søndag 31. mars 2013

Påskedag

Det er snøar ute. Var det ikkje vår vi skulle få no, og ikkje meir av dette kvite?
Nett heimkomen frå påskegudsteneste såg eg at her må eg snart fram med snøfresen.
Slik var det ikkje påskemorgonen i Jerusalem. Før lyden frå bukkehorna lydde frå tempelmuren og varsla at sabbaten var over, var nokre kvinner på veg til grava for å stelle den døde etter jødisk sed og skikk. Det dei ikkje fekk gjort før påskesabbaten gjekk inn.
Deira store spørsmål var kven dei skulle få til å ta bort den tunge steinen som stengde gravopninga.
Då ser dei at steinen er velta frå. Kva har hendt?
Undrande bøyer dei seg og ser inn.
Grava er tom!
Og der sit det ein ung mann i kvite klede.
Leitar de etter Jesus? spør han. Han er ikkje her. Han har stått opp.

Dei fire evangelia har ulike versjonar av kva som hende denne morgonen i gravhagen ved ei tom grav. Men det er vel ikkje så underleg igrunnen. Alle hendingar vert attfortalt ulike, ut frå kven som fortel om kva han/ho opplevde. Men det er ikkje mange hendingar for totusen år sidan som er så godt bevitna som denne hendinga. 
Og det som står fast gjennom alle fire sine attforteljingar av denne morgonen er at han som verkeleg hadde døydd på krossen, og som i tillegg hadde fått eit spydstikk inn i hjartet, han var ikkje lenger å finne liggande i grava. Berre likkledet og andletduken låg att etter han.

Døde skal ikkje verte levande att. Dei døde er og vert døde. Er det underleg at kvinnene vart redde og rømde der ifrå? Det er heller ikkje underleg at mange har prøvt seg på andre forklaringar ned gjennom århundra, slik det og hende denne morgonen då kvinne trudde einkvan hadde flytta han bort frå grava.
Mellom noko av det eldste skrivne i Nytestamentet finn vi Paulus sine ord om alle dei som fekk sjå den oppstadne. Ein gong var dei fem hundre, skriv han, og av dei levde mange av dei framleis då Paulus skreiv.
Finst det handfaste bevis for oppstoda? Nei her er det berre tilliten og trua som viser oss den oppstadne, og erfaringa av alle som har møtt han i sine liv.
Jau eit bevis er der, Likkledet i Torino. Men det er svært omstridt og gjenstand for mange vitskaplege undersøkingar og debatt. Igjen er det trua som opnar for at dette nok er vårt einaste synlege bevis.
Men treng vi det?
Eg har nok med det Anden syner meg gjennom Ordet, og som eg i tru og tillit får bygge mitt liv på. For som og Paulus skriv at dersom Jesus ikkje stod opp att, så er mi tru gagnlaus og null verdt, men legg han til; Men NO er Kristus stått opp.
God påske i oppstoda sitt klåre morgonlys over ei tom grav.


lørdag 30. mars 2013

Påskeaftan

Ein fager morgon.  Kaldt. Klårt. Blå, still fjord.Skyfri himmel og morgonsol over snødekte fjell og grender.
Dersom vi tek bort noko av dette, så var det slik  i Jerusalem og den gongen.
Det var påskemorgon med klår morgonsol over åsane som skilde byen frå øydemarka austanfor.
Det var påskefest i byen og på tempelplassen.
Men det var ikkje feststemning hjå alle inne bak bymurane. Hjå nokre var det djup og smerteleg sorg.
På under eit døgn var meisteren deira teken til fange, forhøyrd, torturert på det mest grusomme, for så å gå døden imøte på krossen.
Ved gode vener si hjelp hadde dei fått lov til å ta hans døde kropp ned frå krossen, sveipe han i eit linklede og legge han i ei tom grav som var der. Og så vart steinen røyst opp mot gravopninga. Men dei rakk ikkje å smørje kroppen hans inn med den velluktande salven slik det var vanleg var å gjere med dei døde før grava vart stengd. Det var for kort tid fram til lyden frå bukkehorna ville lyde utover byen. Lyden som fortalde at no byrja påska. Dei fekk ta det att etter sabbaten, avtala kvinnene seg imellom.
Men denne dagen er det sorga og ikkje gleda som rår hjå dei. For han dei heldt slik av, ligg gøymd i grava sitt mørke. Død, borte. Alt er over. Slutt.

