torsdag 7. mai 2009

Montserrat, Bacelona 2007


Vi såg fjella reise seg over slettelandet, ei stund før vi kom til Barcelona.

Så kom siste dagen vår i byen.
"I dag skal vi til Montserrat." seier Bodil. Det er søndag morgon. No vert det full fart ned til Sagrada Familie for å kjøpe biletthefte.Og så tunnelbane fram til jarnbanestasjonen vest i Barcelona.


Etter litt venting er vi undervegs ut av byen og opp i fjella til Montserrat.


Klosteret ligg høgt oppe i stupbratte fjellsida. Vi hadde valgt å fylgje taubana opp.


Vel oppe ser vi taubanesatasjonen langt under oss, nede i dalbotnen.


Vi finn vegen først opp på den lange hovedgata,


og vidare inn på plazaen framfor kyrkja.


Det er gudsteneste, messe, kl.12.00, så vi fylgjer straumen inn mot kyrkja i enden av plazaen,


og vidare inn i den inn innebygde plassen før sjølve kyrkja.


Og så er vi inne i sjølve kyrkjeskipet.
Stille, står det på plakatane.
Vi går inn i kyrkja der messa alt er i gang. Finn oss ein plass eit stykke framme på venstre sida.
Vi hadde vanskar med fransk, og det er ikkje betre med spansk. Men vi prøver å fylgje med i messa sin gang. Reiser oss når dei andre reiser seg, og sit når dei andre sit. Og når liturgien krev at kyrkjelyden helsar på kvarandre, vert vi inkludert.


Det stod plakatar med "Silence" ved inngangsdøra. Det susar av lyd i kyrkja, så eg må beundre prestane som held messa utan å la seg uroe av all lyden.
Susinga kjem frå ein kø av menneske på høgre sida av kyrkja.
Køen forsvinn inn ei dør ved sida av koret.


Oppe på galleriet på høgre sida, ser eg køen av menneske gå sakte framover mot ei opning over høgalteret. Der stig dei opp eit par trinn, før dei held fram vidare på galleriet på vår side. Kva gjer dei der?

Messa er over og vi fylgjer kyrkjelyden ut på plaza'en igjen.
Men forklaringa på køen fekk vi. Oppe i opninga over alteret var ei "Svart Madonna", og ho hadde lækjande krefter. Resultatet av hennar krefter såg vi då vi forlet kyrkja. I eit rom var der samla fleire takkegåver. Og i ei kyrkje langt borte i den bratte fjellsida var det stuvande fullt av slike takkegåver.


Frå hylla der klosteret ligg, går der ei tannhjulsbane eit stykke nedover i fjellet. og ei tilsvarande bane opp på fjellplatået.


Vi tek først bana opp.


Oppe på toppen er det ei storslagen utsikt, og dei underlege fjella; Mumitroll-fjell, sa Bodil, skaper eit spesielt landskap.


Så tek vi bana som går nedover frå klosteret. Til ei hylla der det går ein uthoggen veg bortover i fjellet.


Langs den er det store figurgrupper og relieffar som fortel soga om Jesus. Frå Maria får vitjing i Nasaret til Kristi himmelfart. Men det stoggar ikkje der. Då går det vidare med Maria si himmelfart og Maria som himmeldronninga.


I enden av vegen klorar ei grottekyrkje seg fast.


Når kvelden kjem, er vi nede i dalen igjen og tek toget attende til Barcelona.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar