søndag 18. mai 2014

Camino Ingles

Etter Camino de San Olav er det Camino Ingles som står for døra. 11 mil på seks dagar. Vi byrjar heilt ute ved nordvestkysten, i Ferrol. Så går vi innover fjorden og rundar den, før vi går over eit eid til neste fjord, og så over eit nytt eid før vi byrjar å gå oppover og sydover mot Santiago de Compostela. På den lange strekninga opp mot Hospital de Bruma fortel mange om eit bratt stykke av vegen. Forferdelig bratt seier nokre, så eg er noko spent på det stykket. Kor bratt det igrunnen er for ein som er oppvaksen mellom bratte fjell, det får ein sjå når ein er der.
Men vel oppe er det berre litt småkupert att sør mot Santiago. Det er berre å vone at været vert på vår side slik det har vore under våre tidlegare vandringar. Det er trivlegare å gå i solskin enn i drivande regnbyger.

onsdag 14. mai 2014

Camino de San Olav


Vert det flystreik, eller? Det er det store spørsmålet denne siste veka før vi skal reise til Bilbao og Spania. Tidlegast 18. og seinast 26.mai seier fagorganisasjonen. Så er det berre å vone at det i tilfelle streik, vert den seinaste datoen, for då er vi komne fram og kan byrje vandringa på Camino de San Olav. Vert det streik ein av dei tidlegare datoane kan det verte nokre komplikasjonar for vandringa vår. For då får vi ikkje nytte bilettane våre til Bilbao, og vidare opp til Burgos som er startbyen.                                                  Den er ikkje så lang den første vandringa vår. Omlag 6 mil, og tre dagar lang, frå Burgos og sydover til den vesle landsbyen Covarrubias. Undervegs skal vi innom fleire endå mindre landsbyar, og til slutt over ein ås, før vi er framme i Ulvedalen der St.Olavskapellet er reist. For det er det som er målet. Eit kapell som prinsesse Kristina, dotter av kong Håkon Håkonson, vart lova av sin ektemann Don Felipe midt på 1200-talet. Men det tok mange hundre år før lovnaden vart ein realitet. Kapellet vart innvigd i 2011. Etter at ho døydde i 1284 kom ho til å kvile i klosterkyrkja i Covarrubias. Men undervegs mot Covarrubias er det fleire interessante ting som eg gleder meg til å sjå. Meir om det seinare, om ikkje heile vandringa fell i vasken grunnna flystreik.


søndag 11. mai 2014

Gåforma må inn.

Betre seint enn aldri. Gåforma må inn. Det er vel slik at nokre må ha eit press på seg for å kome igang. Og slik er det nok med denne karen. Men no, tett før avreise, er mi kjære og eg igang. Tre turar  sidan torsdag då vi gjekk opp til Nupasætra. I går var målet sætra på andre sida av dalen Mosætra. På veg ned att tok eg den merka stien ned til under fossane. Den var nok bra før Dagmarorkanen, men no vart det ei slitsom sak før eg kom inn på vegen som Allskog hadde bygt for å ta ut alt tømmeret som orkanen hadde lagt ned. I dag skulle vi ta ein roleg tur rundt Bjørdalsvatnet. God grusveg heilt rundt trudde eg, men det var før Dagmarorkanen, og raskvelden sist november . Det vart ei skikkeleg hinderløype over store ras og liggande graner tvers over vegen. Men vi kom fram, og god trim får vi. Så får vi sjå kvar neste tur går.

lørdag 10. mai 2014

Så ventar nye vandringar.

Snart nærmar det seg snart vandring att. Berre ti dagar no så er vi på veg. Om då ikkje streik i Norwegians legg hindringar i vegen for det. Denne gongen er eg åleine kar mellom fem damer, som skal vandre saman. To av dei for første gong. Men er de ikkje komne i mål på vandringa då?, vert det spurt. Jau, Camino frances har vi gått ferdig, heilt fram til Santiago de Compostela, men denne gongen er det to kortare vegar vi planlegg å gå. Tre dagar på Camino de San Olav, og seks dagar på Camino Ingles.
Så no er siste førebuingsmøtet gjort unna, og forma til mi kjære og meg er testa. Eg var litt usikker på den. Det har vorte heller lite av treningsturar på meg denne våren, så mi usikkerhet var vel grunna. Men ein liten ettermiddagstur med seig stigning på eit par hundre høgdemeter, ( det er vel omtrent det vi har i vente denne gongen) fortalde meg at dette skal nok gå  bra. Og endå er det nokre dagar att for meir motbakketrening. I dag ser det lovande ut med lettskya himmel over bygda, så då vert det nok ein gåtur.

