tirsdag 30. april 2013

Vår?

Det blømer med hestehov og kvitveis. Ja sjølv løvetanna kikar fram.  Flyttfuglar som linerle, bokfink, tjeld og vipe trippar rundt og leiter etter mat. Ei stigande kjensle av at det går mot varmare tider grip om seg, sjølv om ein ikkje skal mange centimeter ned før ein råkar på telefrosen jord. Men så, brått endrar alt seg. Gradstokken kryp ned mot O. Det tjuknar til ute, og så driv snøen om novene att. Var det nokon som trudde at våren var komen?
Godt ein har ei varm stove å ha tilhald i.

tirsdag 23. april 2013

Øyhopping

Så er året si pilegrimsvandring påmeld. Sidan det ser noko smått ut når det gjeld dei planlagde vandringane i Spania dette året, så får mi kjære og eg  prøve oss på noko nærare istaden. Og då vert det Sunnivaleia. Øyhopping frå Kinn kyrkje og nordover til klosterruinane på Selja. Vi har vore velsigna med svært lite nedbør under vandringane våre i Frankrike / Spania, men denne vandringa kan  ha store sjangsar i seg for det motsette av tørt vær. Men år om anna hender det at der kjem dagar med finvær, sol og varme også her vest. Sjølv den siste veka i juni. Men det gjeld nok å utruste seg med regnkle denne gongen. Og så vone på opphaldsvær og sol. Paraply vert det nok helst lite bruk for å ein forblåst kyst. Men spanande skal det verte å vandre over øyane nordover mot Stadtlandet.

søndag 21. april 2013

Austefjord kyrkje

Så var tenestedagen komen, etter dagar med mykje tankeverksemd. Vakna derfor tidleg denne morgonen. Det var nok ei lita uro i kroppen, sjølv om eg meinte meg vere godt budd. Det var inn til Fyrde i Austefjorden eg og mi kjære la vegen denne sundagsmorgonen. Inn ein fjord der det i tidlegare tider gjekk ein smal veg og svingete veg høgt opp i stupbratte lia ned mot fjorden. Men som no er i fred med å verte omklassifisert til Europaveg. Med fleire lengre tunellar, og med brei og god veg mellom dei. Etter vel halvtimen var vi framme og svinga av ned mot den vesle kvitmåla kyrkja som vart reist her inne i fjorden i 1879. Men opphaveleg stod ho ikkje her. Ho er ei gjenbrukskyrkje. Ho vart først reist i Bjugn på Trøndelagskysten i 1773.
Her skulle eg leie gudstenesta i dag, og eg skulle og få æra av å døype ein liten gut. Så med dåpsfylgjet og i kyrkja, var me ein heil flokk samla då klokka ringde inn til samling.
Eg byrjar etter kvart å få eit lite tak på den nye liturgien, men eg har litt vanskar med at den kan vere så ulik frå kyrkje til kyrkje. Men på kyrkjekontoret i Volda har eg fått god hjelp i få på plass gudstenesta sin agenda. Eg vert vel tryggare på det nye med tida, får eg vone. Takk til hjelpa mi der.
Det var orda frå Jesus om at han er vegen, sanninga og livet som var utgangspunktet for "preika" mi. Vonleg så var dei "høyrande" orda eg hadde å fare med. Klarte ikkje heilt å la vere å drage inn nokre erfaringar frå Jakobsvegen, både om vegmerke og å bomme på vegen. Noke som vart komentert på kyrkjebakken. Ei sa til meg at når eg var der, då måtte ho i kyrkja for å høyre kva eg hadde å kome med.Og det tok eg positivt opp sjølvsagt, og kjende at det varma meg. Sjølv om eg veit det kan vere så ymse med desse orda mine. Så takk til ein kyrkjelyd som tek imot ein vikar på ein så god og varm  måte.
 

søndag 14. april 2013

Visst skal våren kome?

Ja, idag kan det sjå ut som om våren er på veg, sjølv om dei store regnmengdene som er melde, kanskje ikkje kjem. I dag vakna eg til plussgrader og grå himmel. Det har ikkje vore det vanlege denne vinteren. Det har vore ein kald og stabil vinter uten dei store nedbørsmengdene her i bygda. Eg kan telje på ei hand dei gongane eg har vore nøydd til å starte opp snøfresen, og det er ikkje det normale her på nordvestkanten av landet.


 

Nokre snørider har det vore. Den siste så langt, kom sist helg, då det var tid for å få sommardekka på bilen. Det måtte utsetjast noke dagar. Men snørida varde berre vel eit døgn, så brotna skyene opp, og sola kom attende med sitt lys. Og så fekk vi kalde, klåre netter, og solrike dagar, med snøen liggande heilt i ned fjøra på andre sida av fjorden. Men det var kaldt i sola. Skulle eg nyte solvarmen så måtte eg finne meg ein stad i le for trekken, og då vart det heller lite av solbading. Ikkje sjøbad heller. Rart å tenkje på at for eit par år sidan opna eg sjøbadsesongen andre påskedag. I år har ikkje det vore aktuelt for ein frosen kropp som meg.
                                                                           
Dette var eit vanleg syn desse dagane. Fjelltoppane bade i sol, og under kalde, frosne fjellsider Heilt topp for dei som likar å nyte ski og snøkledde fjellsider. Men no ser det ut for at våren, og kanskje varmen, er på veg. Også dette året. Så då ser eg fram til grønkande lier og blømande marker. Og varmare dagar.

mandag 8. april 2013

Tomas

Det var ei fasinerande preiketekst i gårsdagen si gudsteneste.
Om læresveinen Tomas som ikkje var der saman med dei andre då Jesus synte seg for dei etter oppstoda. Og som difor ikkje greidde å tru på det han høyrde dei fortelje.
Kanskje var han tilstades då Jesus sin døde kropp vart lagt i grava. Jesus sin skamerne og spydstukne kropp. Og døden sin realitet kjende han godt. Sjølv om den tome grava nok sette igong ei rad spørsmål hjå han, så høyrde ikkje oppstode frå dei døde med til dei naturlege forklaringane på den tome grava hjå han. Han ville i så fall ha handfaste bevis, ved å få sjå og å få ta på den oppstadne.
Det er som om vi skulle lese dagens sine debattar om det same emnet.
Jesus si oppstode er ulogisk. Den kan ikkje ha hendt då døde er døde.Der må finnast ei anna og logisk forklaring.  Ei anna grav han vart flytta over til. Eller så han var ikkje død men vart teken ned av krossen levande og flytta til ein løynd stad for å kome til krefter att.
Dagen sine moderne teoriar om at oppstoda er oppdikta eventyr er ikkje av ny dato, Dei kan vi lese i skrifter alt frå det første århundret.
Slik sett finn vi mange Tomas'ar med liknande standpunkt til oppstoda ned gjennom soga.
Men Tomas får sjå - og møte - og standpunktet hans vert brått endra frå krav om bevis, til tru og overbevisning om at det utrulege verkeleg var sant.
Og det store spørsmålet vårt vert; klarer vi å ha tiltru til det dei som såg og opplevde den oppstadne fortalde,

lørdag 6. april 2013

Ein andeleg veg?

Etter nokre dagar med sol og litt varme i sola, og med gule krokus og kvite snøklokker ved husveggen,. Ja, jamvel kvitveis kunne vi finne om vi leita på dei rette plassane. Så vakna vi idag til eit lite tilbakeslag, for ute var det igjen kvite marker.  Ikkje mykje hjå oss. Vi bur nok litt i le for vind og snø, for eg les at andre stadar lenger ute og nord har det kome meir av snøen.

Men eg var inne i nokre tankar omkring eit ord som Jesus sa til læresveinane det siste døgnet han levde. Då sa han til dei at vegen, det var han. Og sidan det er preiketeksta i ei gudsteneste eg skal leie om nokre søndagar, opptek denne utsegna meg ein heil del desse dagane. Korleis skal eg tolke desse orda?