Størst var nok sorga hjå mor hans, Maria. Mater Dolorosa er ho nemnd på latin. Smerten, sorga si mor.
Der er nokre skulpturar og måleri som ber namnet Pieta. Mest kjendt av dei er vel Michelangelo sin skulptur. Den som har fått sin plass bak sterkt glas i Peterskyrkja i Rom. Utruleg fagert utført, men den gav meg inga kjensle av den djupe sorga Maria måtte ha kjent på. Eg har sett mange andre langs pilegrimsvegen som som har ført meg nærare Maria enn den, sjølv om dei ikkje på langt nær har vore så vakre i utføring.
Men eit måleri med det motivet sitt fast i minnet.
Mi kjære og eg var oppe i fjella, nord for Barcelona. I klosteret Montserrat. Då då det var gudstenestetid gjekk vi inn i kyrkja, men vi stilte oss ikkje i køen som skulle opp til den svarte madonnaen, høgt over hovedalteret. Istaden fann vi oss ein plass i benkane for å vere med i gudstenesta. Ved sida av der vi sat var der eit sidekapell, og på veggen der inne hekk dette måleriet. Av Mater Dolorosa med sin døde son på fanget. Inga ung og vakker , men ei eldre og slita, merkt av livet, og med andletet merkt av djup sorg og fortviling.
Gjenom di sjel skal det gå eit sverd, hadde gamle Simon sagt til henne den dagen i tempelet då han stod der med vesle nyfødde  guten hennar i hendene sine.
For meg representerar dette biletet det verkelege Pieta. Mater Dolorosa.

fredag 29. mars 2013

Langfredag

Så skin sola igjen frå ein klår, blå himmel, og gradstokken kraup i natt ned i minusgradene att.
I dag er det Langfredag, dagen då Jesus gjekk frå forhøyr til forhøyr, for så til slutt å ende opp på Golgata der han vart festa til krossen for å døy. Den mest fornedrande dødsmåten som var i jødisk tru. Forbanna er den som vert hengt opp på eit tre, stod det i moselova. I tillegg var det ein smertefull død.
I dag vert ei av evangelia sine lidingssoger lest i gudstenestene. Eg skal ta del i det, som ei av røystene i fortellinga. Ikkje som ein av hovedpersonane, men som eit par av bipersonane i Lukasfortellinga.
Jesus på krossen kom etter kvart inn som eit av hovedmotiva i kristen kyrkjekunst. Og som so, har den krossfeste Jesus hatt mange slags utformingar gjennom århundra. Frå den sigrande kongen med kongekrune på hovudet. Som vart avløyst av fredskongen som rette armende ut for å gi fred og frelse, til den lidande Kristus med blod og sveittedråpar på kroppen.
Og på same måten som den krossfeste er skildra på ulike måtar, har og skriftene i nytestamentet ulike fortellingar om kva det var som hende då Jesus leid og døydde. Det er som om ein kan gå frå vindauge til vindauge og sjå inn til krossen, og i kvart vindauge sjå hendinga fortalt med ulike fargar.

Men same korleis krossfestinga vert skildra, eller korleis ein ser, tolkar,  kva det var som hende, så er der inga kristetru utan Jesus si liding, død og oppstode.
Det er for meg det heilt grunnleggande i mi tru, og difor er ikkje gudstenestene i påskehøgtida til å kome utanom. Med all deira ulikskap frå skjærtorsdag til langfredag, påskenatt og påskemorgon si feiring av oppstoda.
Biletet er henta frå den store katedralen i Santiago de Compostela.

torsdag 28. mars 2013

Skjærtorsdag

Skjærtorsdag. Ute kom der i natt eit lite tynt lag av rein kvit snø, men når gradestokken viser temperaturar på plussida, varer det nok ikkje lenge før den er borte. Sjølv om sola førebels gøymer seg bak skyene.Vi er i den stille veka. Påska er etter gamal sed framleis på vent, sjølv om vi i vår moderne tid utvidar påska til å omfatte både palmesøndag og den stille veka. Slik vi gjer med jula, den utvidar seg inn i adventsdagane.

Det er Jesus og læresveinane sitt siste måltid saman, vi minnest idag, då Jesus la grunnen til det måltidet kyrkja feirar  gjennom nattverden.  Då han tok brødet og kalken med vin, og sa: Dette er min lekam og mitt blod som vert gitt for dykk, Så ofte de et og drikk det, så gjer det til minne om meg.
For meg er nattverden eit minnemåltid, ikkje eit offermåltid, for offereret vart gjort ein gong for alle for snart totusen år sidan. Men i trua veit eg at Gud handlar med meg når eg tek imot den vesle dråpen med vin, og den vesle biten med brød. Og at det i min kropp vert det til Jesus lekam og blod, sjølv om eg med vitet ikkje skjønar korleis.
I kveld, i gudstenesta skal eg ta del i måltidet, og minnast han som gav sitt liv på krossen. For å kjøpe også meg fri til teneste i Guds rike, og til å få barnerett hjå Gud.

Det er Matteus, Markus, Lukas og Paulus som skriv om det siste måltidet, og fortel om Jesus sine ord om brødet og vinen.
Johannes gjer ikkje det. Han nemner at dei heldt måltid, men det han skriv om er det som har gitt namnet til dagen. Skjær kjem av det gamalnorske ordet skir, som tyder reinsing eller å vaske reint.
Og det er det Johannes fortel om at Jesus gjorde. Han vaskar læresveinane sine føter for at dei skulle verte reine frå vegen og vandringa  sitt støv og skit. Og sa han til Peter då han ikkje ville la seg vaske; Får eg ikkje vaske føtene dine, så har du ikkje noke fellesskap med meg.
Det var det som hende ved Jesus sin død, han vaska oss reine frå vår synd.
Men samstundes var fotvaskinga noko meir. Då synte Jesus læresveinane, og oss, kva som var deira oppgåve i Guds rike. Å vere kvarandre sine tenarar. Slik Jesus symbolsk synte ved sitt eksempel.

Biletet over er henta frå altertavla i Ulnes kyrkje i Valdres.

onsdag 27. mars 2013

Skrivetørke

Det er visst skrivetørke med meg. Det har vorte langt mellom eg er inne og skriv noko i det siste.
Trass i ei flott vintertid. Med lite snømåking og mykje fint vær. Litt for kaldt for meg. Eg likar ikkje så godt kaldt vær lenger. Eg delte nokre ord med ei anna hjarteoperert for litt sida. Ho måtte kle seg betre etterpå, ho og. Og i dag las eg at ein vi kjenner, som og er hjarteoperert, skal selje huset og flytte til Spania og varmare strøk. Vinteren var ikkje god lenger for han, så eg er tydleg vis ikkje åleine om å mislike kulden. Men trass i det har vinteren så langt vore flott på våre kantar. Eg les at i nord-Irland snøar dei ned, og på pilegrimsvegen ved Pyreneane har vinteren og vore snørik. Opp mot to meter snø i Roncevalles. Så eg skal ikkje klage, men no kjem snart våren med grønkande tre og marker, og blomar alle vegne. Då er det vel å ta opp tonen til "Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song.. osv.-"
Vi to var nokre dagar i Sogn, men no skal vi feire påskedagane i heimegrenda med gudstenester og heimekos på terassen. Om sola kjem att, for i dag snøar det igjen.
Og så vart eg beden om å gjere ei teneste i Austefjorden over påske, og då var det berre å lese ferdig boka eg kjøpte i Sogn, så eg kunne byrje å tenkje ut kva eg skal seie til preiketeksta den søndagen,
Eg tykkjer ikkje dei er så enkle alltid desse preiketekstene. Heller ikkje dei som innheld kjerneord alle har eit forhold til. Det er ikkje alltid så lett å finne nye innfallsvinklar til det kjende, og eg er ikkje så glad i ukens klipprunde eller jorting på gamal mat. Men eg har nokre dagar på meg enno, så det opnar seg vel ein veg etter kvart. Får eg vone.

fredag 15. mars 2013

Bygge Guds rike

Eg vaks opp i ei tid då vekkingstradisjonen stod sterkt i dei lågkyrkjelege miljøa. Det var frelsa frå eit syndig liv og kome til himmelen med Jesus som var målet for det meste av den forkynning ein fekk høyre. Men i min barneheim høyrde eg ikkje mykje om det, men eg visste kvar mine foreldre høyrde heime. Kva som var grunnfjellet i deira tru.
Med det utgangspunktet byrja eg mi livsvandring. Og når eg i dag ser meg attende på vegen eg har vandra, ser eg at trua mi har endra fokus. Det Jesus gjorde  gjennom si liding, død og oppstode er framleis mi tru sin faste grunn, men himmelmålet har vorte fjernare.
I staden har det vakse fram noko anna og meir jordnært i meg. Guds rike her og no, ikkje i eit framtidig himmelriket langt bort om tidsens rand. Sjølv om det målet har byrja å kome meg svært nært etter kvart.
Ei tru på at vårt viktigaste oppgåve i livet som kristne,  ikkje nødvendigvis er å kome til himmelen, men å virkeleggjere Guds rike sine mål her og no. Og at det også er Anden si oppgåve.
Tom Wright skriv i ei bok.
"Anden vart gitt for å starte arbeidet med å gjere Guds framtid verkeleg i notida. Det er det første, og kanskje det viktigaste  punktet å gripe fatt i når det gjeld arbeidet til denne underlege krafta i guddomen, som det er brukt så mange uttrykk på. Akkurat som Jesus si oppstode opna ei uventa - Guds - nyskapt verd, er og Anden komen til oss frå denne nye verda. Ei verd som ventar på å verte verkeleggjord mellom oss. Ei verd der det ifylgje dei gamle profetane skal fløyme over av fred og rettferd, og ulv og lam skal ligge side ved side. Eit nøkkelelement i det å leve som ein kristen, er å leve som borgarar i Guds framtidige rike, sjølv om vi  framleis lever her i notida. Den som Jesus kallar både vond og syndfull."
Frelste for å bygge Guds rike her - og no. Himmelen kan vente til den tida er der.

onsdag 13. mars 2013

Goterar i Italia og Spania

Goterane levde aust for romarriket der Romania og Ungarn er i dag, og dei var døypte inn i ariansk trusritus av Wulfila. Så er det at Attila på 300-talet kjem med sine styrkar austfrå, herjar og legg øyde, og då byrjar goterane å vandre inn over grensene til det romerske riket. Austgoterane trenger ned over Italia og hærtek Roma, og Teoderik skipar eit austgotisk rike.  Det ariske dåpskapellet i Ravna vart bygt under han, og står framleis, men av utsmykkinga er det berre mosaikken i kuppelen som er att. Og der ser vi Jesus verte døypt i Jordanelva av Johannes, og over svevar Den Heilage Ande ved dua. Den tredje personen i grønt er ikkje den tredje personen i guddommen, men representerar Jordanelva. Og rundt står dei tolv apostalane og Paulus. Og krossen på eit kledekt alter.

Men vestgoterane trengde vidare vestover. I nord stod frankerane, men sør for dei skapte dei eit rike som dekte sørvest-Frankrike og den spanske halvøya. Gjennom åra etterpå tok frankerane stadig større stykke av riket i Frankrike. Men riket det varde til dei muslimske maurarane kom over frå Afrika.

Både hjå austgoterane og vestgoterane var det ariansk kristendom som rådde grunnen, og mange kyrkjer vart bygde av dei.  I Italia står mange av dei enno , om enn ombygde og endra etter at romakyrkja overtok og arianismen vart borte.
I vest der maurarane overtok vart kyrkjene i byane omgjorde til moskear, og då maurarane vart drivne bort, var det ikkje lenger ariansk kristentru att i Spania. for på 600-talet var Isidoro av Sevilla med på å døype den dåverande kongen inn i romersk katolsk tru, og arianismen forsvann også i Spania. Kanskje var det trugsmål frå Bysants som var ei medverkande årsak til att han gjekk over til romersk-katolsk tru. Han trong allierte fordi Bysants hadde sett seg fast i syd-Spania.

På same tid vart også ei anna retning innan kristedomen borte. Det var den celtiske kristendomsforma som tapte kampen mot den romerske katolske kyrkja i ei synode i Whitby i nord-aust England.
Romakyrkje er meir hierkarkisk oppbygd enn både ariansk og celtisk kristendom var.
Skriflege kjelder kan tyde på at både goterane og celtarane var var opne og tolerante overfor andre trusretningar.
På Camino St. Olav ligg der ei gamal ariansk kyrkje. Rett nok er det restar av det som ein gong var, men det skal verte moro å sjå den, og dei dekorasjonane som enno er att i den.

mandag 11. mars 2013

Dalsfjord kyrkje

Under ein høg og blå marshimmel tok eg turen over Voldsfjorden til Dalsfjord kyrkje på Ytre Dravlaus. Eg hadde lova å leie gudstenesta der som vikar for soknepresten, som var hindra denne søndagen. Og når ein får so og seie alt ferdig opp i hendene, det er berre preika over teksta "Eg er det levande brødet" ein må arbeide med, då kan ein mest ikkje sei nei til tenesta.
Men det er alltid med nokre sommarfuglar i magen eg stiller meg fram på denne måte.

Dalsfjord sokn vart skild frå Volda sokn i 1910, og då vart og kyrkja reist på neset inne i fjorden.
Det er langskipskyrkje i tre, slik mange av kyrkjene som vart reiste rundt det århundreskiftet var.
Frå gamalt av stod der ein trekross i same bygda, der folk kunne samlast  til gudsteneste, og som og var ein stad der ein kunne verte påminna om Frelsaren. Endå inn på 1800-talet kunne ein sjå Krossen på Dale. I dag er det berre minnet som lever att om den i namnet Korsbakken nede ved fjorden.
Dalsfjord kyrkje ligg ikkje lenger unna enn at eg heimanfrå ser fjella og dalen som ligg oppfor kyrkjestaden, og frå kyrkjebakken såg eg dei snøkvite fjella over min eigen heim reise seg over dei snøfrie markene i Mork og Egsetbygda på nordsida av Voldsfjorden.


Inne er skipet i kyrkja ope heilt opp under mønet, og ho er måla i lyse og varme fargar. Altertavla er måla av Lars Kinsarvik med motiv etter altertavla i Johanneskyrkja i Bergen. Eit motiv Lars Kinsarvik måtte ha stor glede av, sidan han har nytta same motivet i andre kyrkjer og. Kinsarvik er og ansvarleg for rosemålinga på altertavla, preikestol og galleri, men den målinga vart utført av ein ørsting som samarbeidde mykje med Kinsarvik, Guttorm Langstøyl.
På altertavla er der innfeldt fire menn, det er Moses og Elias, Johannes og Peter.

lørdag 9. mars 2013

Kven var Han?

Ute skin vårsola frå ein klår, blå himmel. Snart skal eg setje meg ut og la den varme min vinterfrosne kropp. Men førebels er det i kjølegaste lagt.
Kven er eg, spurde eg i det eg sist skreiv her. Og då med tanke på kva det er som driv meg til å vandre på pilegrimsvegar.
I morgon har eg igjen lova å vere vikar ved ei gudsteneste. Og preikeeteksta handlar om ein annan, Jesus, sitt svar på kven han er.
Eg er det levande brødet, himmelbrødet, kalla han seg.
Sterke ord, og truleg også vanskelege ord å skjøne for dei som høyrde dei.
Ja, kven var han?
Det vart det store, og vanskelege spørsmålet å finne ut av gjennom dei neste fire hundre åra. Gong etter gong dukka det opp stridar i kyrkja på det grunnlaget. Og fleire gongen måtte det opp til drøfting i kyrkjemøter. Og kvar gong fekk det ei lita avklaring fram til neste kontrovers.
Men gjennom det steig det etter kvart fram eit tydlegare bilete av kven han var, Han som den første kyrkjelyden kalla Herren, eller Kristus, som tyder den salva.


