onsdag 31. august 2011

Litt vått

31.august.
Siste dag i sommarmånadane. I morgon byrjar hausten.
Eg høyrde i går kveld at ein stad på Hedemark hadde 7 av 1o dagar sidan 1.juni vore våte.
Så gale trur eg ikkje det har vore her i bygda, men den vil nok ikkje verte hugsa som ein varm og fin sommar, den som no vert soge.


I dag er det sol ute. Morgonsol i alle fall.
Det var det ikkje igår.
Slik såg det ut på Vallasætra ut på kvelden.
Det var heller smått med kveldssol.
Ein får vone på ein fin og solrik haust istaden.

tirsdag 30. august 2011

Lystad skule

Lystad skule var min barndoms skule.
Bygd rundt forrige århundreskifte for å avløyse omgangsskulen på Strendene, og den vart krinsen sitt sentrum.
Her fekk borna i over hundre år lære lesing, skriving og rekning.
Og her samlast krinsen til festar, møter og basarar.
Her samlast borna til søndagskule og gutalag, og på kjøkenet i kjellaren vart det kokt mange store kjelar med krutsterk kaffi til lyd og lag.
Når storskulen skulle ha sløyd, kom det ei sending med høvelbenkar som vart sett inn i kjellarsalen.
Oppe var klasseromet, og eit lite lærarrom. På loftet var der ein lærarhybel, i tillegg til loftromet der krinsen si sjukebåre stod.


Ute hadde vi ein liten og steinet skuleplass, planen kalla, der vi dreiv ulike aktivitetar både i skuletid og fritid.
Og utanfor skulegjerdet var urda med sine store steinar og holer.
Ved enden av planen låg den store Burasteinen. Eit ynda mål for klatring i friminutta.
Når det var mykje snø, hoppa dei dristigaste frå toppen av steinen. Så fekk læraren arbeid langt ut i neste time med å spa dei lause att.
Var det berr mark, var urdaholene spanande å utforsker, og då kunne det vere lett å overhøyre att læraren ringde inn til ein ny time.

Skulen var fleire gonger truga av nedlegging, men kvar gong spørsmålet vart reist, kom krinsen på bana og forsøket vart stoppa.
Då barnetalet i krinsen auka sterkt på 1960 talet og utover, vart skulen utvida i fleire etapper.
Då vart også gamleskulen reven, og i staden kom der ein ny skule med fleire klassrom, kontor for rektor og lærarrom, skulekjøken, gymsal og bibliotek / mediarom.
Og den eine læraren i mi tid, auke til ein heil lærarstab når mine born og borneborn var elevar der.


Så kom dødsstøtet, og kommunestyret vedtok skulen nedlagd og stengd.
Men i år har han vakna til liv at, som ein Fugl Føniks av oska.
Men no er det ikkje born som får si opplæring der.
No er det framandspråklege nykomarar i bygda som får si grunnutdaning i norsk språk og norsk samfunnsliv på skulen.



mandag 29. august 2011

Det er lenge sidan det.

To av borneborna til mine byrja på ei ny epoke i livet denne månaden.
Isak byrja i barnehagen og tok det første steget ut i livet på eiga hand, og Iver forlet barnehagen og tok det første steget på skulevegen.
Og før eg rett sansar det,(om eg får leveåra) så har tida gått og dei har vorte tenåringar. På veg inn i vaksenalderen med ansvar for eige liv.

Det har gått 62 år sidan eg tok det første steget på skuleveg. Så vidt fyllt 7 år byrja eg på bygda sin vesle 2-delte skule.
Tre dagar i veka, annan kvar dag, hadde småskulen (1-3.klasse) undervisning. Dei andre tre dagane var det storskulen (4-7.klasse) sin tur.

Eg har ikkje noko bilete frå dei første tre åra på skule, men då eg var i 4.klasse samla læraren alle elevane i småskulen for å feste oss til filmen.
Av ein grunn eg ikkje hugsar, kom vi to 4.klassingane og med på biletet.


Skulen var i mine elevår, for det meste ein gutaskule. Eg hadde ikkje mange jenter som medelevar i mi tid på Lystad skule.
På biletet er der 3 førsteklassingar, 3 andreklassingar og 1 tredjeklassing, og så oss 2 i fjerde klasse, som skulle høyre storskulen til.

