har skilt frå kvarandre.



Paulus skriv i korintarbrevet om kva Jesus si oppstode frå død og grav påskemorgonen då han sigrande gjekk ut av grava, ut i den nye dagen betydde, og verknadane av denne sigeren for oss, og så konkluderar han slik;
"Død, kvar er din brodd, død, kvar er din siger. Gud vere takk som gir oss siger" – og vi kan legge til …og håp, "…..ved vår Herre Jesus Kristus."

Johannes openberring er på mange måtar eit spesielt skrift. Det høyrer til i ei skrifttype som er kalla ei apokalypse, Det vil sei at det skildrar noko som enno ikkje har hendt, eit skrift som openberrar framtidige hendingar.
I dei første versa av kap 21 møter det oss ei tekst om ein dag der framme, ein dag som enno ikkje er.
Ein underleg dag, ein dag som vert heilt annleis enn alle andre dagar.
Der står mellom anna at Gud reiser seg frå kongsstolen og seier at no gjer Han alle ting nye, og at Hans bustad skal vere hos menneska.

Bibelen opnar med å fortelje om ein dag, eit tidspunkt langt attende i tid, ja før tida tok til.
Då der ingen ting var, berre mørker,
Det første ordet i den hebraiske Bibelen er Bereshit, og det tyder; begynnelse, start
I opphavet er det omsett i vår Bibel, på engelsk heiter det; in the beginning.
Så då står det-- "I starten skapte Gud himmel og jord. Jorda var aud og tom, og mørkret låg over havdjupet."



Vitenskapen snakkar om denne hendinga som The Big Bang; det store smellet.
Det er i grunnen berre ulike uttrykk for det same, den einaste forskjela er at vi som trur, vi ser ei Guds hand i det som hende. Derfor står det vidare; "Guds Ande sveiv over vatnet. Og Gud sa; det verte lys. Og det vart lys." Og då, då tok tida til.
Johs. openberring 21 er det nest siste kapittelet i Bibelen, og der høyrer vi igjen, som i Bibelens første ord, at Gud let sitt skaparord lyde og at han nyskaper himmel og jord. At Han seier: Sjå eg gjer alle ting nye.
Og då vil noko nytt ta til, og der er vårt håp.

Vi lever våre liv bundne av tida. Vi leve i tida som starta med The Big Bang, eller skal vi sei; Då Gud sa, Det verte lys.
Vi har ei tid som er eit no. Den som er akkurat i denne stunda. Men vi har også ei tid som er forbi, og ei tid som enno er framtid.

Men Gud er utanfor vår tid.
Hos Gud er det æva som er.
Hos Gud er det alltid … no.

Jesus sin siger over døden påskemorgon, braut dette tida sitt band. Men dette brotet er endå ikkje synleg for oss, fordi vi lever her i tida og er bundne av tida si rytme,
Dag fylgjer dag og år fylgjer år.



Våre kjære som har gått bort. Dei har gått ut av tida og inn i æva.
Deira lekam kviler i grava, men deira ånd og sjel er hos Gud.
Slik det kjem til uttrykk i ei verselinje i songen "Ein fin liten blome."
"Lat lekamen kvile med fred i si grav, mi sjel ho er heime hos Gud."

For dei er ikkje orda i Johs.op. 21 framtid. For dei er alt i æva sitt --- no,
i æva der det ikkje er fortid og heller ikkje framtid, der alt er eit .. no.
Det er for oss, vi som er att i tida, at det som Johannes fortel om, kan synest å vere framtid.
Derfor får vi denne tanken som kan vere så underleg å fatte:
At det samstundes er eit; alt no .. hos Gud, og eit enno ikkje… hos oss.
Så let Johannes sin visjon oss sjå inn i dette som for oss endå er framtid.

Og korleis er det der hos Gud?
Johannes høyrer orda kome frå kongsstolen:
Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vere hans folk, og Gud sjølv skal vere hos dei.
Dette fortel oss at denne nyskapinga som Gud gjer, den forandrar alt vi er kjende med.

Den første skapinga som vi er så vel kjende med, sidan vi lever i den, den vart ikkje slik som Gud ville det. Bilete vi har av syndefallet fortel oss det. Gud ville det godt, men det vart planta eit frø av det vonde inn i det Gud gjorde, og resultatet kjenner vi så alt for godt til.
Og vi har høyrt spørsmålet, og kanskje har vi sjølve spurt det.
Kvifor let Gud det vonde skje? Kvifor grip han ikkje inn i vår verd og stansar alt det vonde som herjar vår vesle klode?
Svaret har vi ikkje, fordi Gud er Gud, og Gud sine vegar er hans vegar og ikkje våre. Men kanskje kan vi finne eit svar i dette "alt no, men enno ikkje…"

Det har skjedd; Gud har stansa det, det har berre ikkje vorte virkeligheit i tida. For Jesus kom til oss, og han døde for å forsone verda, oss, med vår skapar, og han vann ved krossdøden og oppstoda. Sigeren er vunnen alt no. Men endå er det gøymt for våre auge, for endå lever vi i tida, den første skapinga si tid. Men i trua kan vi gripe det og ta det til oss.
Og vi har fått ei tid til å gjere godt. Til å vise kvarandre kjærleik og omsorg. Til å la det gode vinne fram i oss.



I bergpreika sa Jesus: "De er saltet på jorda, de er lyset i verda."
Det er det Gud ber oss om å vere medan vi ventar på at den nye dagen skal bryte inn over oss. Den dagen då tida stansar og æva bryt inn over oss.
Slik det no er på den andre sida av døden sitt forheng. Der det nye alt har brote inn.
Der er Guds bustad mellom menneska… alt no..
Der renn det inga tåre meir, og døden finst ikkje.
Der er det ingen som sørgjer, og ingen skrik høyrest, og all pinsle er borte
For Han som sit på kongsstolen seier; Sjå, eg gjer alle ting nye!

Og Johannes høyrer, Sjå Guds bustad er hos menneska, Han skal bu hos dei, og dei skal vere hans folk, og Gud sjølv skal vere hos dei. .
Han skal vere deira Gud. Han skal tørke kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vere meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som før var er borte.
Og Johannes seier; Og han som sit på trona sa til meg; Sjå eg gjer alle ting nye.
Så sa han til meg: Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn utan betaling. Den som sigrar skal arve dette, og eg vil vere hans Gud, og han skal vere mitt barn.