fredag 30. august 2013

Ange av det heilage

Alltid på heimveg, men framleis undervegs.
Det vekte mi undring då eg byrja på langvandringa mot Santiago de Compostela.Kven var alle desse desse eg såg bilete av i kyrkjene sine glasmåleri, hengande på kyrkjeveggane, og ståande i altertavlene, og seinare i dei store alterveggane i Spania. Kven var dei, og kvifor hadde dei fått sin opphøgde plass inne i kyrkjene. Nokre av dei lærde vi å kjenne sidan dei var med oss langs heile pilegrimsvegen, både ute og inne, heilt frå starten. Men mest vart det undring der eg måtte spørje meg sjølv; Kva var det for fortellingar Matin Luther og reformasjonen hans hadde røva frå oss protestantane? Ei lita aning fekk eg då eg kom til den spanske delen av vandringa. Då kjøpte eg meg ei bok som fortalde om historie , kunst og kultur langs vegen mot vest. I den fann 16 tettskrivne sider om alle desse heilage, og litt av deira soger. Desse som eg ville møte i store og små kyrkjer.
Ein duft (ange) av det heilage, er det ei bok som heiter. Eg kjende ikkje så mykje ange, til det var eg for uvitande. Det var nok meir ei aning av ei framand og ukjend godlukt.
Eit par, utanom Møy Maria og den krossfeste Jesus, var trufaste fylgjesveinar frå byrjing til slutt. Begge er og å finne på norske alterskåp og tavler. Den eine var sjølvsagt han Jakob (som eg såg på altertavla i Leikong kyrkje, då eg var prestevikar der), og den andre bar namnet St. Roche i Frankrike, men i Spania hadde han endra namn til St. Roque. Han såg vi med eit blottlagt lår, og ved føtene ein hund med eit brød i munnen. På ei av dørene til det gamle alterskapet i Hadsel kyrkje var det eit bilete av han, men dørene er diverre komne bort.
Ein stad oppe i fjella i Frankrike, kom vi til ei lita kyrkje som var vigd til han. Tett ved var det ei kjelde med friskt vatn. Det såg ikkje ut for der var noko meir på lang lei. Folk kom dit med 5-liters kanner for å ta med seg heilagt vatn heim. Over kjelda stod han, St. Roche, i ei nisje og fylgde med, og kanskje han sende ei velsigning med på vegen? Vi nytta høvet til å fylle våre flasker. Ein liten ange av det heilage.

onsdag 28. august 2013

Alltid på heimveg

Ein pilegrim er alltid på heimveg, er det sagt. Biletet minner meg om ei tid nokre år attende. Då høyrde eg mange gongen ei sterk forkynning om ei fager framtid, himmelen sitt gyldne land. Og eg var med i eit musikklag der songen om himmelen høyrde med." Å, hvor skjønt det i himmelen er", song eg og kjende kor orda og tonane fyllte sinnet mitt.. Den dåverande soknepresten fortalde etter ei slik stund at det var tett før han venta å sjå oss lette og dra. Eg høyrer ikkje om himmelen og himmellengten så ofte lenger. Kanskje er årsaka å finne hjå meg sjølv. Eg er ikkje lenger så mykje tilstades i dei samlingane der ein kan vente å finne slik forkynning. Der eg no har min plass er det meste andre sider ved kristentrua som vert vektlagt. Men kvar vi enn har vår plass, vi er alle pilegrimar, og vi er alle på heimveg. Sjølv nærmar eg meg bakkekanten. Det fortel alderen min meg. Men kva som ventar når eg når fram og får sjå inn i den gyldne morgonen der framme, veit eg ikkje, sjølv om Bibelen sine bilete av det evige er både spanande og vakre. Pilegrimsvandringane og møte med andre kristensamfunn har endra mine forventingar også på det punktet. Det får vente til eg er der, og så la Den Heilage få lov å overraske meg. Men framleis er pilegrimen i meg på veg heim.

mandag 26. august 2013

Den lengste vegen

Den lengste vegen?
Sidan eg sjølv gjekk til Santiago de Compostela, har eg hatt glede av å lese om andre sine vandringar. Ei av dei som eg har fylgt med, er ei vever amerikansk kvinne som går langt. Etter mitt syn svært langt. Den siste vandringa hennar er ho nett ferdig med. Den tok 331 dagar, og gjekk frå Buenos Aires og til Mexico by. Eg er imponert.
Det er noko med desse langvandringane som fasinerar meg. Likevel, eg er komen til at der er ei anna vandring som er vel så viktig å gå, og som kanskje er mykje lenger for mange av oss.
Ein ting er å gå desse mange mila, det andre er det som hender etter at gåinga er over, og eg er komen attende til mi eiga stova. Når bearbeidinga byrjar sin korte - eller hos meg - lange veg. Eg har frå barneåra vore medlem i ein organisasjon som likar å sei at vi står i trekanten sitt teikn, At vi menneske er samansette av kropp, ande og sjel, og at alle tre skal ha sin del av våre dagar.  Kroppen og anden (livsanden) får absolutt sitt under ei langvandring. Det får og dette udefinerbare som er kalla sjela. Men hjå meg er det når eg komen heim at ho rett byrjar på si lange vandring. Og der er eg ikkje komen i mål enno.
Når eg har vore ute og reist langt - og raskt - hender det at eg kan vakne om morgonen og ikkje vite kvar eg er. Eg brukar for moro skuld å sei at sjela har ikkje vunne å nå att kroppen. Eg er framleis undervegs.
Dag Hammarskjøld skreiv eingong;  Den lengste vegen er vegen innover. Etter å ha lete kroppen få erfare dei mange mil etter pilegrimsvegane, har eg byrja å sjå sanninga i desse orda. At den lengste vandringa er sjela si vandring, og den vandringa gjer mykje meir med meg enn dei mange mil som kroppen gjer. Den har endra mi trusverd, og den har opna meg for det heilage - den Heilage - med erfaringar som var ukjende for meg tidlegare. Og på den ferda er eg nok ikkje i mål enno.
Den lengste vegen er vegen innover, sa Hammarskjøld.

søndag 25. august 2013

Å, hur saligt at få vandra

På pilegrimsvegen fall det heilt naturleg å vitje kyrkjene vi kom forbi. Dersom dei var opne då, det var det ikkje alle som var. Men det er dei ikkje her heime heller. Det høyrer vel til det skjeldne at ein finn ei opa kyrkje dersom der ikkje er ei eller anna form for samling i kyrkje. Gudsteneste, gravferd m.m.  Det meiner eg er eit stort tap. Opne kyrkjer burde vere regelen, ikkje unntaket. Men det har vel noko med kostnad og tryggheit for kyrkje og inventar å gjere. Og personar som er villige til å stille opp som kyrkjevertar.
Opnar vi salmebøker og kristelege songbøker er der eit motiv vi ofte finn, og det er pilegrimsmotivet. Ikkje i form av å traske landevegar mot heilage mål, men der sjølve livet er pilegrimsvandringa, og målet er himmelen og Jesus. Eg har etter kvart innsett at der er store likskapar mellom desse to typene av pilegrimsvandringar. Og då har eg og sett at der er ikkje berre langvandringar, men og to korte vandringar tilstades. To korte vandringar som mange opplever som lenger enn ei langvandring etter landevegane. Den ein handlar om å gå til kyrkje og delta i gudstenestefeiringa der. Vere tilstades i kyrkjeromet. Å late romet, songen, liturgien fylle det udefinerbare i oss som vert kalla sjela.Vi har ofte mange og ulike orsakingar for ikkje å ta del i denne korte vandringa. Men den aller kortaste, frå kyrkjebenken og fram til alterringen for å delta i Herrens minnemåltid, nattverden, den vert for mange den vanskelegaste og lengste av alle vandringar.
Å gå på langvandring etter vegane er på mange måtar ei ytre vandring i naturen. Vandringa til kyrkja, og å gå fram til alterringen, er derimot ei indre vandring. Og den krev nok for mange meir av oss enn vi klarer å gi.



