søndag 31. juli 2011

Vårt val.


Eg sat i gudstenesta i dag og høyrde Arne prest snakke engasjert om teksta utifrå sine opplevingar dei siste dagane.
For meg tala orda frå 5.Mosebok, som var henta frå Moses si avskilstale til israelittane, rett inn i vår situasjon.

" Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg.
Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: Kven vil fara opp til himmelen og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?
Dei er heller ikkje på hi sida havet, så du må seia: Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?
Nei, ordet er deg nærare enn som så; det er i munnen din og i hjarta ditt, så du kan leva etter det.

Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode, døden og det vonde."

Sooo år gamle ord, men likevel: høgst aktuelle også i dag.
Valet er vårt.
Kva vi som folk vel, vil dagane som kjem vise.

lørdag 30. juli 2011

Det gryr ein ny dag.


22.juli 2011
Det er gått ei veke sidan den uverkelege fredagen.
Dagen som for alltid sette eit skilje i vårt folk si soge.

Det har vore ei underleg veke.
Ei veke full av sterke inntrykk, formidla gjennom bilete og ord.
Norge vert aldri det same etter 22.juli, sa dei i kveld i Dagsrevyen.

Ja, la oss vone det.
At det ikkje berre vert store ord inn i uverkelege dagar.
At dette vonde som hende, verkeleg kan endra folket vårt til eit folk fyllt av omsorg og kjærleik til nesten.
For alltid.
Og når desse dagane vi er i no, ligg bak oss og kvardagen igjen bankar på, då gryr den nye dagen over eit varmare folk.
Må Gud hjelpe oss til det.

torsdag 28. juli 2011

Regnbogen


Då mi kjære og eg kom til Solevågen seint søndag kveld.
På veg heim, med tankane fulle av inntrykk frå dei siste dagane.
Stod der ein regnboge spent over Hjørundfjordfjella.
Som eit teikn.
Eit teikn om ei annaleis framtid.
Eit teikn om håp.
At orda som har vorte gjentekne gong etter gong desse dagane skal verte røyndom i folket vårt.
At det vonde skal verte møtt med kjærleik og omsorg for kvarandre.

onsdag 27. juli 2011

Grått


Ein symfoni i grått.
Det kjennest slik ut etter desse dagane.
Sjølv om eg er heldig som berre kan stå på sidelinja.
Om nokon berre kan stå på sidelinja då, i det som har hendt?

Vi er så få, og dei fleste kjenner nokon som er direkte berørt av hendingane.
Slik med meg og. Eg kjenner nokre som har det ekstra vondt desse dagane, og eg har det vondt med dei.

I tillegg kjem media kvar dag med stadig nye detaljar og vonde opplevingar, som gjer at rosehavet og dei flotte orda druknar i ein symfoni av grått.

tirsdag 26. juli 2011

Fakkeltog


Mandag kveld strøymde voldingar og ørstingar i flokk og fylgje til Amfiplassen for å gå med brennande faklar og raude roser, i eit stille tog fram til Ørsta kyrkje.
Over 3500 kom og var med i fakkel og rosetoget. 25 minutt tok det før alle hadde kryssa E39.


På kyrkjebakken og utanfor kyrkjegardsmurane på Nekken stod folk tett i tett under markeringa og apellane frå kyrkjetrappa.
Det var hendinga på Utøya i Tyrifjorden som var utløysande årsak til markeringa som fire unge hadde teke initiativ til. Den unge jenta frå Vartdal som miste livet der nede, var sentral i fleire av apellane frå kyrkjetrappa.

(bileta er henta frå verdsveven)

mandag 25. juli 2011

Uverkelege dagar

Vi var på familiebesøk denne helga, mi kjære og eg. I Romsdal.
Drog torsdag kveld, og såg fram til fredfyllte dagar saman med dotter, svigerson og borneborn.

Eg er er ein av dei som så sant det er råd, må ha med meg etappane i Tour de France.
Fredag over middag slo eg derfor på fjernsynet for å sjå utviklinga i løpet den dagen. Og syklistane, der ingen av nordmennene var med i teten, sleit og svetta seg opp ei bratt alpestigning.

Biletet er henta frå verdsveven.