Når eg ser biletet av oss elevane på Lystad skule, skuleåret for 59 år sidan, er det nok kleda vi har på som skil oss mest frå elevane idag.
Det er vel tvilsomt om dagen sine foreldre hadde fått sine born til å gå i solide kortebukser, strikkastrømper og Viking gummisko.
Eit par av gutane har fått meir moderne beinkle. Olabuksene kom i salg på den tida.
Jeans heiter dei vel idag.


To år seinare er eg komen i 6.klasse, og vi er på ny oppstillte til fotografering. Denne gongen er læraren med.
Kortbuksene er borte. Nikkers og langbukser har vorte normalen. Gummiskorne er vel og på veg ut, men ikkje Viking gummistøvlar.
Endå har eg eit år att før konfirmasjon, og så to år på Ørsta ungdomsskule. I ei stor klasse der det var mange jenter, etter 7 år på ein liten skule saman med berre gutar.
Og 3 dagars veka auka til 6 dagar.

Eg trur nok at dagen sine elevar ville fått nokre nye erfaringar, om dei fekk oppleve vår dag i barneskulen, og vår fagkrets.
Skuledagen opna alltid med ein morgensong, og første skuletime var eit kristendomsfag.
I tillegg hadde vi rekning og skriving. Norsk, landkunne, naturfag og soge.
I 7.klasse fekk vi nokre timar med engelsk.

Datamaskin og kalkulator var ukjende saker. Det same var mobiltelefon.
Skriving var med blyant. Skriving med penn og blekk høyrde og med, og då var trekkpapir viktig. Kulepenn fekk eg først i ungdomsskulen.
Og det vart gitt karakterar til jul og til skuleferien, alt frå første klasse.

søndag 28. august 2011

Veten

Vel heime etter gudstenesta hadde eg sett meg vel tilrette i sofaen for å nyte ettermiddagen i fred og ro. Men så er det at telefonen ringer, og før eg rett får sukk for meg, er eg på veg for å klatre opp på Veten. 592 m.o.h.
Det er dotter mi og hennar mann som igjen har rive meg laus.
Veten, eller Liaveten, ligg i vestenden av Ørstafjorden og sett frå fjordbotnen stengjer den utsynet vestover.

Klatring?
Den er ikkje noko vanskeleg fjell å kome opp på, men-- å fylgje råsa frå Eidheim og opp--- opplever eg som klatring opp knaus etter knaus.
Idag rann det også mykje vatn i råsa, etter regnet siste døgnet.
Dei to andre måtte nok vente på meg nokre gonger, så eg kunne få roe ned pusten igjen.
Men endeleg dukka toppen, med varden på, opp framfor meg.
Eg var i mål.


Det er vidt utsyn frå Veten.


Både sørover Dalsfjorden, og mot Helgehornet som har gøymt seg i ein skoddedott.


Utover Rovdefjorden mot Stadt, og øyane på Ytre Søre Sunnmøre.


Og innover Ørstafjorden og fjella som kransar den. Og heilt i det fjerne, Hjørundfjordfjella.

lørdag 27. august 2011

Harpedalen




Desse bileta er diverre ikkje ferske, då det er regn i lufta og lavt skydekke ute.
Men det er råd å drøyme seg attende fem år.
Til 27.august 2006.
Ein fager seinsommardag.
Då var mine to brør med mi kjære og meg opp i Harpedalen.
Ein sidedal oppe i lia sør for Follestaddalen i Ørsta.
Etter at ein kom over skogen, baud turen på fagert utsyn til fjella på motsett side av Follestaddalen.

Biletrekka går frå vest, med Saudehornet, Vassdalstinden og Årsæterhornet som sentrale tindar.
Så kjem Romedalen og fjella rundt den.
På det siste biletet ser ein austover mot Standaleidet og fjella der, med Kolåstind og Sætretinden.
Lengst bak, over lyng og kjerr, kan ein skimte fjella på andre sida av Hjørundfjorden.

fredag 26. august 2011

Kva ser du?

"Kva ser du, Jeremia?", vart profeten spurd ein gong.
Av Gud.


