torsdag 7. juli 2022

Obs

Det er mange slags vegar i landet vårt. Ikkje alle er av motorvegstandard. Ein vegstubb i indre Nordfjord hadde i lengre tid eit skilt som fortalde at her byrja landet sin verste veg. Om det var rett kan nok diskuterast, men skiltet er borte no etter at det kom ny og breiare veg der, med to tunnelar. Men i dag kom eg over eit varselskilt på ein bygdaveg lenger sør i Vestland fylke. Vegen var smal og svingete med mange bakketoppar innover langs fjorden. Men i dag var det ein sommardag. Kor han var å køyre i teleløysinga for dei mange som skulle køyre han dagleg til å frå arbeid ville nok situasjonen kjennast noko annleis, noko kanskje skiltet bar bod om.

.

tirsdag 5. juli 2022

sommar i vest

Når ein er fødd og oppvaksen her vest, i fjordane innfor Stad, denne værharde fjellnasa som stikk seg ut i Norskehavet, då er skiftande vær noko som høyrer livet til. Drivande skyer, vind og væte kan til tider virke å vere normalen her innfor Stad. Slik som i dag. Og det tek liksom ikkje ende, slik han kjende på det onkelen min som kom heim frå tigerstaden på nokre veker sommarferie. Kva hadde han bak seg når turen gjekk attende til austlandet sitt solrike sommarvær. Dag ut og dag inn med skodde ned i fjella og regn, regn.

Sigbjørn Obstfelder skreiv så lett  og humørfullt om ei slik dag i diktet Regn.

En er en, to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk, vi drypper på tak,
tikk, takk, det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn
øsende regn, pøsende regn,
deilig og vått, deilig og rått!
En er en og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk sakk, vi drypper på tak,
tikk, takk, det regner i dag.
Det er ikkje alltid like enkelt som det, å ta det positivt når værmeldarane ymtar frampå om at slik vil det verte mange dagar framover. Men så ein morgon vaknar vi her vest til sol frå blå himmel og då er minnet om dei grå og våte dagane bytte ut med å nyte sola og varmen frå den. Det er kanskje ikkje så rart at mange av oss endar opp som soldyrkarar.