Så ser eg at nyhendelinja nede på skjermen, melder om ein kraftig eksplosjon i Oslo sentrum. Eg slår over til nyhendekanalen og møter uverkelege bilete frå regjeringskvartalet.
Røyken driv mellom husa, knust glas og trevirke i gata,
brann og sjukebilar med blinkande lys,
skremde og blødande menneske,
bygningar med husfasadar der vindauga er tome hol der gardinene heng ut.

Eg har sett liknande bilete før, frå andre stadar i verda, men her, i Oslo, i vesle Norge?
Kven har utført det?
Er det Al Quida eller ei anna islamsk terrorgruppe?
Det vert ikkje meir Tour de France den dagen. I staden klistrar bileta frå Oslo meg til fjernsynsskjermen.

Ei ny setning dukkar opp nede på skjermen. Det er meldt om skyting på Utøya.
AUF sin leirstad.
Kva skjer?
Det er det politiet i Nordre Buskerud som tek seg av, seier politimannen i Oslo.
Meldingane frå Tyrifjorden byrjar å få urovekkande dimensjonar.
Så kjem polititalsmannen inn igjen og fortel at politiet si utrykkingsavdeling har reist til Ringerike.

Natta fell på med melding om 7 døde i Oslo og omlag 10 på Utøya, i tillegg til mange såra begge stadar.
Og at det ikkje var noko islamsk terrorgruppe som stod bak, men ein ung nordmann frå Oslo vestkant.

Laurdag morgon renn, og no er talet på døde på Utøya komne opp i over 80 unge. Henretta, skotne der dei livredde gøymde seg for ein iskald, bevepna ung mann.
Som tok unge liv for å gi si sak blest.
I over ein time fekk han halde på før han slepte ned våpena og overgav seg til politiet.
I over ein time skapte han ei fredeleg lita øy om til eit redsla sitt helvete.
I over ein time var det mørkret som rådde på den vesle øya.
Eg har vondt av dei unge som var heldige og berga seg frå valdsmannen sine kuler, men som gjennom resten av sitt liv må bære med seg minna frå denne redsla sin time.
Og eg kjenner medkjensle med dei som sit att i djup sorg over ei eller ein umissande kjær som så brått vart reven bort denne vonde dagen.

Helgabesøket vart annleis denne gongen. Prega som det vart av hendingane i Oslo og på Utøya.
Attende sit eg med mine svarlause spørsmål.
Kva får ein ung mann til å tenkje ut, og utføre, noko så meiningslaust og grusomt?
Alle har vi både mørke og lyse krefter i oss, å nekte det er å fornekte oss sjølve. Men kva får ein ung mann til å la dei mørke kreftene i seg ta så fullstendig makta?

Han meinte å berge det kristne Europa frå islam, skreiv han.
Men det er då milevidt ifrå sann kristentru å tenkje ut noko slikt, og endå lenger til å setje tankane om i handling.


Eg har nokre dagar i livet mitt som eg aldri gløymer. Dagar då det kom nyhende som vart opplevde som eit sjokk.
Denne helga vert ei av dei.
Men det nyttar ikkje å forbanne mørkret. Då er det betre å tende lys som kan sprengje det.
Det var det Jesus bad oss om å vere. Lysberarar inn i verda sitt mørke.

torsdag 21. juli 2011

Draumen


På ein dag då skodda har lagt eit tett lok over bygda, og gradstokken knapt kjem over 12+, då er dette draumen:
At skodda lyfter seg, og det dukkar fram blå flekkar oppe i det grå.

onsdag 20. juli 2011

Kontraster


Det er nokre dagar sidan alt.
Det drog opp til uvær.
Himmelen vart mørkare og mørkare i syd, men framleis fekk sola rom til å sleppe sine strålar av lys gjennom opningar i det mørke som kom.
Denne store kontrasten mellom mørket og lyset synte seg.

Denne gongen var dei dei mørke kreftene som sigra.
Det varde ikkje lenge før dei lyse skyene slokna og mørkret sine krefter tok over. Med buldrande torebrak og skarpe lysglimt som flerra opp himmelen i mørkret.
Og så kom styrtregnet som ein foss over bygda.

tirsdag 19. juli 2011

Pilegrimspass


"Créanciale du pélerin" heitte det i Frankrike.
Når eg kom til Spania vart det "Credencial del peregrino".
Eg har fått tre av dei etter kvart. Pilegrimspassa.