Eg sat ute med min første kaffikopp i dag.
Og mine auge var som så ofte før, vende mot fjella i aust.

Det låg morgonskodde nede i dalen, og fjella teikna seg med gråblå konturar mot dei drivande skyene over.
Brått finn lyset frå morgonsola ei opning i skylaget, og skodda i dalen strålar opp skinande kvit i mot meg. I sterk kontrast til dei mørke fjella i skuggelandet bak.

Eg vert sitjande lenge og sjå korleis lyset heila tida er i endring, alt etter som skyene over fjella opnar seg opp, og let seg att.

Kva ser du?, vart Jeremia spurd.
Det spørsmålet har vore høgaktuelt etter 22.juli.
Aldri har sterke ord om kjærleik, omsorg og det å sjå kvarandre vorte formidla så ofte som i desse dagane.
Og orda om meir kjærleik og omsorg for kvarandre, er i høg grad knytt opp imot det å sjå kvarandre.
Og kanskje også: å gi seg tid til å sjå kvarandre på tvers av alder, kjønn, rase, kultur og trusverd.

Seinare idag var eg i gravferd til ei kvinne som såg. Og som tok seg tid til å sjå.
Der var ikkje berre familie og grannar.
Kyrkja var fullsett av menneske som ho hadde sett, og som ho hadde gitt sine gode ord og sitt smil til.

Og verknaden av det er som det eg såg tidleg i dag morgon.
Når sola fann opninga i dei grå skyene, og lyste opp den grå skodda som låg lenger nede. Då lyste ho opp skinande kvit mot det gråblå rundt om.
Det vert lysare og betre når ein kvan sine strålar får lyse opp dagen for oss.
"Han såg meg", sa kronprinsesse Mette-Marit om sin prins.

Vi treng alle å verte sett.
Og å sjå vår neste.

torsdag 25. august 2011

Høgt heng dei, og sure er dei.


"Høgt heng dei, og sure er dei", sa reven då han ikkje nådde tak i dei.
Vel, det er visst ikkje alle som er samde med han.
Trasten er ein flittig gjest i rognen, og andre lagar visst géle av dei.
Sjølv har eg ikkje nytta dei til anna enn som amunisjon, attende i barndomen, då vi skar oss blåserøyr av jol og trong noko å skyte på kameratane med
No er dei, for meg, eit sikkert teikn på at hausten står for døra.
Og om dei er sure, så tykkjer eg ein rogn full av raude bær, er eit fagert syn.

søndag 21. august 2011

Under open himmel


Vi rakk det i dag.
Å feire gudsteneste på Grytastølen i Vartdal sokn.


Under mektige fjell, og under ein open himmel.
Før regnet kom.

fredag 19. august 2011

Skåla igjen


Porten inn til Skåla. Tredje vasshus.
Saudehornet har skoddehatt denne dagen også.
Ved vasshuset står benkane innbydande og ventar.
Endeleg kan eg setje meg ned og kjenne at pulsen og pusten roar seg.
Dagen sine 35 minutt med motbakketrim er over.

onsdag 17. august 2011

Skålavegen


Etter at eg fleire gonger i sommar har vore plaga av dårleg pust i motbakkar, kom eg til at her trongst det støttespelarar som kunne få meg opp frå sofaen og ut på trimtur.
Det vart ei av døtrene og hennar make som tok på seg oppgåva.
Tre kveldar har eg gjort forsøk på å nå opp til tredje vasshus, på vegen mot Skåla.
Dei to første kveldane kom eg meg ikkje lenger enn til vassmagasinet nedst i Skålavegen.
Men i kveld kom eg meg opp.
Provet er dette biletet som syner meg og min svigerson sitjande ved målet, med bygda liggande under oss.

Det kosta både sveitte og tung pust å kome dit opp, men eg er litt kry av å ha greidd det på omlag ein time heimanfrå.
Vel vitande om at dei raskaste spring Saudehornet rett opp på kortare tid enn det, og opp dit eg kom, er det berre omlag 400 høgdemeter. Ikkje 1303 som er høgda opp på Saudehornet..
Sist eg var der var i august for fem år sidan. Då gjekk eg til tops på Saudehornet.

tirsdag 16. august 2011

Kveld


Det kveldar i bygda.

