torsdag 7. mai 2009

Over Pyreneane 4.september 2007


Vi leita opp pilegrimskontoret då vi kom med toget i går kveld.
Første prioritet var senger for natta.
Toget hadde vore stappfullt, og det vart problem med senger.
Men til slutt løyste det seg for oss.

Etter ei lang og kald natt på ein nedlagd internatskule, i utkanten av St-Jean-Pied-de Port, vakna vi til ein grå dag med lavt skydekke. Men i dag skulle vi gå over Pyreneane frå St-Jean-Pied-de Port i fransk Baskarland til Roncesvalles i spansk Baskarland.


På pilegrimskontoret kvelden før, hadde vi fått dei nødvendige instruksar om å vere merksame på merka så vi ikkje gjekk feil oppe på fjellet.
Der hekk eit kart der. Eg festa det til databrikka.

Etter ei runde med provianterering og ein rask frukost på fortauskanten, byrja vi på oppstigninga.
St-Jean-Pied-de Port ligg på 180 m.o.h, og høgste punktet; Col de Lepoeder er på 1430m. Derifrå går det nedover til Roncesvalles på 962 m.
Strekninga er 25 km, men no er vi i god form etter 20 mil med vandring gjennom Sentralmassivet lenger nord. Så dette skal gå bra.

Etter nokre kilometer med stigning oppover dalen, kjem vi fram til Honto der det er råd å få kjøpt ein kaffikopp.


Skodda er kome mykje lavare, og det har så smått byrje å yre ut av den.
Eit par kanadiske damer kjem inn. Den eine er på kanten av å gi opp, men let seg overtale av den andre til å halde fram.
"Når dei er sikre på å nå over fjellet, då skal vi og klare det", oppmuntrar ho venninna si.


Så legg skodda seg rundt oss der vi sig oppover fjellsida.
Vi har stort sett god asfaltveg å gå på, avbroten av nokre "short-cut" stiar mellom svingane på vegen.


Vi når utkikspunktet med tavla som fortel kva vi kunne ha sett.
Sikta vår er knapt 50m.
Vegen stig jamt oppover, men så dukkar Auberge Orisson ut av skodda. Siste hus før fjellet. Det er tid for mat, og verten, ein ekte baskar, serverar oss.
Dei to kanadiske kjem og. Men no er det slutt. Dei tingar rom for natta.

Ut i skodda og småregnet igjen.
Framleis god asfaltveg, men vi må vere komne opp på fjellet, for vegen stig ikkje så mykje lenger.

Brått høyrer vi lått fram om oss, og så dukkar noko opp framme i skoddehavet. Det syner seg å vere eit engelsk par som står i vegkanten og strevar med å få på seg leggings. Det er ho som ler.
Torbjørg ordar frampå om godt humør, trass i været. Då fortel ho at i dag fyller ho 30 år, og av alle ting. Å ha fødselsdag her, "in this fog", det vart for komisk for henne.

Det dukkar opp store pilar, måla midt i vegbana. Og pilene dei viser ut av vegen, opp mot høgda.


Eit stort kors står inngjerda ved stien framfor oss. Vi legg småstein på røysa ved den, og held fram til ein knaus lenger framme, og der er vi på høgste punktet.
No går det nedover att.

I lia nedanfor stien dukkar store tre opp, og skodda byrjar å lette.
Men for ein sti vi kom fram i. Den er dekt av tjukk, svart gjørme.
Vi klatrar opp i sida, over stien. Det er vått og sleipt etter regnet, men alt er betre enn dynnet der nede.

Så er vi i Spania. Stien går over i ein god veg, og vi kan ta av oss regncapene.
Det engelske paret som tidlegare sto og lo oppe på fjellet, sit slitne i vegkanten. Det må vere hardt for mange å starte vandringa med etappen over fjellet.


Det lysnar meir og meir. Langs vegen står lyngen i full blomst, og i mange fargar.


Brått opnar det seg ei rift i skodda, og gjennom rifta ser vi sola skine på fjella i aust, og nedan for oss. I dalbotnen, ser vi klosteret i Roncesvalles.


Det siste stykket går på fine vegar ned gjennom skogen, fram til klostet i dalbotnen.
Etter den kalde siste natta, leiger vi oss eit varmt og godt husvære med gode senger.
Men neste gong vi går over Pyreneane, då ventar vi på klårvær, trur eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar