lørdag 26. november 2022

Vartdal kyrkje

Under ein kyrkjekonsert i Vartdal kyrkje hadde det sentrale motivet på frontveggen i koret fått ei ekstra belysing som gjorde at det steig sterk fram frå dei andre mindre belyste motiva som Jonas Peson hadde dekt alle veggane i koret med.
I lag med tonane frå orgel og piano, og dikta som vart framførda, gjorde den belyste Kristus på korset kvelden til ei god stund i kyrkja. Ulik dei mange gongane eg har fått gjort teneste i kyrkja tidlegare.

fredag 25. november 2022

Det kveldar

Det har vore så mange fagre kveldshimlar no i november. Slik og i dag. Den grå overskya himmelen frå morgon av vart bytt ut med opningar der sola fekk lov å skine igjennom ut på dagen. Og når sola dala ned i vest fekk ho sende sine strålar inn over skyene sør for meg, og fargane opna opp med sitt fargespel. Lys kveldshimmel, raudoransje og svarte skyer i kontast mot det bleikblå
Ein arbeidskamerat gjennom mange år vart førd til sin siste kvilestad i dag. 77 år sidan han drog sitt første andedrag her i livet, anda han ut, og livet var over. I dag vart kroppen hans gøymt i jorda på kyrkjegarden. Og kanskje speglar kveldshimmelen sine kontrastrike fargar av liva våre. Det inneheld ikkje berre lyse og gode dagar, der er og mørke og tunge dagar inn i mellom dei fargesterke og glade dagane. 

torsdag 24. november 2022

Himmelskyer

Den blå himmelen frå i går vart bytt i grå skyer i dag, og i aust låg fjella med grå nedbørselingar om toppane. Men så, når dagen går mot kveld opnar det seg ein annan himmel over åsen i sør, med revner i det grå, og frå den blå himmelen bak vert det grå farga av gylne stråler frå den dalande sola.

Vi kan i våre dagar kjennast litt motlause som truande. Det synest som om Kristustrua er inne i ein motbakke i folket vårt, ja i vår verdsdel.  Men sola som bryt gjennom dei mørke skyene fortel om noko anna enn motløyse. Dei fortel at Kristus lever og at han har framtida i si hand. Så miss ikkje motet om du ser berre mørke skyer no. Ein dag skal skylaget revne for Anden og Gudsrikets vår.
I tru under himmelens skyer har fedrane hausta og sådd. Og fram gjennom bygder og byar har kallet og vekkinga nådd......

I tru under himmelens skyer vi vandrar i fedranes spor og ventar blant alle som lyder, ein Ande og Gudsrikets vår. .......

I tru under himmelens skyer vi skodar den skimrande strand, i håpet som stendig fornyar vår lovsong i jordlivets land. Kring trona skal vi syngje ein gong i Faders hus, ein song om om Gud og Lammet, lik store elvar brus.


fredag 18. november 2022

Det dagnar

Så kommer dagen da alt hat skal smelte
som sne og is for sol og sommerver...
Skreiv Ronald Fangen i 1942 medan krigen rasa på vår vesle blå kule i det uendelege universet.
Igjen rasar det krig, meiningslaus krig, her i vår vesle del av av jorda.
Enno blir menneske drepne av menneskeskapt hat.
Enno ventar vi på den dagen då alt hat skal smelte som sne og is for sol og sommerver.
Enno ventar vi på at Han som er historia sin herre skal reise seg og stogge all liding, sorg og død for alltid. Tørke kvar tåre som fell.

torsdag 17. november 2022

Fager himmel.

Han gyller himlens tak i gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.
Slik syng Jan Inge Sørbø i sin vakre salme.
Rett nok er ospetrea tome for gullfarga lauv, og rett nok er vi ikkje lenger i oktober men i november. Ein  november som sålangt har vore oktobermild, og som denne dagen gav oss ein kveldshimmel som ei stund var vakkert farga i gullsinober.

mandag 14. november 2022

No soli ned..

No soli pbakom blåe fjell
sitt ljose andlet gøymer,
Og mørker over heimen fell,
og jordi ligg og drøymer.
Gud, lat di åsyn lysa ned,
så heilag fred inn i vårt hjarta strøymer!
Kom, Jesus, inn og med meg ver
når det til kvelden stundar!
Og lat din engel  standa her 
ved lægjet når eg blundar,
Og vara vel min kvilestad!
Og vekk meg glad
til song med fugl i lundar!

Denne salmen av Elis Blix song vi ofte på slutten av skuledagen i min barndoms klasserom. Songen var nok ikkje så fulltonande, få elevar som vi var, men den har fylgt meg vidare gjennom åra. Den rann meg i minnet no når sola var i ferd med å gli under åskanten på andre sida fjorden. Nokre få dagar til no, så får eg ikkje sjå den skine meir inn mine vindaugo dette året.