På den tida då kristentrua fekk fritt livsrom i det romerske riket, byrja ein ny strid om emnet i Aleksandria i Egypt. Det var to sterke menn som leidde an i striden. Ein prest der i byen hevda at Jesus var den førsta av dei Gud skapte, men ikkje fødd av Gud. Og at Den Heilage Ande var den neste Gud skapte. Mot han stod byen sin biskop Alexander, og hans etterfylgjar Athanasius, som hevda det skriftene sa om at Jesus var Guds son, fødd og ikkje skapt. Striden stod derfor også om treeinnigslæra.
Ved kyrkjemøtet i Nikea i 325 vart Arius si lære dømd som vranglære, og Arius vist ut av kyrkja om han ikkje gav avkall på si lære. Då fekk kyrkja og den nikenske trusvedkjenninga som byggjer på skriftene sine ord.
Så blanda keisar Konstantin den store seg inn i striden og oppheva domen alt i 327, og keisar Konstantin II gjorde Arius si lære  til eit dogme i romariket sin statsreligion. Men Athanasius sine tilhengarar kunne ikkje godta dette, og det kom eit nytt kyrkjemøte i Konstantinopel i 381, som enda med ei endeleg fordøming av Arius si lære. Og ei styrka utgåve av den nikenske trusvedkjenninga.

Eg har skrive litt om visigoterane i Spania her på bloggen min. Vestgoterar er vel namnet deira på vårt mål, til forskjel frå austgoterane.
Dei dukka fram i Europa si historie då romarriket kollapsa.

Opphaveleg var deira heimland der Romania og Ungarn er i dag, Nokre vil legge deira heimland til gøtane sitt land lenger nord. Men då Attila og hunarane si flodbylgje kom frå aust, byrja dei å vandre vestover.

Dei vart kristna av ein prest som heitte Wulfila (311-381) og han  vart deira første biskop, Han var truleg halvt goter, og han omsette Bibelen til gotisk. Sidan Wulfila høyrde til Arius si trusretning, vart derfor goterane arianarar. Med andre ord forkasta dei treeininglæra.
Er det nokon trussamfunn som er arianarar i dag? Det næraste er vel Jehovas Vitner som og seier at Jesus ikkje er Guds einborne son, men er den første av Guds skapningar. Dei koblar og ofte Jesus til erkeengelen Mikael.



torsdag 7. mars 2013

Kven er eg?

Eit spørsmålsteikn. Kva meinar eg med det?
Mi kjære og eg sat i går kveld framfor fjernsynet. Der rulla eit program om at alt var så mykje betre i gamle dagar. Ja, var dei no det? Det kan det nok vere ulike meiningar om. Men det var eit artigt attersyn med vår blåe ungdom sine gleder og utfordringar.
Men så dukka der opp to unge kvinner på skjermen, og dei prata om våre reisemål før og no. Dei hadde visst utdanna seg til noko innan reise og reiseliv.
Men så er det at dei byrjar å snakke om dei reisemåla som våre dagars "turistar" vel. Og reisemålet vert valt ut frå kva type person ein er. Reisemålet fortel kven du er, seier dei to .Ein med jegerinteresser vel jaktferie i Afrika eller Canada/Alaska. Ein med sans for det eksotiske vel fjerne utkantar på vår vesle jord, og ein kulturopen vel Roma eller andre gamle historiske kulturstader.
Og då ikkje berre for at det er interessant i seg sjølv, men fordi det gir "turisten" høve til å fortelje si soge når han kjem heim etter utflukta.
Eg sit og undrast litt før eg vender meg til mi kjære og spør henne kven ho er, eller kven eg er som dreg ut på landevegen for å gå. Kva er det som dreg oss til det? Kva kategori høyrer vi til under?
Åndeleg turisme? Nei, eg trur ikkje det.
Historisk interesse? For meg kanskje, men for mi kjære?
Kultur? Ja, kanskje. Men så er dette med språket. Det er ei heller bratte li å kome over.
Ha ei soge å fortelje ved heimkomst? Tja, kanskje. Om det er nokon som i det heile orkar å høyre på forteljingar om trasking med sekk på ryggen?
Kvifor går de i Spania? Er her ikkje vegar og fjell nok å gå i her heime?
Nei, kven er vi igrunnen?
Noko må det vere, for då eg fortalde ei eg hadde mykje kontakt med før, at vi skulle til vårt folk sitt store utferdsmål, Gran Canaria. Så såg ho på meg og spurde; Orkar du det. Det kan ikkje vere rette reisemålet for deg? Kanskje ho visste meir om meg enn eg sjølv gjer.