søndag 4. mai 2014

Eit kyss i Casablanca


Vi fekk sjå mykje, og høyre mykje, på desse dagane i Marokko, men eit minne ragar over dei alle då det kom så uventa.
Mi kjære og eg sat saman med eit anna par, på ein benk ved eit stort torg i Casablanca. Ute på plassen var der mykje folk som gjekk til og frå sidan det var ein busshaldeplass like ved. Ei ung mor som bar på ein liten baby gjekk forbi fleire gonger, og rundt henne sprang og hoppa ei lita jente. Ein gong kom jenta burt der vi sat, og eg smiler til henne og seier "Hei". Ho stussar litt over ordet som ho nok ikkje forsto, men eg gjentok mitt "hei". Då dansa ho vidare. Noko seinare sit eg med haka i hendene og høyrer på praten ved sida mi. Det nærma seg tida for at bussen vår skulle kome då eg ser henne kome mot meg. Framfor meg stansar ho, tek hovudet mitt i hendene og lyfter det opp. Forundra let eg henne gjer det. Då er det ho bøyer seg fram og gir meg eit kyss på kinnet, Så spring ho avgarde attende til mor si lenger borte på plassen. Overraska og undrande sit eg, ein lett grånande eldre framand, attende, rørt av varmen i kjærteiknet eg fekk frå ei lita mørk jente på eit torg i Casablanca.

lørdag 3. mai 2014

Litt av kvart


Før eg forlet min vesle rundtur i Marokko, så la meg ta med nokre små glimt utanom dei historiske attraksjonane eg fekk vitje. 
 I Marrakesh såg vi nokre høgreiste palmer med noke blankt i toppen. Ikkje dumt å kamuflere dei moderne radioforsterkarane slik.

Geiter som klatrar i tre er ikkje noko vanleg syn for meg, men desse klatrar for å leite etter godsaker. Argannøtter. Men det er berre det ytre skalet dei vil ha. Resten overlet dei til andre å dra nytte av.



På kvinnekollektiva bearbeidar dei det som geitene ikkje vil ha. Det indre skalet og nøttekjerna. Her sit kvinnene og knekker nøttene med stein mot stein. Skalet vert nytta til brensel.







 
Men kjerna vert melen på små kverner, og så blanda med vatn for å presse ut oljen frå kjernemassen. Oljen vert så nytta mellom anna til hårbalsam, og til matolje. Den er meir haldbar enn olivenolje så den står seg lenger.


 Gateseljarar var det mange av. Kvinner som selde smykke av ulikt slag. Og menn med belte og andre lærvarer. . Landsmenn av meg hadde lært nokre eit norsk uttrykk som dei i god tru brukte. Ekte krims krams. Vel alt var nok ikkje krims krams, om noko var det. Noke var nok ekte vare. Og rimeleg sett med norske auge.

Og dei små butikkane viste ofte fram eit fargerikt skue av kle, keramikk og andre suvenirar.





Te av minte må vere Marokko sin nasjonaldrykk. Og å lage den er ikkje gjort i ei handevending. Mange og omstendige handlingar av varmt vatn og minteblad før små glas vart fyllte med teen, men så smakte den også smakte fortreffeleg











Drosjene har og sitt særpreg. To slag av dei. Det er dei store kvite "mersane" som har sine faste stoppestadar, og som køyrer når bilen er full. Og så dei små "petit taxi", ofte med bagasjebrett på taket. Og av dei har kvar by sin farge. Jordfarga i Marrakesh, blå i Rabat og Essaouira, kvite i El Jadida og raude i Casablanca. Så ved å sjå på drosjene så veit ein kva by ein er i.


I utkantane av byane såg eg ofte kontrastane mellom gamalt og nytt. Men sjølv om husa - hyttene - såg skrøpelege ut så stod parabolantenna på taket, og dyra gjekk og beita langs gatene. På jordstykke fulle av søppel og flygande plast. Og der var mykje aktivitet på nybygging. Det såg ikkje ut til vere noko krise på byggefronten i landet.
Men kontrastane var likevel store mellom by og landsbygd. I landskapet gjekk dei jordfarga husa mest i eit med landskapet rundt dei.
 
Heller ikkje alle husklynger var bygde på så sikker grunn. Nokre var bygt på heller utrygg grunn. Tyktest det meg. Men dei var nok heller ikkje plaga med for nært naboskap, om dei såg det som noko positivt.