Jesus sa dei som svar til noko Tomas hadde sagt. Og det dreia seg om at han no snart ville flytte frå dei og attende til Guds bustadar, og der ville han lage til bustadar for dei også Og då Tomas var ærleg og seier at han ikkje kjenner vegen dit, så er det Jesus kjem med utsegna si.
Skal eg tolke orda i rein andeleg retning? At dei handlar om korleis dei skulle kome til Guds himmel, og har liten samanheng med livet vi lever her?
Mange har gjort, og gjer nettopp det. Eg hugsar vekkingtider då det store og viktige i forkynninga var å verte frelst for å kome til himmelen. Og det forkynt på ein slik måte at livet her var underordna det store og viktige, å nå himmelen. Men vert ikkje det ei slags livsflukt? Var det ikkje det gnostikarane i si tid gjorde? Og i våre dagar New Age filosofien? Det var det andelege som var det viktige. Å ha gnosis, kunskap om det andelege.
Eg har og lest på verdsveven vandrarar som andeleggjer pilegrimsvegen, noko eg har store vanskar med. Til det har vegen under føtene vore for virkeleg, og smerten eg har opplevd etter vegen vore for ekte.
Ein andeleg veg? Ja eg trur at Jesus meinte også det når han sa at han var vegen. Men eg trur og han meinte noko meir. Derfor trur eg at Jesus sine ord om at han er vegen, må ha ei tyding utover berre det å kome til himmelen. Det må og ha noko med livet vårt her å gjere. Med vegen vi går her, om han er både bratt og steinet, og kan gi oss både vond rygg og såre føter med gnagsår.
Så når Jesus seier at han er vegen, då handlar det både om det andelege og om det det livet vi lever her og no.

torsdag 4. april 2013

Vegen, det er eg, sa han.

Det sentrale i preiketeksta, denne søndagen om nokre veker er "Eg er vegen".
Ordet veg er ikkje ukjend for meg.Heller ikkje vegmerke. Til det har eg køyrt vegar og vandra vegar og stiar nok til å vite kva det ordet handlar om. Men kva meinte han som sa det. Ikkje kan det handle om dei vegane og stiane eg har køyrt eller gått på når han seier at vegen, det er eg.
Skal eg andeleggjere utsegna hans, eller er orda hans bokstaveleg meint å handle om den verkelege, handfaste, verda eg lever og rører meg i? Her og no? Men andeleggjer gjer eg det, vil det då ha noko å sei mine tilhørarar i gudstenesta? Er ikkje det å andeleggjere ordet det same som å gjer det fjernt og uverkeleg for den røyndomen vi lever i? Ufarleg?
Eg må sjå i kva samanhang det var han kom med orda.

No er eg i tida etter oppstoda, men for å finne då orda vart uttalte, må eg skru tida attende. Eg må gjer slik vi av og til gjorde då vi såg på våre eigne 8mm filmar., 40 år attende. Etter at filmen var vist, sette vi framvisaren i revers og såg filmen baklengs. Det var ofte ein vel så stor suksess som når den vart vist rette vegen. Å sjå korleis folk, dyr og bilar flytte seg baklengs i raskt tempo fekk ofte låtten fram hjå tilskodarane.

Då får eg gjer det same. Ikkje på film, men i tankane. Flytte meg attover i tida. Forbi Maria Magdalena sitt møte med den oppstadne, engelen i den tome grava, kvinnene på veg tidleg om morgonen, steinen som verte reist mot gravopninga, den døde Jesus vert teken ned av krossen, soldaten som stikk spydet i sida hans, det siste fortvila ropet i dødens stund, krossfestinga, vandringa mot Golgata, dødsdomen, forhøyra, hudflettinga, Judas sitt kyss i hagen, Jesus på kne i skjelvande bøn, vandringa ned trappene frå Sionsberget, Jesus sine siste ord til dei i øvresalen, Judas som forlet romet, måltidet, fotvaskinga.. Alt flyttar seg attende i raskt tempo.

Stopp. dette vart for langt. Litt fram att, men ikkje så fort denne gangen.
Dei tolv og Jesus er samla ved bordet og måltidet, Jesus reiser seg, bind linkledet om livet, slår vatn i fatet og byrjar vaske føtene deira. Peter som vil hindre han, men i neste no vil ha vaska meir enn berre føtene. Måltidet. Jesus som lyfter brødet og vinen mot himmelen før han sender det rundt. Og så Judas som reiser seg og går ut.