Ein sommar er over


Ein sommar er over. Om nokre dagar har både skular og barnehagar opna dørene att for ein komande haust.
Ein av borneborna har sine første dagar i barnehagen, og ein annan skal byrje som førsteklassing i skulen.
Spennande dagar for begge to.

Desse siste dagane før alt starta hadde vi besøk.
Sogningane kom, var her nokre dagar og reiste att.
Så kom romsdalingane og var her nokre dagar før dei og reiste attende.
Og opp i det heile fekk dei oppe sjukdom på besøk.

Værmeldraren på fjernsynet i går kveld opna litt humoristisk med eit spørsmål. Vil det verte solbrille eller paraplyvær neste dag?
Det har vore ein del av begge deler denne sommaren som går mot sin ende.
I nettavisene denne morgonen, ser eg at det vert meldt om store nedbørsmengder og flaum andre stader i landet.
For n´te gong.
Vi har sålangt slept unna det her, men den store sommarvarmen har vi heller ikkje fått.
Det har vore ein normal, om enn litt kjøleg vestlandssommar.

Men på laurdag kom eg meg endeleg i sjøen til året sin første symjetur.
Kanskje vart det og den siste?

torsdag 11. august 2011

Himlen blåner for vårt øye


Slike morgonar er det berre å takke for.

onsdag 10. august 2011

Så seile vi på Mjøsa


Så seile vi på Mjøsa...
vel, det stemme nok ikkje heilt:
ikkje er det Mjøsa,
og ingen sprukken holk heller.

tirsdag 9. august 2011

Gamal eller eldre

Biletet er av min bestefar.
Fødd på slutten av 1860-talet og var nok i byrjinga av 60-åra då biletet vart teke.

Han opplevde store endringar i sine leveår, bestefar.
Dreiv ein liten gard i sommarhalvåret, og om vinterane drog han på fiske ute på øyane.
Han fekk oppleve overgongen til vår moderne tid, med motoren og elektrisiteten sin frammarsj.
I hans leveår vart bygda omskapt frå eit jordbrukssamfunn til eit industrisamfunn.

I dag er eg nokre år eldre enn min bestefar var på biletet.
Eg har og opplevd store endringar i teknologisk utvikling, og kan reise jorda rundt på kortare tid enn han brukte på å reise til Lofoten på fiske.
Bygda er no ei etterindustriell bygd, der handel og servicenæring har fått fokuset.

Rekna han seg som ein eldre mann då, i midten av sine 60-år?
Eg trur helst han hadde brukt ordet gamal om seg, sjølv om han framleis hadde omlag 20 leveår att.
Og eg, reknar eg meg som gamal i slutten av mine 60-år?
Eg brukar nok heller ordet "eldre" om meg.
Sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å ta inn over meg røyndomen av det ordet.

Opnar ordet eldre for oss i min generasjon ein fridom til å leve ut vår eiga rastløyse?
Eg har då framleis ikkje vorte gamal, meiner eg.
Eg vil vere ung, kjenne meg ung, kle meg ungt.
Ikkje gamal enno nei, eg vil nok helst vere ein eldre, ein ung eldre, i mange år enno.
Ein vert tidsnok gamal.
Der er stadig nye opplevingar som ventar på meg bak neste sving av livsvegen.

Når vil eg så vere eldre nok til å kalle meg gamal?
Den svaret er gøymt i framtida.
Kanskje skjer det først den den dagen då roa senkar seg, og jaget etter stadig nye opplevingar endar?
Når eg ikkje kan anna enn berre ta imot det som kjem, kva det så er.

Det eg får opp i fanget utan å jage etter å finne det, eller nå det.
Når eg er gamal nok til å sjå at graset er ikkje grønare på hi sida av gjerdet.
At den lukka eg jagar etter, den ligg og ventar rett fram for føtene mine.
Kanskje min gamle bestefar hadde ei større ro, ei ro som eg, den eldre, saknar?

Det er mogeleg ho har eit poeng det er verdt å tenkje over, kvinna som skreiv verset eg fann i eit gamalt blad.