Dei er tettstempla med merke frå overnattingsstadar og kyrkjer undervegs mot katedralen på stjernemarka, Santiago de Compostela.
Kanskje må eg ha eit til før eg er framme.


I Valdres fekk eg endå eit passhefte.
Eit "Kyrkjepass".
Eit lite hefte med eit foto og litt tekst til 34 av dei 35 kyrkjene og kapella i Valdres.



Og med plass til eit stempel under kvar kyrkje.
Ved kvar kyrkje er der ei stempelkasse med kyrkja sitt spesielle stempel i.

Vang kyrkje

Eg fall for ideen bak kyrkjepasset, og på heimferda frå Fagernes var mi kjære og eg innom kvar av kyrkjene oppover dalen, og fekk stempla våre kyrkjepass.
Diverre var dei fleste kyrkjene stengde, så eg fekk ikkje høve til å sjå innomdørene i dei.

Reinli stavkyrkje

Så av 35 kyrkjer i Valdres prosti har eg no vitja 19. Av dei er 5 eg ikkje har vore inne i.
I Søre Sunnmøre prosti er der 21 kyrkjer og eg har vitja alle, men det er på grunn av tenesta mi som prestevikar. Det er vel heller lite truleg eg hadde gjort det utan den. Kanskje hadde det ikkje vore så dumt med eit kyrkjepass i prostiet, eit lite hefte som kunne lokke oss til å vitje våre eigne kyrkjer.

Øye stavkyrkje

mandag 18. juli 2011

Valdreskyrkjer

Det er kyrkjene i Valdres som er grunnen til at eg har vendt attende til dalen fleire gonger.
Det byrja langt attende tida. Då mi kjære og eg framleis var i 40-åra.
På ein biltur mot Oslo, missa vi på ein fergeavgang frå Kaupanger i Sogn. Og kva skal ein fordrive tida til neste ferge med, når ein står på ei fergekai med born i bilen.
Løysinga vart ei vitjing i stavkyrkja oppe i bakken. Og inne i den var ei kvinne i gong med å fortelje nokre andre om kyrkja.
Det fekk fylgje for turen mot Oslo, for undervegs var der fleire kyrkjer som vart vitja. Borgund, Øye, Høre, Slidre og Hedalen. Og til slutt Heddal.
Turen vart seinare heitande stavkyrkjeturen.

Seinare har eg lært at Valdres har eit vårt lands største tettleik av kyrkjer i høve til folketalet. Det gjeld og dei gamle middelalderkyrkjene.
Og då pilegrimskomiteen i Valdres baud inn til ei pilegrimsferd, der ein undervegs vitja 8 av desse kyrkjene, vart ikkje nølinga lang før eg melde meg på.

Og noko av det eg tykkjer er spesielt med vandringa, er at den startar og endar i to lovekyrkjer, eller votivkyrkjer.


Hedalen stavkyrkje.
Stavkyrkja var ikkje stor. Den overbygda svalgongen på biletet viser storleiken på den. Resten av kyrkja er i lafta tømmer.


og St. Thomaskyrkja på Filefjell.

Lovekyrkjene sitt særpreg er at folk rekna dei som særleg heilage, og bøn i - og gåver til- kyrkja, skulle ha lækjande kraft.
Eg kjenner ikkje til kyrkjer i mitt heimeområde som var lovekyrkjer, og søk på verdsveven gir heller ikkje så mange. Men Valdres har altså to.

Begge kyrkjene har difor fleire gjenstandar som er gitt i gåve til kyrkja.
Rett nok vart stavkyrkja på Filefjell teken ned i 1808 og eignalutane spreidde rundt om til andre kyrkjer. Men i 1971 vart ei ny St.Thomaskyrkje innvigd på den gamle kyrkjestaden. Og mange av gåvene førde attende til den kyrkja.

Skal eg ta fram to av tinga i kvar av desse to kyrkjene,


så er det madonnaen


og relikvieskrinet i Hedalen.


Relikvieskrinet


og den særeigne altertavla i St.Thomaskyrkja.

Men soga om St. Thomaskyrkja er vel verdt å bruke litt tid til å setje seg inn i.


Slik såg ho truleg ut. I storleik omlag som Borgund stavkyrkje.

Reist oppe i Smedalen. I dag er der berre hytter og stølar, men ein gong budde det folk der og. Kanskje dreiv dei med jarnutvinning?
På 1600-talet tok presten på Vang opp igjen tradisjonen med gudsteneste ein gong årleg, på Syftesok. St. Sunniva sin dag.
Elles i året var det sauer som søkte ly i svalgongen, og veidemenn som overnatta i kyrkja og turka kjøt under kyrkjetaket.
Men når Syftesok nærma seg vart kyrkja flidd til att for gudsteneste, og då sette folk frå Valdres, Sogn og Hallingdal kvarandre stemne ved kyrkja på fjellet.

Idag er der ikkje lenger ei gamal og mørk stavkyrkje på Filefjell, men ei moderne og lys kyrkje, som er opa ut mot alle fire verdshjørna.

søndag 17. juli 2011

Bakke ned og bakke opp

Det var godt å kome i hus på Reinli skule. Få av seg våte sko og lestar. Problemet var berre at eg hadde meg meg tre par lestar og eit par sko, og no var alt vått.
Eg hadde eit par sko til, men dei låg att i bilen på Fagernes.
Eg rigga til soveplassen min i vestibylen på skulen der vi skulle overnatte, og så hengde eg opp det våte best eg kunne, i vona om at det skulle tørke, i alle fall litt gjennom kvelden og natta.
Men dei hårfønarane som var medbrakt, var i aktivitet med å tørke våte sko heile kvelden.

Der er mange ulikskapar mellom å vandre i Spania og i Valdres.
Ein av dei er maten.
Eg har hatt mitt strev med pilegrimsmenyane der nede. Både det at porsjonane er for store for min mage, og at der vert for mykje, og for ofte, sur salat til forrett.
Nei då er middagane under pilegrimsvandringa i Valdres på eit heilt anna plan. Der er det variert god norsk mat med poteter til. Og ein får forsyne seg sjølv til ein er mett. Ikkje overmett som eg ofte er der nede. Eg er opplærd til å ete opp det eg har på tallerken, og ikkje setje att mat eg har fått servert - eller har forsynt meg med.


Reinli har to kyrkjer. Den gamle stavkyrkja, og eit nyare kapell.
Om kvelden var det pilegrimsmesse i stavkyrkja, og neste morgon var morgonsamlinga i kapellet.
Så byrja vandringa den tredje dagen med ein lang og bratt bakke opp på åsen. Vel oppe var det stort sett gjort med lange bakkar på ei stund. Litt opp og ned var det, men for det meste gjekk det nedover til vi var nede i dalbotnen ved Aurdalsfjorden.
Og det var ikkje mykje anna å gjer enn å gå, utan rastar til ein matbit, for det regna godt heile formiddagen.
Nede ved fjorden leitte leiarane opp ei skytebane, og der under tak på standplassen, kunne vi endeleg ta av regnkle og setje oss ned for å få i oss litt medbrakt niste.
Då letta regnet, og det kom ikkje meir av det den dagen.


Nede ved Sundvollen kryssa vi fjorden og byrja på bakkane opp lia til den gamle hovedstaden i Valdres, Aurdal. Det var her "øvrigheita" budde før Valdresbana kom, og Fagernes vaks fram.
No er det mest berre prosten att, men ho baud oss - hennar medvandrarar - inn til kaffi, hylleblomsaft og nysteikte sveler i stovene sine.


Fram til Leira gjekk vi på den gamle jarnvegslina, men først ringde kyrkjeklokkene oss inn i Aurdal kyrkje.


Der var det ein allsidig kyrkjetenar som fortalde om kyrkja, og spelte fele åt pilegrimane.


Vi sleit oss ikkje ut på bratte bakkar mot Leira. Det såg flatt ut, men det gjekk heile tida litt nedover mot Leira stasjon ved den andre fjorden austanfrå i Valdres, Strandefjorden.
Her på Leira var det Valdres Folkehøgskule som venta på pilegrimane med god mat og gode senger.

Den fjerde dagen var målet Fossheim mellom Strandefjorden og Slidrefjorden. Det var og målet for mi kjære og meg si vandring dette året.
Inne i den dagen låg den bratte oppstigninga frå Fagernes, opp på Fodnesåsen, så ned til Ulnes vestanfor åsen.
Men ei gamal kneskade hjå mi kjære hadde byrja å gjere seg gjeldande. Og for å ikkje belaste kneet hennar med den opp- og nedstigninga, valde vi å avslutte vår vandring på Fagernes.


Men vi gjekk stranda frå Leira til Fagernes. Med eit par stogg undervegs.
På Tingnes der Olav Digre kristna aurdalingane, møtte også NRK-lokal opp for å lage eit innslag om pilegrimane som gjekk gjennom Valdres, og då vart og mi kjære intervjua.


Så takka vi for fylgjet. Dei andre sette kursen opp bakkane mot Fodnesåsen.
Vi tok avskil med dei og med Jostein og Hans Enger. Sette oss i bilen for å køyre vidare opp dalen, over Filefjell og attende til Vestlandet.

lørdag 16. juli 2011

Ikkje så mykje sol

To dagar med vandring gjennom skogen.
Ja visst var det vått. Svært vått til tider.
Men vi opplevde og at skyene over oss skrudde att kranene så vi fekk ta av oss den våte regncapen.
Men trass i alt det våte. Det var ein fin vandring i eit for meg, annleis landskap enn eg til vanleg ferdast i.
Å gå gjennom skogen og over myrane når skodde hekk lavt mellom trea, var fasinerande.
Men motiva kom ikkje lenge enn til netthinna, for fotoapperatet låg tørt nedpakka i sekken.

Heldigvis var ikkje vassføringa så altfor stor i elva Muggedøla, for der var det inga bru å gå for å kome over til den andre sida.
Der var det berre å ta av seg på føtene, slenge skorne rundt halsen, og vasse ut i den strie elva.
Det var inge god botn å gå på. Glatte steinar. Men der var spent eit tjukt reip over elva som vi kunne halde oss i.
Alle kom velberga over, og der på setervollen venta det nokre frå det lokale soknerådet med forfriskningar i form av drikke og frukt.
Så etter å ha fått på oss våte sko og lestar igjen, kunne vi stå i småregnet ved elva, og nyte ein varm kopp kaffi med noko til.
(Bilete frå dette finn ein på www.begnadalen.no)

Men noko vi sakna var vandringsstavane våre. Dei låg diverre att heime, endå vi hadde hatt god bruk for dei under vandringa på glatte og steinete skogsstiar.


Første natta skulle vi overnatte i telt.
Eg hadde i det høve kjøpt meg eit nytt, men hadde ikkje gjort noka prøveoppsetting.
Det så det var med spenning eg såg fram til den stunda.
Pilegrimsselskapet i Valdres hadde fått reist ein stor og fin gapahuk ved elva Hølera.
Utanfor den var det gjort opp eld, og rundt elden sessa pilegrimane seg for ein velsmakande middag etter dagens våte vandring gjennom skogen.


Og etter måltidet var det samling under leiing av pilegrimsprest Anne Hilde.

Men så var det teltet då.
Ikkje så enkelt å finne ein plass i krattskogen til å reise det, så vi enda i ei grushole. Der såg det flatt og greit ut.
Eg fann etter kvart ut at ei prøvereising heime hadde ikkje vore å forakte, men det kom etter kvart opp og vi kunne krype inn i vårt nattelosji.
Den natta regna det. Men teltet heldt seg tett, sjølv om det i forteltet stod dammar av vatn når morgonen rann.

Neste dag kom vi etterkvart ut av frå skog og myr, og kunne vandre på asfalt og grus fram til Reinli. Og der fekk vi tak over hovudet om natta. På bygda sin skule, som no hadde vorte bygda sin barnehage.

fredag 15. juli 2011

Våt vandring

Biletet er lånt frå nettsida: www.hedalen.no Der er og fleire andre bilete.

Det er alt to veker sidan.
Mi kjære og eg hadde meldt oss på året si pilegrimsvandring frå gjennom Valdres. Frå Hedal stavkyrkje til St. Thomas kyrkja på Filefjell.
Vel, så langt skulle ikkje vi gå.
Vi gjekk dei fire siste dagane frå Fossheim til Filefjell for to år sidan, og no skulle vi gå dei fire første dagane av pilegrimsvandringa. Frå Hedalen til Fossheim.

Pilegrimane samlast på Ildjarntunet i Hedalen fredag 1.juli. Der fekk vi først ein god middag før vandringsleiar og pilegrimsprest presenterte seg og informerte om vandringa. Vi hadde og ei runde der alle pilegrimane fortalde kven dei var.
I alt var vi 29 stykke, 20 kvinner og 9 menn.
Seinare på kvelden vitja vi stavkyrkja som er startpunktet for vandringa.


Neste morgon tok vandringa til med utsendingsgudsteneste i stavkyrkja. Det var pilegrimspresten, prosten i Valdres, Anne Hilde Øigarden som stod for den.
Etter det obligatoriske gruppebiletet, var det å ta føtene fatt opp første bratte kneika, Boteljebakken. Og no var det Jahn Børe Jahnsen som hadde føringa, viste veg og sette farta.

Dei første to vandringsdagane gjekk gjennom skogen, frå Hedalen til Begnadalen. På skogsstiar, over myrar og etter skogsvegar.
Vi starta med opphaldsvær og skodde ned i åsane. Men vi kom ikkje langt før skodda byrja å gi å seg noko vått, og då varde det heller ikkje lenge før både regnbukse og regncape kom på.
Og fotoapperatet eg hadde bore i handa, hamna i sekken under regncapen. Og der vart det liggande.

Vandringa vart annleis enn den første gongen eg gjekk gjennom Valdres. Då var det varmt og tørt vær, og eg gjekk i sandalar mest heile vegen. Sjølv over myrane.
Ikkje slik denne gongen. Vandringsskorne var snart våte både utanpå og inne i. Våte av vått gras og lyng langs stien, og av surklande myrar der eg sakk djupt ned i det våte for kvart steget.
Og regncapen som eg trudde skulle halde væta ute, var snart våtare inne i enn utanpå.

Så vart det ei nitrist oppleving då?
Nei, tvert imot.
Det vart ei oppleving eg ikkje ville vore utan.
Fellesskapen med de andre vandrarane.
Pilegrimspresten, Anne Hilde, sine ord som gav pilegrimen i meg næring og ettertanke.
Og leiaren, Jahn Børe, som gav vandraren i meg sitt. Valdres vert aldri meir berre eit dal eg køyrer igjennom, for han har fyllt dalen med levd liv gjennom sine glimt av små og store hendingar, og av personar som levde sitt liv her ned gjennom århundra.


Og det underlege er at trass i dei flotte og mektige kyrkjene og katedralane langs pilegrimvegen i syd, så er det dei gamle og enkle kyrkjene her heime som talar mest til mitt hjarte.

torsdag 14. juli 2011

"Tåkene letter"


Det hender eg undrar meg på om eg har vorte for avhengig av Pc´en.
To veker utan tilgong til den vesle elektroniske maskina med skjerm og tastatur, har aktualisert spørsmålet.
Har du verkeleg vorten så avhengig av data´en, gamle mann?

Første veka gjekk greit for då var eg og mi kjære bortreist.
Vel heime fekk vi ein kveld oppleve eit kraftig uvær med lyn og tore, og neste morgon fekk eg ikkje kontakt med verdsveven. Modemet hadde ikkje tolt lysshowet.
Men i kveld letta skodda. Det nye modemet fungerar, og eg har igjen kontakt med verdsveven.

Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.
Istaden for å sitje ved PC´en har eg fått nyte varm sommarsol, klipt gras som har fått lov å verte i lengste laget, passa hundar, lest bøker - og fylgt med i Tour de France på TV´en.
Og er det nokon som vona eg hadde slutte å blogge, så må eg diverre skuffe dei.