lørdag 24. august 2013

Gå! - sa Kirkegaard

Det var ikkje i mine tankar at eg skulle starte på ei langvandring. Og i alle fall ikkje med utgangspunkt i ein liten by i Frankrike, som eg aldri hadde hørt namnet på.
Korleis kom eg på noko så framandt, for meg i mine tankar? Det første puffet fekk eg av ei nær vennine som hadde gått eit par gonger fram til Santiago, og hadde lyst på ei ny vandring.
Tanken var fødd, men kvar skulle vi byrje å gå i Spania? Det neste puffet gav ei bok av ein lokal forfattar. Han og kona hadde gått frå denne vesle ukjende byen i Frankrike, Le Puy en Valey. Eg  fann boka interessant, og foreslo at vi kunne starte der. Så fekk vi prøve å sjå kor langt vi kom.
Og Kirkegaard han sa, berre gå. Gå deg frå alle sorger og bekymringar. Kunne eg ha tiltru til slikt?  Rett nok. Mange kjem i god form etter som dagane går, men det og dei som får varige skader av ei slik langvandring. Sjølv kom eg heilskinna fram, men så gjekk eg heller ikkje heile strekninga i eit. 6 år tok det  å nå målet.
Vi var fire, to par, som drog til Fankrike  og Le Puy for å starte å gå. Eg trudde at 3 mil om dagen var ingen kunst. Der tok eg grundig feil. Men vi kom 20 mil sydvestover på dei 10 dagane vi gjekk. Det vart ikkje berre med det året. Neste år var vi der vi stogga første året, for å gå nye mil. Og slik heldt vi fram til vi var framme ved Jakob si grav i Santiago.
Pluss minus 150 mil er det frå Le Puy til Santiago. Tala varierar ein heil del etter kvar ein hentar opplysingane. Men det er langt og variert. Fjell, dalar og sletter. Kroppen får prøvt seg undervegs.
Mellom 2-3 månader tek vandringa om ein går i eitt, avhengig av kor fort ein går.
Vår heimlege pilegrimsvandring frå Oslo til Trondheim, og Olav den heilage si grav, er berre på 60 mil, men ein treng nok ein månad på den.
Undervegs møtte vi fleire som gjekk mykje lenger enn vår plan var. Vandrarar som hadde gått ut døra heime i Danmark, Nederland og Tyskland, og byrja å gå.
Eg tenkjer det er ei form for galskap å gi seg ut på noko slikt, men eg opplevde at vegen byrja å leve i meg, og at han lokka og drog meg til å halde fram å gå vidare. At vegen fekk førsteplassen, og ikkje målet langt der framme. Framleis kjenner eg at han lokkar og dreg. Så kanskje, ein dag, så er eg igjen der, vandrande.



torsdag 22. august 2013

Gleden sine sletter

Om ein får erfare både ettertanken og angeren sine vegstykke under ei langvandring på pilegrimsvegen, så det ikkje dei som set djupaste merke. Det er tvert imot gledenene. Det er dei det flest av, og det er dei som gjer at eg ser attende på vel 150 mil med vandring med takksemd og glede.
Ikkje leit oppe i fjelltoppane eller ute i dei fjerne horisontar etter gledene i livet. Det er dei små, daglegdagse, dei som ligg framfor føtene dine som er dei sanne gledene, har mi kjære ofte sagt til meg. Eg har byrja å sjå at ho har hatt rett.
Det var desse små stundene som gjorde dagane og vandringa så rike på minne. Fellesskapet og omsorga frå mine medvandrarar. Kaffikoppen ved eit bord på fortauet utanfor ein liten bar.
Morgonstundene etter ei god natts svevn, då ein kjende at kroppen hadde fått den kvile han trong. På veg inn i ein ny dag. Framleis mørkt, men ein raudnande austhimmel varsla at snart stig sola oppå over horisonten. med sitt lys og sin varme. Vegen og stiane sin variasjonar Frå mjuke skogstiar og grasgrodde vegkantar, til steineste, djupe far i liene. Grus, asfalt og betong. Blomane ved vegen. Skuggen inne mellom høge tre. Lukta av furu og eukalyptus. Bylgjande kornåkrar og gule solsikkeåkrar. Vinrankane sine lange rader. gulbrune,nakne og avhausta åkrar. Dei små landsbyane med kuskit i gatene. Sjå etter kvar du set føtene. Små lavlofta kyrkjer, og høglofta katedraler. Så ulike i si utsmykking. Nokre enkle, andre så  mektige i si utsmykking. Setje seg ned i ein benk i stillheit, og la freden, roa og det evige fylle sinn og sans. Dei breie elvane, og dei solsvidde slettene. Rastane ved vegkanten, då sekken vart opna og medboren mat, brød og pølse, kom fram. Vasspostane der dei tome vassflaskene fekk nytt, kaldt, vatn i seg. Middagane om kvelden, etter å ha fått seg ei seng, og dusja av seg sveitte og støv. Mange, mange mil og dagar til fots. Dagar og vegar som endra meg. Utvida min horisont og mi tru. Dei var der både ettertanken og angeren sine vegstykke, men det var gledene sin vegstykke som sit mest att i minnet.