Endå litt seinare fart, takk.
Eg høyrer Jesus sei noko før Peter si stemme bryt inn:
-Kvar går du Herre?
Og Jesus som svarar:
-Dit eg går kan du ikkje fylgje meg no, men seinare skal du det.
-Kvifor kan eg ikkje det? Eg vil fylgje deg, om så inn i døden.
-Du vil gi livet for meg? Det seier eg deg Peter. Før hanen gjel i natt har du fornekta meg tre gonger.
Men ver ikkje redde, tru på Gud og tru på meg. Eg går for å lage til ein bustad for dykk. og når det er gjort kjem eg att, og då skal de vere der eg er. Og de veit vegen dit eg går.
Då bryt Tomas si røyst inn:
-Vi veit ikkje kvar du går. Korleis kan vi då vite vegen dit?

Då kan eg stogge filmspolinga. Eg eg framme ved teksta sitt sentralord då Jesus seier;
-Eg er vegen, sanninga og livet.


onsdag 3. april 2013

Vegmerke

Korleis finne vegen? Det kan vere det store spørsmålet når ein skal ferdast i ukjende strok. Då er det ein må setje sin lit til vegnummer og andre vegvisarar for å finne fram.
Før i "gamle dagar" hadde ein gjerne med eit godt vegkart. I dag går det vel helst på meir moderne hjelpemiddel, som GPS. Men eg les rett ofte om strore trailerar, helst utenlandske, som køyrer seg fast etter å ha stolt litt for mykje på GPS'en. No sist var det ein lang polsk lastebil som køyrde seg fast på veg opp Gaularfjellet frå sør. Vegen over fjellet var vinterstengd, men brøytt eit stykke opp for lokal påskeutfart. Han kom så langt som det var brøytt, men der vart det stopp. Ikkje råd å snu, så einaste rådet var å rygge ned frå fjellet, ned til bommen. Og det var ikkje berre enkelt med lang bil og krappe svingar i bratt terreng. Men han var heldig, der var hjelp å få  i Førde, nokre timar undan. Og etter fem timar med rygging og lirking i trange svingar og på smal veg var han nede og fekk snu bilen. Så GPS kan ein ikkje alltid lite på.

Vi kom til den franske fjellbyen Le Puy for å byrje på vår vandring mot sørvest. Kart, nei det hadde vi ikkje. Dei hadde i katedralen, men den nonna som stod for salget var der ikkje, og då vart det ikkje noko kart på oss.
Korleis finne fram dei tjue mila vi hadde tenkt å gå? I totalt framandt landskap.
Då var det vegmerka vi måtte lite på, og passe på at vi ikkje oversåg dei, for då var det lett å kome på avvegar.
I Frankrike var vegmerka eit kvit/raudt merke. Svinga vegen så viste merket i kva retning vi skulle ta, og var der ein veg vi ikkje skulle gå så var den merka med eit raudt/kvitt kryss.

I Spania var det gule piler vi skulle fylgje, og i Valdres er der raude keltiske kors festa på stolpar langs vegen.


Og fylgde vi desse små hjelparane langs vegen, så trong vi korkje GPS eller kart, men kart var likevel gode å ha for å kunne sjå litt lenger fram enn det vegmerka viste oss.
Og om vi finn høve til å gå Camino de San Olav seinare i år, så der og små vegmerke vi skal fylgje. Då er det same slags merke som er på pilegrimsvegen frå Oslo til Trondheim. Den norske St. Olavs vegen.

 

tirsdag 2. april 2013

Eg har sett Herren!