 Husa var ikkje berre flotte og moderne bygardar, eller kvitkalka hus i tronge gater. På landsbygda såg dei litt annleis ut. Dette minte meg om ei fortelling frå evangelia, om dei mennene som bar sin lame ven til Jesus, men som måtte opp på taket og bryte det opp for å få senke han ned framfor føtene til meisteren frå Nasaret




 
Skulle eg vore gjetar trur det hadde vorte lange dagar, men overalt på landsbygda såg vi desse mennene stå som saltstøtter ute på markene, medan store eller små flokkar av dyra beita rundt dei.
Gjerde såg eg lite av, i alle fall ikkje piggtråd som det var så mykje av langs vandringsvegane i Frankrike. Men for første gong såg eg kaktusplantasjer, og kaktus brukt som inngjerding av åkrar og jordstykk
 
Og ute på kysten, kilometer lange sandstrender. Tome, eller mest utan eit einast menneske. Her kunne ein ha stranda mest for sjølv, men kanskje det var for tidleg på året?
 
Eit gapande hol. Romet er mørkt men frå spegelbiletet av holet, i vatnet for føtene mine, ser eg lyset frå verda der ute strøyme ned i det mørke romet. Lyset  frå ei anna og ukjend verd. Slik har det etter kvart vorte for meg å reise til ukjende land og stader. Dei er som mørke rom, men når eg er der og opplever dei, då strøymer lyset inn og openberrar det ukjende.
Den moderne byen er, trur eg, etter kvart nokså lik over heile jorda. Og det er ikkje for å shoppe på dei store og moderne handelshusa med sitt vareutval eg dreg, men det er den lokale maten, historia, fortellingane, sed og skikk,  og landskapet som lokkar.
Derfor vandringane. Derfor Spania, Italia, Skotland, Israel. Frankrike, og no sist Marokko. Og om nokre få veker er det igjen klart for 14 dagar i Spania med nye vandringar og med nye opplevingar.

Bildet er av holet i den portugiske sisterna, der den speglar seg i vatnet på golvet under. Gjennom dette holet fyllte dei cisterna med vatten, og gjennom det drog dei vatten opp til sitt daglege hushald.


fredag 2. mai 2014

Mazagan, siste skanse


Noko sør for Casablanca ligg byen El Jadida, i dag ein moderne industriby og fiskarby. Men i 1502 sette Potugal seg fast her og bygde festninga Mazagan som eit støttepunkt på vegen mot kystane aust om Afrika. Opphaveleg var den stjerneforma festningsbyen omgjeven av vollgraver, men dei fyllte franskmennene igjen. Den massive muren er 8 meter høg og 10 meter tjukk så den var ikkje enkel å kome igjennom.


Innanfor muren er der i dag smale og travle gater.









 

Men endå kan ein finne døme på at eingong var dette ein portugisk og kristen by.
 
 Sjølv om den var godt verna, var den ein torn i augo for dei berbiske herskarane utanfor muren, og i 1769 måtte portugisarane gi opp, og dei forlet festninga og segla vestover havet til Brasil.
Men ein ting dei let etter seg, og som idag er på verdsarvlista, er ei sisterne. Den vart bygd i 1514 som eit varehus, men når tidene endra seg og kampen mot berbarane byrja, vart vatn kostbart. Då vart huset ombygd til ei cisterne som dei fyllte med vatn., frakta til festninga med båtar.
34 x 34 meter er ho i mål.

torsdag 1. mai 2014

1.mai

Så er den første raude kalendardagen i mai komen, og den vart kvit. Sommaren fekk vi ein smak av i april, men den siste dagen i den månaden fekk vi kvite snøbyger i fjordbygda. Og i dag tidleg når eg kom meg opp frå sengevarmen var det kvitt ute. Men det vart raskt borte då sola kika fram. Sidan har det skifta på med sol og snøbyger. Og temperaturen er ikkje av det høgste slaget. Så pass kaldt at skal eg prøve meg ut i noko lenger tid, må eg nok utstyre meg med votter på fingrane. Men vonleg varer det ikkje så lenge før søyla på gradstokken  syner høgare gradtal att. På den positive sida av dei lave gradtala er det gamle ordtaket. "Mai kulde gjør bondens lader fulle" . Det gjeld kanskje framleis sjølv om det er lite att av det som fylte bonden sine løer. I dag er det vel rundballar som tel for bøndene, og dei ligg ikkje inne i løer. Men denne smaken av sommar vi fekk i april gav oss ein rekordtidlig vår. Ute er trea grøne langt oppover liene, og blømer gjer det alle vegne. Så i påskehelga var det på tide å leite fram grasklipparen. Rekordtidlig.