onsdag 9. november 2022

Zodiackretsen

Eg har lenge vore nyfiken på teppet inne i alterringen i mi heimekyrkje. Teppet kom der ved 90-årsjubileumet for kyrkja i 1954. Teppet er vakkert laga og det har vevd inn 12 symbol. Eg vart klår over kva slags symbol det er tale om då ein konfirmant som knelte ved alterringen, spurde kvifor stjerneteikna var i teppet. Ikkje dei vi brukar å sjå i ukeblad når det vert fortalt kva den som er fødd under ulike teikn skal oppleve i den næraste framtid. Seks av dei teikna såg eg framfor eit alter i Nidarosdomen. Men dei tolv teikna i mi kyrkje sitt alterteppe er annleis og dei går  går under namnet zodiacteikn, så vidt eg skjønar.
Dersom vi tek teikna frå det lengst borte, ved kneleskammelen, og den ytterste ringen av teikn ved alterringen, så har vi først fiskane, vidare løva, væren, jomfrua, tyren, tvillingane, vekta, skyttaren og så det lengst borte, på hi sida av alterbordet, skorpionen.
I den indre ringen er det tre teikn, frå same kant, krepsen, vassmannen og til sist; steinbukken.
Det som undrar meg er kvar ho som laga teppet i si tid fekk ideen om å veve desse symbola inn i teppet frå. Så langt eg har funne ut, er det er oftast i gamle katedralar i sørlege land at ein kan finne symbola brukt i kyrkjer, og då ofte i glasmåleri.
Men astroloigiteikn, stjerneteikn, i kyrkjer; kva tyder det?  Kva skal dei fortelje. Det kan ikkje vere spådomsteikn, det er i så fall ikkje kristent.  
Men kva slags kristen tyding kan det ha?
Er det dei 12 stammene i Israel?
Er det ein jødisk arv frå då dei var deporterte til Babylon?
Eller er det dei 12 apostelane som har fått kvar sitt teikn?
Eller er det noko heilt anna?
Eg ser at i gamle katolske katedralar er teikna eit bilete på årstidene, med tre teikn for kvar årstid, men då som ein sirkel med Kristus i sentrum. Men er det tenkt slik her, då vert alteret, Kristus, sentrumet for teikna i teppet, for året sin gang frå vår til sommar, haust og vinter? Er det det ho som vov teppet, eller dei som valde motiva og godtok dei, tenkte? Det svaret kan dei ikkje gi. Dei har alt lenge ligge i sine graver. Og noko skrive om emnet har eg ikkje funne i noko vedtak i gamle sakspapir frå dei aktuelle åra.

Vel, ein dåre kan spørje meir enn ti vise kan svare, og svaret har eg ikkje. Men det har undra meg å finne dei 12 stjerneteikna på gulvet ved alteret i mi heimekyrkje.


søndag 6. november 2022

Helgemessenatt

Så er også den dagen over. Det var både tungt og godt å vere i kyrkja i dag. Gravferdsdagane til mine kjære kom så nær att gjennom orda og songen. Saknet og sorga, vemodet,  vart så sterkt og nært igjen. Men minna og håpet om å få møte dei att der framme eingong  i det nye livet får eg bære med meg.
Ute er det månelys natt. Novembernatt. Fjella står mørke mot den lysare himmelen sidan snøen enno ikkje lagt sitt kvite teppe over landskapet.

Nye morgonar gryr, nye dagar kjem. Nye dagar som skal fyllast med levd liv.
Ikke alle dager er like, alle ei på gleder er rike. Ikke hver en dag kan jeg Herrens vei forstå, men hver en dag jeg kan til Jesus gå, song Sigvart Engeset. Det verset dukka opp for meg i dag.

lørdag 5. november 2022

Og eg såg...

Og eg såg ein flokk så stor som ingen kunne telja, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. Og ropa med høg røyst: Sigeren kjem frå vår Gud, han som sit på trona, og frå Lammet.....
Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: " Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå ?" 
"Herre," svara eg, " du veit det." 
Då sa han til meg: " Dette er dei som kjem ut av den store trengsla og har vaska kappene sine og gjort dei kvite i blodet frå Lammet. Derfor står dei for Guds trone og tener han dag og natt i hans tempel.
Og han som sit på trona, skal reise sin bustad over dei.
Dei skal ikkje lenger svelte eller tørste, og sola skal ikkje lenger falla på dei, eller brennande hete. For Lammet som står midt for trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med levande vatn, og Gud skal tørke kvar tåre frå auga deira."

torsdag 3. november 2022

Ein kvilestad

Eg har fått ei grav, eller to, å gå til dette året. Det har endra dagane mine det å ha graver å gå til. Ho som eg levde livet saman med i mange år har fått sin kvilestad på kyrkjegarden. Det same har min eldste bror. Der dei ligg grav i grav - som det står i det 5.verset av salmen "Gud signe Noregs land". Men denne våren fekk eg to som kviler der. Det er sårt og det er vemodigt, men slik er livet. Vi får ta imot både gleder og sorger gjennom åra våre her.
Etter at mi kjære vart råka  av sjukdomen, talmast bort og til slutt sovna stilt inn, er der eit spørsmål som har vore ofte framme i meg. Kven er vi ? Kva er livet, døden og æva. Kva skaper eit menneske? 
Vi talar om oss sjølve og seier at vi som menneske er samansette av tre deler,  ånd, sjel og kropp, men desse tre er likevel sameina i eitt.  Kva meiner vi med det? 
Som nestenprest med løyve til å forette gudstenester, dåp og gravferder har eg mange gonger stått ved ei grav og forkynt over den døde, med tre små spader jord på ei kvit kiste,   at av jord er du komen, til jord skal du verta og av jorda skal du atter stå opp.
Eg må tilstå, eg har undra meg mykje over kva som er røyndomen i desse orda. Inneheld dei heile sanninga om livet, døden og æva? Om anden, lekamen - og sjela?
Til helga er det Helgemesse i kyrkjene. Då vil eg sitje i kyrkjebenken og høyre at namna på mine to kjære som døydde frå meg dette året verte nemnt, og lys verte tent for dei, og eg  vil stå ved to graver og minnast dei to som har fått sin kvilestad i jorda der. Men er dei der, er det ikkje berre lekamane deira. Men anden deira og sjelene deira, er dei der?
Eller er det slik vi syng i ein song; lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel ho er heime hjå Gud.