tirsdag 20. august 2013

Angeren sine bakkar

Ein kjem ikkje utanom det som kjennest tungt i livet. Heller ikkje på ei pilegrimsvandring. Angeren sine bakkar er der, og til tider er dei både skoddelagde og tunge. Grunnane til at dei dukkar opp kan ha ulike årsaker. Eg har møtt dei som knapt var i stand til å gå, og dei som gjekk med livstrugande sjukdom. Eg har vore i dei sjølv etter eit fall på vegen. Vel i seng på herberget såg eg for at no vart det over med mi vandring. Dei kan sin grunn i sjukdom, eller at kroppen har sine grenser, og melder ifrå om det med udefinerbare men sterke smerter. Men motbakkane kan og ha sine grunnar i været,  Regn som gjorde meg så kald og våt til skinnet at eg brukte kvelden på å turke sko og kle, og på å få varmen i meg att - og sterk solvarme i tunge bakkar utan skugge frå eit einaste tre - då pusten gjekk tungt og salt sveitte svei i augene- er ikkje mine beste minne. Desse stundene har vore av mine angerens bakkar. Men dei høyrer med, erfaringa frå dei vil eg ikkje ha vore utan.
Og ein kjem opp på bakkekanten til slutt, bakkane har sin ende, og på andre sida venter gledenes sine sletter. Og dei er det flest av.


søndag 18. august 2013

Ettertankens vegstykke

Erfaringa mi av å gå langtur er at ein vert veldig klar over sin eigen kropp. Og der trur eg ikkje det er nokon ulikskap mellom langvandrarane, anten dei kallar seg pilegrimar eller noko anna. Det er kroppen og kroppen sine behov som tek førsteplassen. Det merka eg alt i første bakkane opp og ut av Le Puy en Velay. Og det vart eg ikkje mindre klar over i dagane som kom. Trøytte føter, såre skuldrar og vond rygg var ofte mine fylgjesveinar. Då hende det nok at tanken dukke opp der eg gjekk i eit landskap eg ikkje visste noko anna om enn det augene såg i augneblinken. Kva er det du har gitt deg ut på? Veit du kva denne ideen om å gå pilegrimsvegen fører med seg? Her du går som ein framand på ukjende vegar og stiar.
Eg opplevde mange ettertanken sine vegstykke under vandringa mot Santiago. Og kanskje er desse vegstykka nyttige å få med seg undervegs. Alt er ikkje berre lukke og glede heile tida. Det gjeld truleg og i den normale kvardagen utanom pilegrimsvegen. Ein treng å stanse opp av og til og gi plass for ettertanken. Gi rom for spørsmålet; Kvar er eg, og kvar går eg?

lørdag 17. august 2013

Tre vegstykke

Det er sagt av meir røynde vandrarar enn meg, at når ein går langvandring så opplever ein tre stadier under vandringa. Og det anten ein kallar seg pilegrim eller noko anna. Det er og mi erfaring. Men desse stadiene kjem ikkje alltid i rekkefylgje. Eg opplevde dei litt hulter til bulter, og dei kunne dukke opp fleire gonger gjennom dagane undervegs.
Desse tre vegstykka har fått nemninga; ettertanken, angeren og gleda sine vegstykke.


torsdag 15. august 2013

Framand

Der sat ein kar ved eit bord i ein liten by på mesetaen.Vinkruset stod på bordet framfor han. Stav med kalabas hadde han i handa. På hovudet den breibremma hatten, med kamskjelet festa på. Og kroppen var dekt av ei vid kappe, også den med påsydde kamskjel. Ein heller fåmelt kar, men av klesbunaden kunne ein sjå at her sat det ein vandrar, ein pilegrim. Truleg på veg mot Jakob si grav i Santiago de Compostela.
Det er eit par år alt sidan eg møtte han. I fjor haust kom eg og fram til Jakob si grav, men dette året har det ikkje laga seg noka pilegrimsvandring for meg. Og no lid det mot haust. Ute vert kveldane mørkare med kvart, og sola sin veg frå ho dukkar opp over fjella i aust, til ho vert borte bak fjella i vest, vert kortare for kvar dag. Sommaren er snart over.
Men trass i at pilegrimsstaven ikkje vart røyvd dette året, får ikkje pilegrimen kvile i ro. Han har lett for å dukke hovudet opp frå gøymsla. Sist no under praten på Rødungsstølen. Mange var nyfikne på pilegrimen, og kva det fører med seg å prøve det. Og dei frega etter erfaringane våre frå vandringane.
Og då er det eg freistast til å prøve å samle nokre tankar, og erfaringar, omkring det å vere ein vandrande pilegrim.
Då får kanskje denne tagale karen ved bordet summere opp mi første erfaring. Ei erfaring som og ligg i tydinga på ordet pilegrim - peregrino - å vere ein framand. Å vere der ei kveldsstund og ei natt, men når sola renn att, då tek ein staven i hand og går vidare.
Som det står i songen: Eg er ein framand, eg er ein pilegrim. Berr ei kveldsstund, berr ei kveldstund er eg her.
I sær i den første vandringa i 2007 merka eg det godt. Då hadde eg ei kjensle av å gå i eit framandt og historielaust landskap.
Og der ligg nok rota til det store spørsmålet som eg har tumla med under vandringane. I det å vere ein framand, ein kortvarig gjest. Er eg ein turist som svinsar rundt med sitt kamera, eller er eg ein pilegrim på leit etter dei djupare laga? Svaret på det spørsmålet er ikkje lett å gi. Eg trur nok det har med den einskilde si innstilling til til livet, og til vandringa å gjer. Og erfaringane under vegs.Kanskje hender det då - at ein som byrjar som turist - endar opp som pilegrim? At vandringa endrar ein, ja kanskje ikkje berre litt, men mykje. Som ein skreiv i ei avis, at han i starten stod på utsida av det heile, han var turist, men då han var framme rann tårene. Noko hadde vorte endra.

onsdag 14. august 2013

Hol gamle kyrkje

På heimvegen frå Rødungstølen gjorde vi ein stogg ved Hol gamle kyrkje. Opphaveleg ei stavkyrkje frå 1200-talet, men endra og påbygd fleire gonger utover gjennom århundra. Utsjånaden den har i dag fekk den i 1799.
Diverre var døra stengd, så vi fekk ikkje sjå inn.

Kyrkja er elles kjend for pissoaret- urinrenna - som presten Stenersen fekk laga til i 1841. Han var glad i god mat og sterk drykk, og under dei lange gudstenestene kunne trongen til å late vatnet verte i sterkasate laget. Han fekk difor kyrkjetenaren Tor Villand, som og var glad i sterk drykk, til å tinge Tor Hago til å lage ei urinrenne i sakrestiet.
Over renna står det skrive:
Hør Prest og klokker her lad eders vand udrinde
Det helbred skader vist at trenges hårdt dermed.
Til Eders gavn den rende er beredt.
Den kaldes skal Tor Knudsen Willands minde"
(Skrevet i 1841 av Stenersen, sogneprest)
 
På urinrenda står det skrivi:
"Brukt 1.ste gang 3.die søndag trinitatis"
 
Det må vel vere einaste kyrkja i Norge som har noko slikt i veggen på sakrestiet.

tirsdag 13. august 2013

Høgfjellsdagar

Seinsommarferie på høgfjellet. Det har vi to hatt denne siste veka. 1000 m over havet. På hotellet  ved Rødungen i Hallingdal. I vakker natur er det råd å få å flytte føtene på gode stiar utan å verte heilt utsliten, og det nytta vi oss av. Her ser vi hotellet og fjellkyrkja på Rødungsstølen, med Hallingsskarvet i sør. Hadde eg vendt meg mot nord så hadde eg sett fjellrekka Reineskarvet reise sin bratte vegg, og hadde eg vendt meg mot vest så var det fjella i Skarveheimen, vel to mil borte, eg ville ha sett. Vi køyrde inn til dei ein dag regnet truga. Inn til stølen Djup, og endå litt leger. Heilt til vegen enda under fjella. Ein annan dag var vi på rundtur med buss på smale og svingete vegar. Vitja ei seter i Fagerdalen. Med servering av setermat, rjomegrat og kviukakor, og der budeia underheldt med soger og toraderspel. Og med høve til å kjøpe lokal setermat etterpå.
Men det var og ei veke med gode og tankevekkande bibeltimar, triveleg programkveldar, og med og næringsrik og god mat i alle måltid. Og ikkje minst med godt lag. Men alt har ein ende. Ei veke går fort, og mandag var det tid for å takke for laget, og å setje kursen attende til fjorden mellom fjella, og regnet, og plenen som venta med alt for langt gras.