Eg vil vere gamal.
Ikkje eldre.
Kva er det?
Eldre enn...
Eldre enn kva?
Nei, eg vil vere gamal.
Det er eit godt ord.
Eit ord med framifrå meining og tradisjon.
Eg likar det.
Og så høver det så godt
Som protest mot alt jåleri
vi gamle må strekkje oss etter.

søndag 7. august 2011

Over Bjørkedalseidet

Vest i Nordfjord, heilt ute i havgapet sør om Stadt, ligg den vesle øya Selja.
Selja er kjend for legenda om den irske kongsdottera Sunniva, som dreiv i land der med sine fylgjesveinar.
Kyrkja heilagkåra Sunniva, og Selja vart Vestlandet sitt første bispesete. Det vart seinare flytta til Bjørgvin, Bergen.
Men då hadde Selja alt vorte ei pilegrimsøy.
I våre dagar har øya byrja å få att sin status som eit pilegrimsmål.

I samband med den lokale Naturfestivalen, byrja kvinnegruppa Embla i fjor på ei vandring mot Selja, delt over fleire årlege etappar.
I år, i dag, gjekk den andre vandringa.
Den starta på Søre Bjørkedal og gjekk den gamle postvegen over Brekka ned til Harpefossen i Hjelmelandsdalen.
Og den vandringa ville eg vere med på.

Søre Bjørkedal med det særmerkte fjellet Keipen i bakgrunnen.

Sørenden av Bjørkedalsvatnet Hellsetgardane, og Flatdalen bak.
I denne enden av vatnet byrjar bilvegen over til Nordfjord gjennom den særeigne og tronge Stigedalen.

Bakken opp frå Bjørkedalsgardane er bratt. Til tider har den ei stigning på 1-4.I tidlegare tider då sykkel var vanleg framkomstmiddel, brukte folk å henge ei bjørk bak på sykkelen som ei ekstra bremse, før dei starta på bakkane ned.


Vegen vandringa fylgde, var på 1700-talet utpeika som ein del av postvegen mellom Bergen og Trondheim. I 1820 åra vart det bygt fleire bruer for å lette ferdsla gjennom dalen.


Det var fleire enn eg som ville vere med på vandringa. Rundt 40 i alt.

Vassdalsvatnet, framleis på Sunnmørssida.


Gamle vegar manglar ofte våre dagars standard, bygde som dei var for hest og kjerre.
Og då kan det av og til ha sine utfordringar for moderne transportmiddel.
På denne bakken vart ein buss ståande fast, eller rettare hengande fast. Bakken er så knapp at eine hjulparet vart hengande i lause lufta utan kontakt med fast grunn.


Så står grensesteinen ved vegkanten, og vi er komne over til Nordfjord.


Frå Brekka ser vi Hjelmelandsdalen med sine setrar og gardar liggande framfor oss.
Og ned for skianlegget ligg Harpefossen der vandringa dette året endar.


Pilegrimane på veg mot målet. Foto: Fjordabladet

lørdag 6. august 2011

Saudehornet

Motbakkeløpet "Saudehornet rett opp" går føre seg i bygda i dag. Frå fjøra og 1303 høgdemeter opp til toppen.
Tanken var der at eg skulle ta meg tur opp, i roleg tempo. Men det regna godt på morgonkvisten, så eg slo det frå meg.
Men det er nok mange som har teke turen opp langs løypa, ja heilt opp til toppen, for å vere med på året si fjellhending her i bygda.

No når konkuranseløparane startar kl.11.00 er det litt betre vær, med solgløtt .
Været var ein del betre då eg var der under "Saudehornet rett opp" i 2006, den 5.august.
Det er eit flott fjell, og den gir eit fagert utsyn over bygda, og utover Sunnmørsalpane si taggete tindeverd.




fredag 5. august 2011

Når du vert gamal og....


Eg fann dette biletet i arkivet mitt i går. Det vart teke 14. oktober i 2005, klokka 10.22.
Det er eit dramtisk bilete lyset teiknar. Mørke skyer og eit mørkt landskap. I kontrast til det lyshavet som sola skaper der hennar strålar bryt seg veg ned gjennom ei opning i skyene.

Eg fyller år i dag, byrjar å verte ein eldre mann, sjølv om eg ikkje vil innrømme det.
Eg held meg til det eit barnebarn sa ein gong: "Nei, morfar er ikkje gamal. Han byrjar berre å dra på åra".
Takk for det, Olav. Det er dei som held meg ung. Borneborna.
Men det står ikkje til å nekte at neste år, om Gud let meg få oppleve det, så er eg komen over på 70-talet.

Det kan nok vere lett å oppleve åra framover litt som biletet over. Når helsa sviktar og dagane vert tunge og lange.
Sjølv vonar eg å få halde meg så lenge som mogeleg midt i lyshavet frå sola sine strålar, saman med mi kjære, og mine kjære.

Men det er nok litt opp til meg sjølv og, korleis dei vert opplevde dagane framanfor.
Eg opplevde det på turen til Helgehornet for eit par dagar sidan, når eg kjente på kor sliten eg vart, at korleis vegen vidare skal verte det har eg mykje av ansvaret for.
Det er ikkje alt godt som kjem av seg sjølv.

Men idag let eg framtid vere framtid, i dag skal skal eg nyte den siste årmåldagen der eg framleis er på 60-talet, saman med mine kjære.
Og så vonar eg sola får høve til å lyslegge fjell og fjord i bygda her vest denne dagen.

onsdag 3. august 2011

Ei einsleg rose


Med hjarteleg helsing til alle som er innom her.

tirsdag 2. august 2011

Helgehornet


Slik starta dagen med skodda langt ned i fjellsidene. Men så byrja eg sjå at sola braut igjennom det grå, og snart openberra fjelltoppane seg over skoddehavet, under ein blå himmel.

Ut på dagen fekk vi vitjing frå Sogn, og svigerson snakka frampå om fjelltur, og sidan Yr ikkje hadde lovt det beste været for morgondagen, vart det til at vi bestemte oss for ein tur opp på Helgehornet.

Det er år sidan eg var der sist, og forma og pusten var nok betre den gongen enn i dag. Men opp kom eg.
Lenger mot aust regna det, men vi hadde fint vær på heile turen, til dels også med sol.

Fjellet er ikkje meir enn 623 m høgt, men det ligg fritt til for andre og høgre fjell som kan stengje utsynet, så ein ser langt i alle retningar oppe frå toppen..

Mot Ørsta

Mot Volda

Vestover mot øyane på ytre Søre Sunnmøre


Nørestranda i Ørsta med Liadalsnipa og Skorgedalen.

mandag 1. august 2011

Skodde


Så sit eg her att med data'en på fanget.
Det er morgonstilt i stova. Avisa er lest og første koppen med kaffi tømd.
Og ute er det sommar.
Skulle i alle fall vere det.
Det er ikkje SÅ gale, seier mi kjære.


Nei det er ikkje så gale.
Eg hugsar sommarar då det var slik. Dag etter dag, Veke etter veke.
Sommarar då vassmagasina fløymde over, og alle elvar gjekk flaumstore sommaren igjennom.
Det var verre.
Det er berre det at eg går og vonar på noko betre enn dette grå loket som no ligg over bygda.
Eg har sett halve Norge, sa turisten. Det Norge som var under skodda.

I går fekk vi helsing frå Sogn. Med bilete av solbadande born på stranda ved fjorden.
Sjølv sat eg og venta på at dei lova blå flekkane på himmelen skulle dukke opp, men dei kom ikkje. Og no ligg det grå enda lavare enn i går.
Enkelte skoddeskyer på kysten, melde værmeldaren i går kveld.
Dei er stabile dei skyene.

Det er ikkje så gale, sa mi kjære i går kveld. Og for å muntre meg opp, fortalde ho meg korleis været og temperaturen hadde vore siste månaden.
Vel, det var ikkje så ille som eg meinte å hugse, men kva hjelp er det i det når eg vonar på sol og varme no?

Men i dag er det 1.august.
No kjem sommaren, fortalde ei nettavis før helga.
Ja, eg får leve i vona at dei får rett i sin spådom.
Og kjem han ikkje no, så kanskje neste sommar vert slik som eg drøymer om.
Men, eit kvart galt vert det vel då og.

Men no er det tid for frukost med mi kjære, og om litt, mandagskafe med vener.
Og over meg høyrer eg lyden av springande små føter.
Livet er ikkje så verst, likevel.