Det er for meg underleg at menneske som er rekna mellom dei mest oppegåande i klokskap og kunnskap set sin lit til noko eg finn lite truverdig.Eg har i denne påska fylgt med i kva ein amerikansk teologiprofessor på sin blogg har skrive omkring det som hende i Jerursalem då Jesus vart krossfest, og stod opp att. Og eg skjønar at han legg stor vekt på nokre deler av eit evangelium som vart funne i sanden i Egypt for vel 100 år sidan. Evangeliet etter Peter, er det kalla. Kor omfattande det har vore, veit ingen, men det ein har, omtalar påskehendinga. Truleg er skriftet frå ut i det 2.århundret, og etter det eg les av det, og skjønar, er deler av det influert av gnostisismen. Der er i alle fall ord som er langt borte frå det eg vil kalle realistisk.
Men denne professoren brukar det til å fortelje ei heilt anna påskesoge enn det evangelia fortel, trass i at dei er nærare det som hende, og dei som opplevde det, i tid. I det heile minner mykje av det meg om våre dagars konspirasjonsteoriar, der Jesus ikkje døyr og ikkje står opp att, men vert teken ned av krossen og flytta til ein løydestad der han vert lækt, og lever vidare i andre land.
Med eit slikt utgangspunkt, kan eg ikkje skjøne anna enn at då raknar heile grunnvollen under mi kristne trusverd.
Då set eg meir lit til evangelia si fortelling av påskehendinga, også den utrulege påskemorgonhendinga som går langt ut over det eg kan forstå, men som eg i mi tru har full tillit til.
Desse kvinnene - underleg at det svært ofte er kvinner som får være Guds vitne og formidlarar når det hender noko stort - som tidleg om morgonen kom til grava og finn den tom.
Dei fleste av dei spring redde bort, men ei vert verande att. Gråtande ser ho inn i grava og ser to unge, kvitkledde menn, og får høyre bodkapen deira om han er ikkje der lenger. Slik det står på døra inn til grava i Gordons gravhage: Han er ikkje her. Han har stått opp.
For så, i neste no, får ho møte den oppstadne åsyn til åsyn,
Og så fortel Johannes at Maria Magdalena gjekk attende inn i byen, fann læresveinane og sa: Eg har sett Herren.
Eg likar å søkje andre innfallsvinklar til dei bibelske hendinga, sjå inn på hendingane gjennom andre vindauge enn dei som er mest vanleg. Det er på ein måte å utfordre, prøve mi tru, men eg må tilstå at eg har større tiltru til Maria sine ord enn den amerikanske professoren sine konspirasjonteoriar.

mandag 1. april 2013

Påskehøgtida over ... nesten

Berre nesten. Det er morgonstill andredagen. Skiftet til sommartid sit litt i kroppen endå, men det det varer ikkje mange dagane. Ute er det overskya med temperatur rundt 0,  men utan nedbør. Berre eit milimeter tynt lag er kome sidan spaden var framme i går, omlag kl.14.
Og så er det 1.april i dag. Ein ny månad. Vonar at våren snart er her.
Kva har eg å sjå fram i denne månaden tru?
Ikkje så mykje på blokka, men noko er det. Y's men klubb på mandag. Det minkar på mi presidentperiode i den klubben. Til somaren er det ein annan som tek over. Litt seinare er eg innkalla til sjukehuset for å prøve den nye CT-maskina dei har fått montert opp. Reknar ikkje med at dei finn noko ny uyvikling til det verre i lungene. Og skal det verte betre, så er det berre mitt ansvar. Då må eg ut å gå, Berre det vert litt varmare i været. Då er det nok litt verre med tanngaren. Der har eg nok inga topplasering, men ein må vel prøve å ta vare på den amalganen som er att, Det minkar litt kvar gong eg er i tannlegestolen. Plasten rykkjer inn i staden, men eg er ikkje trygg på at den har same slitestyrke og kvalitet. Og så har min gamle tannlegen avslutta og overlete kontoret til ein yngre kar. Litt spanande å finne ut kor han kan handtere bor m.m.
Men det som opptek meg mest er gudstenesta eg har sagt ja til å ta ut i månaden.
Ved dei siste tre eg har hatt, har eg vore så heldig at eg har gått in i dei med ferdig utarbeidd liturgi og agendaer. Salmevalga har eg slept å vri hovudet med, berre preika har vore att. Men det er ikkje alltid eit berre. Heldigvis så er utgangspunktet, teksta, utanfor fritt val. Det er berre å finne orda ein skal sei. Og det er ikkje gjort i ei handvending for denne karen.
Eg misunner litt dei som kan sei; " På veg til kyrkje i dag kom dette ordet til meg..", og så strøymer orda ut. Eller som brukar nokre timar søndag morgon, og så er alt klart.
Eg må ha alt, kvart einaste ord sett ned på papiret, og grundig evaluert i dagevis før. Heldigvis lærde eg å avgrense meg i mi vikartid i Herøy. Frå preikeplassen i koret ser ein det meste av reaksjonar, og når enkelte vert fjerne i blikket, eller prøver å gøyme geispen bak ei hand, då skjønar ein at no skulle ein ha runda av. Men når dei ikkje lenger prøver å gøyme geispen ein gong, då skjønar ein at no er det nok. Slutt.
Så no vert det gudstenesteverkstad og preikeverkstad i mitt hovudet i dagane framover.